Når røyndommen endrar seg, blir det danna nye ord.1 «Religionsdialog» er framleis eit ganske så nytt ord i Norge og kom først i bruk på 1990-talet. I 1996 gav eg sjølv ut ei bok med tittelen Religionsdialog på norsk og eg likar sjølvsagt å tenkje at den var eit lite bidrag til å plante uttrykket «religionsdialog» på norsk jord. Med religionsdialog meiner eg den meir organiserte samtalen mellom trussamfunna. No finst det sjølvsagt også ein meir uformell, men høgst levande samtale mellom folk av ulik tru på kvardagsplanet – i nabolaget, på arbeidsplassen, i skulen. Kanskje er det den samtalen som når alt kjem til alt er den viktigaste. Men også denne forma for meir uformell dialog krev at vi har nokre fellesarenaer der vi faktisk møtest på tvers av tru og livssyn. Det har vi i Norge i og med den såkalla «enhetsskolen» som samlar dei aller fleste barn og foreldre i lokalsamfunnet. I dag er einskapsskulen under press frå dei som ønskjer ei større privatisering av skulevesenet, noko som – dersom det blir gjennomført i større målestokk – vil kunne underminere ein sentral arena for den offentlege samtalen om tru og livssyn i landet vårt.