I år er det 100 år sidan forfattaren Alfred Hauge blei fødd på Sjernarøy i Ryfylke. Han er etter mi meining ein forfattar som fortener å bli plukka fram igjen. Korfor skal vi feira ein hundre år gammal forfattar? Det kan bare vera ein grunn, og det er at han fortsatt har noe å seia oss. Om så ikkje var, kunne vi godt la han ligga. Det er ikkje nok at noe er gammalt for at det skal vera verdifullt. Noe meir må til. På same måten som det at noe er nytt, ikkje gjer det verdifullt av seg sjølv.