I dei siste par tiåra har uttrykket «Olavsarven» fått feste, særleg då i Trøndelag der både kyrkjefolk, kulturarbeidarar og politikarar ivrig forvaltar arven etter Olav. Men Olav er også eit – om enn omstridd – referansepunkt for heile Den norske kyrkja, som i 1989 gjorde Olavsmerket med kors, skjold og økser til «kyrkjas våpen».