Som eit globalt dokument formar Bibelen korleis menneske har tenkt og tenkjer om sjukdom og funksjonshemming. I denne artikkelen presenterer me tekstar om sjukdom og funksjonshemming i Bibelen, og gjev nokre perspektiv på kva funksjon slike tekstar kan ha. Me ser óg på tre ulike kontekstar der Bibelen blir brukt i møte med sjukdom.