Dei siste 30–40 åra har både rutinar og ritual kring dødfødsel endra seg, både her til lands og internasjonalt. Foreldra blir, både ved indusert og spontan seinabort eller dødfødsel, oppfordra til å sjå, halde og stelle barnet og gje det eit namn og ei grav, enten på ein minnelund eller som eigen gravplass. Det blir gjerne teke bilete og fot/handavtrykk av barnet. Bak dette ligg det ei endra forståing av sorg og sorgarbeid. Ein stadig større del av vår fellesskapsutøving går føre seg på digitale arenaer, gjennom sosiale medier. Her er menneske saman i kvardag og fest, glede og sorg, og her blir sorga over dei minste avlidne – dei som gjekk bort før, under eller like etter fødsel – ofte estetisert. Er denne estetiseringa noko heilt nytt, eller ber ho i seg element av liknande, før-digitale praksisar?