Redslene på Utøya er etter kvart blitt gjenstand for ulike former for analytisk handsaming, og det kjem fleire og fleire erindringsbøker. Denne litteraturen syner fleire tilhøve: Relasjonane mellom menneske er avhengig av evna til å fortelje om dei. Erfaringane er i eit grenseland mellom liv og død, og utanfor det vi plar rekne som normalt. Faren er såleis stor for at vi i offentlegheita kjem til å normalisere desse røynslene på slikt vis at det tyngjer dei overlevande, etterlatne og pårørande. Det vil ha mykje å seie for heile det norske samfunnet om vi maktar å ta på alvor den omfattande analysen av dei sundsprengte forteljingane, og tenkjer etter korleis vi kan innlemme dei personlege minna i vårt nasjonale medvit.