At dei døde lever vidare i minnet vårt, er ingen oppsiktsvekkande påstand i det norske samfunnet. På kva måte eit slikt etterliv går føre seg, utgjer likevel førestillingar og praksisar av ymse og omdiskuterte slag. Døde som lever i minnet er ei gamal førestilling som me i Noreg har skriftlege vitnemål om alt frå norrøn tid. Både det gode minnet, og dommen over kvar ein død, skulle i vikingane sitt verdsbilete for all tid overskrida døden som grense.