Sist vår var det femti år sidan Ingrid Bjerkås som den fyrste kvinna vart ordinert til presteteneste i Den norske kyrkja. I samband med planlegginga av jubilèet vart det hevda at det ikkje var nokon «kirkelig prosess som førte til at kvinnene fikk tilgang til presteembetet. Staten gjorde sine vedtak og tredde dem ned over hodet på kirken.» Langt på veg kan det same seiast om korleis nynorsken fekk innpass i kyrkja. Visst fanst det fromme folk som tidleg ynskte salmar av Blix og eit fornorska bibel- og gudstenestespråk velkome, men som i spørsmålet om kvinneprestar var dei lenge ein minoritet i kyrkja. Mellom biskopane så vel som på grunnplanet i kyrkjelydane var skepsisen stor og motstanden mektig.