Kvart år legg så mange som hundretusen vandrarar ut på pilegrimsferd til Santiago de Compostela heilt nordvest i Spania. Aviser og media gir stor merksemd til dette fenomenet. For mange av «pilegrimane» er det nok berre snakk om å kome seg ut i naturen i eit framand land, på hesteryggen, til fots eller på sykkel. Nokre meiner vel at det i tillegg gir dei ei oppleving av å vere med på ei heilag reise, ein valfart. Det kan vere eit meir eller mindre religiøst prosjekt.