Då Politiets sikkerhetstjeneste (PST) la fram si opne trusselvurdering for 2012, var det mange som stussa på at PST framleis – etter 22. juli – meinte at det var «Ekstrem islamisme» som representerte den største terrortrusselen i Norge. Fleire undra seg også over at avsnittet om «Høyreekstreme aktører» var svært kortfatta. Det som færre kommenterte, var at det nest lengste avsnittet i trusselvurderinga handla om «Antiislamske aktører».

At antiislamske ytringar har tiltatt i styrke i Norge, kan einkvar registrere. Men korleis skal ein forstå samanhengen mellom hatefull tale og ekstreme valdshandlingar? Nokre veker før PST la fram si vurdering, var eg på eit seminar om «Anti-Islamic Populism in the United States». Eit sentralt referansepunktet var rapporten «Fear, Inc. The Roots of the Islamophobia Network in America» (2011). Rapporten viser korleis den amerikanske retorikken om «creeping sharia» har tiltatt i styrke det siste tiåret. Rapporten dokumenterer kva amerikanske nettverk som mest aktivt har spreidd konspirasjonsteoriane om snikislamisering og namngir kjende representantar for nykonservatismen og den kristne høgresida.

Rapporten åtvarar også mot at folkelege fiendebilete kan gli over i valdeleg ekstremisme og peikar på at ein i Anders Behring Breivik sitt manifest finn mange referansar til dei namngitte amerikanske populistane (for eksempel Robert Spencer og Pamela Geller i Stop Islamization of America).

Sjølv om det også i norsk samanheng er nokså openbert kva miljø som har vore faneførarar for mistenkeleggjeringa av muslimar, bør vi vere varsame med å gjere dei som ser muslimane som ein livsfare for Europa medskuldige i terror. Likevel må ein spørje om bestemte miljø si stempling av muslimane som samfunnsfiendar har skapt eit klima der det for nokre kan bli glidande overgongar mellom hatefull tale og vilje til vald.

PST er ikkje så interessert i haldningar, men dess meir i potensielle handlingar. Når ein les den nyaste trusselvurderinga, ser ein likevel at PST åtvarar mot at den harde islamfiendtlege retorikken får utvikle seg til valdeleg ekstremisme. PST konstaterer at talet på personar som «oppfordrer til eller truer med bruk av vold med henvisning til antiislamsk retorikk, synes å være økende». Men PST set søkjelys på dei antiislamske aktørane meir generelt og trekkjer ikkje noka sylskarp grense mellom dei som «tar avstand fra bruk av politisk motivert vold og opererer innenfor ytringsfrihetenes grenser», og dei valdelege personane som dei kan tenkjast å inspirere.

På denne måten set PST, slik eg les den nyaste trusselvurderinga, eit skarpare lys enn før på forholdet mellom tale og handling. Ord kan skape det dei nemner, sjølv om dei ikkje var meint slik. Derfor må vi også i Norge kritisk undersøke kvar den antiislamske populismen har si forankring, korleis den blir spreidd og korleis den – i verste fall – kan inspirere valdelege angrep på muslimar og folk som forsvarer deira religionsfridom.

Retting: Anne Hege Grungs artikkel om Susanna-forteljinga i nr. 4: 2011 vart ved ein feil ikkje merka som fagfellevurdert.