Dei tre monoteistiske religionane opererer med førestillinga om éin Gud og dei opererer med visse sanningskrav. Derfor er det påkravd med teologi, som fornuftig klargjering av dei ulike -sanningskrav om korleis vi bør forhalde oss til Gud og korleis vi bør leve våre liv. Det gjeld ikkje minst diskusjonane omkring «det vondes problem» slik det nødvendigvis melder seg for alle dei tre monoteistiske religionane. Utan teologiske avklaringar kan det lett skje at nettopp dei som oppfattar seg som rett- truande og gudfryktige, i røynda framstår som blasfemiske ved ufrivillig å gjere Gud til ein bestialsk eller latterleg figur.