I 2010 skal ei ny salmebok presenterast. Ho vil truleg innehalde fleire hundre nye salmar. Tradisjonen tru leitar salmebokutvalet mellom allereie skrivne og velbrukte tekstar. Ordet «salme» blir i omtaler gjerne sett saman med ordet «skatt»; «salmeskatt». Den salmen som også er ein skatt er gjerne grundig prøvd gjennom bruk, helst gjennom song. Det er mellom slike salme-bokutvalet leitar og finn nye salmar. Det er slik sjølve salmekanonen blir endeleg fastlagt.

Salmebokutvalet kjem med framlegg til nye salmar. Kyrkjerådet og biskopar skal uttale seg etter at 100 kyrkjelydar har prøvesunge det nye framlegget. Endeleg vedtak skjer på kyrkjemøtet i 2009, evt. 2010. For redaksjonen i Kirke og Kultur framstår dette som ein gunstig situasjon for å setje søkjelys på kva ein salme er og for å utforske samanhengen mellom salmen som litteratur og resten av det litterære feltet.

«Nye» salmar er altså i følgje Salmebokutvalet sitt framlegg til nye salmar like godt salmar av t.d. St. Teresa frå Avila frå 1500-talet som 2000-tals-tekstar av Bjørn Eidsvåg. Dette er tekstar og melodiar som skal vere vel prøvde, og som ikkje har stått i Norsk Salmebok eller Salmer 1997 før.

Tradisjonelt har også salmar vore bestillingsverk. Ei ny salmebok skulle vere eit godt høve for å setje saman ein ny salmekanon. Det er ikkje kvart år ei ny norsk salmebok blir publisert. Prosessen fram dit er møysommeleg, og det er dei kyrkjelege organa som får ta del i dette. Der finn vi ikkje for mange samtidsforfattarar og nolevande melodikunstnarar. Kyrkje og litteratur lever tilsynelatande i skilde krinslaup. Det synes som om kyrkja er vel fornøgd med det. Samtidsforfattarane må helst sjølve kome med salmar til kyrkja for å bli bedne inn i eit salmebokutval.

«Korfor har ikkje salmebokkomiteen spurt fleire forfattarar om å lage nye salmar?» Det var forfattaren Edvard Hoem som i forbifarten kom med

spørsmålet som seinare blei tatt med til redaksjonen i Kirke og Kultur. Etter at redaksjonen i Kirke og Kultur vinteren 2008 forstod at salmebokutveljarane ikkje ville spørje mange etter nylaga tekstar, inviterte vi i første omgang utvalte forfattarar til å levere salmar som eit apropos til den nye salmeboka, tekstar som kanskje kunne ha vore med der, om nokon hadde spurt etter dei. Slik skreiv redaksjonen i eit brev i mai:

Når det gjeld dei store kyrkjelege høgtidene er dei rimeleg godt dekka i salmeforslaget. Vi kunne tenke å utfordre deg til å skrive ein salmetekst som kunne vore plassert rundt 757 til 802 i dagens salmebok, altså under overskriftene «Året» eller «Dagstidene». Våren er på grunn av ulike kyrkjelege høgtider og sentrallyrisk eigenart godt representert i salmeboka, men gode vinter-, sommar- og haustsalmar treng vi fleire av. Dessutan salmar om byen og om det reelle arbeidslivet. Det same gjeld for morgon-, kvelds- og nattsalmar. Du er hermed utfordra til å skrive ein salmetekst som kunne ha hatt nummer 766: Sommar 767: Haust 768: Vinter 770–788: Morgon 789–798: Måltid 799–823: Kveld Eller kanskje ein nattsalme? 746–756: Heim og arbeid, om Gud i storbyen

Redaksjonen i Kirke og Kultur hadde ikkje kapasitet til å administrere invitasjonar til alle forfattarane vi gjerne ville spørje, for vi kunne tenkt oss å be «alle» uansett kva dei blir kalla av seg sjølve eller andre; «ateist» eller «kristen». Vi ser no at vi skulle gått ut til mange fleire. Sjølv om vi er særs nøgde med å ha valt ut dei forfattarane vi har invitert, er utvalet for snevert. Vi vil derfor gå ut med invitasjonar til fleire forfattarar med det første og vi er ute etter den nye, gode teksten.

Prosjektet denne vinteren 2008 var spennande, for var det berre redaksjonen som trudde at den nye salmeboka også kunne engasjere samtidsforfattarane? Ville framlegget bli avvist av dei moderne skrivande? Det var overraskande mange som svarte positivt på invitasjonen, og dei svarte raskt.

Vi mottok salmar, forfattarar ringte og skreiv at dette tilbodet var dei glade for, det var så uventa. Nokre ville aldri ha kome på å skrive salmar sjølve, men no var dei i gong, og det skulle bli mange! «Aninga av ei tru», takken, «morgonen som vinn», den nye dåpssalmen frå barnets perspektiv, salmestevet, og fleire – mangfaldet var stort. Nokre leverte salmar dei allereie hadde skrive, men som dei likevel meinte var som nye i salmesamanheng.

Kirke og Kultur vil i dei neste nummera presentere salmar av Sissel Bjugn, Hanne Bramness, Else Breen, Arnold Eidslott, Oddmund Hagen, Oddveig Klyve, Karin Moe, Ingrid Storholmen, Wæra Sæther, Einar Økland m.fl.

Først ute er «Nattsalme» av Jon Fosse. Salmen er presentert i dette nummeret av Kirke og Kultur. Redaksjonen i tidsskriftet veit at vi får fleire salmar frå desse forfattarane og tar gjerne i mot salmar frå andre skrivande.

Kanskje blir dette verkeleg ei heilt flunkande ny salmebok? Kanskje er her nokre tekstar som også kan nå fram til Kyrkjemøtet når det høgtidelege vedtaket skal fattast i 2009? Som t.d. salmen «Nattsalme» av Jon Fosse? Kanskje er det også plass til slike bidrag i Norsk Salmebok, utgåve 2010? Eller må Jon Fosse som St. Teresa frå Avila vente i 500 år, fordi salmebokutval er ein langsam kunst og modne forfattarar ikkje blir spurte, men sjølve skal ane si besøkelsestid i kyrkja, på dei innforståtte premissane som der blir lagt?

 

Redaksjonen