Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

«Sacked in the morning»

Lyd som kulturarv i fotballarkitekturen
Førsteamanuensis, Institutt for form, teori og historie, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Even Smith Wergeland har ein mastergrad i kunsthistorie frå Universitet i Bergen og ein ph.d. i arkitekturhistorie frå AHO. Wergeland forskar blant anna på arkitekturvern, sportsarkitektur, byplanhistorie og urban mobilitet. Siste publiseringar: «Betongbyråkratiet», Kunst og Kultur (2019), «Nature is the new culture» i The Nordic Model and Physical Culture, red. Mikkel B. Tin et.al. (Routledge, 2019) og «‘There’s a world going on underground’: ecotopian realism in subterranean design» i The Culture of Nature in the History of Design, red. Kjetil Fallan (Routledge, 2019).

Tribunelyd er ein essensiell faktor i vår tids fotballarkitektur. Lyden av dagens publikum er prega av lange kulturelle tradisjonar, men også av krefter som prøver å regissere og profittere økonomisk på arven. Dette medfører omfattande diskusjonar om identitet, motkultur og kommersialisering, og kva som er akseptable verkemiddel i forvaltinga av ei kulturell uttrykksform. Denne teksten går inn i desse diskusjonane i lys av arkitekturfagleg forsking på fotballstadion kombinert med sosiologiske og antropologiske studie av publikumskultur. Han drøftar også kva som kjenneteiknar lyd som kulturarv i denne spesifikke konteksten, og utfordrar den verneteoretiske tendensen til å klassifisere lyd som ei immateriell kulturarv.

Nøkkelord: Lyd, publikum, fotballarkitektur, åtferdskontroll, kommersialisering, immateriell kulturarv

Crowd noise is an essential feature in contemporary football architecture. The sound of today’s audiences is shaped by long traditions but also by current forces that are trying to orchestrate the legacy in profitable ways. Extensive discussions on issues such as identity, subcultures and commercialisation follow from this, as well as debates about how to manage sonic heritage in an acceptable way. This text enters into these discussions in light of architectural research on football stadiums in combination with recent sociological and anthropological studies of crowd culture. It also discusses the characteristics of sonic heritage in this specific context and poses a challenge to the established tendency in heritage theory to classify sound as an intangible heritage.

Keywords: Sound, audiences, stadiums, crowd control, commercialisation, intangible heritage

 

Sacked in the morning, you’re getting sacked in the morning.

Sacked in the morning – you’re getting sacked in the morning.

Sacked in the morning, you’re getting sacked in the morning.

Sacked in the morning – you’re getting sacked in the morning.1

 

Kalenderen viser 22. januar 2011 og åstaden er Brisbane Road, London, der heimelaget Leyton Orient er i ferd med å audmjuke opprykksfavoritten Sheffield Wednesday. Forfattaren av denne artikkelen er sjølv til stades og høyrer skadefryden til heimefansen runge mot benken der Wednesday-manager Alan Irvine søkjer ly. Det har på førehand gått rykte om at dette er kampen som vil gje Irvine sparken ved ein eventuell fadese, og Orient-fansen veit å kapitalisere på dette. Ein uventa 4–0-siger mot ein vesentleg større klubb lokkar fram tonane til «Guantanamera» og ei klar melding om jobbsituasjonen til Irvine. Og heimefansen får rett, sjølv om sparkinga ikkje skjer morgonen etter, men to veker seinare.2

Ill. 1

Leyton Orient-supporterar på The West Stand, Brisbane Road, med høglytte Mat Roper (m. tromme) i spissen. Artikkelforfattaren kan skimtast i folkehavet. Foto: Ukjend © Football World.

Det eg var vitne til på tredje nivå i engelsk fotball ein hustrig januardag i 2011, er det som for mange er den autentiske lyden av eit fotballpublikum: Joviale sarkasmar, velkjende songar tilpassa augeblikket og ein utprega folkeleg atmosfære, lite organisert, men samstundes forma av kulturelle vanar og sosiale tradisjonar. Det dreiar seg om aktive supporterar som skapar si eiga stemning på tribunen, ei immateriell kulturarv gjort mogleg av det materielle rammeverket av eit fotballstadion.3

Med dette som inngang, drøfter eg følgjande spørsmål: Korleis er forholdet mellom tradisjon og fornying innan ein tribunekultur som har gjennomgått store endringar dei siste 30 åra? Kva kjenneteiknar lyd som kulturarv i den arkitektoniske konteksten av eit stadion, og kor langt kan ein tøye utviklinga før kulturarven forvitrar? Dette skal eg diskutere i lys av arkitekturfaglege perspektiv på stadion, med særleg fokus på fotballanlegg i England, landet som på mange måtar har vore styrande for utviklinga sidan 1990-talet. Eg skal supplere med akademiske innsikter i nyare tids supporterkultur, med vekt på sosiologisk og antropologisk forsking, samt verneteoretiske diskusjonar av relasjonen mellom det immaterielle og materielle. Eit underliggjande kulturminnefagleg spørsmål er kor vidt lyd nødvendigvis må klassifiserast som eit immaterielt fenomen.

Ill. 2

Dortmund spelar mot erkerivalen Schalke 04 for tomme tribunar på Signal Iduna Park, 16. mai 2020. Foto: Heinz Buese © AP.

Denne tematikken har fått uventa aktualitet ettersom fotball-Europa i skrivande stund er stilna av koronatiltak. Då tysk Bundesliga nyleg starta igjen, var det for tomme tribunar. Mange har vore kritiske til fotball utan publikum, fordi det legg ein vesentleg dempar på opplevinga. «Football is nothing without the crowd – is there any silence grimmer than that of a game played behind closed doors?», som det blei formulert i den reviderte utgåva av The Football Book.4 Lyd er med andre ord ein ufråvikeleg faktor i dagens fotball, og dermed også i den kulturarven som fotballen utgjer.

Ill. 3

Trinity Road Stand, Villa Park i Birmingham, oppført 1918–1922, rive i 2000. Foto: Foto: Albert Wilkes © English Heritage.

Ill. 4

Nye Trinity Road Stand, Villa Park i Birmingham, oppført 2000–2001. Foto: Elliott Brown.

30 år med endring

Det er brei semje om at europeisk fotballarkitektur endra kurs frå 1990-talet og framover, særleg med tanke på tryggleik, komfort og logistikk.5 Årsaka var fleire dramatiske hendingar i europeisk fotball på 1980-talet.6 Av desse var Hillsborough-tragedien i 1989 den mest graverande: 96 menneske omkom under semifinalen i FA-cupen mellom Liverpool og Nottingham Forest på Hillsborough Stadium i Sheffield. Mykje av skulda for katastrofen blei lagt på sjølve anlegget, som blei stempla som gammalt – noko det også var – og gammaldags målt etter viktige funksjonar som publikumsdistribusjon og folkemengdekontroll.7

Hillsborough-tragedien medførte ein total revisjon av tryggleikskrava til eit stadion, samt ein tendens til at fotballklubbar i England og elles i Europa skifta ut sine historiske anlegg med nye. «The landscape of English football will never be the same», skreiv stadionhistorikaren Simon Inglis ved rivinga av Trinity Road Stand i Birmingham i 2000.8 Det var både symboltungt og tidstypisk at den enkeltbygningen innan engelsk fotballarkitektur med høgast verneverdi forsvann akkurat i overgangen til 2000-talet. Lagnaden til Trinity Road Stand og andre historiske anlegg blei forsegla i eitt bestemt dokument, Taylor-rapporten, den formelle granskinga etter Hillsborough.9 Den rapporten endra engelsk fotballarkitektur så vel som all internasjonal sportsarkitektur av ein viss storleik.10 Sidan den gongen har fotballarkitekturen blitt tryggare, meir komfortabel og effektiv.11 Ei veksande terrorfrykt har akselerert denne tendensen, som under fotball-EM i Frankrike 2016, ei turnering sterkt prega av eit terroråtak ved Stade de France i november 2015.12

Rekesmørbrød-brigaden

Medan det er gode grunnar til at publikum bør haldast under ein viss kontroll – for å unngå trengsel, bråk og vald – er det mange som meiner at tryggleiksregimet har gått for langt.13 Det har lenge vore snakk om ei temming av publikum. I Sport, space and the city påviser John Bale ei trinnvis innskrenking av handlingsrommet til publikum frå 1800-talet og framover.14 Dagens publikum er meir regulert, sonedelt (etter økonomi og sosial status) og mildare enn før.15 Ei positiv side ved dette er at fotballen har blitt meir familievennleg. Det har også skapt alternative rørsler som ultraskulturen, som kjemper mot det dei opplever som feil tendensar i den moderne fotballen, og samstundes gjeve grobotn for såkalla new consumer fans, kjenneteikna av eit meir kundeprega og underhaldningsorientert forhold til fotball.16 Sistnemnde er ofte i overtal på tribunen, men er meir passive og lågmælte enn førstnemnde gruppe. Tribunelyd utgjer altså eit markant skilje mellom subkultur og mainstream.

Ein vesentleg grunn til at den høglytte arbeidarklassa har minka til fordel for eit meir avmålt middelklassesegment, samt ein overklasse av tause VIPar og VVIPar,17 er ei dramatisk auke i billettprisar, ikkje minst i engelsk Premier League.18 Ein som tidleg sette ord på dette var Manchester United-kapteinen Roy Keane: «Away from home our fans are fantastic, I’d call them hardcore fans. But at home they have a few drinks and probably the prawn sandwiches, and they don’t realise what’s going on out on the pitch.»19 Keane si utblåsing blei ståande som eit bilete på utviklinga. I dag er uttrykket «rekesmørbrød-brigaden» synonymt med dei dyre seksjonane. Dagens fotball er kjenneteikna av andre sosioøkonomiske forhold enn før.20 Europeisk fotball har blitt eit globalt fenomen, med fans, sponsorar, eigarar og tv-sjåarar over heile verda.21 På bakgrunn av dette har fleire teoretikarar skildra ei fragmentering av den tradisjonelle fotballidentiteten.22

Det som er interessant i denne samanhengen, er at førestillinga om den tradisjonelle, høglytte fotballkulturen lever vidare. Dei kodene som gir fotballkulturell kapital «knytter an og understøtter fortsatt verdier som assosieres med arbeiderklassen», som Arve Hjelseth skriv.23 Du får ikkje mykje kredibilitet med rekesmørbrød på VIP-plass. Denne spenninga mellom det tradisjonelle og «ekte» på den eine sida og det nye og «kommersielle» på den andre utgjer ein klar parallell til verneteoretiske diskusjonar om forholdet mellom autentisitet og kommersialisering – ein debatt som har blitt mindre tilspissa dei siste åra, i takt med erkjenninga om at kulturarven ikkje er fristilt frå konsumkultur.24

Sport som kulturarv

Denne diskusjonen kan overførast til sport som kulturarv, som ofte er kopla til turisme og konsum. Det har blitt stadig meir vanleg i større europeiske byar å opne opp idrettsanlegg for publikum også på tidspunkt utan sportsleg aktivitet. Dette tek gjerne form som ei popularisert historieforteljing, med guida turar som bind saman historia til den aktuelle byen, klubben og stadionet.25 Det finst også ein betydeleg reiselivsindustri knytt til fotballturar, det vil seie organiserte turar med kampbillettar inkludert. Mange nordmenn reiser for å sjå engelsk fotball i slik regi. På denne måten blir sport, turisme, byhistorie og kulturarv sausa saman.

Dette er ein sterk indikator på at fotballtribunar katalyserer ein type kulturarv som mange menneske bryr seg om. I norsk samanheng finst det fleire interessante døme på dette, og to av dei mest omdiskuterte handla i stor grad om nettopp lyd. Då det på 2000-talet blei bestemt at både Bislett stadion og Holmenkollbakken skulle rivast, blei det likevel ein slags siger for vernesida i saka at det blei lagt mykje vekt på å sikre at lydkulturen – «Kollen-brølet» og «Bislett-brølet» – skulle bestå i dei nye anlegga. Viktigheita av lyden var om lag den einaste faktoren som dei stridande partane kunne einast om.26

Samstundes er det viktig å vere merksam på at publikumslyd på eit stadion er meir enn brøling, det er også applaus og bruk av musikkinstrument. Kva som er mest dominerande, varierer frå land til land. I England er det songtradisjonen som tradisjonelt har stått sterkast, sjølv om det også finst døme på instrumentbruk langt tilbake i tid.27 I mange søreuropeiske land har synkronisert hopping, klapping og instrumentbruk stått meir sentralt.28 Det rokkar gjerne ved europeiske førestillingar om «autentisk» publikumslyd når éin av desse tradisjonane overdøyver alt anna, slik som bruken av blåseinstrumentet vuvuzela under Fotball-VM i 2010.29 Like eins blir det problematisk når den dominerande lydkjelda er på retur, anten det no er songen, applausen eller begge delar som blir svakare som følgje av rekesmørbrød-brigaden.

Stadionlyd er med andre ord eit samansett fenomen når ein først byrjar å granske det. Det som synest sikkert på eit overordna nivå, er at lyd har blitt eit stadig viktigare diskusjonstema etter kvart som mange historiske stadion har blitt rivne i Europa dei siste 30 åra. I somme tilfelle har den ansvarlege klubben plukka med seg bitar av historia, anten i form av fysiske objekt som blir brukt om igjen, eller som visuelle referansar i form av historiske fotografi på stadionfasaden, kopiar eller imitasjonar av delar av det historiske anlegget, velkjende fargar og symbol.30 Men medan dette er fragment som står i fare for å tape si meining med tida, kan jo lydkulturen i prinsippet repliserast i tilnærma same form eller kanskje, som klubbar med nye anlegg vil hevde, i utbetra versjon. Men kan han no eigentleg det?

Fotballens lydkultur

Det spørsmålet er ekstra aktuelt i lys av førestillinga om at tamme folk med rekesmørbrød tek over hegemoniet. For er det éin ting fotballen har hatt, så er det vill og utagerande lyd. Den ville publikumslyden, som definert av Niels Kayser Nielsen, kan ikkje fullt ut programmerast eller kontrollerast.31 Som Line Fossum har avdekka i ein studie av ultraskultur, bygger den på ein maskulin og aggressiv tribunepraksis med høg lydstyrke.32 Supporterar i dette segmentet ser på eigenprodusert tribunestemning som eit middel i kampsaka mot kommersialismen. Derfor er det ekstra viktig å kunne utagere.

Tribunelyden er altså ein sentral identitetsmarkør i vår tids fotball, fordi atmosfæren under kamp er prisgitt lyden.33 Derfor er nye stadion ofte bygd som resonanskasser, tettpakka med teknologi som forsterkar opplevinga.34 Både taket og andre sentrale komponentar er gjerne plassert og vinkla for å forsterke den naturlege akustikken. Målet er ein intens lyd frå publikum.35 Når dette ikkje førekjem, som ved tomme tribunar under koronakrisa, er det ein kulturell dimensjon som går tapt.

Det hender dessutan at nye stadion ikkje gir betre lyd enn gamle. På 2010-talet blei det gamle nasjonalstadionet Råsunda i Stockholm rive, og heimelaget AIK samt det svenske landslaget flytta til nytt stadion, Friends Arena, i 2012. Men AIK-fansen var misnøgde med akustikken, fordi Friends Arena var betre tilrettelagt for store konsertar enn kvardagsfotball, og fordi klubben ikkje klarte å fylle den store tribunen.36 Det finst tilsvarande negative erfaringar frå norsk fotball, som eg tidlegare har skrive om.37 Slike scenario fører alltid til store debattar om lydforhold.

Kampen om lyden

I og med at lyd har blitt så viktig i arkitekturen, og samstundes er så tett kopla til ideen om ein «ekte og tradisjonell» fotballkultur, blir puslete lyd eit stort problem, både for dei som forfektar den «autentiske» fotballkulturen og dei som sel denne som produkt. På nye stadion sit dei velståande inne og ser på at det «ekte» publikumet produserer den «unike» atmosfæren dei har betalt dyrt for. Men det dei i røynda ser på og lyttar til, er litt mindre velståande menneske som heller ikkje er i stand til å lage den stemninga som alle har betalt for å oppleve.

Når slike scenario rår, er det ikkje rart at dei som tener pengar på produktet fotball føler seg freista til å gripe inn. Blant dei mest omdiskuterte verkemidla er «artificial crowd noise» – kunstig publikumslyd. Dette er såpass omstridt at det er vanskeleg å finne truverdige kjelder på at det faktisk førekjem i europeisk fotball.38 Klubbane vil for alt i verda ikkje innrømme det, men det finst ein underskog av videoar, lydopptak og meir eller mindre dokumenterbare påstandar frå fotballfans på internett. Ei hending som fekk Twitter til å koke var finalen i Europaligaen mellom Arsenal og Chelsea i 2019. Kampen var lagt til Baku, noko som gjorde det vanskeleg og dyrt å reise for supporterane. Dei som faktisk var der rapporterte om at høgtalarane på Baku Olympic Stadium pumpa ut falsk publikumslyd, til stor misnøye med UEFA som arrangør.39 Eit endå ferskare døme er frå Bundesliga med tomme tribunar i mai 2020, ein unntakstilstand som medførte at tyske TV-produsentar miksa inn falsk publikumslyd i sendinga.40

Det som førebels har blitt avdekka med sikre bevis når fotballen går som vanleg, er bruk av falsk publikumslyd i oppbygginga til kampen. Interessant nok er opptak av historiske utrop –  den velkjende lyden av eit publikumssegment som no er prisa ute – eit sentralt verkemiddel for klubbar med nye stadion, som Tottenham og West Ham i London.41 For desse er det sjølvsagt ekstra viktig å verke vellykka etter enorme økonomiske investeringar. Det ville jo vore bittert dersom dei nye anlegga med høgare publikumskapasitet har dårlegare stemning enn dei gamle.

Ill. 5

Emirates Stadium i London, som erstatta den gamle heimebanen til Arsenal FC, Highbury, i 2006. Foto: Even Smith Wergeland.

Rykte om falsk publikumslyd blir ofte fremma av rivaliserande supportergrupper. Dette gjer det endå vanskelegare å stadfeste omfanget, men det fortel uansett at lyd er så viktig at det kan brukast til å stille rivalane i eit dårleg lys – for ikkje å seie lyd. Å jukse med lyden blir sett på som ei kardinalsynd. Dette heng saman med konflikten mellom kommers og autentisitet. Alle klubbane i Premier League er finansiert av ei global interesse for ein «engelsk» fotball som knapt nok finst lenger. Dei fleste klubbane er eigt av utlendingar, det er fleire utanlandske enn engelske spelarar i ligaen og nesten ingen av trenarane er frå England. Når alle er like sjellause, er det i det minste ei slags trøyst å anklage andre for autentisitetsjuks. For å setje dette i eit større perspektiv må ein også ta omsyn til nasjonale skilnader, som tidlegare skildra. På grunn av dei ulike kulturelle tradisjonane vil supportergrupper ha forskjellige oppfatningar om kva slags lydarv som er mest autentisk, både i dei store fotballnasjonane og landa som tek etter dei, som Noreg, der det har vore store diskusjonar om dette i kjølvatnet av at engelsk supporterkultur har fått konkurranse frå til dømes italiensk ultraskultur.42

Ill. 6

Detalj frå fasade, Emirates Stadium. Stadionhistorie implementert i nytt design. Foto: Even Smith Wergeland.

Stadionlyd – ei immateriell kulturarv?

Fleire av kjenneteikna på stadionlyd samsvarar med tidlegare studie av musikk, lyd og støy som kulturarv – det er i utgangspunktet snakk om immaterielle fenomen.43 Men medan den fysiske dimensjonen ofte blir liggjande i bakgrunnen innanfor forsking på immateriell kulturarv, er det i stadionsamanheng grunn til å hevde at det er materialiseringa av lyden som er det mest karakteristiske. Lyd og musikk er gjerne meir fysisk enn vi har ein tendens til å tenkje. Frank Zappa sa det slik: «Music, in performance, is a type of sculpture. The air of the performance space is sculpted into something.»44 Så snart lyd blir omforma til noko, skjer det ei materialisering.

Lyden av eit stort publikum er, vil eg påstå, ekstremt fysisk. Det skjelv i underlaget når tusenvis av kroppar hoppar og klappar i takt, lydkjeldene er veldig visuelle – trommer, instrument og munnar på vidt gap – og arkitekturen er full av installasjonar som gir assosiasjonar til lyd: Taket som resonanskasse, lett synlege høgtalarar, og tribuneforma minner ofte om eit amfiteater og/eller ein konsertarena. Lyden er til å ta og føle på når ein er på fotballkamp, vel å merke dersom publikum veit å utnytte det soniske potensialet.

Ifølgje Kayser Nielsen er slike auditive tilhøve noko som særmerkjer stadion samanlikna med andre typar publikumsarkitektur, fordi klangen av mange menneske samla på eit stadion er så kraftig i volum.45 På bakgrunn av dette vil eg derfor argumentere for at lyd er noko som i stor grad materialiserer seg på eit stadion. Det kan ikkje lausrivast frå det fysiske og visuelle rammeverket, det er snarare fullstendig innbakt i den taktile og synlege strukturen som kjenneteiknar eit stadion, særleg slik dei gjerne står fram på 2000-talet. Å avgrense dette til eit spørsmål om immateriell kulturarv er derfor ikkje tilstrekkeleg.

Ein arv under press

Samstundes er tribunelyden full av kulturelle lag, tradisjonar, vaner og historikk som ikkje fullt ut kan lesast der og då, og det er mange flyktige og forgjengelege aspekt. Slik sett er publikumslyd i same risikoklasse som andre typar immateriell kulturarv – dei kan vere krevjande å bevare, fordi dei er så aktøravhengige. Så kva vil skje dersom tribunelyden blir stadig lågare, meir manipulert og regissert – vil kulturarven bestå, så lenge innhaldet tematisk sett er det same? Eit kulturelt uttrykk vil aldri vere heilt autentisk, heva over kontekst.46 På same måte vil dagens fotballpublikum aldri vere frie frå den kommersielle pakken, noko som er eit etisk dilemma for mange supporterar.47

Dette dilemmaet smittar over på forståinga av tribunelyd som kulturarv. Ho rommar både ny kultur, gammal kultur, motkultur, motekultur og fleire lag av klassekultur. Som tilskodar tek du del i alt dette, anten du står på barrikaden eller nippar roleg til ein drink i VIP-losjen.48 Her finst ingen enkle svar, men lyden av tribunen er utvilsamt ei av dei fremste symbolsakene i kampen mellom motkultur og mainstream. Noko av det mest påfallande er at begge leirar er avhengige av at kulturarven lever vidare, samstundes som dei er fundamentalt ueinige når det kjem til praktisk forvalting.

Utfordringa ved dei «rettruande» gruppene er at det er vanskeleg for andre å delta fullt ut. Det kan opplevast veldig strengt og ortodokst.49 Mange menneske er svært opptekne av fotball utan eit ynskje om ytre seg høglytt på ein tribune. Utfordringa med dei mest underhaldningsbaserte tilnærmingane er at dei distanserer seg frå kjerneverdiane i kulturarven, i alle fall slik desse blir tolka av dei med mest fotballkulturell kapital. Det er veldig stor skilnad på desse ytterpunkta og, som Giulianotti slår fast, vil det knapt vere noko igjen av fotballens stammekultur dersom medlemmane ikkje lenger er på tribunen.50 Eit sentralt funn i arbeidet til Fossum er at «kommersialiseringen av fotballen vanskelig lar seg forene med supporternes ønske om å skape atmosfæren rundt kampen på egne premisser.»51 Perspektiva til Giulianotti og Fossum er frå det første tiåret av 2000-talet, og fotballen har ikkje akkurat blitt mindre kommersiell sidan den gong. Mykje kan tyde på at utviklinga er ved eit vippepunkt no, der fotballen – i alle fall på toppnivå – står i fare for å utvatne sin eigen lydkultur i såpass stor grad at den fort kan ende opp som ein illusjon.

Eit viktig tilleggsspørsmål er kor vidt alle aspekt ved denne lydkulturen er under press, eller om det varierer etter type, geografi og sportsleg nivå. Dette er det vanskeleg å svare veldig presist på, ettersom det ikkje finst komparative studie som er grundige nok. Med tanke på engelsk fotball er det godt mogleg at songkulturen blir meir svekka enn applauskulturen når talet på hardbarka supporterar går ned. Det er trass alt enklare å klappe enn å memorere gamle songar. Samstundes verkar det logisk at mangelen på utagerande tribuneaktørar også vil gjere applausen meir høfleg og servil. I den eksisterande bibliografien om engelsk tribunekultur har det dessutan vore mest fokus på songkulturen, som dermed har fått ekstra høg kulturell verdi.52 Dette kan vere treffande, men også ei overdriving av det eine på kostnad av det andre. For å trenge djupare ned i dette, trengst det meir omfattande studiar, både for å klargjere saksforholda rundt kontroversielle verkemiddel som kunstig publikumslyd og for å bidra i den faglege diskusjonen om kva som skjer med ei kulturarv som gjennomgår store kommersielle og teknologiske endringar.53

1Forfattaren var sjølv vitne til dette utropet og har eit mobilopptak som dokumentasjon. Artikkelen byggjer også på omfattande erfaring frå europeiske fotballtribunar som tilskodar, stadionforskar og fotballjournalist dei siste 15 åra.
2Press association, «Sheffield Wednesday sack manager Allan Irvine», theguardian.com, https://www.theguardian.com/football/2011/feb/03/alan-irvine-sheffield-wednesday-sacked. Sist opplasta 11. januar 2020.
3Sosiologen Line Fossum har studert korleis den tradisjonelle tribunekulturen lever vidare som eit ideal innanfor dagens fotballpublikum. Sjå «Framvekst og håndtering av alternative supportermiljøer», i Kampen om tribunen: fotball, identitet og makt, red. Arve Hjelseth og Hans Kristian Hognestad (Bergen: Fagbokforlaget, 2012) og «‘Man vil jo ikke være en del av den moderne fotballen’ En studie av ultras og deres posisjon i en norsk supporterkulturell kontekst» (masteroppgåve i sosiologi, Universitet i Oslo, 2009). Engelsk tribunekultur let seg særleg karakterisere av punkt 1 og 3 i UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv: Munnlege tradisjonar og uttrykk, samt sosiale skikkar, ritual og høgtidsfestar. Henta frå følgjande omsetting av konvensjonen: Eivind Falk og Dag Feldborg, red., Leve kulturarven! (Trondheim: Museumsforlaget, 2013), 147.
4David Goldblatt, red., The football book: The teams, the rules, the leagues, the tactics (London: DK, 2020), 80.
5I 2000 kom første utgåve av det akademiske tidsskriftet Soccer & Society ut. Dette var eit temanummer som fanga mange av endringane i fotballen ved inngangen til eit nytt tusenår, inkludert ein artikkel om endringar innan arkitektur og publikumskultur: Dominic Malcolm, Ian Jones og Ivan Waddington, «The people’s game? Football spectatorship and demographic change», Soccer & Society 1, nr. 1 (2000): 129-143. Sjå også følgjande oversiktsverk: Simon Inglis, Sightlines. A stadium odyssey (London: Yellow Jersey, 2001).
6Her er ei oversikt: «The biggest catastrophes», i Choreography of the masses. In sport. In the stadium. In a frenzy, red. Volkwin Marg (Berlin: Jovis/Akademie der Künste, 2012), 145–147.
7Det er samstundes viktig å hugse på at stadionhistoria ikkje var blotta for tryggleiksteikning, sjølv om det var vanskeleg å innrømme like etter Hillsborough-tragedien. Simon Inglis si bok om fotballarkitekten Archibald Leitch viser at historiske stadionarkitektar fann på innovative tryggleikstiltak: Engineering Archie: Archibald Leitch – football ground designer (London: English Heritage, 2005).
8Simon Inglis, «Last rites for the Holy Trinity», theguardian.com, https://www.theguardian.com/football/2000/may/14/newsstory.sport8. Sist opplasta 9. januar 2020.
9Lord Justice Taylor, The Hillsborough Stadium Disaster interim report (London: Home Office, 1989).
10Etterverknadene av denne rapporten er grundig presentert i John Williams og Stephen Wagg, red., British Football and Social Change (Leicester: Leicester University press, 1991); Simon Inglis, Football grounds of Britain (New York: HarperCollins, 1996); John Bale, Sport, space and the city (Caldwell, New Jersey: The Blackburn Press, 2001).
11Tryggleik og effektivitet gjennomsyrer retningslinjene for stadionbygging i store idrettsorganisasjonar som UEFA og FIFA, for eksempel dei såkalla «tekniske manualane» som jamleg blir oppdatert. Sjå FIFA, FIFA stadium. Safety and security regulations (Zürich: FIFA, 2020).
12For nærare utgreiing, sjå Even Smith Wergeland, «Terror på tribunen», Josimar 8, nr. 4 (2016): 7–13.
13Desse problema er behandla i følgjande antologiar: Gary Armstrong & Richard Giulianotti, red., Fear and loathing in world football (Oxford: Berg, 2001) og Hjelseth og Hognestad, Kampen om tribunen.
14Bale, Sport, space and the city, 9–39.
15Dette heng nøye saman med det skjerpa fokuset på tryggleik og overvaking. Sjå Richard Giulianotti, Sport: a critical sociology (Cambridge: Polity Press, 2016), 151–154.
16Sjå Fossum, «Framvekst og håndtering av alternative supportermiljøer», 173–177.
17Det er obligatorisk for alle stadion av FIFA- og UEFA-standard med designerte sonar for VIP- og VVIP-klientell, kor av sistnemnde kategori (Very, very important people) utelukkande er for kongar, presidentar og andre statsoverhovud, samt idrettens eigne toppleiarar. Slike soner er fullstending separert frå resten av anlegget, jamvel med eigen inngang til stadion.
18Giulianotti, Sport: a critical sociology, 139–140; Fossum, «Framvekst og håndtering av alternative supportermiljøer», 176.
19BBC news, «Angry Keane slates Man Utd fans», news.bbc.co.uk, http://news.bbc.co.uk/sport2/hi/football/champions_league/1014868.stm. Sist opplasta 8. januar 2020.
20Denne utviklinga er fint samanfatta her: Arve Hjelseth, «Epilog: fortsatt the People’s Game?», i Kampen om tribunen, 283–302.
21Desse bøkene er sentrale: Richard Giulianotti, Football: a sociology of the global game (Oxford: Polity Press/Blackwell, 1999); Giulianotti, Sport: a critical sociology.
22Sjå Jamie Cleland et.al., red., Collective action and football fandom: a relational sociological approach (Cham: Springer International Publishing, 2018); Richard Jensen, «Fotballsupporteren – den krevende kunden», i Kampen om tribunen, 221–228; Ingar Mehus, «Fotballens sammensatte publikum», ibid., 229–242.
23Hjelseth, «Epilog: fortsatt the People’s Game?», 290.
24Emma Waterson og Steve Watson, «Heritage as a focus of research: Past, present and new directions», i The Palgrave handbook of contemporary heritage research, red. Waterson & Watson, (Basingstoke: Palgrave Macmillan, 2015), 8–10.
25Gregory Ramshaw og Sean Gammon, «Heritage and sport», i The Palgrave handbook of contemporary heritage research.
26Even Smith Wergeland, «Når stedsmyter blir viktigere enn arkitektur: Idrettsanlegg som kulturminner», i Fortidsminneforeningens årbok, red. Ragnhild Martine Bø, (Oslo: Fortidsminneforeningen, 2018), 65–86.
27Dave Russell, «‘See, the conquering hero comes! Sound the trumpets, beat the drums’: music and sport in England, 1880–1939», i Sport, music, identities, red. Anthony Bateman (London: Routledge, 2016), 11–27.
28Andrew McDarland, «Sport in Southern Europe», i The Oxford handbook of sport history (Oxford: Oxford University Press, 2017), doi:10.1093/oxfordhb/9780199858910.013.5.
29Joyce T. Mhiripiri og Namo A. Mhiripiri, «African media narratives», i African football, identity, politics and global media narratives, red. Tendai Chari og Namo A. Mhiripiri (New York: Palgrave MacMillan, 2014), 180–206.
30Då Arsenal flytta frå Highbury Stadium til Emirates Stadium i 2006 tok dei med den gamle stadionklokka, The Arsenal Clock.
31Niels Kayser Nielsen, «The Stadium in the City: A Modern Story», i The Stadium and The City, red. John Bale og Olof Moen (Staffordshire: Keele University Press, 1995).
32Fossum, «Framvekst og håndtering av alternative supportermiljøer», 173–177.
33Sjå følgjande bøker for meir belegg for påstanden: Anthony Bateman, red. Sport, music, identities (London: Routledge, 2016); Anthony Bateman og John Bale, red. Sporting Sounds: Relationships between sport and music (London: Routledge, 2008).
34Kayser Nielsen klassifiserer dette som ei blanding av «naturleg» og «programmert» lyd. Sjå Nielsen, «The Stadium in the City: A Modern Story».
35For ei meir inngåande skildring av dette, sjå Jim Griffiths, «Sound, noise and acoustics in stadium design», i Stadia, arenas & grandstands. Design, construction and operation, red. Pat Thompson, Jurek Tolloczko og Nick Clarke (London & New York: E & FN Spon, 1998), 173–178.
36Fotbollskanalen, «AIK skal krympa Friends – missnöjda med arenan», fotbollskanalen.se, www.fotbollskanalen.se/allsvenskan/aik/aik-ska-krympa-friends–-missnojda-med-arenan/. Sist opplasta 20. mai 2020. Sjå også følgjande for grundigare innføring i svensk supporter- og stadionkultur: Torbjörn Andersson, «Global culture, sporting decline? Globalization and football in Scandinavia», i Sport in Society: Cultures, Media, Politics, Commerce, nr. 4 (2019): 704–716; idem., «Den svenska fotbollens glokaliseringsprocess», i Kampen om tribunen, 69–88.
37Even Smith Wergeland, «Stadionbobla som brast», Josimar, nr. 3 (2015): 106–115.
38Men det har førekome i amerikansk fotball og spørsmålet er vel snarare når, ikkje om, dette også blir ein realitet i europeisk fotball, om det ikkje allereie er det. I 2015 blei NFL-klubben Atlanta Falcons straffa for bruk av falsk publikumslyd under kampar. Kevin Patra, «Atlanta Falcons lose 2016 pick for pumping fake noise», nfl.com, http://www.nfl.com/news/story/0ap3000000482500/article/atlanta-falcons-lose-2016-pick-for-pumping-fake-noise. Sist opplasta 14. januar 2020.
39Sjå følgjande rapport: «UEFA play fake crowd noise ahead of Europa League Final between Arsenal and Chelsea», fanbanter.co.uk, https://fanbanter.co.uk/video-uefa-play-fake-crowd-noise-ahead-of-europa-league-final-between-arsenal-and-chelsea/. Sist opplasta 13. januar 2020.
40Simon Smale, «Fake crowd noise has been added to the Bundesliga, and it’s coming to the AFL», abc.net.au, https://www.abc.net.au/news/2020-05-28/fake-crowd-noise-bundesliga-afl-tv-broadcast/12295010. Sist opplasta 27. mai 2020.
41Jack Kenmare, «Fans accuse Spurs o fusing ‘fake chants’ to increase noise levels at new stadium», sportbible.com, https://www.sportbible.com/football/news-reactions-fans-accuse-spurs-of-using-fake-chants-to-increase-noise-levels-20190427. Sist opplasta 13. januar 2020, og Ben Green, «Incredible revelation: West Ham pump out crowd noise at new stadium», 101greatgoals.com, https://www.101greatgoals.com/news/incredible-revelation-west-ham-pump-crowd-noise-new-stadium-tweets/. Sist opplasta 13. januar 2020.
42Sjå Fossum, «‘Man vil jo ikke være en del av den moderne fotballen’».
43To døme på denne innfallsvinkelen: Pinar Yelmi, «Protecting contemporary cultural soundscapes as intangible cultural heritage: sounds of Istanbul», International Journal of Heritage Studies 22, nr. 4 (2016): 302–311; Lingjiang Huang & Jian Kang, «The sound environment and soundscape preservation in historic city centres – the case study of Lhasa», Environment and Planning B: Urban analytics and city science 42, nr. 4 (2015): 652–674.
44Frank Zappa, The Real Frank Zappa Book (New York: Poseidon Press, 1989), 61.
45Nielsen, «The Stadium in the City: A Modern Story», 35.
46Dette er no ei utbreitt erkjenning innan internasjonal verneteori, med denne boka som eit viktig bidrag: Laurajane Smith, Uses of heritage (London & New York: Routledge, 2006).
47Hans Kristian Hognestad, «Introduksjon», Kampen om tribunen, 9–32.
48Giulianotti, «Supporters, followers, fans and flaneurs: a taxonomy of spectator identities in football», Journal of Sport and Social issues 26, nr. 1 (2002): 25–46.
49Fossum skildrar korleis supporterklubben til Rosenborg, Kjernen, skapte splid i fotballsupportermiljøet i Trondheim ved å dele ut eit skriv som forklarte at ein måtte forplikte seg til å «delta med sang, heiarop, hopping, flagg og annet» for å stå i deira seksjon under kamp. Fossum, «Framvekst og håndtering av alternative supportermiljøer», 169.
50Giulianotti, «Supporters, followers, fans and flaneurs», 41–42.
51Fossum, «Framvekst og håndtering av alternative supportermiljøer», 170.
52Steve Redhead, Sing when you’re winning: The last football book (London & New Hampshire: Pluto Press, 1987); Colin Irwin, Sing when you’re winning (London: Andre Deutsch Ltd., 2007).
53Eit døme er prosjektet Adventures in Digital Cultural Heritage ved University of Edinburgh, eit miljø som har publisert mykje om teknologiske verktøy i kulturminneforvaltinga.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon