Ved Universitetet i Bergen har det både i forsking og undervisning utvikla seg særeigne synspunkt og seiemåtar i rettskjeldelæra. Nokre av dei mest særeigne finst i Knut Martin Tandes ambisiøse artikkel «Individuelle valg og vurderinger i rettsanvendelsesprosessen». Forfattaren tematiserer og drøftar den nemnde artikkelen. Det vert fremja ein gjennomgripande kritikk, og gjort gjeldande at Tandes artikkel ikkje tilfører rettskjeldelæra noko særleg av verdi. Nokre konstruktive synspunkt vert også tilbydd. Mellom anna vert dommarens avgjerdsplikt og rettssyn framheva som ein viktig faktor for den som vil forstå meir av rettskjeldelæra.