Bruken av norske styrkar utanfor Noreg har reist og reiser framleis ei rekkje viktige statsrettslege spørsmål og utfordringar. Felles for fleire er at dei er knytt til deltakinga i eit internasjonalt forsvars- og tryggingssamarbeid. I artikkelen drøftar forfattaren fire fortidige, notidige og framtidige utfordringar i denne samanhengen. Den fyrste utfordringa er suverenitetsspørsmåla som oppstår ved at norske styrkar opererer under utanlandsk eller internasjonal kommando. Dette spørsmålet går heilt tilbake til Grunnlovas fødsel i 1814, og er framleis like aktuelt. Den andre utfordringa gjeld kompetansefordelinga mellom regjeringa og Stortinget. Det vert komplisert, fordi vi på dette området finn restar av den gamle prerogativlæra under eit parlamentarisk system. Den tredje utfordringa er tolkinga av forbodet mot angrepskrig i Grl. § 26 fyrste avsnitt ved bruk av norske styrkar i internasjonale militæroperasjonar utanfor Noreg. Den fjerde utfordringa er om og i kva grad Grunnlovas reglar til vern for individet utgjer ei grense for handlingsrommet til norske styrkar i utlandet.