Kor langt strekkjer eigedomsretten seg utover i sjøen? Dette klassiske rettsspørsmålet har fått ny aktualitet i og med ein høgsterettsdom innteken i Rt. 2011 s. 556, og artikkelen her tek opp spørsmålet til fornya rettsvitskapleg handsaming. Forfattaren går allment inn på kva funksjon ei yttergrense for eigedomsretten mot sjøen kan ha, og diskuterer deretter den ferske høgsterettsdommen. Standpunktet er at dommen har lite å tilby; Høgsteretts tilnærming både til saka, rettsspørsmålet og si eiga rolle som «rettsavklarar» synest utenleg og lite treffande.