I 1948 gav finske Tove Jansson ut «Trollkarlens hatt». Her får snorken, bror av snorkfrøken og ven av mumitrollet, lov til å ønskja seg noko av trollmannen, som endeleg har fått edelsteinen sin tilbake frå Tufsla og Vifsla:

- Hva har du tenkt deg da? spurte trollmannen.

- En regnemaskin! sa snorken.

- En maskin som kan regne ut om noe er rettferdig eller urettferdig, godt eller dårlig.

- Det er for vanskelig, sa trollmannen og ristet på hodet.

Tove Jansson, Trollmannens hatt, Oslo 2002: 124.

Like lite som i 1948 er det i dag mogeleg å tenkja seg ein maskin som kan rekna ut kva som er rettvist og urettvist, godt eller dårleg. Når juristar skal ta stilling til rettstvistar så er deira einaste verkelege hjelpemiddel den juridiske metoden. Men den er eit verktøy og ikkje noko magisk maskin. I løpet av jusstudiet skal juristar læra seg å nytta dette verktøyet, og den juridiske masteroppgåva på slutten av studiet er sjølve sveinestykket der den tileigna lærdomen skal omsetjast i praksis. Føremålet med denne artikkelen er å peika på nokre elementære metodiske refleksjonar ein bør gjera seg før ein tek til med å skriva masteroppgåva.