Emnet for denne artikkelen er rettspraksis dei seinare åra som opnar for ulovfesta ekstinksjon av fast eigedom som er kjøpt frå nokon som aldri har vore rett eigar av eigedommen. Artikkelen er såleis avgrensa til eigedomsrett til fast eigedom i «heimelsmannskonflikten» (H-A-B). Hovudproblemstillinga er i kva grad den rette eigaren (H) kan tapa eigedomsretten sin til ervervaren (B) ved at B får betre rett enn sin eigen heimelsmann - avhendaren (A).