En akkurat passe lang introduksjon til Internasjonale relasjoner

Øyvind Kalnes, Ole Gunnar Austvik og Heidrun Sørlie Røhr

Lillehammer: Cappelen Damm 2010

Det finst ikkje mange innføringsbøker på norsk om internasjonale relasjonar. Difor er det flott at Øyvind Kalnes, Ole Gunnar Austvik og Heidrun Sørlie Røhr har sett seg ned og gjort noko med det. Bokas tittel – En akkurat passe lang introduksjon til Internasjonale relasjoner – og forord lover ikkje lite: lesaren skal få ein relativt kortfatta introduksjon til eit fagfelt, boka skal vere akkurat passe lang og samtidig gi ein heilskapleg og brei fagleg analyse. Forfattarane klarer nokre av måla: kortfatta introduksjonar og å inkludere mange perspektiv. Litt vanskelegare blir det å halde på lesaren og å presentere alle desse perspektiva tydeleg nok.

Boka har fem delar. Fyrste del skal gi eit utsyn mot internasjonale relasjoner. Så kjem dei neste fire: internasjonal politikk, global kultur og kommunikasjon, internasjonal politisk økonomi og til slutt krig, konflikt og konfliktløsning. Denne inndelinga er ikkje openbart logisk for meg ved fyrste blikk. Særleg er det uvanleg for lærebøker innenfor dette fagfeltet å gi så mykje plass til kultur, men det fungerer godt og verkar naturleg når ein er i gong med lesinga. På den måten tar boka omsyn til faglege utviklingar sidan den kalde krigen. Forfattarane byrjar ikkje berre med ein tradisjonell struktur for ei innføringsbok i IR, men med debattane som er relevante i dag.

Boka er ikkje særleg stor, og bokryggen gir litt inntrykk av å vere ei forstørra utgåve frå bokserien «a very short introduction to». Når ein opnar boka og ser inni, vert det klårt at det likevel ikkje er ei bok som egnar seg godt til lesing på trikken. Tekstane har liten skriftstorleik, og det er få mellomoverskrifter. Difor er ho nok meir passande for lesesalen med markeringstusjar ved sidan av seg.

Den fyrste delen, utsynet, skal definere viktige omgrep og grunnleggande perspektiv i faget. Forfattarane startar passande nok med å definere «internasjonale relasjonar» – ei naudsynt tydeleggjering i ei slik bok – samtidig som dei er ærlege på at ein internt i faget bruker ulike definisjonar. Deretter diskuterer forfattarane objektivitet, og dei slår fast at ein ikkje kan tilnærme seg internasjonal politikk på éin objektiv måte – ein må ha nokre grunnleggjande føresetnader for kva som er god vitskap. Dette er kanskje eit banalt poeng, men samtidig eitt som ofte blir tatt for gitt i innføringsbøker og noko eg trur studentar har godt av å bli minna på. I dette fyrste kapittelet kjem forfattarane gjennom mange sentrale omgrep innanfor faget, og dermed kan boka både fungere som lærebok og oppslagsverk, takka vere indeksen bak. Sistnemnte hadde nok fungert enno betre om indeksen hadde enno fleire ord, eg sakna til dømes sentrale ord som «islam» og «miljø».

Ei gjennomgående utfordring for boka er at ting skal gå fort. Forfattarane vil innom dei viktigaste poenga og referansane i faget på ein enkel og kjapp måte. Då går det nokre gongar så fort i svingane at det vil gi mindre meining for ein fersk lesar. Eg lurer til dømes på kor mykje ein fersk student får ut av ein referanse på ein setning til ein viktig person innanfor feltet. Når det på mange sider kjem to–fire namn, kvar person blir presentert i få setningar og studenten kanskje ikkje har så mange knaggar, kan det bli forvirrande. Boka er dermed meir hjelpsam for dei som vil bruke ho til å få kjennskap til vidare litteratur. Når det er sagt, må eg seie at forfattarane fleire stadar klarer å presentere vanskelege ting på ein elegant og kort måte. Til dømes klarer dei over det som i praksis er to små sider å presentere hovudpoeng av Alexander Wendt, Robert Kagan og Francis Fukuyama.

Forfattarane er flinke til å presentere dei fire perspektiva på internasjonal politikk som dei har valt å ta med: realisme, liberalisme, marxisme og konstruktivisme. Konstruktivisme blir sett på for seg sjølv, men i presentasjonen av dei tre andre vektlegg forfattarane korleis realisme har eit konservativt grunnsyn, liberalisme er reformistisk og marxisme er revolusjonært. Den oppklaringa hadde hjelpt meg mykje då eg satt og prøvde å forstå dei på innføringsemnet i Internasjonale studiar på Blindern – der var det vanskeleg å skilje mellom det deskriptive og det normative i teoriane. Forfattarane byrjar òg introduksjonen av retningane med å presentere ein modell over kor mykje plass kvar av desse teoriane har i undervisning på innføringsnivå, og kor mykje plass kvar teori har i forsking. Her er det skilnader, som til dømes for konstruktivisme, som forskarar har sagt dei bruker 11 % av undervisningstida si på. Samtidig bruker 17 % av forskarane dette perspektivet i eiga forsking, og konstruktivisme er oppe i 21 % i publisert litteratur. Dette hugsar eg mange studentar var opptatte av dei fyrste åra på studiet, og det er difor fint med ei lærebok som presenterer desse tala. Her skal forfattarane ha ros for å skjønne kva studentar lurer på når dei les om desse tinga for fyrste gong.

Noko som bryt opp teksten fint er tekstboksar med fakta, anekdotar og definisjonar. Det fungerer veldig godt, og fleire av anekdotane fekk meg til å humre. Kvart kapittel har nykkelord og arbeidsoppgåver, og på den måten er boka pedagogisk. Ein fare kan vere at arbeidsoppgåvene kan vere litt vel omfattande. Dei er nok fine for å få studentar til å reflektere over tinga dei har lest, men eg er usikker på kor mange som vil setje seg ned og faktisk skrive moglege drøftingar basert på spørsmåla som står. Eg ville nok til dømes ha hoppa over spørsmålet: «Hva er hovedtrekkene i forekomsten av kriger og væpnede konflikter over tid? Diskuter deretter hovedårsakene til denne utviklingen». Ikkje fordi det ikkje er eit godt spørsmål, men fordi det er eit enormt spørsmål.

I delen om global kultur og kommunikasjon får lesaren kjennskap mange av dei store debattane om globalisering, innvandring og nasjonalisme. Globalisering er ein term som ofte får mykje plass i nyare bøker om internasjonal politikk. Her viser forfattarane dei mange trekka ved og konsekvensane av globalisering på ein lettfatteleg måte. Denne delen tar òg opp rolla til media og internett i internasjonale relasjonar, eit moment som er viktig for å forstå kva som har skjedd i Tunisia og Egypt i år.

Neste del handlar om internasjonal politisk økonomi (IPØ) – eit politisert felt å navigere i for lærebokforfattarar. Det er desse forfattarane veldig medvitne om, og startar med ein faktabasert, kort introduksjon av viktige institusjonar. Deretter går dei rett på dei teoretiske IPØ-perspektiva og ser den faglege debatten i lys av desse ulike teoretiske brillene. Lesaren møter handelsteoriar som Ricardo og Hecksher-Ohlin og lærer om internasjonale finansmarknader. Det er flott at boka rekk over så mykje empiri og teori, men igjen er eg usikker på læringsutbyttet til studentane når presentasjonen går så fort. Til dømes møter ein i eitt lite avsnitt både ortodokse liberalistar, intervensjonistiske liberalistar og institusjonelle liberalistar.

Det er alltid enklast som bokmeldar å kritisere dei delane av boka ein sjølv kan mest om. Det eg har drive mest med er Tyrkia og Midtausten, og i desse delane av boka skurrar framstillinga litt. Det blir litt vel unyansert. Til dømes står det på side 37 under overskrifta «Det eurosentrerte internasjonale systemet 1648–1945» at «[d]en muslimske verden – Umma – skilte mellom seg selv som dâr-al-islam og resten av verden – dâr-al-harb – som muslimer i prinsippet var forpliktet til [å] føre krig – jihad – mot.» Dette er fyrste gong denne regionen blir nemnt, og neste gong det skjer, på side 55, står det: «I den muslimske del av verden har umma, det religiøse fellesskapet, hele tiden vært avgjørende for identitet, og moderne statsdannelse er blitt avvist som et fremmedelement. Få har imidlertid oppfattet befalingen om jihad – hellig krig mot de vantro – bokstavelig.»

Her saknar eg fyrst at forfattarane definerer omgrepet «den muslimske del av verden», sånn at lesaren skjønner kva land det er snakk om. For det andre lurer eg på kva det betyr at moderne statsdanning har blitt avvist. For historia om Tyrkia, som er eit land med 98 % muslimar, stemmer dette nemleg dårleg. Det er òg urovekkande at forfattarane nemner jihad kvar gong dei skriv om muslimske land. At dei ikkje skil mellom islam som folkereligion og islamisme som politisk ideologi er éin ting, at jihad er noko som blir tolka ulikt innanfor ulike former for islamisme er ein annan ting som ikkje kjem fram (ein kan nemleg òg omsetje det til «hellig strev» eller «hellig kamp», ikkje berre til «hellig krig»). Studentar som les berre denne boka blir dermed sitjande med eit ganske snevert perspektiv på muslimske land. Resten av gjennomgongen av historia til internasjonale relasjonar er ryddig og grei. Forfattarane er flinke til å halde på IR-perspektivet i framstillinga.

Den siste delen av boka handlar om krig, konflikt og konfliktløysing. Her skriv forfattarane tankevekkande om utviklinga av krigføringa i verda. Dei byrjar med å nemne den dystre utviklinga når det gjeld sivile dødstal i krig. Deretter går dei over på å fokusere på fredsbygging. Dette får meir plass enn fredsbygging vanlegvis får i denne typen bøker, og det er positivt.

Til no har eg kritisert boka for å gape over for mykje. Då er det farleg å samtidig etterlyse stoff. Likevel tenkjer eg at det kunne vore nyttig og aktuelt om boka hadde meir om internasjonalt miljøsamarbeid, ulike typar grunngiving for krig og utviklinga av konsept som Responsibility to Protect i FN. På Universitetet i Oslo hentar ein inn fag frå fire andre område for å lage bachelorprogrammet Internasjonale studiar: historie, statsvitskap, samfunnsøkonomi og folkerett. Eg seier ikkje at det er fasiten, men det verkar på meg som eit greitt utgangspunkt. I denne boka har statsvitskap, samfunnsøkonomi og historie fått ein grei del kvar, mens folkerett har fått mindre. For studentar som vil jobbe med internasjonal politikk er folkeretten naudsynt for å forstå internasjonale prosessar, og boka hadde nok blitt meir matnyttig for fleire om ho hadde hatt med meir om akkurat denne biten.

Kalnes, Austvik og Røhr kan gjere livet enklare for norske studentar som møter IR for fyrste gong. Enno enklare kunne det nok blitt om dei hadde brukt litt meir plass på litt færre perspektiv. Aller nyttigst vil kanskje boka være for studentar som har haldt på litt lenger og lurer på kva tekstar dei bør lese for å få ei god bacheloroppgåve. Då er En akkkurat passe lang introduksjon til Internasjonale relasjoner ein bra plass å byrje leitinga.