Fjordantologien 2015 er eit resultat av Fjordkonferansen 2015. Den første Fjordkonferansen vart arrangert i 2013. Dette var altså den tredje konferansen.

Fokuset for Fjordkonferansen er fagleg utvikling med mottoet «av fagfolk for fagfolk», der hovudføremålet er å bidra til ein auke i publiseringar av vitskaplege artiklar frå Sogn og Fjordane / Møre og Romsdal («Fjordregionen»). Dette fører til auka kompetanse for fagpersonar og dermed også for regionen. Vidare er konferansen ein samlingsstad for utveksling av kunnskap, erfaringar og nettverksbygging mellom fagmiljøa i regionen.

Fjordkonferansen 2015 var på Hotell Alexandra i Loen 19. og 20. juni 2015 med 92 deltakarar. Temaet for konferansen var «innovasjon», der følgjande heldt innlegg: professor Håvard Teigen, Høgskolen i Lillehammer, om «Innovasjon og samfunnsutvikling», fylkesdirektør for næring Jan Heggheim, Sogn og Fjordane, om «Innovasjonsutfordringar på Nordvestlandet», og professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda, om «Refleksjonar om innovasjon og immateriell kapital». «Immateriell kapital» er temaet for Fjordkonferansen i 2016.

På 2015-konferansen vart det presentert 58 paper. Dette ga grunnlag for to antologiar.

I denne antologien finn ein 13 artiklar. I den fyrste artikkelen i Fjordantologien 2015 vert dei einskilde artiklane kort omtala. Artiklane kan variere frå teoretisk forsking til dokumentasjon og analyse av utviklingssamarbeid, men held etter redaksjonen si meining ein høg fagleg standard innan dei tradisjonar dei representerer.

Utan finansiell stønad kunne «Fjordkonferansen» og «Fjordantologien» ikkje ha blitt realisert. Følgjande bidragsytarar har gjort arbeidet mogeleg: Sparebanken Møre (hovudsamarbeidspartnar), Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og dei fire institusjonane som tilbyr høgare utdanning i «Fjordregionen», dvs. Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU. Vi takkar dei alle for bidraga. Vi nyttar også høvet til å takka alle dei friviljuge opponentane, og ikkje minst alle fagfellane som har lagt ned eit svært omfattande arbeid for å sikre kvaliteten på dei ulike artiklane. Tusen, tusen takk til alle.

Ålesund, 14. mars 2016