Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

5 Entreprenørskapslyst blant unge i rurale område

Regionale skilnader og endring over tid


Torbjørn Årethun er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo. Han er tilsett som førstelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har undervisning i matematikk og samfunnsøkonomiske fag ved bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Årethun har forska på regional utvikling og entreprenørskap, og publisert artiklar innan desse områda.



Jon Gunnar Nesse er siviløkonom med høgare avdeling frå NHH, med hovudfag i administrasjons- og åtferdsfag. Han er tilsett som førstelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har undervisning i organisasjons- og leiingsfag ved bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Nesse har forska på regional utvikling, omstilling på einsidige industristadar, fornybar energi og entreprenørskap, og har publisert ei rad rapportar og artiklar innan desse områda.



Jon Ivar Håvold er siviløkonom/MBA frå Strathclyde Business School i Glasgow og dr. ing. frå fakultet for Industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU i Trondheim. Han er tilsett som professor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved NTNU. I dei seinare åra har forskingsinteresse og publisering av artiklar i hovudsak vore innan tryggleik til sjøs, marknadsføring og entreprenørskap. Håvold har før han gjekk inn i akademia i 1995, vore forskar og forskingsleiar ved Televerkets Forskningsinstitutt og hatt leiande stillingar i industri- og forsikringsverksemder.

Samandrag

Datamaterialet i denne undersøkinga er henta inn gjennom spørjeundersøkingar blant avgangselevar i to vidaregåande skular i Sogn, Høyanger og Årdal, og to på Sunnmøre, Herøy og Ulstein. Vi stilte dei same spørsmåla til to avgangskull med om lag ti års mellomrom (2001 for alle fire kommunane, 2011 for sognekommunane og 2013 for sunnmørskommunane).

Resultata viser at leiarambisjonar og ynskje om å skapa noko nytt er dei faktorane som i størst grad påverkar entreprenørlysta blant unge. I sunnmørskommunane har òg støtte frå familie og vener stor innverknad, medan entreprenørlysta i dei to sognekommunane vert påverka av sjølvstendig næringsdrivande foreldre.

Nokre faktorar som verka inn på entreprenørskapslysta i 2001, hadde ingen effekt ti år seinare. Å vera uavhengig er eit døme på dette. Å skapa noko nytt er døme på ein faktor som ikkje hadde innverknad på entreprenørskapslysta i 2001, men derimot i 2011/2013.

I 2001 hadde gutar på Sunnmøre høgare entreprenørskapslyst enn gutar i Sogn. Denne skilnaden var utviska i 2011/2013. Dei to karriereankera sikker framtid og følgja faglege interesser har fått ein negativ innverknad på entreprenørlysta i Herøy og Ulstein i 2013. Dette var ikkje tilfellet i 2001.

Abstract

This study investigates entrepreneurial intentions (EI) among final-year students in four different high schools in Western Norway. We asked the same questions to two cohorts at an interval of about ten years (2001 and 2011/13). Two of the schools are located in the region of Sunnmøre, and two in Sogn. The communities in Sogn are dominated by one big aluminium company that has been downsizing the workforce during the period covered by our investigation, while the Sunnmøre communities are part of an advanced maritime cluster.

The results show that leadership ambitions is the most important, stable factor influencing EI in 2011/2013. Some factors that were significant in 2001 had lost their importance ten years later. An example of this is the desire for autonomy as a driving force in entrepreneurship. Some factors that were not significant in 2001 had become highly significant ten years later. An example of this is ambitions to create something new.

The regional differences increased between 2001 and 2011/2013. Access to social capital has lost its effect on EI in Sogn and the two career anchors desire for security and technical-functional competence have had a negative effect on EI in 2013, but had no significant effect twelve years earlier.

Keywords: entreprenørskap, entreprenørskapslyst, nyskaping, distrikt, ungdom, sosial kapital, karriereanker

5.1 Introduksjon

Det er ingen ålment akseptert definisjon av omgrepet entreprenørskap (van der Kuip og Verheul, 2004; Audretsch, 2007). I dette paperet er entreprenørskap definert som det å starte og drive ei ny bedrift. Denne definisjonen omfattar alle typar nyetableringar, både innovative og imiterande, og er i samsvar med definisjonen brukt i undersøkingar basert på data frå Global Entrepreneurship Monitor (Bosma et al., 2009; Engle et al., 2010; Krueger, 2009). Omgrepet entreprenørskapslyst refererer difor til dei intensjonane ein person har når det gjeld å starte ei ny bedrift (Krueger, 2009).

I løpet av dei siste 15–20 åra har både forsking om og politikk for å fremja entreprenørskap fått auka merksemd over heile verda. Forskarar har kartlagt kva faktorar som påverkar entreprenørskapslysta, og politikarar har i aukande grad sett på entreprenørskap som eit verkemiddel for å skapa økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Få studiar om entreprenørskap har tatt utgangspunkt i rurale område, og enda færre har undersøkt endringar i entreprenørskapslysta over tid i distriktskommunar.

I dette paperet undersøker vi kva faktorar som påverkar entreprenørskapslysta blant ungdom i fire distriktskommunar på Nord-Vestlandet på to ulike tidspunkt. To kommunar i Møre og Romsdal, Herøy og Ulstein, og to kommunar i Sogn og Fjordane, Høyanger og Årdal. I resten av denne artikkelen vil Hydroland vera eit samleomgrep for Høyanger og Årdal, medan Herøy og Ulstein blir kalla Sunnmøre.

Både Møre og Romsdal og, i særleg grad, Sogn og Fjordane har hatt ein lægre folketalsvekst enn landsgjennomsnittet dei siste 10 åra. Låg, og ofte negativ, folketalsvekst er typisk for rurale område i store delar av den industrialiserte verda (McManus og Connell, 2014). Frå utgangen av 2004 til utgangen av 2014 auka folketalet i Sogn og Fjordane med 2,0 prosent, noko som var den lægste befolkningsveksten blant alle fylka i denne perioden. I den same perioden auka talet på innbyggjarar i Møre og Romsdal med 7,8 prosent, medan den gjennomsnittlege befolkningsveksten for landet var på 12,1 prosent (Statistisk sentralbyrå, 2015a). Utan positiv netto innvandring hadde folketalet gått ned i begge fylka frå 2004 til 2014 (Sogn og Fjordane fylkeskommune, 2014; Haugen, 2010).

Viss vi ser på dei fire kommunane i vår undersøking, finn vi endå større skilnader i folketalsutviklinga. Dei to kommunane i Sogn, Høyanger og Årdal hadde ein nedgang i folketalet på høvesvis 7,4 prosent og 3,6 prosent i perioden 2004–2014. I Herøy auka folketalet med 6,5 prosent i same periode, medan Ulstein hadde den største folketalsveksten på 22,0 prosent (Statistisk sentralbyrå, 2015a).

Eit mål på det entreprenørielle klimaet i eit område er etableringsrata. Denne storleiken er definert som talet på nyetablerte føretak i ein bestemt periode dividert på det gjennomsnittlege talet på personar i arbeidsfør alder (18–66 år) i same periode. Nesse (2002) fann at etableringsratane i Herøy og Ulstein (Sunnmøre) var om lag dobbelt så høge som i Høyanger og Årdal (Sogn) i perioden 1990–2000. Basert på tilsvarande utrekningar for perioden 2004–2013 finn vi at etableringsratane i dei to sunnmørskommunane var vel 50 prosent høgare enn i dei to sognekommunane (SSB, 2015a; 2015b).

Dei to kommunane i Sogn er dominert av ein stor aluminiumsprodusent som har redusert talet på tilsette i den perioden undersøkinga vår omhandlar (2001–2011/2013), medan dei to sunnmørskommunane er del av ei maritim klynge som leverer varer og tenester m.a. til fiskeflåten og til oljeinstallasjonane i Nordsjøen. Dei marine næringane står òg sterkt på delar av Sunnmøre, mellom anna i Herøy.

Som tidlegare nemnt, har sunnmørskommunane hatt større folketalsvekst og fleire entreprenørar enn sognekommunane. Sunnmøre har difor eit betre grunnlag for framtidig økonomisk vekst enn det dei to sognekommunane har. Både Høyanger og Årdal har i mange år arbeidd med å få til omstillingar og ny vekst i næringslivet for å kompensera sysselsetjingsnedgangen i aluminiumsindustrien. Nokre av nyetableringane har vore vellukka, andre har ikkje overlevd. Møre og Romsdal har òg hatt ein folketalsvekst under landsgjennomsnittet og vil i åra framover stå overfor eit auka omstillingsbehov i samband med globaliseringa av dei maritime næringane og redusert aktivitet på kontinentalsokkelen.

Auka entreprenørskap er difor eit naudsynt vilkår for å skapa folketalsvekst og nye jobbar i begge fylka. Betring av rammevilkåra for nyetableringar er ein del av den nasjonale politikken for å fremja regional utvikling og difor vil avgjerdstakarar på ulike nivå ha behov for å vita meir om kva faktorar som påverkar entreprenørskapslysta, og i kva grad desse faktorane endrar seg over tid.

Føremålet vårt med dette paperet er å få større innsikt i drivkreftene bak entreprenørskap blant ungdom i distrikta ved å studere endringar over tid. Vi har desse forskingsspørsmåla:

  1. Er det skilnader i entreprenørskapslyst og påverknadsfaktorar mellom regionar?

  2. Kva faktorar har vore stabile over tid, og kva faktorar har endra seg?

  3. Kva verknad bør funna få for entreprenørskapsundervisninga i skulen?

Resten av dette paperet er organisert slik: I kapittel 2 presenterer vi relevant litteratur og i kapittel 3 skildrar vi metodikken. I kapittel 4 vert resultata presentert og drøfta. Til slutt summerer vi opp dei viktigaste funna og dei implikasjonane desse har for entreprenørskapsundervisninga i skulen.

5.2 Teori

Entreprenørskap kan tolkast som ein prosess (Bygrave, 2004), og forskarar har funne to hovudgrupper av faktorar som påverkar denne prosessen: kontekstuelle og individuelle faktorar (Mazzarol et al., 1999). I dette paperet ser vi på tre grupper av kontekstuelle faktorar: næringsstruktur, kulturell kapital og sosial kapital. Som individuelle faktorar nyttar vi kjønn og karriereanker. Nedanfor vil vi sjå nærare på det teoretiske og empiriske grunnlaget for faktorane.

Det er store geografiske variasjonar i entreprenørielle haldningar og aktivitetar, både innan og mellom land (Jordfald, 1998; Kolvereid et al., 2008; Bosma et al., 2008; Bosma et al., 2009). Ei mogleg forklaring på dette er ulik næringsstruktur. Pollard (1981, 1990) skil mellom den engelske og den franske utviklingsmodellen, oppkalla etter den typiske næringsstrukturen i desse to landa i det 19. hundreåret. I den engelske modellen står dei store, tradisjonelle industribedriftene sentralt. Område med denne næringsstrukturen var kjenneteikna av markante klasseskilje mellom bedriftseigarar og funksjonærar på den eine sida og ufaglærte lønstakarar på den andre sida. Arbeidarane hadde monaleg mindre økonomisk handlefridom enn i eit næringsmiljø prega av tradisjonelle handverkarar. I den franske modellen var næringsstrukturen i større grad prega av mindre handverksbedrifter som ofte var etablert av lokale entreprenørar. I denne modellen er næringsklimaet ofte kjenneteikna av samarbeid og nære relasjonar mellom arbeidarar, funksjonærar og bedriftseigarar, og arbeidarane kunne vera deleigarar i den lokale handverksbedrifta dei sjølve var tilsette i. Lokalsamfunn basert på den franske modellen opplevde difor mindre sosiale endringar i samband med industrialiseringa på 18. hundretalet enn dei basert på den engelske modellen.

Wicken (1994; 1997) analyserte industrialiseringa av norske regionar i lys av dette skillet. Med si lange kystline og mange småbrukarar, fiskarar, fiskeforedlingsanlegg og skipsbyggingsindustri kan Sunnmøre grupperast i den franske modellen. Høyanger og Årdal er derimot prega av ei stor hjørnesteinsbedrift og låge etableringsratar i andre bransjar. Mange såg på slike eigenetableringar og andre lokale initiativ som lite naudsynte, då «Verket» tok hand om alt (Bukve 1997; 2001). Det er grunn til å tru at slike skilnader mellom Sunnmøre og dei to sognekommunane når det gjeld næringsstruktur også gjev seg utslag i ulik entreprenørskapslyst blant unge menneske.

Bourdieu (1986) definerte kapital som akkumulert arbeid i materiell eller immateriell form. Han skilde mellom tre typar kapital: økonomisk, kulturell og sosial. Økonomisk kapital fins i form av pengar eller eigedom som kan konverterast til betalingsmiddel, og som entreprenørar treng for å kjøpa arbeidskraft og andre innsatsfaktorar i produksjonen. Vi vil i dette paperet fokusera på den kulturelle og sosiale kapitalen.

Ein person sin kulturelle kapital er resultatet av ein sosialiseringsprosess der kunnskap og haldningar vert utvikla over lang tid. Denne kunnskapen kan vera erverva gjennom formell utdanning, opplæring på arbeidsplassen, råd frå ekspertar og andre, samt etterlikning av «beste praksis» på eit bestemt område. Bourdieu (1986) hevdar at kulturell kapital vert erverva gjennom ein ikkje-medviten sosialiseringsprosess. Verknadene av denne prosessen avheng m.a. av kor lenge han varar. Ulik kulturell kapital kan til ein viss grad forklara forskjellar i skuleprestasjonar. Bourdieu (1986) hevda at evna til å læra, og andre dugleikar som folk flest tenkjer på som medfødde, heller kan vera eit resultat av den «investeringa» som familien gjer i hans/hennar oppvekst og oppseding. Familiar som på denne måten akkumulerer kulturell kapital, vil då ha ein «konkurransefordel» framfor familiar som ikkje har same høvet til å akkumulere kulturell kapital.

Å ha foreldre som rollemodellar verkar å vera ein svært viktig faktor for lysta til å starta eiga bedrift. I ei undersøking av 720 bedriftsetablerarar fann Spilling (1998) at 45 prosent hadde foreldre som var sjølvstendig næringsdrivande. Dette var monaleg fleire enn i befolkninga elles, fordi berre om lag 11 prosent av den vaksne befolkninga i Noreg på den tida hadde eiga verksemd (Spilling, 1998, s. 98). Seinare gjorde andre forskarar liknande funn (Mazzarol et al. (1999) og Greve og Salaff (2003)). I ein studie av indiske og kinesiske ungdomar, fann Goel et al. (2007) at dei som hadde foreldre som var sjølvstendig næringsdrivande hadde meir positive haldningar til entreprenørskap enn andre ungdomar. Ei undersøking blant pakistanske studentar viste same resultat (Wang og Wong, 2004). På den andre sida, fann Kim et al. (2006) i ei amerikansk panelundersøking ingen samanheng mellom kulturell kapital, operasjonalisert som sjølvstendig næringsdrivande foreldre, og entreprenørlyst.

Med nesten identiske resultat frå ulike kulturar, styrkar det hypotesen om at sjølvstendig næringsdrivande foreldre overfører kompetanse og kunnskap til borna om korleis det er å etablera og driva eiga verksemd. Dette kan ein tolka som kulturell kapital knytt til entreprenørskap i desse familiane. Det at Kim et al. (2006) ikkje fann nokon signifikant samanheng mellom sjølvstendig næringsdrivande foreldre og entreprenørlyst, gjer det endå meir interessant å testa denne samanhengen.

Sidan tidleg på 1990-talet har sosial kapital vore eitt av dei viktigaste omgrepa innanfor samfunnsvitskapane (Leenders og Gabbay, 1999; Lin et al., 2001). Sosial kapital er nært knytt til forsking på sosiale nettverk. Dette er nettverk som kan nyttast til å skaffa seg informasjon, kunnskap og risikokapital, noko som gjev ein meirverdi for individet.

Bourdieu (1986) og Coleman (1988) presenterte, uavhengig av kvarandre, nesten definisjonar av sosial kapital. Bourdieus (1986, s. 248) definisjon er: «Sosial kapital er summen av faktiske eller potensielle ressursar som er knytt til ein persons varige nettverk av meir eller mindre institusjonaliserte relasjonar av vener og kjende.» Denne definisjonen legg vekt på fordelane ved å vera i stand til å mobilisera ressursar gjennom eit varig nettverk. For entreprenørar er det viktig å bruka sosiale nettverk for å mobilisera ressursar som lettar arbeidet med å etablera og driva eiga verksemd (Greve, 2000). Kulturell og sosial kapital er ikkje likt fordelt i befolkninga. Sjølv om Bourdieu (1986) brukte omgrepa kulturell og sosial kapital for å forklara korleis medlemmar av ein elite i eit demokratisk samfunn kan reprodusera eigne privilegium, bør det være mogleg for dei fleste å byggja og vedlikehalda nyttige sosiale nettverk ut frå sin eigen sosiale posisjon. På grunn av at den kulturelle kapitalen til eit individ ofte er bygd opp frå tidlege barneår, vil det på kort sikt vera vanskeleg å kompensera for dette ved tilførsle av meir kulturell kapital seinare i livet. Eit alternativt tiltak vil då kunne vera hjelp i form av auka sosial kapital.

Betydninga av sosiale nettverk i samband med etablering av eiga bedrift har vore eit tema i mange studiar. Aldrich og Ruef (2006), Greve (2000) og Johannison (2000) har alle skrive oversiktsartiklar over dette emnet. Granovetter (1973; 1974) har undersøkt korleis arbeidslause skaffar seg ny jobb gjennom å nytta «lause band», der den arbeidslause kjenner ein person som veit om ei ledig stilling. Denne kjenningen fungerer dermed som kontaktperson mellom den arbeidslause og arbeidsgjevaren med ledig stilling. Dette doble settet av lause band; både det mellom den arbeidslause og kjenningen hans og det mellom kjenningen og arbeidsgjevaren, kan til slutt enda med at den arbeidslause får jobben. Aldrich relaterte denne kunnskapen til entreprenørskap (Aldrich og Whetten, 1981; Aldrich og Zimmer, 1986). Å kjenna eller vera ven med ein som har starta eiga bedrift, gjev deg tilgang til informasjon og ressursar som aukar din entreprenørielle dugleik.

Burt (1992) innførte omgrepet «strukturelle hol», det vil seia gap mellom aktørar med komplementære ressursar (Burt 1992; 2000). Ein entreprenør kan tolkast som ein tilretteleggjar eller ein meklar som byggjer bru over eit strukturelt hol, og soleis skapar kontakt mellom aktørar som ikkje visste om einannan på førehand (Burt, 1992). Kvart strukturelt hol representerer ei utfordring, slik at det vil vera ein fordel å ha eit ueinsarta nettverk med mange strukturelle hol. Renzulli et al. (2000) fann at ueinsarta nettverk auka sannsynet for å lukkast som entreprenør.

Å kjenna eller vera ven med ein entreprenør, og å finna støtte for ein forretningsidé i eit nettverk, ser ut til å auka sannsynet for sjølv å starta eiga bedrift. I ei undersøking blant studentar, fann Liñán og Santos (2007) at denne typen sosial kapital påverka entreprenørskapslysta indirekte gjennom dei mellomliggjande variablane «aukar ynskje om å bli entreprenør» og «aukar moglegheitene for å bli entreprenør». Dei nytta fem indikatorar for sosial kapital: støtte frå familie og vener dersom du startar eiga bedrift, kjenner nokon i familien som har eiga bedrift, kjenner andre utanfor familien som har starta eiga bedrift, nærmiljøet er positive til at ein startar eiga verksemd, og ein har kontakt med eit entreprenørskapsmiljø. Ved å analysera data frå Global Entrepreneurship Monitor (GEM), viste Langowitz og Minniti (2007) at kjennskap til andre entreprenørar påverka sannsynet for sjølv å starta eiga verksemd.

GEM-undersøkingane viser at norske menn har signifikant høgare entreprenørskapsaktivitet enn norske kvinner. I åra 2000–2012 utgjorde entreprenørskapsaktiviteten blant kvinner mellom 25 prosent og 30 prosent av den totale entreprenørskapsaktiviteten i Noreg (Alsos et al., 2013, s. 18–19). I ei undersøking blant ungdom i Sogn og på Sunnmøre, fann Nesse (2010) at jentene hadde monaleg lægre entreprenørskapslyst enn gutane. Denne kjønnsskilnaden vert ofte forklart med at kvinner i mindre grad enn menn trur dei har den naudsynte kompetansen til å etablera og driva eiga verksemd, og at dette kan skuldast den kjønnsdelte arbeidsmarknaden med overrepresentasjon av kvinner i offentleg sektor (Kolvereid et al., 2008).

Minniti et al. (2005) peikar på to årsaker til at kvinner i mindre grad enn menn deltek i entreprenørielle aktivitetar: mangel på sjølvtillit og mangel på rollemodellar. Dei har difor behov for støtte gjennom mentorar og nettverksbyggjing. I høginntektsland tilrår Minniti et al. (2005) ei betre og meir tilrettelagt utdanning for kvinnelege entreprenørar, særleg innan ingeniørfag. I ei undersøking blant 265 masterstudentar i økonomisk-administrative fag i USA fann Zhao et al. (2005) at kvinnelege studentar hadde signifikant lægre entreprenørskapslyst enn sine mannlege kollegaer. Dei fann derimot ingen kjønnsskilnader i trua på eigne entreprenørielle dugleikar.

Schein (1990, s 1) definerer ein person sine karriereanker som «sjølvoppfatta kompetanse, motiv og verdiar av meir varig karakter». Soleis speglar karriereanker oppfatninga vår om oss sjølve, og denne vil difor påverka vurderinga vår av ulike karrierealternativ.

Opphavet til omgrepet karriereanker stammar frå ein studie av 44 kandidatar frå Sloan School of Management som vart følgt over ein periode på 10–12 år (Schein, 1990). Då kandidatane blei intervjua om sine yrkesval, fann Schein (1975; 1978) eit mønster i svara, og dette mønsteret kalla han anker – noko som held deg på plass, sjølv i brottsjø. Schein (1975) fann opphavleg fem slike karriereanker: leiarkompetanse, teknisk-funksjonell kompetanse, behov for tryggleik, behov for kreativitet og behov for autonomi eller å vera uavhengig. Seinere presenterte han ytterlegere tre karriereanker: det å brenna for ei sak, det å ha ein utfordrande jobb og det å ha ein bestemt livsstil (Schein, 1990).

Omgrepet karriereanker vart fyrst nytta innan personalleiing, som erstatning for meir tradisjonelle, psykologibaserte teoriar om karrieremobilitet. Det hadde vore vanskeleg å finna ein samvariasjon mellom psykologiske kjenneteikn og karriereval fordi undersøkingar viste at det er mange andre faktorar som òg påverkar valet av yrkeskarriere (Scarpello og Ledvinka, 1987). Det har òg vore vanskeleg å identifisera kva psykologiske kjenneteikn som skil entreprenørar frå andre grupper (Aldrich, 1999, s. 76; Keh et al., 2002; Landström, 2000, s. 65–66; Simon og Houghton, 2002). Det såg ut til at jakta på sams psykologiske kjenneteikn ved entreprenørar hadde kome inn i eit blindspor (Aldrich, 1999, s. 76; Gartner, 1989).

Som eit svar på dette problemet, blei kognitiv psykologi sett på som eit lovande alternativ (Mitchell et al., 2002). Avgjerda om å starta eiga bedrift kan skildrast som ein vurderingsprosess der personen samanliknar fordelane og ulempene ved å vera sjølvstendig næringsdrivande med det å vera lønstakar. Den einskilde vil vurdera dei to alternativa opp mot sitt eige sjølvbilete, for å finna ut om eigne motiv, haldningar og verdiar passar best til det å vera entreprenør eller tilsett. I dette paperet vil vi nytta karriereanker som indikatorar for sjølvbilete, og dermed ligg vår tilnærming tett opp til kognitiv psykologi. Den kognitive revolusjonen innan den psykologiske vitskapen kom i 1960-åra, men kognitiv psykologi blei ikkje nytta i entreprenørskapsteorien før på 1990-talet (Baron, 1998; 1999; Busenitz og Barney, 1997; Krueger, 1993; Mitchell et al., 2002). I kognitiv psykologi erstattar spørsmålet «Korleis tenker ein entreprenør?» det meir tradisjonelle spørsmålet «Kven er ein entreprenør?» (Gartner, 1989; Mitchell et al., 2007).

Ifølge Schein (1990), er alle åtte karriereankera funne blant personar i dei fleste yrke. Viss dette stemmer, forklarar det vanskane med å finna ein samvariasjon mellom personlege kjenneteikn og yrkesval. Sjølv om mange baserer sine karriereval på dei fleste av desse karriereankera, hevdar Schein (1990) at kvar person har eitt karriereanker som er viktigare enn dei andre, og at dette er stabilt over tid. På den andre sida fann Suutari og Taka (2004) i ein studie at leiarar hadde to eller tre viktige karriereanker, og ikkje berre eitt dominerande.

På bakgrunn av ein metaanalyse av 50 undersøkingar av haldningar og verdiar blant entreprenørar, konkluderte Timmons og Spinelli (2003, s. 249) med at det var seks gjennomgåande eigenskapar hjå dei som hadde starta eiga verksemd:

  • pliktkjensle og handlekraft

  • leiarambisjonar

  • sterk trong til å ta dei moglegheitene som byr seg

  • likar uvisse og å ta risiko

  • nyskapande

  • høg grad av sjølvtillit, stor tilpassingsevne og eit ynskje om å visa at ein duger

Dette inneber at karriereanker som autonomi (handlekraft, ynskje om å visa at ein duger), nyskapande og leiarambisjonar vil verka positivt på entreprenørskapslysta, medan ynskje om visse (det motsette av det å ta risiko) vil ha ein negativ innverknad. Leiarambisjonar er av spesiell interesse fordi dette er det einaste av Timmons sine seks punkt som inneber ein sosial aktivitet (Byers et al., 1999). Basert på teoretiske resonnement, er det vanskelegare, a priori, å kunne fastslå om det å ville realisere faglege interesser er eit karriereanker som har ein positiv eller negativ innverknad på entreprenørskapslysta. På den eine sida vil ofte faglege interesser materialisere seg i eit ynskje om å ta høgare utdanning, og høg formalkompetanse kan vera eit godt grunnlag for å starta eiga bedrift. Spilling (1998) fann at 40 prosent av entreprenørane i utvalet hans hadde høgare utdanning, samanlikna med 20 prosent i den norske befolkninga generelt. På den andre sida vil mange av dei som har faglege interesser som eit sentralt karriereanker, finna ein jobb innan akademia eller i ein interesseorganisasjon. Ein slik karriereveg vil redusera entreprenørskapslysta.

5.3 Metode

Vi vil i dette punktet gjera greie for datainnsamlingsmetode og korleis vi operasjonaliserte variablane i modellen vår. Vi har nytta regresjonsanalyse for å testa hypotesar om samanhengen mellom entreprenørskapslyst og sentrale forklaringsvariablar vi finn i litteraturen. Svarkategorien «veit ikkje» var inkludert i nokre av spørsmåla. I våre analysar er denne variabelverdien fjerna, slik at respondentar med dette svaralternativet ikkje er med i grunnlagsmaterialet når dei aktuelle spørsmåla blir analyserte.

5.3.1.  Utval

Datamaterialet i denne undersøkinga er samla inn på to ulike tidspunkt ved fire vidaregåande skular, to i Sogn (Høyanger og Årdal) og to på Sunnmøre (Herøy og Ulstein). Undersøkingseiningane er dermed alle som går på desse fire vidaregåande skulane, uavhengig av heimstadkommune. Den fyrste undersøkinga vart gjennomført i 2001. I 2011 gjentok vi undersøkinga i Sogn og i 2013 gjorde vi det same på Sunnmøre. Elevane vart m.a. spurt om planar for yrkes- og utdanningsval og om haldningar til å starta eiga bedrift.

Forskarane hadde eit tett samarbeid med leiing og lærarstab ved dei vidaregåande skulane i alle fire kommunane, slik at alle avgangselevane som var til stades den aktuelle dagen svarte på eit spørjeskjema. Dette gav ein svært høg svarprosent. 342 elevar deltok i undersøkinga i 2001; av desse var 53 prosent jenter og 47 prosent gutar. I 2011/13 hadde vi 387 respondentar, 47 prosent av desse var jenter og 53 prosent var gutar.

Vi nytta det same spørjeskjemaet både i 2001 og i 2011/13.

5.3.2. Operasjonalisering av variablar

I våre analysar nyttar vi ein samansett variabel, kalla entreprenørskapslyst, som avhengig variabel. Denne variabelen er sett saman av fem undervariablar (påstandar/spørsmål i spørjeskjemaet), der kvar av desse er målt med ein 4-/5-punkts Likert-skala frå 1 («heilt einig») til 4 eller 5 («heilt ueinig»). Scoren på undervariablane vart summert, slik at den avhengige variabelen, entreprenørskapslyst, fekk verdiar frå 5 til 24. Dette inneber at låge verdiar på den avhengige variabelen indikerer høg entreprenørskapslyst, medan høge verdiar er eit utslag av låg entreprenørskapslyst.

Vi kan sjå på entreprenørskapslyst som ein indikator for entreprenørskapsintensjon i ein tidleg fase, for det er liten grunn til å tru at respondentane allereie hadde byrja om å førebu ei bedriftsetablering.

TABELL 5.1. Undervariablane til entreprenørskapslyst.

Undervariablar/ avhengig variabel

Måleskala

Variabelverdiar

Undervariabel 1: Det er betre å ha si eiga bedrift enn å jobba for andre

5-punkts ordinal skala

1 = heilt einig5 = heilt uenig

Undervariabel 2: Eg ville starte mi eiga bedrift sjølv om faren for økonomisk tap var stor

5-punkts ordinal skala

1 = heilt einig5 = heilt uenig

Undervariabel 3: Eg kunne ikkje tenkje meg å etablere eiga bedrift

5-punkts ordinal skala

Motsett koda:1 = heilt ueinig5 = heilt einig

Undervariabel 4: Det å ha si eiga bedrift inneber ein livsstil som passar meg bra

5-punkts ordinal skala

1 = heilt einig5 = heilt ueinig

Undervariabel 5: Kor aktuelt er yrket; drift av eiga bedrift?

4-punkts ordinal skala

1 = svært aktuelt4 = svært lite aktuelt

Entreprenørskapslyst

Summen av dei fem undervariablane. Verdi frå og med 5 til og med 24

For bruk i regresjonsanalysen

Vi gjennomførte tre testar på 2001-kohorten, ein for Hydroland og ein for sunnmørskommunane, for å sjekka om det var ein tilstrekkeleg grad av korrelasjon mellom dei fem undervariablane til at det er metodisk forsvarleg å aggregera dei opp til ein samansett variabel.

Hydroland:

  1. Alle dei fem undervariablane samvarierte høvesvis sterkt med dei fire andre. Dette går fram av korrelasjonsmatrisa som viser at dei partielle korrelasjonskoeffisientane (Pearsons korrelasjonskoeffisientar) varierte mellom 0,266 og 0,506, der alle koeffisientane var signifikante på minst 0,4-prosent-nivået (p < 0,004).

  2. Ein faktoranalyse viste at alle dei fem undervariablane lada høgt berre mot ein faktor. Høg lading er her definert som at eigenverdien (eigenvalue) er større enn 1.

  3. Cronbachs alfa for dei fem undervariablane var 0,826, og over den nedre grensa for intern konsistens (0,75) som vart foreslått av Crano og Brewer (2002).

Sunnmøre:

  1. Alle dei fem undervariablane samvarierte sterkt med dei fire andre, men samvariasjonen var ikkje så sterk at ein kunne sjå på variablane som identiske. Dei partielle korrelasjonskoeffisientane varierte mellom 0,396 og 0,646, der alle koeffisientane var signifikante på minst 0,1-prosent-nivået (p < 0,001).

  2. Ein faktoranalyse viste at alle dei fem undervariablane lada høgt berre mot ein faktor.

  3. Cronbachs alfa for dei fem undervariablane var 0,759, og dermed over den nedre grensa for intern konsistens (0,75).

Vi gjentok testane for 2011/13-kohorten med følgjande resultat.

Hydroland:

  1. Alle dei fem undervariablane samvarierte sterkt med dei fire andre. Dei partielle korrelasjonskoeffisientane varierte mellom 0,416 og 0,554, der alle koeffisientane var signifikante på minst 0,1 prosent-nivået (p < 0,001).

  2. Ein faktoranalyse viste at alle dei fem undervariablane lada høgt berre mot ein faktor.

  3. Cronbachs alfa var 0,832.

Sunnmøre:

  1. Alle dei fem undervariablane samvarierte sterkt med dei fire andre. Dei partielle korrelasjonskoeffisientane varierte mellom 0,383 og 0,630, der alle koeffisientane var signifikante på minst 0,1-prosent-nivået (p < 0,001).

  2. Ein faktoranalyse viste at alle dei fem undervariablane lada høgt berre mot ein faktor.

  3. Cronbachs alfa var 0,844.

Desse analysane viser at det er forsvarleg å aggregera dei fem undervariablane (fem spørsmål i spørjeskjemaet) saman til ein variabel som vi har kalla entreprenørskapslyst.

Vi har to hovudgrupper av uavhengige variablar: kontekstuelle og individuelle variablar. Dei kontekstuelle variablane er kulturell kapital og sosial kapital, medan dei individuelle variablane omfattar kjønn og karriereanker. I tabell 5.2 har vi gjeve ein nærare definisjon av desse variablane med tilhøyrande variabelverdiar.

TABELL 5.2. Uavhengige variablar – type og verdiar.

Variabel

Varabelverdiar

Variabeltype

Kontekstuelle variablar

Sjølvstendig næringsdrivande foreldre

1 = minst ein av foreldra er sjølvstendig næringsdrivande, 0 = elles

Dikotom

Andre slektningar som er sjølvstendig næringsdrivande

1 = minst ein slektning (andre enn foreldra) er sjølvstendig næringsdrivande, 0 = elles

Dikotom

Vener som er sjølvstendig næringsdrivande

1 = minst ein ven er sjølvstendig næringsdrivande, 0 = elles

Dikotom

Andre kjente som er sjølvstendig næringsdrivande

1 = kjenner andre som er sjølvstendig næringsdrivande, 0 = elles

Dikotom

Opplevd støtte

Har familie og vener som kan støtte meg om eg startar mi eiga bedrift

5-punkts ordinal skala, frå 1 = «heilt einig» til 5 = «heilt ueinig».

Individuelle variablar

Kjønn

1 = kvinne, 0 = elles

Dikotom

Leiar

Ynskjer å bli leiar

4-punkts ordinal skala, frå 1 = «svært viktig» til 4 = «svært uviktig».

Uavhengig

Ynskjer å vere uavhengig

Nyskaping

Ynskjer å skape noko nytt

Sikker framtid

Ynskjer å ha ei sikker framtid

Faglege interesser

Å ha ei fagleg interesse

Vi har gjennomført to separate analysar; ein for Hydroland og ein for Sunnmøre. På grunn av svært ulik næringsstruktur i dei to regionane, ventar vi at ulike faktorar med forskjellig styrke skal påverka entreprenørlysta. To av kommunane (Høyanger og Årdal) har eitt dominerande føretak, Norsk Hydro. Dei andre kommunane (Herøy og Ulstein) har ein meir diversifisert næringsstruktur både når det gjeld storleiken på føretaka og kva bransjar som er lokalisert til regionen, sjølv om Ulstein er vertskommune for to høvesvis store føretak. Produksjon og foredling av aluminium har vore livsnerva i Hydroland, medan den maritime klynga har vore svært viktig for næringslivet på Sunnmøre. Vi ser difor på Hydroland som eit døme på den engelske utviklingsmodellen, medan Sunnmøre liknar meir på den franske utviklingsmodellen (Pollard, 1981 og 1990, sjå også Wicken, 1997).

Kulturell og sosial kapital. Om foreldra er sjølvstendig næringsdrivande eller ikkje vert nytta som eit mål på respondenten sin kulturelle entreprenørskapskapital. I kva grad respondenten kan mobilisera støtte frå omgjevnaden i samband med bedriftsetablering eller er i eit entreprenørielt «miljø» kan nyttast som instrumentvariablar for sosial entreprenørskapskapital. Det er ein viktig skilnad mellom kulturell og sosial entreprenørskapskapital. Den fyrstnemnde representerer dei verdiar og haldningar til entreprenørskap som respondenten får frå familien gjennom oppvekst og oppseding, medan sosial entreprenørskapskapital er den tilgangen på informasjon og dei kunnskapsmessige, tekniske og finansielle ressursane som ein mogleg entreprenør kan dra vekslar på i sitt nærmiljø (Bourdieu, 1986).

Karriereanker. Scheins (1975) fem opphavlege karriereanker er inkludert i modellen på bakgrunn av informasjon frå spørjeskjemaet om kva faktorar avgangselevane legg vekt på når dei skal velja framtidig yrkeskarriere. Desse karriereankera er: ynskje om

  • å bli leiar

  • å vere uavhengig

  • å skape noko nytt

  • å ha ei sikker framtid og

  • å følgja faglege interesser i valet av framtidig yrkeskarriere.

Vi nytta minste-kvadrat-metode (OLS) for å analysera kva variablar som påverkar entreprenørskapslysta, og kor sterk denne samanhengen er.

5.4 Analyse

5.4.1.  Resultat

I 2001-kohorten hadde ungdomane frå Sunnmøre signifikant høgare entreprenørskapslyst enn avgangselevane frå Hydroland. Denne skilnaden var vekke i 2011/13-kohorten.

TABELL 5.3. Gjennomsnittleg entreprenørskapslyst. Fordelt etter kohort og region.

Sunnmøre

Hydroland

Gjennomsnitt

Standardavvik

Gjennomsnitt

Standardavvik

2001-kohorten

13,6

4,1

14,7

4,5

2011/2013-kohorten

15,1

4,5

14,9

4,4

N (2001-kohorten) = 294; N (2011/2013-kohorten) = 362

Tabell 4 viser resultata frå analysar basert på minste kvadrat-metoden (OLS). Modell 1 viser resultatet for Hydroland i 2011-utvalet, medan modell 2 inneheld resultata for Sunnmøre frå 2013-utvalet. Begge modellane er statistisk signifikante (F-verdiane har eit signifikanssannsyn som er mindre enn 0,1 prosent). Justert R2 ligg rundt 0,4 for begge modellane, noko som viser at dei uavhengige variablane forklarar om lag 40 prosent av variasjonen i den avhengige variabelen.

Som nemnt tidlegare, er det ingen signifikante skilnader i entreprenørskapslysta mellom Hydroland og Sunnmøre. I Hydroland har desse variablane signifikant12 innverknad på entreprenørlysta, rangert etter absoluttverdien på standardisert beta: leiarambisjonar, nyskaping og det å ha sjølvstendig næringsdrivande foreldre. På Sunnmøre er rangeringa: leiarambisjonar, støtte frå familie og vener, nyskaping, kjønn, ynskje om ei sikker framtid og ynskje om å følgja faglege interesser.

Kulturell entreprenørskapskapital i form av sjølvstendig næringsdrivande foreldre har dermed ein positiv innverknad på entreprenørskapslysta blant unge i Hydroland, men ikkje på Sunnmøre. Blant dei tre måla for sosial entreprenørskapskapital, er opplevd støtte frå familie og vener den einaste variabelen som er statistisk signifikant på Sunnmøre. I Hydroland har sosial kapital ingen innverknad på entreprenørlysta.

Den låge etableringsraten i Hydroland indikerer at det er høvesvis få entreprenørar samanlikna med sunnmørskommunane. Dei kan difor venta seg mindre praktisk hjelp og støtte frå omgjevnadene i samband med næringsetablering og vil i større grad vera avhengige av å ha sjølvstendig næringsdrivande foreldre for å kunne starta eiga verksemd.

Kjønnsvariabelen har betydning på Sunnmøre, men ikkje i Hydroland. Sunnmørsgutar har større entreprenørskapslyst enn sunnmørsjenter. Karriereankera leiarambisjonar og nyskaping påverkar begge entreprenørskapslysta i positiv lei, både blant ungdom i Hydroland og på Sunnmøre, medan ynskje om ei sikker framtid og ynskje om å følgja faglege interesser i val av framtidig karriereveg har ein negativ innverknad på entreprenørskapslysta blant avgangselevane på Sunnmøre. Karriereankeret å vera uavhengig viste ingen samvariasjon med entreprenørskapslyst i nokon av regionane.

TABELL 5.4. Resultat frå regresjonane; modell 1 (Hydroland) og modell 2 (Sunnmøre). 2011/2013-Kohorten. Avhengig variabel er entreprenørskapslyst.

Modell 1 (Hydroland)

Modell 2 (Sunnmøre)

(Konstant)

Est. B en

t-stat

p-verdi

Est. B en

t-stat

p-verdi

9,323

4,437

0,000

8,098

6,453

0,000

Est. ß b

t-stat

Est. ß b

t-stat

Sjølvstendig næringsdrivande foreldre

–0,173

–1,903

0,061

–0,060

–1,041

0,299

Andre slektningar som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,117

–1,172

0,245

–0,028

–0,489

0,626

Støtte frå familie og vener

0,152

1,549

0,125

0,278

4,673

0,000

Vener som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,015

–0,159

0,874

–0,001

–0,023

0,982

Andre kjente som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,157

–1,616

0,110

–0,012

–0,197

0,844

Kjønn

–0,003

–0,029

0,977

0,177

2,849

0,005

Leiar

0,345

3,413

0,001

0,298

4,482

0,000

Uavhengig

0,111

1,136

0,260

0,015

0,260

0,795

Nyskaping

0,272

2,574

0,012

0,224

3,579

0,000

Sikker framtid

–0,099

–1,123

0,265

–0,145

–2,439

0,016

Faglege interesser

–0,133

–1,376

0,173

–0,104

–1,708

0,089

Justert R2

0,390

0,374

N

88

207

en Ikkje-standardisert   b Standardisert

Analysane viser at entreprenørskapslysta blant unge i Hydroland vert påverka av færre faktorar enn det som er tilfelle for entreprenørlysta på Sunnmøre. Dette kan skuldast at utvalet frå Årdal og Høyanger er under halvparten så stort som talet på respondentar heimehøyrande i Herøy eller Ulstein, men det kan òg ha samanheng med at det sterke entreprenørielle klimaet på Sunnmøre gjer at det å skipa eiga verksemd er eit meir reelt alternativ enn i Hydroland. Då vil òg ungdomane i større grad reflektera over andre moglegheiter som ein vel vekk viss ein har ambisjonar om å etablera eiga bedrift.

Tabell 5A viser at leiarambisjonar var ein viktig faktor som påverka entreprenørskapslysta i Hydroland, både i 2001 og i 2011. Også den kulturelle entreprenørskapskapitalen (dvs. effekten av å ha foreldre som er sjølvstendig næringsdrivande) var om lag den same i 2011 som ti år tidlegare. Elles vart desse påverknadsfaktorane endra frå 2001 til 2011: Den sosiale entreprenørskapskapitalen i form av både støtte frå familie og vener og andre kjente som er sjølvstendig næringsdrivande, hadde begge stor innverknad på dei unge si entreprenørskapslyst i 2001. Denne verknaden var vekke i 2011. Ynskje om ei sikker framtid hadde ein negativ verknad på entreprenørskapslysta i 2001-kohorten, men hadde ingen innverknad i 2011. Karriereankeret å vera uavhengig hadde stor, positiv innverknad i 2001, men denne effekten er borte ti år seinare. Nyskaping har stor innverknad på entreprenørlysta i 2011-kohorten utan å ha nokon betydning ti år tidlegare.

TABELL 5.5a. Resultat frå regresjonane. Hydroland. 2001-kohorten og 2011-kohorten. Avhengig variabel er entreprenørskapslyst.

2001-kohorten

2011-kohorten

(Konstant)

Est. B en

t-stat

p-verdi

Est. B en

t-stat

p-verdi

9,342

5,230

0,000

9,323

4,437

0,000

Est. ß b

t-stat

Est. ß b

t-stat

Sjølvstendig næringsdrivande foreldre

–0,149

–1,666

0,099

–0,173

–1,903

0,061

Andre slektningar som er sjølvstendig næringsdrivande

0,017

0,179

0,858

–0,117

–1,172

0,245

Støtte frå familie og vener

0,372

3,932

0,000

0,152

1,549

0,125

Vener som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,003

–0,030

0,976

–0,015

–0,159

0,874

Andre kjente som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,233

–2,480

0,015

–0,157

–1,616

0,110

Kjønn

0,086

0,959

0,341

–0,003

–0,029

0,977

Leiar

0,271

2,843

0,006

0,345

3,413

0,001

Uavhengig

0,157

1,726

0,088

0,111

1,136

0,260

Nyskaping

0,064

0,680

0,498

0,272

2,574

0,012

Sikker framtid

–0,267

–2,989

0,004

–0,099

–1,123

0,265

Faglege interesser

–0,084

–0,893

0,374

–0,133

–1,376

0,173

Justert R2

0,368

0,390

N

93

88

en Ikkje-standardisert   b Standardisert

Tabell 5B viser at til liks med ungdomen i Hydroland, er ynskje om å bli leiar framleis det viktigaste av dei fem karriereankera på Sunnmøre. I sunnmørskommunane har forventa støtte frå familie og vener stor innverknad på ynskje om å etablera eiga bedrift, både i 2001-kohorten og blant avgangselevane i 2013. Sjølvstendig næringsdrivande foreldre, derimot, har ikkje verka inn på dei unge si entreprenørlyst i denne delen av landet, korkje i 2001 eller 12 år seinare.

Elles vart desse påverknadsfaktorane endra frå 2001 til 2013: Ynskje om ei sikker framtid og det å følgja eigne, faglege interesser hadde ein negativ verknad på entreprenørskapslysta i 2013-kohorten, men ingen av desse hadde innverknad i 2001. Karriereankeret å vera uavhengig hadde derimot stor, positiv innverknad i 2001, men denne har falle bort tolv år seinare. Til liks med ungdomane i Hydroland har nyskaping stor innverknad på entreprenørlysta i 2013-kohorten utan å ha nokon betydning i 2001.

TABELL 5.5b. Resultat frå regresjonane. Sunnmøre 2001-kohorten og 2013-kohorten. Avhengig variabel er entreprenørskapslyst.

2001-kohorten

2013-kohorten

(Konstant)

Est. B en

t-stat

p-verdi

Est. B en

t-stat

p-verdi

4,603

2,651

0,009

8,098

6,453

0,000

Est. ß b

t-stat

Est. ß b

t-stat

Sjølvstendig næringsdrivande foreldre

–0,010

–0,146

0,884

–0,060

–1,041

0,299

Andre slektningar som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,106

–1,510

0,133

–0,028

–0,489

0,626

Støtte frå familie og vener

0,254

3,758

0,000

0,278

4,673

0,000

Vener som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,070

–1,083

0,281

–0,001

–0,023

0,982

Andre kjente som er sjølvstendig næringsdrivande

–0,079

–1,211

0,228

–0,012

–0,197

0,844

Kjønn

0,232

3,354

0,001

0,177

2,849

0,005

Leiar

0,416

6,039

0,000

0,298

4,482

0,000

Uavhengig

0,176

2,759

0,007

0,015

0,260

0,795

Nyskaping

–0,014

–0,211

0,834

0,224

3,579

0,000

Sikker framtid

–0,087

–1,406

0,162

–0,145

–2,439

0,016

Faglege interesser

0,012

0,174

0,862

–0,104

–1,708

0,089

Justert R2

0,515

0,374

N

138

207

en Ikkje-standardisert   b Standardisert

I 2001 var entreprenørskapslysta blant unge høgare på Sunnmøre enn i Hydroland. Ti år seinare er denne skilnaden vekke. I den same perioden har likevel skilnadene i dei faktorane som fastlegg entreprenørskapslysta, auka mellom dei to regionane. I Hydroland har talet på signifikante forklaringsfaktorar gått ned. Sosial entreprenørskapskapital og dei to karriereankera å vera uavhengig og ynskje om ei sikker framtid har ikkje lenger innverknad på entreprenørlysta. I sunnmørskommunane har talet på utsagnskraftige karriereanker auka, noko som inneber at det er blitt fleire faktorar som styrer graden av entreprenørskapslyst blant unge i denne regionen. Ynskje om å ha ei sikker framtid og å kunna følgja faglege interesser er no signifikante karriereanker blant sunnmørsungdomar med ein negativ verknad på entreprenørskapslysta.

Å følgja faglege interesser er eit karriereanker som anten inneber at avgangselevane

  • ynskjer å ta utdanning og arbeida innanfor eit yrke eller med arbeidsoppgåver som dei har stor interesse seg for eller

  • ynskjer å følgja ei akademisk karriere, kanskje innafor akademia, framføre det å skipa eiga verksemd.

Det er grunn til å venta at ynskje om å følgja ei akademisk karriere er positivt korrelert med utdanningsnivået, og at eit yrkesliv i akademia ofte, men ikkje alltid, vil vera knytt til lønsarbeid. Dessutan vil planar om ei akademisk framtid innebera at ein kan utsetja valet av yrkesstatus (sjølvstendig/ikkje-sjølvstendig).

Tal frå SSB viser at prosentdelen med høgskule- eller universitetsutdanning i Herøy og Ulstein auka med vel 7 prosent frå 2001 til 2013, medan han auka med vel 4 prosent i Hydroland. Den relative auken i utdanningsnivået blant befolkninga på Sunnmøre samanlikna med i Årdal og Høyanger kan vera ein av grunnane til at det å følgja faglege interesser er eit karriereanker som no har fått større innverknad på entreprenørskapslysta på Sunnmøre.

5.4.2.  Drøfting

Næringsstrukturen har ingen innverknad på entreprenørskapslysta. Våre funn støttar difor ikkje hypotesen om at unge i lokalsamfunn utvikla etter den franske modellen (Pollard, 1981; 1990; Wicken, 1997), som på Sunnmøre, har høgare entreprenørskapslyst enn unge i kommunar som er meir prega av den engelske modellen, som Hydroland. Ein årsak til dette kan vere at den eine sunnmørskommunen, Ulstein, eigentleg passar inn i begge utviklingsmodellane fordi kommunen har to store føretak innan skipsbygging og offshore. Derimot passar begge kommunane i Hydroland godt inn i den engelske modellen, medan Herøy er godt tilpassa den franske utviklingsmodellen.

Sjølvstendig næringsdrivande foreldre har ein positiv innverknad på entreprenørskapslysta blant unge i Hydroland, slik at overføring av kulturell kapital frå foreldre (Bourdieu, 1986) og det å ha foreldre som rollemodellar (Spilling, 1998; Mazzarol et al., 1999; Greve og Salaff, 2003) er viktig for å stimulere interessa for entreprenørskap blant ungdom. Men, samanhengen mellom sosial kapital og entreprenørskapslyst er blitt svekka det siste tiåret og er ikkje lenger signifikant. Dette resultatet er ikkje i tråd med funna i Liñán og Santos (2007), Langowitz og Minniti (2007). DeGeorge og Fayolle (2008), derimot, fann ingen samanheng mellom entreprenørskap blant nære slektningar og eiga entreprenørskapslyst. Hydroland har opplevd nedgang i talet på arbeidsplassar og aukande fråflytting. Dette svekkjer grunnlaget for etablering av næringsverksemd som rettar seg mot den lokale og regionale marknaden, og reduserer dermed det entreprenørielle miljøet som omgjev ungdomane.

Resultata frå Sunnmøre viser, i motsetnad til Hydroland, at dersom det er mogleg å mobilisere ressursar gjennom familie og vener, så vil dette ha ein positiv verknad på entreprenørskapslysta. Om ein har vener eller andre som er sjølvstendig næringsdrivande, har derimot ingen signifikant innverknad på eiga entreprenørskapslyst. Dette betyr at det å ha meir fjerne band, som er eit poeng hos Granovetter (1973; 1974) og Burt (1992), ikkje slår inn som ein forklaringsfaktor i vår undersøking.

To av fem karriereanker har ein positiv verknad på entreprenørskapslysta, medan to andre har ein negativ effekt. Dei som ynskjer å bli leiarar eller å skapa noko nytt, har høgare entreprenørskapslyst enn andre. Avgangselevar som ynskjer seg ei sikker framtid eller å følgja faglege interesser i sitt karriereval, har lægre entreprenørskapslyst enn gjennomsnittet. Den sterke, negative samanhengen mellom eit karriereval ut frå ynskje om ei sikker framtid og entreprenørskapslysta er som forventa. Dei som ynskjer å følgja faglege interesser i sitt karriereval, kan ha låg entreprenørskapslyst fordi dei tek sikte på eit framtidig yrke innan akademia, i offentleg forvaltning eller i ein ideell organisasjon. Ingen av desse to karriereankera var signifikante i 2001-utvalet og er truleg den viktigaste grunnen til at det ikkje lenger er skilnad i entreprenørskapslysta mellom Hydroland og Sunnmøre. Det kan også tenkjast at den sterkt aukande bruken av sosiale medium utover 2000-talet har skapt ein meir einsarta ungdomskultur med konvergerande haldningar til mellom anna entreprenørskap.

Den reduserte skilnaden i entreprenørskapslyst blant unge blir òg spegla i ein nedgang i skilnadene melom etableringsratane i Hydroland og sunnmørskommunane dei siste åra. I åra 2004–2006 var den gjennomsnittlege etableringsraten 6,3 prosentpoeng høgare i Herøy og Ulstein enn i Hydroland, men denne skilnaden hadde krympa til om lag 3,8 prosentpoeng i perioden 2011–2013 (Statistisk sentralbyrå 2015b).

Det er overraskande at det å vera uavhengig ikkje lenger har ein signifikant, positiv innverknad på entreprenørskapslysta blant unge. Kanskje opplever ungdom at det er ein stor grad av autonomi også i andre karriereval enn som sjølvstendig næringsdrivande?

Resultata frå denne undersøkinga viser at ein kan fremja entreprenørskapslysta blant unge ved å stimulera dei til å ha leiarambisjonar og å vera kreative. Andre undersøkingar har vist at entreprenørskapskurs kan ha ein positiv innverknad på elevane sine entreprenørielle haldningar (Cooper og Lucas, 2006; Crane og Meyer, 2007) og entreprenøriell aktivitet etter avslutta utdanning (Blackford et al., 2009). Men ikkje alle entreprenørskapskurs har positive effektar (Cox et al., 2002). Det kan vera mange grunnar til at nokre entreprenørskapskurs ikkje fører til auka entreprenørskapslyst, men større kunnskap om kva faktorar som stimulerer lysta blant unge til å etablera eiga bedrift, vil kunne styrka innhaldet i desse kursa og gjera dei meir målretta. Resultata frå denne undersøkinga viser at det er to område ein bør fokusere meir på i samband med entreprenørskapsopplæringa i skulen:

  • Skulen bør stimulera unge til entreprenørskap ved å motivera dei til å bli leiarar (sjå m.a. Liñán, 2008).

  • Skulen bør oppmuntra unge til entreprenørskap ved å støtta opp under deira ynskje om å skapa noko nytt.

5.5 Oppsummering og konklusjon

I dette paperet har vi stilt tre forskingsspørsmål:

  1. Er det skilnader i entreprenørskapslyst og påverknadsfaktorar mellom regionar?

  2. Kva faktorar har vore stabile over tid, og kva faktorar har endra seg?

  3. Kva verknad bør funna få for entreprenørskapsundervisninga i skulen?

Når det gjeld forskingsspørsmål 1, finn vi ingen signifikante skilnader i samla entreprenørskapslyst mellom ungdomar i Hydroland og på Sunnmøre i 2011/2013. I 2001 var entreprenørlysta derimot større på Sunnmøre enn i Hydroland.

Når det gjeld forskingsspørsmål 2, finn vi at karriereankera leiarambisjonar og nyskaping er viktige drivkrefter for entreprenørlyst i begge regionane. Nyskaping har fått auka betydning det siste tiåret. Sosial kapital er viktig for entreprenørlysta på Sunnmøre, medan ynskje om ei sikker framtid og vekt på faglege interesser dreg ned entreprenørskapslysta i denne regionen samanlikna med Hydroland.

I Hydroland er betydninga av sosial kapital vekke, medan tilgangen på kulturell kapital verkar positivt på entreprenørskapslysta. Sunnmørsgutar er framleis meir entreprenørlystne enn sunnmørsjenter.

Resultata frå denne undersøkinga viser at ein kan stimulera entreprenørskapslysta blant unge ved å ha fokus på det å ha leiarambisjonar og å vera kreative.

Litteratur

Aldrich, H. (1999). Organizations evolving, London: Sage Publications.

Aldrich, H.E. og Ruef, M. (2006). Organizations evolving, London: Sage Publications.

Aldrich, H.E. og Whetten, D.A. (1981). «Organization-sets, action-sets, and networks: Making the most of simplicity». I P.C. Nystrom og W.H. Starbuck (red.), Handbook of organizational design (385–408), Oxford: Oxford University Press.

Aldrich, H.E. og Zimmer, C. (1986). «Entrepreneurship through social networks». I D. Sexton, og R. Smilor (red.), The art and science of entrepreneurship (3–23), Cambridge, MA: Ballinger.

Alsos, G.A., Bullvåg, E., Clausen, T.H., Kolvereid, L. og Åmo, B.W. (2013). Global entrepreneurship monitor. Entreprenørskap i Norge 2012, Bodø: Handelshøgskolen.

Audretsch, D.B. (2007). «Entrepreneurship: a survey of the literature for public policy», International Journal of Entrepreneurship Education, 5, 3–72.

Baron, R.A. (1998). «Cognitive mechanisms in entrepreneurship: Why and when entrepreneurs think differently than other people», Journal of Business Venturing, 13(3), 275–294.

Baron, R.A. (1999). «Counterfactual thinking and venture formation: The potential effects of thinking about ‘what might have been’», Journal of Business Venturing, 15(1), 79–91.

Blackford, B.J., Sebora, T.C. og Whitehill, T. (2009). «The effects of collegiate entrepreneurship education on post-graduation startup of new ventures: A first look», International Review of Entrepreneurship, 7(3), 225–250.

Bosma, N., Acs, Z.J., Autio, E., Coduras, A. og Levie, J. (2009). Global entrepreneurship monitor. 2008 executive report. Global Entrepreneurship Research Consortium (GERA).

Bosma, N., Suddle, K. og Schutjens, V.A.J.M. (2008). «Whither a flat landscape? Regional differences in entrepreneurship in the Netherlands», Scales research reports H200805, Zoetermeer: EIM Business and Policy Research.

Bourdieu, P. (1986). «The forms of capital». I J.G. Richardson (red.), Handbook of theory and research for the sociology of education (241–258), New York: Greenwood Press.

Bukve, O. (1997). «I skuggen av verket». I R.P. Amdam, D. Gjestland og A. Hompland (red.), Årdal. Verket og bygda 1947–1997 (164–183), Oslo: Det Norske Samlaget.

Bukve, O. (2001). Lokale utviklingsnettverk. Ein komparativ analyse av næringsutvikling i åtte kommunar, PhD Thesis – University of Bergen, Sogndal: HSF-rapport 5/2001.

Burt, R.S. (1992). Structural holes: The social structure of competition, Cambridge, MA: Harvard University Press.

Burt, R.S. (2000). «The network structure of social capital». I B.M. Staw og R.I. Sutton (red.), Research in organizational behaviour (345–423), Amsterdam: JAI, 22.

Busenitz, L.W., Barney, J.W. (1997). «Differences between entrepreneurs and managers in large organizations: biases and heuristics in strategic decision-making». Journal of Business Venturing.

Byers, T., Kist, H. og Sutton, R.I. (1999). «Characteristics of the entrepreneur: Social creatures, not solo heros». I R.C. Dorf (red.), The technology management handbook, Boca Raton: CRC Press LLC.

Bygrave, W.D. (2004). «The entrepreneurial process». I W.D. Bygrave og A. Zacharakis (red.), The portable MBA in entrepreneurship (1–27), Hoboken, NJ: John Wiley & Sons.

Coleman, J.C. (1988). «Social capital in the creation of human capital», American Journal of Sociology, 94, 95–120.

Cooper, S.A. og Lucas, W.A. (2006). «Developing self-efficacy for innovation and entrepreneurship: An educational approach», International Journal of Entrepreneurship Education, 4, 141–162.

Cox, L.W., Mueller, S.L. og Moss, S.E. (2002). «The impact of entrepreneurship education on entrepreneurial self-efficacy», International Journal of Entrepreneurship Education, 1(2), 1–17.

Crane, F.G. og Meyer, M.H. (2007). «Teaching dispositional optimism in the entrepreneurial classroom», International Journal of Entrepreneurship Education, 5, 163–174.

Crano, W.D. og Brewer, M.B. (2002). Principles and methods of social research, Mahwah, New Jersey: Lawrence Erlbaum Associates Inc.

Degeorge, J.M. og Fayolle, A. (2008). «Is entrepreneurial intentions stable through time? First insights from a sample of French students», International journal of entrepreneurship and small businesses, 5 (1), 7–27.

Engle, R.L., Dimitriadi, N., Gavidia, J.V., Schlaegel, C., Delanoe, S., Alvarado, I., He, X., Buame, S. og Wolff, B. (2010). «Entrepreneurial intent: A twelve-country evaluation of Ajzen's model of planned behavior», International Journal of Entrepreneurial Behaviour & Research, 16(1), 35–57.

Field, J. (2003). Social capital. New York: Routledge.

Freeman, L.C. (1977). «A set of measures of centrality based on betweenness», Sociometry, 40, 35–41.

Freeman, L.C., Borgatti, S.P. og White, D.R. (1991). «Centrality in valued graphs: A measure of betweenness based on network flow», Social Networks, 13, 141–154.

Gartner, W.B. (1989). «‘Who is an entrepreneur?’ is the wrong question», Entrepreneurship Theory & Practice, 13 (4), 47–68.

Goel, A., Vohra, N., Zhang, L. og Arora, B. (2007). Attitudes of the youth towards entrepreneurs and entrepreneurship: A cross-cultural comparison of India and China. W.P. No. 2007-01-06, January 2007, Ahmedabad, India: Indian Institute of Management.

Granovetter, M.S. (1973). «Strength of weak ties», American Sociological Review, 78, 1360–1380.

Granovetter, M.S. (1974). Getting a job, Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press.

Greve, A. og Salaff, J.W. (2003). «Social networks and entrepreneurship», Entrepreneurship Theory & Practice, 28(1), 1–22.

Greve, A. (2000). «Sosial kapital: Hvor står vi i dag? En kommentar til Colemans artikkel», Magma, 3(1), 80–90.

Haugen, O.H. (2010). «Folketalsutvikling: Frå eigenproduksjon til import», RISS 2010 – samfunnstrekk i Møre og Romsdal, 6–7.

Hisrich, R., Langan-Fox, J. og Grant, S. (2007). «Entrepreneurship research and practice: A call to action for psychology», American Psychologist, 62(6), 575–589.

Johannison, B. (2000). «Networking and entrepreneurial growth». I D. Sexton og H. Landström (red.), Handbook of entrepreneurship (368–386), Oxford: Blackwell Publishers Ltd.

Jordfald, B. (1998). «Entreprenørskap i et dynamisk og strukturelt perspektiv». I O.R. Spilling (red.), Entreprenørskap på norsk (71–93), Bergen: Fagbokforlaget.

Keh, H.T., Foo, M.D. og Lim, B.C. (2002). «Opportunity evaluation under risky conditions: The cognitive processes of entrepreneurs», Entrepreneurship Theory & Practice, 27(2), 125–148.

Kim, P.H., Aldrich, H.E. og Keister, L. (2006). «Access (not) denied: The impact of financial, human, and cultural capital on entrepreneurial entry in the United States», Small Business Economics, 27(1), 5–22.

Kolvereid, L., Bullvåg, E. og Åmo, B.W. (2008). Global entrepreneurship monitor. Entreprenørskap i Norge 2007, Bodø: Handelshøgskolen.

Krueger, N.F. (1993). «The impact of prior entrepreneurial exposure on perceptions of new venture feasibility and desirability», Entrepreneurship Theory & Practice, 18(1), 5–21.

Krueger, N.F. (2009). «Entrepreneurial intentions are dead: Long live entrepreneurial intentions». I A.L. Carsrud og M. Brännback (red.), Understanding the entrepreneurial mind, Dordrecht: Springer, 51–72.

Landström, H. (2000). Entreprenörskapets rötter, Lund: Studentlitteratur.

Langowitz, N. og Minniti, M. (2007). «The entrepreneurial propensity of women», Entrepreneurship Theory & Practice, 31 (3), 341–364.

Leenders, R.Th.A.J. og Gabbay, S.M. (1999). Corporate social capital and liability. Amsterdam: Kluwer Academic Publishers.

Lin, N., Cook, K. og Burt, R.S. (red.) (2001). Social capital. Theory and research, New Brunswick, New Jersey: Aldine Transaction.

Liñán, F. (2008). «Skill and value perceptions: How do they affect entrepreneurial intentions?», International Entrepreneurship and Management Journal, 4(3), 257–272.

Liñán, F. og Santos, J. (2007). «Does social capital affect entrepreneurial intentions?», International Advances in Economic Research, 13(4), 443–453.

Mazzarol, T., Volery, T., Doss, N. og Thein, V. (1999). «Factors influencing small business start-ups. A comparison with previous research», International Journal of Entrepreneurial Behaviour & Research, (5)2, 48–63.

McManus, P. og Connell, J. (2014). «Putting places on the map? Marketing rural and regional Australia.» Journal of Destination Marketing & Management, 3(2), 105–113.

Minniti, M., Arenius, P. og Langowitz, N. (2005). Global entrepreneurship monitor. 2004 report on women and entrepreneurship. London: Babson College and London Business School.

Mitchell, R.K., Busenitz, L., Lant, T., McDougall, P.P., Morse, E.A., and Smith, J.B. (2002). «Toward a theory of entrepreneurial cognition: Rethinking the people side of entrepreneurship research», Entrepreneurship Theory & Practice, 27(2), 93–104.

Mitchell, R.K., Busenitz, L.W., Bird, B., Gaglio, C.M., McMullen, J.S., Morse, E.A. og Smith, B. (2007). «The Central Question in Entrepreneurial Cognition Research 2007», Entrepreneurship Theory & Practice, 3(1), 1–27.

Nesse, J.G. (2002). Næringskultur, nettverk og bedriftsetableringar, Sogndal: Sogn & Fjordane University College, HiSF, Arbeidsnotat 13/2002.

Nesse, J.G. (2010). «Kjønnsskilnader i ungdommars motivasjon for entreprenørskap», Beta 24(1), 2–25.

Pollard, S. (1981). Peaceful conquest. The industrialization of Europe 1760–1970, Oxford: Oxford University Press.

Pollard, S. (1990). Typology of industrialization processes in the nineteenth century, Chur: Harwood Academic Publishers.

Renzulli, L.A., Aldrich, H.E. og Moody, J. (2000). «Family matters: Gender, networks, and entrepreneurial outcomes», Social Forces, 79 (2), December, 523–546.

Scarpello, V.G. og Ledvinka, J. (1987). Personnel/human resource management. Boston: PWS – Kent Publishing Company.

Schein, E.H. (1975). «How ‘career anchors’ hold executives to their career paths», Personnel, 52(3), 11–24.

Schein, E.H. (1978). Career dynamics: Matching individual and organizational needs, Reading, Massachusetts: Addison-Wesley Publishing Company.

Schein, E.H. (1990). Career anchors: Discovering your real values. Revised edn., San Francisco: Pfeiffer & Company.

Simon, M. og Houghton, S. (2002). «The relationship among biases, misperceptions, and the introduction of pioneering products: Examining differences in venture decision contexts», Entrepreneurship Theory & Practice, 27(2), 105–124.

Sogn og Fjordane fylkeskommune (2014). «Folketalsutvikling», http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/0CCA4B75A85BC265C1257CA1004CA5A4 (lasta ned 24.02.2015).

Spilling, O.R. (1998). «Entreprenørskap, etablerere og nye foretak». I O.R. Spilling (red.), Entreprenørskap på norsk (95–119), Bergen: Fagbokforlaget.

Statistisk sentralbyrå (2015a). Tabell: 07459: Folkemengde, etter kjønn og ettårig alder (lasta ned 25.03.2015).

Statistisk sentralbyrå (2015b). Tabell: 06104: Nye foretak og ansatte, unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene, etter nyetablering/eierskifte og størrelsesgrupper (lasta ned 25.03.2015).

Suutari, V. og Taka, M. (2004). «Career anchors of managers with global careers», The Journal of Management Development, 23(9), 833–847.

Timmons, J.A. og Spinelli, S. (2003). New venture creation: Entrepreneurship for the 21st century. New York: McGraw-Hill/Irwin.

Van der Kuip, I. og Verheul, I. (2004). «Early development of entrepreneurial qualities: The role of initial education», International Journal of Entrepreneurship Education 2 (2), 203–226.

Wang, C.K. og Wong, P. (2004). «Entrepreneurial interest of university students in Singapore», Technovation, 24, 163–172.

Wicken, O. (1994). Entreprenørskap i Møre og Romsdal: Et historisk perspektiv, STEP rapport 21/94, Oslo: STEP group.

Wicken, O. (1997). «Regionenes industrialisering – et historisk perspektiv». I A. Isaksen (red.), Innovasjoner, næringsutvikling og regionalpolitikk (80–111). Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Zhao, H., Seibert, S.E. og Hills, G.E. (2005). «The mediating role of self-efficacy in the development of entrepreneurial intentions», Journal of Applied Psychology, 90(6), 1265–1272.

1I dei etterfølgjande analysane legg vi vekt på resultat som har eit signifikanssannsyn på under 10 %.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon