Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<Immateriell kapitalKapittel 7 av 22

Kapittel 5: Religion som ressurs

Polske arbeidsmigrantar og Den katolske kyrkja på Sunnmøre


Anders Aschim (f. 1958), professor II i idé- og kristendomshistorie ved Høgskulen i Volda og professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet. Særlege forskingsområde: bibel og bibelomsetjing, norsk 1800-talshistorie, religion og migrasjon.



Lars Julius Halvorsen (f. 1975) er forskar ved Møreforsking AS og seniorrådgjevar ved Høgskulen i Volda. Dei siste åra har Halvorsen forska på spørsmål knytt til regional utvikling, småskala næringsverksemd og lokalsamfunnsutvikling samt migrasjon, religion og integrering.

Samandrag

Fokuset for denne artikkelen er kva tilgangen til ei katolsk kyrkje og eit polsk-katolsk miljø har å seie for korleis polske, katolske migrantar på Sunnmøre finn seg til rette i det norske samfunnet. Vi ser nærare på tre sider ved dette: I kva grad er deltaking i kyrkja og kyrkjelyden til hjelp for migrantane i deira arbeids- og kvardagsliv i Noreg? I kva grad påverkar Den katolske kyrkja korleis migrantane finn seg til rette sosialt i Noreg? På kva måte har det eksistensiell betydning å kunne gå regelmessig til gudsteneste og få tilgang til andre kyrkjelege tenester? Artikkelen bygger på ei spørjeundersøking blant polske kyrkjegjengarar knytt til Ålesund sokn som vart gjennomført i 2015, og på kvalitative data frå intervju og observasjon samla inn mellom 2014 og 2016. Analysane tar utgangspunkt i internasjonal forsking om religionen si rolle i migrasjonsprosessar (særleg Handlin, 1973, Hirschman, 2004 og Connor, 2014), og i omgrepet sosial kapital, slik det blir brukt av Robert Putnam (2000). I analysane nyttar vi deskriptiv statistikk, logistisk regresjon og teoretisk fortolkande tekstanalyse.

Nøkkelord: Sosial kapital, religion og migrasjon, internasjonal migrasjon, religionssosiologi, integrering

Abstract

How important is access to a Catholic church and a Polish-Catholic community for Polish Catholic migrants in the Sunnmøre region with regard to their adaptation to Norwegian society? The article studies three aspects of this issue: To what extent is participation in the local parish a resource for migrants in their work and everyday life in Norway? To what extent does the Catholic church affect the social settlement of migrants? What is the existential significance of the opportunity to attend mass regularly and have access to other religious services? The article is based upon a survey among Polish parishioners in the Catholic parish of Ålesund conducted in 2015, and on qualitative data from interviews and observation collected between 2014 and 2016. International research on the role of religion in migration processes (in particular Handlin 1973, Hirschman 2004 and Connor 2014) and the concept ‘social capital’ as applied by Robert Putnam (2000) form the point of departure for the analysis. Methods applied in the analysis are descriptive statistics, logistic regression and theoretically informed interpretive textual analysis.

Innleiing: Migrasjon som oppbrot, religion som ressurs

Etter EU-utvidinga i 2004 har Noreg opplevd sterk arbeidsinnvandring frå Aust-Europa, særleg frå Polen. Polakkar er no den klart største innvandrargruppa i Noreg (Østby et al., 2013, s. 27–29.62; Djuve & Grødem, 2014, s. 82. Oppdatert statistikk: SSB, 2015). Ein svært stor del av befolkninga i Polen høyrer til Den katolske kyrkja (ifølgje GUS, 2013, s. 99 rekna 87,58 % av befolkninga i Polen seg som katolikkar i 2011), og innvandringa har ført til kraftig vekst i katolske kyrkjelydar over heile Noreg. Kyrkja har engasjert mange polske prestar som held messe og tilbyr sjelesorg og andre kyrkjelege tenester på polsk. Den katolske kyrkja i Noreg har blitt ein arena der polske katolikkar ikkje berre møter trusfellar, men òg får tilgang til eit polsk språkleg, kulturelt og sosialt fellesskap.

Den omfattande polske arbeidsinnvandringa har blitt eit viktig forskingsområde blant norske arbeids-, velferds- og migrasjonsforskarar (Friberg, Dølvik & Eldring, 2013; Erdal, 2014a; 2014b; Østby & Henriksen, 2013). Betydninga av dei polske arbeidsmigrantane si religionsutøving har derimot fått mindre merksemd. Norske og europeiske studiar av samanhengen mellom religion og migrasjon har hatt størst fokus på innvandring frå den tredje verda og særleg på muslimske migrantar. Europeiske studiar har ofte vektlagt religiøs tilknyting som hindring for inkludering (Foner & Alba, 2008), men det finst òg forsking som nyanserer dette bildet (til dømes Connor, 2014). Ein norsk studie av integrasjon og nettverksbygging blant innvandrarar som er komne til Noreg gjennom familiegjenforeining eller som flyktningar, viser at religionsutøving både kan fremje og hemme integrering (Ødegård, Ravneberg, Loga & Steen-Johnsen, 2014).

Trusutøvinga til kristne migrantar har likevel fått langt større merksemd i amerikanske studiar. Hovudtendensen her er at religiøs deltaking gir tilgang på ressursar som gjer det enklare å etablere seg i mottakarlandet (sjå mellom anna Cadge & Ecklund, 2007; Connor, 2014; Ebaugh & Chafetz, 2000; Hirschman, 2004). Eit sentralt poeng i denne litteraturen er at det å busetje seg i et nytt land inneber eit oppbrot frå vante omgivnadar, rutinar og relasjonar. Slike oppbrot kan utsetje migrantane for psykologiske så vel som praktiske og sosiale utfordringar. Litteraturen om religion og migrasjon tyder på at religionsutøving i mottakarlandet kan dempe desse utfordringane på tre ulike måtar: Dei klassiske bidraga til Handlin (1973) og Herberg (1960) viser at religionsutøving kan gi innvandrarar ein kulturell og eksistensiell kontinuitet mellom tilværa i avsendar- og mottakarlandet. Ifølgje Handlin vil tryggleiken ved å følgje religiøse påbod og praksisar vere eit anker i tilværet til migrantar som må tilpasse og endre ei rad andre forhold i livet sitt.

Nyare bidrag, til dømes Connor (2014), Hirschman (2004) og Putnam & Campbell (2012), legg større vekt på dei materielle og sosiale vinstane ved trusutøving i mottakarlandet. Hirschman og Connor peiker på at den religiøse deltakinga blant kristne innvandrarar til USA gjennomgåande er langt høgare enn den er i avsendarlandet deira. Begge koplar skilnaden til at trussamfunna yter viktig praktisk bistand til migrantane i form av hjelp til å finne arbeid, lære språk, til å forstå regelverk og å finne fram i mottakarlandet.

Dei sosiale vinstane ved religionsutøving er knytte til at deltaking i religiøse og sosiale aktivitetar i eit trussamfunn kan gi tilgang til eit nytt sosialt, kulturelt og språkleg fellesskap, som kan kompensere for tap av sosiale relasjonar i sendarlandet (Connor, 2014; Hirschman, 2004). Ein nyare norsk studie av integrasjon og nettverksbygging blant migrantar frå den tredje verda viser at det kan vere krevjande å etablere sosiale relasjonar til nordmenn, medan terskelen for å delta i religiøse fellesskap ligg langt lågare: «Her vil en nykommer enkelt finne, ikke kun et trosfellesskap, men ofte også andre med samme landbakgrunn, språk og kultur» (Ødegård et al., 2014, s. 145). Robert Putnam (2000, 2007) har ein annan innfallsvinkel til spørsmålet om korleis trusutøving kan gi tilgang på praktisk hjelp. Til liks med anna foreiningsliv er kyrkja ein sosial arena der migrantane knyter band til andre deltakarar. Desse banda kan kople migranten til andre personar med viktige felles kjenneteikn og slik gi opphav til det Putnam (2000) kallar samanbindande (bonding) sosial kapital, det vil seie tette sosiale relasjonar prega av felles normer og røyndomsforståing og gjensidig vilje til å yte støtte. Kyrkja kan også bidra til etablering av relasjonar mellom personar med ulik sosial bakgrunn. Slike relasjonar på tvers av grupper kan bidra til det Putnam kallar brubyggjande (bridging) sosial kapital, som mellom anna kan gi migrantane betre tilgang på informasjon, noko som til dømes kan styrke sjansane deira på arbeidsmarknaden (Granovetter 1974). Eit viktig poeng hos Putnam er at forma på både deltakinga på ulike arenaer og dei sosiale omgangsformene er avgjerande for utviklinga av begge formene for sosial kapital. Ein studie av latinamerikanske innvandrarar si deltaking i ei katolsk kyrkje i Midtvesten underbyggjer dette. Eit viktig funn er at det var nær samanheng mellom graden av engasjement i kyrkjelyden på den eine sida, og den sosiale og praktiske nytta av koplinga til den aktuelle katolske kyrkja på den andre. Medan dei aktive i kyrkja fekk eit stort sosialt og praktisk utbyte av slik deltaking, hadde dei meir perifere deltakarane lite eller inkje utbyte (Hoover, 2014, s. 207).

Forskingslitteraturen peiker altså på at trusutøving i mottakarlandet kan gi innvandrarar tilgang på tre typar immaterielle ressursar. På denne bakgrunnen vil vi undersøke tre problemstillingar:

  1. Gir deltaking i den katolske kyrkja på Sunnmøre dei polske kyrkjegjengarane tilgang på praktisk hjelp til å finne seg til rette i Noreg?

  2. Bidrar deltaking i den katolske kyrkja på Sunnmøre til at dei polske kyrkjegjengarane finn seg til rette sosialt?

  3. Bidrar tilgang til den katolske kyrkja til kulturell og eksistensiell kontinuitet i dei polske kyrkjegjengarane sitt tilvære?

Vi vil no gjere greie for kva som kjenneteiknar den katolske kyrkja på Sunnmøre og den polske delen av kyrkjelyden, og for nokre sentrale aktivitetar i kyrkjelyden.

Vår Frue på Sunnmøre og dei polske kyrkjegjengarane

Ålesund sokn av Den katolske kyrkja dekkjer heile regionen Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Vår Frue kyrkje, den einaste katolske kyrkja i området, ligg i regionsenteret Ålesund. Sidan hausten 2012 har kyrkjelyden to prestar, ein norsk sokneadministrator og ein polsk kapellan.

I 2015 var talet på innvandrarar og barn med innvandrarbakgrunn med landbakgrunn frå Polen på Sunnmøre 3379 (datakjelde: SSB, 2015. Det reelle talet er truleg høgare, om ein reknar med alle som arbeider på korttidskontraktar i Noreg). Nesten 1000 er busette i Ålesund by, men det bur polske innvandrarar i alle kommunane på Sunnmøre. Dei aller fleste mannlege polakkane på Sunnmøre har reist frå Polen til Sunnmøre for å begynne i ein konkret jobb. Difor har denne innvandrargruppa ein høg sysselsettingsgrad. Dette gjeld òg for dei polske kyrkjegjengarane. Meir enn 97 % av mennene i denne gruppa er i arbeid. Dei fleste polske kvinnene er også i lønna arbeid, men ikkje i like stor grad som mennene. Mange kvinner kjem til Noreg for å slutte seg til mannen sin som alt har etablert seg her. Dette fell inn i eit vanleg mønster for austeuropeiske arbeidsmigrantar: Det å ta familien til Noreg er ofte eit seint trinn i migrasjonsprosessen, noko som først skjer etter at den mannlege familieforsørgjaren er etablert på arbeidsmarknaden i mottakarlandet (Friberg, 2012). Blant dei kvinnelege polske kyrkjegjengarane i vår undersøking er 13 % arbeidslause medan 10 % er heimeverande. At dei polske kvinnene har kortare opphaldstid i Noreg, og at andelen polske kvinner med familie i heimlandet er låg medan det er ei ganske stor gruppe polske menn på Sunnmøre som har ektefelle og/eller barn i heimlandet, kan òg forklarast ut frå dette mønsteret.

Med utgangspunkt i desse eigenskapane ved dei polske kyrkjegjengarane på Sunnmøre har vi valt å nytte kjønn, om ein har familien hos seg i Noreg, butid i Noreg og sosiale omgangsformer på fritida som kontrollvariablar i analysane.

Messa, gudstenesta der ein feirar nattverdssakramentet, er kjerneverksemda i Den katolske kyrkja. I Vår Frue kyrkje blir det feira messe kvar dag, men søndagen er viktigast. I Vår Frue er det minst tre messer kvar søndag, ei på norsk og to på polsk. Dessutan reiser prestane ut og feirar messe på fleire andre stader i det vidstrakte soknet. I (den lutherske) Gursken kyrkje i Sande kommune, som ligg nær eit av dei store skipsverfta med mange polske tilsette, er det til dømes messe på polsk to laurdagar i månaden. I løpet av ei vanleg kyrkjehelg kan det vere rundt 400 polsktalande til messe i den katolske kyrkjelyden. Dette er likevel ei klart lågare kyrkjesøking enn i heimlandet, noko som står i kontrast til dei amerikanske undersøkingane til Hirschman (2004) og Connor (2014). Dei som faktisk går til kyrkje, er til gjengjeld svært aktive kyrkjegjengarar.

I helgene er det som regel kyrkjekaffi etter kvar messe, ein uformell møtestad i eit lokale i eller nær kyrkja. I tillegg til søndagen er laurdag ein dag med høg aktivitet i og rundt Vår Frue kyrkje. Mange laurdagar er det også katekese, trusopplæring for barn og unge. I Vår Frue ligg hovudvekta på førstekommunionsbarn (7–8 år gamle) som førebur seg til å delta i nattverden for første gong, og på konfirmantar (14–15 år) som førebur seg til ferminga eller konfirmasjonssakramentet. Katekese skjer både på polsk og norsk, delar av opplegget er på norsk for alle. I desse periodane har også foreldre kontakt med kyrkja på ein særleg måte. Ein del barn og unge har òg oppgåver i messa, som ministrantar eller korsongarar. Øvingar til dette er også ein laurdagsaktivitet som gjerne involverer foreldre, i det minste i form av transportteneste.

Deltakinga på kvar av dei tre viktige arenaene messe, kyrkjekaffi og katekese blir sentrale i analysane våre av korleis deltaking i kyrkja påverkar i kva grad dei polske kyrkjegjengarane finn seg til rette på Sunnmøre.

Data og metode

Med utgangspunkt i litteraturgjennomgangen har vi valt å fokusere på tre former for nytte dei polske kyrkjegjengarane kan ha av å delta i den katolske kyrkja på Sunnmøre. Den første potensielle verknaden er praktisk hjelp til å finne seg til rette i det norske samfunnet (Connor, 2014; Hirschman, 2004). Den andre er etablering av sosiale relasjonar og deltaking i sivilsamfunnet (Putnam & Campbell, 2012; Ødegaard et al., 2014). Den tredje er det Handlin (1973) og Herbert (1960) omtalar som kulturell og eksistensiell kontinuitet.

For å undersøke desse verknadene har vi nytta både kvalitative og kvantitative data. I analysane av korleis Den katolske kyrkja påverkar i kva grad migrantane finn seg til rette praktisk og sosialt i Noreg, har vi nytta deskriptiv statistikk og logistisk regresjon. Den deskriptive statistikken gir oversikt over kva som kjenneteiknar kyrkjegjengarane og korleis dei deltar i ulike kyrkjelege aktivitetar, medan logistisk regresjon blir brukt til å undersøke om og eventuelt korleis slik deltaking påverkar kyrkjegjengarane sine sosiale relasjonar og om dei har fått praktisk hjelp til å finne seg til rette. Det er òg nytta data frå intervju og observasjon i fortolkinga av regresjonane.

Det kvantitative datamaterialet

Det kvantitative materialet er basert på ei spørjeundersøking blant polske kyrkjegjengarar i Ålesund sokn, gjennomført våren 2015. Vi delte ut spørjeskjema til alle polske kyrkjegjengarar over 18 år i etterkant av tre messer same søndag (to på polsk og ei på norsk) i Vår Frue kyrkje i Ålesund og tilsvarande ein laurdag etter messe på polsk i Gursken kyrkje. Ein veikskap i materialet er at vi berre har data om dei polakkane som går i kyrkja. For å kunne undersøke effekten av å delta i kyrkjelyden samanlikna med å ikkje delta i det heile, måtte vi ha gjennomført ei tilsvarande undersøking blant eit representativt utval polakkar på Sunnmøre som ikkje går til messe når dei er i Noreg. Å identifisere heile populasjonen polakkar på Sunnmøre på ein eintydig måte, finne kontaktinformasjon om desse og gjennomføre ei spørjeundersøking med tilstrekkeleg høg svarprosent ville vore svært krevjande, og umogleg innafor ressursramma til vårt prosjekt.

Ein anna veikskap ved vårt utval er at det i streng forstand ikkje er eit sannsynsutval av dei polske kyrkjegjengarane på Sunnmøre. I valet av tidspunkt har vi unngått kyrkjehøgtider og periodar der mange polakkar reiser til Polen. Det er såleis langt på veg eit representativt utval av kyrkjegjengarar på ei ordinær messe. Vi må likevel anta at dei som går til messe av og til eller berre ved høgtider, er underrepresenterte. Vi har vege dette omsynet opp mot moglegheita til å få høg svarprosent og å kunne berekne fråfall i undersøkinga. Ålesund sokn har vore til stor hjelp i gjennomføringa av undersøkinga. Prestane har i kunngjeringane oppmoda kyrkjegjengarane til å delta i undersøkinga, noko som har vore avgjerande for den høge svarprosenten. Frå dei 255 vaksne polske deltakarane på dei fire messene har vi fått inn 179 svarskjema, noko som gir ein svardel på 70 prosent. Registreringa av svara viser likevel at ein del av respondentane ikkje hadde fylt ut heile skjemaet. På nokre av spørsmåla som blir nytta i analysen, har vi berre 160 svar, tilsvarande 63 % svardel. Dette er likevel svært høgt samanlikna med det vi kunne håpe å få til gjennom andre typar undersøkingsopplegg.

Den viktigaste implikasjonen av svakheitene ved vårt utval er at det er klart best eigna til å undersøkje kva deltaking i kyrkjelyden har å seie for dei som går til messe, og korleis dette varierer med ulike typar deltaking i kyrkjeaktiviteter og med andre bakgrunnsvariablar.

Analyseplan for den kvantitative analysen

Logistisk regresjon er ein variant av multivariat analyse som kan nyttast på ikkje-metriske data. To viktige føremonar ved logistisk regresjon, samanlikna med deskriptiv analyse, er at ein kan operere med fleire uavhengige variablar i same analyse, og at effekten av dei einskilde uavhengige variablane blir kontrollert mot dei andre. Føresetnaden er at dei avhengige variablane er dikotome, altså at dei berre har to verdiar. Logistisk regresjon er tilpassa situasjonar der ein kan vurdere utfallet på den avhengige variabelen som eit anten/eller-utfall (Eikemo & Clausen, 2012). Ein opererer såleis med ein dikotom avhengig variabel med verdien 1 for tilfelle som oppfyller eit bestemt kriterium og 0 for tilfelle som ikkje oppfyller dette. Effektmålet i den logistiske regresjonen er oddsratio. Ein oddsratio på 1 indikerer at det ikkje er nokon samanheng mellom den uavhengige og den avhengige variabelen. Ein oddsratio på 2 ville indikere at det er dobbelt så sannsynleg å ha fått hjelp til å finne arbeid eller oppdrag dersom ein går til messe kvar veke enn om ein ikkje gjer det, medan ein oddsratio på 0,5 ville indikere at sannsynet for slik omgang blir halvert dersom ein går til messe kvar veke. Dette målet er eit uttrykk for korleis sannsynet for å ha ein bestemt eigenskap, til dømes om kyrkjegjengarane har fått hjelp til å finna arbeid eller oppdrag, blir påverka av kvar av eigenskapane som utgjer dei uavhengige variablane, til dømes av om ein går til messe kvar veke. Hovudmålet for usikkerheita ved kvar samanheng er signifikansnivået. Dette målet varierer mellom 0 og 1, der 1 tyder svært høg usikkerheit, 0 at samanhengen er heilt sikker, medan alle signifikansnivå under 0,05 (5 prosent usikkerheit) blir rekna som pålitelege.

Operasjonalisering av avhengige variablar

På bakgrunn av diskusjonen over har vi valt å undersøke korleis ulike formar for deltaking i aktivitetar i regi av Den katolske kyrkja på Sunnmøre påverkar tre former for «praktisk nytte» migrantane kan få av denne deltakinga: 1) praktisk hjelp til å orientere seg og forstå det norske samfunnet, 2) hjelp til å lære språk og 3) hjelp til å finne arbeid eller oppdrag.

Variabelen praktisk hjelp til å orientere seg i det norske samfunnet tar utgangspunkt i svar på fem spørsmål om dei har mottatt slik hjelp på ulike område, nemleg: 1) finne fram til helsetenester, 2) forstå norske skattereglar, 3) få kunnskap om norske trygde- og velferdsordningar, 4) finne fram til kommunale eller andre offentlege instansar og 5) finne fram til fritidsaktivitetar utanom kyrkja. Kriteriet for verdien 1 er at dei har fått hjelp på minst eitt område. Referanseverdien (0) blir da at ein ikkje har fått slik hjelp. Variablane hjelp til lære språk og hjelp til å finne arbeid eller oppdrag tar utgangspunkt i spørsmål om dei har oppgitt å få slik hjelp frå kyrkjelyden (1) eller ikkje (0).

Vi har operasjonalisert «å finne seg til rette sosialt» til tre former for sosiale relasjonar og omgangsformer: sosiale relasjonar til medlemmer av kyrkjelyden, sosiale relasjonar til personar i lokalsamfunna (utanom kollegaer og medlemmer av kyrkjelyden) dei bur i og deltaking i organiserte fritidsaktivitetar på Sunnmøre.

For å undersøke om og eventuelt korleis ulike former for deltaking i trussamfunnet har innverknad på korleis migrantane finn seg til rette sosialt, har vi rekoda kvar av dei tre variablane til dikotome variablar som er nytta som avhengige variablar i logistiske regresjonsanalysar. Dei to avhengige variablane knytte til sosiale relasjonar tar utgangspunkt i spørsmål om kor hyppig kyrkjegjengarane har sosial omgang med norske, polske og andre utanlandske kyrkjegjengarar, og med personar i lokalsamfunnet dei bur i (som korkje er polske, katolske eller kollegaer), når dei er i Noreg. I tråd med Putnam og Campbell (2014) si vektlegging av samanbindande kapital som kjelde til støtte har vi lagt vekt på sosiale relasjonar prega av hyppig kontakt. Variablane er difor koda om til to dikotome variablar sosial omgang med medlemmer i kyrkjelyden og sosial omgang med personar i lokalsamfunnet, begge med verdiane 1 for kvar veke og 0 for sjeldnare enn kvar veke. Variabelen deltaking i organiserte fritidsaktivitetar tar utgangspunkt i svar på spørsmål om deltaking i organiserte fritidsaktivitetar utanom kyrkja. Kriteriet for verdien 1 er at ein deltar i minst ein slik fritidsaktivitet når ein er i Noreg. Referanseverdien (0) blir da at ein ikkje deltar i slike aktivitetar i Noreg.

Operasjonalisering av uavhengige variablar og kontrollvariablar

Ein tommelfingerregel i logistisk regresjon er at det er ein fordel om forholdstalet N / talet prediktorar er større enn 20, og at det uansett ikkje bør vere lågare enn 15. For å handtere dette omsynet og samstundes få til ei breidd i uavhengige variablar har vi avgrensa oss til åtte uavhengige variablar og rekoda kvar av desse til dikotome variablar. Med utgangspunkt i observasjonsdata har vi valt å undersøke betydninga av deltaking på tre viktige arenaer i regi av Den katolske kyrkja. I tråd med funna til Hoover (2014) om at det er dei aktive kyrkjelydsmedlemmane som har størst sosialt og praktisk utbytte frå si religionsutøving, har vi bygd dikotome variablar der vi skil mellom hyppig og mindre hyppig deltaking:

  • Messedeltaking: Her har vi skilt mellom dei som svarar at dei går til messe kvar veke når dei er i Noreg (1), og dei som går meir sjeldan (0).

  • Deltaking på kyrkjekaffi: Dei som deltar på kyrkjekaffi kvar veke når dei er i Noreg (1), og dei som deltar meir sjeldan eller aldri (0).

  • Å følgje barn til katekese: Dei som svarar at dei følgjer barn til katekese minst ein gong i kvartalet (1), og dei som ikkje følgjer barn til katekese (0).

I dei fem regresjonane der sosial omgang med medlemmer i kyrkjelyden som ikkje er i regi av kyrkja eller i arbeidstida ikkje er avhengige variabel, er denne uavhengig variabel i analysemodellane.

I alle dei multivariate analysane har vi nytta følgjande kontrollvariablar:

  • Kjønn: Her er kvinne prediktorverdi (1) og mann referanseverdi (0).

  • Barn i Noreg: Angir om respondentane har barn under 18 år som bur saman med dei i Noreg (1) eller ikkje (0).

  • Butid i Noreg er målt gjennom spørsmålet: Kva er din samla butid i Noreg. Her har vi skilt mellom dei som har tre år eller lengre butid (1), og dei som har kortare butid enn dette (0).

  • Sosial omgang med arbeidskollegaer på fritida: med verdiane (1) for kvar veke og (0) for sjeldnare enn kvar veke (0).

Kvalitative data og analyse

I analysane av kyrkja sitt bidrag til kulturell og eksistensiell kontinuitet for migrantane har vi nytta deskriptiv statistikk om kyrkjegjengarane si vurdering av korleis tilboda i den katolske kyrkja har påverka i kva grad dei har funne seg til rette og trivst i Noreg, men likevel lagt størst vekt på kvalitative data. Det kvalitative materialet som er nytta i denne analysen, er henta inn gjennom deltakande observasjon og fokusintervju. I løpet av 2014 og 2015 har vi gjennomført deltakande observasjon under ei rad messer og den påfølgjande kyrkjekaffien, forutan andre arrangement i regi av kyrkja. I samband med observasjonane har vi hatt eit stort tal uformelle samtaler med kyrkjegjengarane. For å styrke kvaliteten på observasjonane har vi som oftast vore to observatørar til stades som kvar for seg har skrive observasjonsnotat. Desse notata har deretter vore samanlikna og diskuterte. På bakgrunn av observasjonane og dei uformelle samtalene har vi valt ut elleve informantar blant dei polske kyrkjegjengarane som har deltatt på fokusgruppeintervju, fordelt på tre grupper: Seks deltakarar på eit språkkurs i regi av kyrkja, med nokså kort tid bak seg i Noreg; to som har budd lenge i Noreg, er gifte med nordmenn og godt etablerte i landet; og tre medlemmer av «Stella maris», ei gruppe svært aktive lekfolk som har skipa ei polsk religiøs foreining som del av kyrkja si verksemd. Kvinner er overrepresenterte i gruppene, medan aldersspreiinga er representativ. Vi har også gjennomført fleire individuelle intervju med kvar av dei to prestane. Det er gjort lydopptak av intervjua, som så har vore transkriberte. Under nokre av intervjua har vi nytta ein polsk-engelsk tolk. Desse intervjua er transkriberte på engelsk, men sitata som vi har brukt herifrå, er omsette til nynorsk. Som førebuing til analysane har vi gjennomført ei teoristyrt kategorisering av intervjumaterialet. Vi har deretter gjort ei meiningsfortetting av det kategoriserte materialet i tråd med Kvale og Brinkmann (2012, s. 212).

Resultat

Deskriptiv statistikk – Kyrkja som kjelde til praktisk hjelp og sosiale relasjonar

Tabell 5.1 viser frekvensfordelinga for kvar av variablane som blir nytta i dei seks logistiske regresjonane. Den deskriptive statistikken viser at seks av ti har omgang med arbeidskollegaer på fritida kvar veke, medan fire av ti har hyppig fritidsomgang med andre kyrkjegjengarar. Det er ein klar overvekt av polakkar innafor begge desse gruppene. Til samanlikning har berre ein fjerdedel hyppig sosial omgang med ikkje-katolske nordmenn i lokalsamfunnet, men fire av ti deltar på organiserte fritidsaktivitetar utanom kyrkja når dei er i Noreg.

Når det gjeld praktisk hjelp til å finne seg til rette, viser den deskriptive statistikken at om lag halvparten har fått hjelp i form av praktisk informasjon av kyrkja eller folk i kyrkjelyden. Derimot har berre ein av åtte fått hjelp til å finne arbeid eller oppdrag, medan om lag ein av fem har fått hjelp av trusfellar til å lære språk.

Messa er den klart vanlegaste kyrkjelege aktiviteten for dei polske kyrkjegjengarane. Sju av ti går til messe kvar veke når dei er i Noreg. For barnefamiliar er òg katekese svært viktig. Så mange som 45 % av foreldra som har barn under 18 år i Noreg, følgjer desse til katekese eller andre aktivitetar i regi av kyrkja. Sidan tilbodet om katekese er konsentrert om få årsklasser, er dette talet truleg høgare over tid. Kyrkjekaffi har langt lågare deltaking. Berre ein dryg femdel deltar her kvar veke. Dette stemmer med våre funn frå deltakande observasjon under ulike typar arrangement i kyrkjelyden. Mange slår nok av ein prat på kyrkjebakken etter messa, men reiser så heim utan å leggje turen om kyrkjekaffien.

Tabell 5.1. Deskriptiv statistikk, fordeling og prosentdel som har prediktorverdien

AVHENGIGE VARIABLAR

Fordeling

Prosentdel som har målverdien

Tette relasjonar til folk frå kyrkjelyden (N = 168)

 

 

1. Har sosial omgang med folk frå kyrkjelyden kvar veke

69

41 %

0. Har ikkje slik omgang kvar veke

97

 

Tette relasjonar til folk i lokalsamfunnet (N = 168)

 

 

1. Har omgang med ikkje-katolske og ikkje-polske personar i lokalsamfunnet kvar veke

43

26 %

0. Har ikkje slik omgang kvar veke

125

 

Deltar i frivillig organisasjonsliv (N = 168)

 

 

1. Deltar i minst ein fritidsaktivitet i Noreg

69

41 %

0. Deltar ikkje i nokon fritidsaktivitetar

97

 

Har fått hjelp til å finne arbeid eller oppdrag (N = 160)

 

 

1. Har fått slik hjelp

19

13 %

0. Har ikkje fått slik hjelp

141

 

Har fått hjelp til å lære språk (N = 160)

 

 

1. Har fått slik hjelp

33

21 %

0. Har ikkje fått slik hjelp

127

 

Har fått hjelp med praktisk informasjon (N = 160)

 

 

1. Har fått slik hjelp

75

47 %

0. Har ikkje fått slik hjelp

85

UAVHENGIGE VARIABLAR

1. Deltar på messe kvar veke

125

70 %

0. Deltar ikkje på messe kvar veke

54

 

1. Deltar på kyrkjekaffi kvar veke

40

22 %

0. Deltar ikkje på kyrkjekaffi kvar veke

139

 

1. Følgjer barn til katekese

29

45 %

0. Følgjer ikkje barn til katekese

35

 

1. Har sosial omgang med folk frå kyrkjelyden kvar veke

69

41 %

0. Har ikkje slik omgang kvar veke.

97

 

KONTROLLVARIABLAR

1. Kvinne

69

39 %

0. Mann

110

 

1. Barn i Noreg

64

36 %

0. Ikkje barn i Noreg

115

 

1. Minst tre års butid i Noreg

126

70 %

0. Mindre enn tre års butid i Noreg

53

 

1. Fritidsomgang med arbeidskollegaer kvar veke

103

61 %

0. Ikkje fritidsomgang med arbeidskollegaer kvar veke

65

 

Kva har deltaking i kyrkja og kyrkjelyden å seie for om migrantane har fått praktisk hjelp?

Tabell 5.2 viser resultat frå logistisk regresjon med omsyn til kvar av dei avhengige variablane: 1) praktisk hjelp til å orientere seg og å forstå det norske samfunnet, 2) hjelp til å lære språk og 3) hjelp til å finne arbeid eller oppdrag. I alle regresjonane er det nytta ein modell med fire uavhengige variablar for deltaking i kyrkja og relasjonar til andre i kyrkjelyden og fire kontrollvariablar. Gjennom analysen blir effekten frå kvar av dei uavhengige variablane og kontrollvariablane kontrollert mot dei andre.

Tabell 5.2. Logistisk regresjon med omsyn til praktisk hjelp til å finne seg til rette

 

Regresjon 1. Hjelp med praktisk informasjon

Regresjon 2. Hjelp til å lære språk

Regresjon 3. Hjelp til å finne arbeid/oppdrag

1. Kvinne

,757

,884

,448

0. Mann

 

 

 

1. Barn i Noreg

,624

,546

,092**

0. Ikkje barn i Noreg

 

 

 

1. Minst tre års butid i Noreg

1,810

,982

,719

0. Mindre enn tre års butid i Noreg

 

 

 

1. Deltar på messe kvar veke

1,267

2,770*

,879

0. Deltar ikkje på messe kvar veke

 

 

 

1. Deltar på kyrkjekaffi kvar veke

1,497

1,756

1,469

0. Deltar ikkje på kyrkjekaffi kvar veke

 

 

 

1. Følgjer barn til katekese

2,597*

1,393

1,499

0. Følgjer ikkje barn til katekese

 

 

 

1. Har sosial omgang med arbeidskollegaer kvar veke

2,316**

1,096

1,665

0. Har ikkje slik sosial omgang kvar veke

 

 

 

1. Har sosial omgang med folk eg kjenner frå kyrkjelyden kvar veke

,841

4,063**

5,133***

0. Har ikkje slik sosial omgang kvar veke

 

 

 

1. Har sosial omgang med ikkje-katolske og ikkje-polske personar i samfunnet kvar veke.

3,777***

,872

,718

0. Har ikkje slik omgang kvar veke.

 

 

 

*p < 10 %, **p < 5 %, ***p < 1 %, for kvar av dei uavhengige variablane er 0 referansekategori.

Regresjon 1 viser ein sterk signifikant samanheng mellom å ha sosial omgang med ikkje-katolske og ikkje-polske personar i lokalsamfunnet og sannsynet for å ha fått hjelp med praktisk informasjon. Regresjonen indikerer også ein samanheng mellom å følgje barn til katekese og slik hjelp, men denne er berre signifikant på 10 %-nivå. Det er også ein markant signifikant samanheng mellom å ha tette relasjonar til arbeidskollegaer og å ha fått hjelp til slik informasjon via kyrkja eller kyrkjelyden. Regresjon 2 viser ein markant signifikant samanheng mellom å gå til messe kvar veke og sannsynet for å ha fått hjelp til å lære språk. Det er også ein sterk signifikant samanheng mellom å ha tette relasjonar til andre kyrkjelydsmedlemmer og slik hjelp. Den tredje regresjonsanalysen viser ingen tydelege samanhengar mellom dei tre kyrkjelydsaktivitetane og sannsynet for å ha fått hjelp til å finne arbeid eller oppdrag. Det er derimot ein sterk signifikant samanheng mellom å ha tette relasjonar til andre kyrkjelydsmedlemmer og sannsynet for å ha fått slik hjelp. Vi finn att samanhengen mellom nære relasjonar til andre medlemmer i kyrkjelyden og sannsynet for å ha fått hjelp til å lære språk eller finne arbeid i intervjumaterialet. Ein kvinneleg deltakar på eit språkkurs i regi av kyrkja sa det slik: «I tillegg til å kome for Guds skyld, kjem vi hit for å møte andre polakkar. For å få informasjon. Somme kan norsk betre enn andre. Somme veit om lover og reglar. Slike ting som å sjå etter jobbar. Det er rett og slett gjensidig hjelp.» Blant kontrollvariablane finn vi ein svært sterk negativ samanheng mellom å ha barn Noreg og sannsynet for å ha fått hjelp til å finne arbeid eller oppdrag. Dette reflekterer truleg at det er dei mest vellukka og sjølvhjelpne på arbeidsmarknaden som hentar familien til Noreg (Friberg 2012).

Korleis blir migrantane sine sosiale relasjonar og omgangsformer påverka av deltaking i kyrkjelyden?

Tabell 5.3 viser resultat frå logistisk regresjon med omsyn til kvar av dei tre avhengige variablane 4) sosiale relasjonar til medlemmer av kyrkjelyden, 5) sosiale relasjonar til personar i lokalsamfunna dei bur i (utanom kollegaer og medlemmer i kyrkjelyden) og 6) deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. I den første regresjonen er det nytta ein modell med tre uavhengige variablar for deltaking i kyrkja og fire kontrollvariablar. I dei to siste analysane er modellen utvida med sosiale relasjonar til medlemmer av kyrkjelyden som uavhengig variabel. Gjennom analysen blir effekten frå kvar av dei uavhengige variablane og kontrollvariablane kontrollert mot dei andre.

Tabell 5.3. Logistisk regresjon med omsyn til 4) sosiale relasjonar til medlemmer av kyrkjelyden, 5) sosiale relasjonar til personar i lokalsamfunna og 6) deltaking i organiserte fritidsaktivitetar

 

Tette sosiale relasjoner og fritidsaktiviteter utenom kyrkja og jobben

Regresjon 4. Sosial omgang med kyrkjelydsmedlemmar

Regresjon 5. Deltek i organiserte aktiviteter

Regresjon 6. Sosial omgang med nordmenn i lokalsamfunnet

1. Kvinne

1,483

2,010*

2,601**

0. Mann

 

 

 

1. Barn i Noreg

,618

1,176

1,657

0. Ikkje barn i Noreg

 

 

 

1. Minst tre års butid i Noreg

,802

1,891

,600

0. Mindre enn tre års butid i Noreg

 

 

 

1. Har sosial omgang med arbeidskollegaer kvar veke

1,848*

1,225

3,799**

0. Har ikkje slik sosial omgang kvar veke

 

 

 

1. Deltar på messe kvar veke

2,190**

1,394

1,001

0. Deltar ikkje på messe kvar veke

 

 

 

1. Deltar på kyrkjekaffi kvar veke

1,201

2,220**

,545

0. Deltar ikkje på kyrkjekaffi kvar veke

 

 

 

1. Følgjer barn til katekese

1,601

2,520*

,545

0. Følgjer ikkje barn til katekese

 

 

 

1. Har sosial omgang med folk eg kjenner frå kyrkjelyden kvar veke

 

2,295**

3,813***

0. Har ikkje slik sosial omgang kvar veke

 

 

 

*p < 10 %, **p < 5 %, *** p < 1 %, for kvar av dei uavhengige variablane er 0 referansekategori.

Den fjerde regresjonen viser at sannsynet for å ha tette relasjonar til andre medlemmer av kyrkjelyden aukar markant med å gå til messe kvar veke. Retninga i årsaksforholdet mellom deltaking på messe og etablering av relasjonar til medlemmer i kyrkjelyden kan vere uklår. Ein viktig faktor her er messeplikta, som pålegg dei truande å ta del i messa på søndagar og andre påbodne festdagar. Intervjumaterialet vårt fortel at mange polske katolikkar oppsøkjer kyrkja først og fremst for å oppfylle messeplikta. Ein god del av desse har funne fram til kyrkja ved hjelp frå polske medlemmer i kyrkjelyden. Vi har også observert at kapellanen er svært dyktig til å engasjere einslege menn som har lite sosial omgang på fritida, i praktiske aktivitetar og dugnadsinnsats inn mot kyrkja. Dette har i mange tilfelle resultert i meir regelmessig kyrkjegang og sterkare tilknyting til kyrkjelyden. Fleire informantar fortel at kyrkja har vore ein inngang til eit sosialt fellesskap. Til dømes fortalde ei ung kvinne vi møtte på ein kyrkjekaffi, at familien hennar ikkje hadde noko nettverk då dei kom til Ålesund, men at dei gjennom kyrkja hadde blitt kjende med sju–åtte polske familiar i byen.

Den femte regresjonen indikerer ein tydeleg samanheng mellom å delta på kyrkjekaffi kvar veke, å følgje barn til katekese og å ha relasjonar til andre kyrkjelydsmedlemmer på den eine sida og deltaking i organiserte fritidsaktivitetar på den andre. Alle samanhengane er signifikante, men å følgje barn til katekese er berre signifikant på 10 %-nivå. Hovudbiletet er altså at det er kjernen i den polske delen av kyrkjelyden som oftast deltar i organiserte fritidsaktiviteter utanom kyrkja. Blant kontrollvariablane ser vi ein markant tendens til at kvinner har høgare deltaking i organiserte fritidsaktiviteter, men denne samanhengen er berre signifikant på 10 %-nivå. Ei mogleg årsak kan vere at kvinnene i større grad enn mennene er heimeverande eller arbeidslause, og at dei oftare enn menn følgjer barn på fritidsaktivitetar.

Den siste regresjonen viser ingen tydelege samanhengar mellom dei tre kyrkjelydsaktivitetane og etablering av sosiale relasjonar til personar i lokalsamfunna. Derimot aukar sannsynet for sosiale relasjonar til lokalsamfunnet både med sosial omgang med kyrkjelydsmedlemmer og med arbeidskollegaer. I den grad kyrkja bidrar til etablering av relasjonar til lokalsamfunnet, skjer dette bidraget i første fase i ein stegvis prosess der messedeltaking bidrar til etablering av relasjonar til andre i kyrkjelyden (regresjon 4), som deretter aukar sannsynet for etablering av relasjonar til nordmenn i lokalsamfunnet. Ei anna mogleg forklaring kan vere at det er ein bakanforliggande årsak, til dømes personlegdom, som påverkar etableringa av alle dei tre typane sosiale relasjonar.

Kyrkja som bidrag til kontinuitet og trivsel

I spørjeundersøkinga har vi spurt kyrkjegjengarane om i kva grad ulike forhold har bidrege positivt til at dei har funne seg til rette og trivst i Noreg. Svara viser at både tilgangen til eit sosialt fellesskap og til eit polsktalande miljø gjennomgåande vart oppfatta som viktig. Det var likevel dei religiøse aspekta som vart sterkast framheva. Svarfordelinga viser at 60 % svara at det å kunne gå til katolsk messe regelmessig er svært viktig. Det einaste som vart oppfatta som viktigare, var å kunne gå til messe på polsk (68 % svara svært viktig). Tendensane i dei deskriptive analysane blir underbygde i intervju og observasjonsdata. Ei utsegn frå ei kvinne som deltok på eit norskkurs i regi av kyrkja, er illustrerande: «Vi kjem for å møte Gud kvar søndag. Det er vår identitet.» Fleire peiker også eksplisitt på kyrkja si rolle som kontinuitetsberar av det polske. Som ei anna kvinne på norskkurset sa: «Det er også vår kontakt med Polen.» Vi fann mange andre uttrykk for at den polsk-katolske koplinga er svært viktig i det kvalitative datamaterialet vårt. Ei kvinne som var komen til ei bygd på Sunnmøre tre år tidlegare, fortalde at ho ofte reiste den lange vegen til Ålesund for å gå til messe, men at ho hadde sakna «den polske messa» heimafrå. Når Vår Frue kyrkje nokre månader seinare fekk polsk kapellan, fortel ho: «Så kom eg til den polske messa til pater N. Sidan har eg deltatt kvar veke. Da kjende eg meg som i Polen, da hadde eg eit stykke Polen her.» Dette funnet underbygger Herberts (1960) og Handlins (1973) vektlegging av sjølve trusutøvinga si rolle som eit anker i tilværet og ein viktig kontinuitetsberar mellom sendar- og mottakarlandet.

Fleire informantar har framheva polsk-katolske tradisjonar knytte til høgtider og livsritar som viktige i denne samanhengen. Ein særleg polsk høgtidsskikk er velsigninga av påskematen på påskeaftan. Den dagen blir kyrkja fylt fleire gongar av familiar med matkorger. I tillegg reiser den polske presten ut til to andre stader i soknet for å gjennomføre det same ritualet. Oppslutninga på desse arrangementa er langt høgare enn ved ei vanleg søndagsmesse. Ein annan karakteristisk skikk er dei årlege husvelsigningane i perioden etter jul. Da er den polske presten travelt opptatt med husbesøk.

Den polske kapellanen er ein svært viktig aktør i denne samanhengen. Som utsending frå eit polsk bispedøme er han eit personifisert «stykke Polen her». I Noreg er han underlagt den norske biskopen og er i vanleg kyrkjelydsarbeid. Han har altså heile kyrkjelyden som arbeidsstad, men har særleg ansvar for gudstenestefeiring, sakramentforvalting og sjelesorg for dei polsktalande medlemmene. Her representerer han ikkje berre eksistensiell og kulturell kontinuitet, presten er òg ein hjelpar for migrantar i eksistensielle kriser. I eit intervju fortel han om eit ikkje uvanleg mønster i sjelesorgsamtalar med arbeidsmigrantar:

Dei fleste som kjem med problema sine, er folk som har kome frå Polen for å forbetre livet sitt, materielt i alle fall, ikkje sant, og dei har jobb, dei har hus, dei har kjøpt hus eller leiger, men altså, dei har fine bustader og alt går bra.

Presten sin oppleving kan bidra til å forklare kvifor kyrkjegjengarane ikkje opplever å ha hatt så stor praktisk nytte av å vere med i kyrkja (jf. Regresjon 1-3). Under opphaldet i Noreg har dei meistra det praktiske og materielle godt. Hovudutfordringa for ein god del av dei polske kyrkjegjengarane synest i staden å vere at omveltingane ved å busetje seg i Noreg har lauskopla dei frå den eksistensielle og kulturelle forankringa deira.

Men samtidig har dei liksom mista forståinga for meininga med livet, smaken på livet. Dei har det som dei eigentleg ønskjer, men så mistar dei noko og kjenner seg forvirra, og sånn lost. […] Dei kjem til Noreg for å jobbe, og så blir det meir og meir at pengane blir viktigare og viktigare. Det smaker godt å ha pengar, og da jobbar dei, dei tar overtid, dei jobbar veldig, veldig mykje, og så har dei liksom ikkje tid meir til å gjera det som dei gjorde før, tid til å tenkje over seg sjølv, over livet, og også over trua. […] Når Gud mistar den sentrale plassen i livet deira, fører det til at dei etter kvart – sjølv om det materielt sett går betre – kjenner seg mykje meir ulukkelege.

Kapellanen har eit blikk for å ta seg av nye og aktivisere folk i praktiske oppgåver, slik vi alt har vore inne på. For mange har dette også ført til ei religiøs revitalisering. I løpet av feltarbeidet har vi registrert ei aukande oppslutning frå polsk side om kveldsmessene på kvardagar, særleg på fredagane. I dette miljøet har ein formalisert ei polsk religiøs foreining innan kyrkjelyden, kalla «Stella maris» («havsens stjerne») – eitt av mange namn på jomfru Maria. Vi har opplevd opptil 70–80 deltakarar på slike fredagskveldar, i all hovudsak folk med polsk bakgrunn. «Det tar deg vekk frå kvardagslivet», seier ei ung kvinne som har opplevd ei religiøs fornying gjennom truskurs halde i regi av kyrkja. Ho gir uttrykk for at denne erfaringa har gitt ein ny eksistensiell tryggleik. Sjølv om oppslutninga om kyrkja er lågare enn i Polen hos majoriteten av dei polske migrantane på Sunnmøre, finst det altså ei betydeleg gruppe som opplever eit auka engasjement.

Diskusjon

Som vist innleiingsvis, framhevar Hirschman (2004, s.12) religiøse samfunn som ein av migrantane sine viktigaste kjelder til å løyse praktiske utfordringar i mottakarlandet. Dei deskriptive analysane som er presenterte i tabell 5.1, tyder derimot på at dei fleste polske kyrkjegjengarane på Sunnmøre har hatt forholdsvis beskjeden praktisk nytte av kyrkja og kyrkjelyden. Rett nok har om lag halvparten nytta kyrkjelyden som ei kjelde til informasjon om det norske samfunnet, men det er berre eit lite mindretal, beståande av dei mest aktive i kyrkjelyden, som har fått hjelp av meir omfattande karakter, slik som til å finne arbeid eller oppdrag og til å lære språk. Ei mogleg forklaring på at såpass få har fått hjelp til å finne arbeid eller oppdrag, er migrasjonsmønsteret til polakkane. Sidan mange har reist til Sunnmøre for å ta til i ein konkret jobb i industrien, har det truleg vore mindre behov for å nytte kyrkja og kyrkjelyden i jakt etter arbeid. Ei slik tolking får støtte i intervjua. Funna bør også sjåast i samanheng med at vår undersøking vart gjennomført medan det framleis var god tilgang på arbeid. Det kan tenkjast at biletet hadde vore annleis dersom vi hadde gjennomført undersøkinga i ein landsdel med annan type næringsstruktur, eller dersom arbeidsmarknaden var meir krevjande, slik som no i 2016 når industrien på Sunnmøre kuttar i bemanninga. At såpass få har fått hjelp til å lære språk (tabell 5.1) kan også henge saman med sysselsettingsmønsteret til dei polske migrantane. Sidan ein stor del av dei arbeider i industrien, der arbeidsspråket ofte er engelsk, har behovet for å lære norsk ikkje vore så stort.

Som regresjon 2 og 3 (tabell 5.2) viser, er sannsynet for å ha fått hjelp til å lære språk og å finne arbeid langt større blant dei som har hyppig kontakt med andre i kyrkjelyden på fritida. Dette underbyggjer tendensen Hoover (2014) peiker på, at støtta migrantane får frå kyrkja og kyrkjelyden, er avhengig av deira eige engasjement i den aktuelle kyrkja. Tilgangen til informasjon frå kyrkjelyden følgjer eit anna mønster, noko som kan skuldast at informasjonsutveksling ikkje føreset tette sosiale relasjonar prega av gjensidigheit (Granovetter, 1974; Putnam, 2000).

Mange større bedrifter på Sunnmøre har tilsett fleire polakkar. Mange av desse bur i nærleiken av arbeidsplassen sin. Dette har truleg bidrege til at den vanlegaste kontaktforma til dei polske kyrkjegjengarane er andre arbeidskollegaer. Ein god del av dei polske kyrkjegjengarane etablerer sterke sosiale band til andre medlemmer av kyrkjelyden. Sannsynet for etablering av slike relasjonar aukar markant dersom dei går til messe kvar veke (regresjon 4, tabell 5.3), noko som fell saman med Hoover (2014) sitt funn: at det er dei som er mest aktive som får størst utbyte frå kyrkja. Denne samanhengen finn vi òg når det kjem til deltaking i organiserte fritidsaktiviteter, men her synest effekten å vere avgrensa til «kjernen» blant polakkane i kyrkjelyden, altså dei som deltar på kyrkjekaffien kvar veke, følgjer barn til katekese og har tette sosiale band til andre kyrkjelydsmedlemmer. Vi har ikkje intervjudata som kan forklare dette, men ein hypotese kan vere at dei sosiale barrierane mot å delta på organiserte fritidsaktiviteter i lokalsamfunnet blir lågare om personer ein kjenner frå kyrkjelyden, allereie er med der. Tette band til nordmenn i lokalsamfunnet er sjeldnare, og her synest deltaking på dei tre arenaene til kyrkja å spele lita rolle.

Intervjua og observasjonsmaterialet viser at mange polakkar er ressurssterke og sjølvhjelpne, at dei lukkast godt i arbeidslivet på Sunnmøre, og at migrasjonen til Noreg materielt sett har vore ein suksess. Dette kan forklare at vi ikkje finn dei heilt store praktiske og materielle vinstane av å delta på dei religiøse arenaene. Dei sosiale vinstane er noko større. Ein god del har etablert eit sosialt nettverk gjennom kyrkjelyden, og det kan verke som om den mest aktive kjernen blant dei polske katolikkane deltar oftare i det organiserte fritidssamfunnet utanfor kyrkja. Den store vinsten av å ha tilgang på ei kyrkje ligg likevel på eit anna plan. Ein god del polakkar opplever migrasjonen til Noreg som eit oppbrot. For mange har oppbrotet ein stor sosial kostnad i form av rotløyse og eksistensielle utfordringar. Våre observasjons- og intervjudata tyder, heilt i tråd med funna til Herberg (1960) og Handlin (1973), på at det er som anker i tilværet og religiøs og kulturell kontinuitetsberar mellom Polen og Noreg at den katolske kyrkja på Sunnmøre har størst betyding for dei polske kyrkjegjengarane.

Merknader

Forfattarane har ingen interessekonfliktar.

Litteratur

Connor, P. 2014. Immigrant Faith. Patterns of Immigrant Religion in the United States, Canada, and Western Europe. New York: New York University Press.

Djuve, A.B. & Grødem, A.S. (red.) 2014. Innvandring og arbeidsmarkedsintegrering i Norden. Oslo: FAFO.

Ebaugh, H.R. & Chafetz, J.S. (red.) 2000. Religion and the New Immigrants. Continuities and Adaptations in Immigrant Congregations. Walnut Creek, California: AltaMira Press.

Eikemo, T.A. & Clausen, T.H. 2012. Kvantitativ analyse med SPSS. En praktisk innføring i kvantitative analyseteknikker (2. utg.). Trondheim: Tapir akademisk.

Foley, M.W. & Hoge, D.R. 2007. Religion and the New Immigrants. How Faith Communities Form our Newest Citizens. Oxford: Oxford University Press.

Foner, N. & Alba, R. 2008. Immigrant Religion in the U.S. and Western Europe. Bridge or Barrier to Inclusion? International Migration Review, 42, 360–392.

Friberg, J.H. (2012). The Stages of Migration. From Going Abroad to Settling Down. Post-Accession Polish Migrant Workers in Norway. Journal of Ethnic and Migration Studies, 38(10), 1589–1605.

Friberg, J.H., Dølvik, J.E. & Eldring, L. 2013. Arbeidsmigrasjon til Norge fra Øst- og Sentral-Europa. Temanotat. Oslo: Norges forskningsråd.

Granovetter, M.S. 1973. The Strength of Weak Ties. American Journal of Sociology 78(6), 1360–1380.

GUS 2013. Ludno??. Stan i struktura demograficzno-spo?eczna. Narodowy Spis Powszechny Ludno?ci i Mieszka? 2011. Warszawa: G?o?wny Urza?d Statystyczny.

Handlin, O. 1973. The uprooted. Boston: Little, Brown & Co.

Herberg, W. 1960. Protestant – Catholic – Jew. An Essay in American Religious Sociology. New York: Doubleday.

Hirschman, C. 2004. The Role of Religion in the Origins and Adaptation of Immigrant Groups in the United States. International Migration Review 38, 1206–1233.

Hoover, B.C. 2014. The Shared Parish. Latinos, Anglos, and the Future of U.S. Catholicism. New York: New York University Press.

Kvale, S. & Brinkmann, S. (2012). Det kvalitative forskningsintervju. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Putnam, R.D. 2000. Bowling Alone. The Collapse and Revival of American Community. New York: Simon & Schuster.

Putnam, R.D. 2007. E Pluribus Unum. Diversity and Community in the Twenty-first Century. Scandinavian Political Studies 30(2), 137–174.

Putnam, R.D. & Campbell, D.E. 2012. American Grace. How Religion Divides and Unites us. New York: Simon & Schuster.

SSB 2015. Tabell 09817. Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, etter innvandringskategori, landbakgrunn og andel av befolkningen (K) (05.12.2015). Statistikkbanken. Statistisk sentralbyrå. Henta frå: https://www.ssb.no/statistikkbanken/SelectVarVal/Define.asp?MainTable=FolkInnvkatLand&KortNavnWeb=innvbef&PLanguage=0&checked=true"> https://www.ssb.no/statistikkbanken/SelectVarVal/Define.asp?.

Ødegård, G., Ravneberg, B., Loga. J.L. & Steen-Johnsen, K. 2014. Fellesskap og forskjellighet. Integrasjon og nettverksbygging i flerkulturelle lokalsamfunn. Oslo: Abstrakt.

Østby, L., Høydahl, E. & Rustad, Ø. 2013. Innvandreres fordeling og sammensetning på kommunenivå. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon