Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Kapittel 3: Nye sentrum–periferi-mønster

Finn Ove Båtevik (f. 1960) er professor ved Høgskulen i Volda. Han har m.a. forskingserfaring innan området regional utvikling, med tema som demografi, rekrutteringsutfordringar, kompetansetilgang og småsamfunnsutvikling.
Gro Marit Grimsrud (f. 1963) er seniorforskar/ph.d. ved Uni Reseach. Ho har forskingserfaring innan ulike samfunnsfaglege tema, m.a. flytting, befolknings- og næringsutvikling, kjønnsrelasjonar og stadsutvikling.
SammendragEngelsk sammendrag

Samandrag

Innvandringa til Vestlandet er sterkt prega av arbeidsinnvandring. Ved hjelp av registerdata gir dette kapitlet innsikt i korleis denne innvandringa påverkar busetnadsmønster og tilgang på arbeidskraft i landsdelen. Temaet blir drøfta ut frå det vi kallar ein utarmingsmodell og ein utjamningsmodell. Desse modellane blir vidare plasserte i eit sentrum–periferi-perspektiv. Analysane viser at arbeidsinnvandring kan medverke til å kompensere for og redusere periferiulemper.

Nøkkelord: arbeidsinnvandring, sentrum–periferi, kompetansearbeidskraft, registerdata, Vestlandet.

Abstract

Most immigrants to Vestlandet (the West Country of Norway) are labour immigrants. Analysing register data, this chapter provides insights into the ways in which labour immigration influence the pattern of settlement and the supply of labour to this part of the country. We analyse the data in relation to two centre-periphery models. In the first model, immigration adds to the already existing pattern of accumulation of highly skilled workers in central regions and lower skilled workers in the peripheral regions. In the second model, labour immigration compensates the existing pattern by supplying the peripheral regions with relatively more of the highly skilled workers, and the central regions with relatively more of the lower qualified workers. We find that the latter model is the better fit for Vestlandet.

Innleiing

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det budde vel 168 200 innvandrarar på Vestlandet i 2015. Oslo hadde i overkant av 163 400 innvandrarar på same tidspunkt. Sjølv om Oslo slik sett har nesten like mange innvandrarar som heile Vestlandet, har denne delen av landet opplevd interessante endringar i åra som ligg bak oss. Desse endringane handlar i stor grad om arbeidsinnvandring og om endringar som følgje av det norske medlemskapet i Schengen-samarbeidet og den påfølgjande utvidinga av EU mot Aust-Europa i 2004 og 2007. Resultatet er at det er meir enn to arbeidsinnvandrarar for kvar flyktning i alle dei fire fylka på Vestlandet, det vil seie fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal (Båtevik mfl., 2017). Ingen andre fylke kan vise til tilsvarande forholdstal.

Kva betyr så denne arbeidsinnvandringa for tilgangen på kompetansearbeidskraft til Vestlandet? Dette spørsmålet er utgangspunktet for drøftinga i dette kapitlet. Fokuset er såleis på immateriell kapital i form av tilgang på menneskelege ressursar. Det handlar om korleis tilgang på slik kompetanse påverkar ulike delar av landsdelen. Sentrum–periferi-dimensjonen er sentral her. Spørsmålet er om flytte- og busetnadsmønsteret til arbeidsinnvandrarane først og fremst bidrar til å forsterke tilgangen på kompetansearbeidskraft i byane slik at det tradisjonelle kompetansegapet mellom sentrum og periferi blir djupare – eller om det tvert imot er slik at arbeidsinnvandring styrker tilgangen på kompetanse i distrikta. Er dette i tilfelle uttrykk for at noko av det tradisjonelle skiljet mellom sentrum og periferi er i ferd med å bli viska ut?

Bakgrunn

Temaet er interessant fordi arbeidsinnvandringa er prega av andre flyttemønster enn hovudstraumane for innanlandsk flytting (Stambøl, 2016; Østby, 2013). Det skjedde nemleg ei endring i flyttemønsteret blant arbeidsinnvandrarane frå og med 2007. Rundt og like etter den første utvidinga av EU austover på 2000-talet gjekk innvandringa i same retning som dei innlandske flyttestraumane (Stambøl, 2016, s. 149). Etter 2007 har innvandringa styrka regionar som ligg under gjennomsnittet for innanlandsk nettoinnflytting; altså primært perifere regionar. Det var fleire innvandrargrupper som bidrog til denne endringa, men Stambøl understrekar at endringane var størst blant arbeidsinnvandrarar og familiane deira. Denne utviklinga fall saman med at arbeidsinnvandrarane tok over som den største innvandrargruppa i fleirtalet av norske kommunar (Østby, 2013).

Mykje av norsk forsking på innvandring har tradisjonelt handla om flyktningar, asylsøkjarar og situasjonen i dei største byane (NOU 2011:14). Dette kapitlet tek sikte på å supplere den veksande litteraturen om arbeidsinnvandring og arbeidsinnvandrararne (som til dømes Dølvik og Friberg, 2008; Friberg, 2012; Eldring og Friberg, 2013). I denne litteraturen er det også ei dreiing vekk frå eit «einsidig» fokus på storby. Nye studiar ser på verknadane av innvandring utanfor hovudstadsområdet og dei største byane (til dømes Båtevik mfl., 2014; Hanche-Olsen mfl., 2011a; Hanche-Olsen mfl., 2011b; Rye og Holm, 2013; Stambøl, 2013; Båtevik mfl., 2017; Søholt mfl., 2012; Søholt, 2016; Østby, 2013).

At arbeidsinnvandrarane går andre vegar enn tidlegare innvandrarar, er ikkje eit særnorsk fenomen. Studiar frå fleire land viser liknande trekk (Bayona-i-Carrasco og Gil-Alonso, 2013; Fonseca, 2008; Hugo og Morén-Alegret, 2008). Ein studie av innvandring frå nye EU-medlemsstatar til UK viser til dømes at innvandrarar frå desse landa relativt sett oftare busette seg i små/mellomstore byar og rurale område enn i storbyane (Stenning mfl., 2006). Det er likevel få studiar som tek for seg korleis innvandring påverkar innanlandske sentrum–periferi-mønster i tilgangen på nye innbyggarar generelt, noko King og Skeldon (2012) set i samanheng med at internasjonal og innanlandsk migrasjon tradisjonelt har vore to separate fagfelt.

I dette kapitlet ønskjer vi derfor å sjå internasjonalt migrasjonsmønster i samanheng med innanlandsk demografi og flyttemønster. Vi tek utgangspunkt i Vestlandet (fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal), som saman med Akershus har hatt sterkare auke i befolkninga med innvandrarbakgrunn enn landet elles i perioden som ligg bak oss (Stambøl, 2013). I år 2000 budde til dømes 18,3 prosent av registrerte innvandrarar og norskefødde barn av innvandrarar i Norge på Vestlandet. I 2012 var andelen auka til 21,7 prosent. Arbeidsinnvandringa var den sentrale drivkrafta bak endringane.

Auken i arbeidsinnvandringa skjedde i ein periode med sterk økonomisk vekst. Samtidig var dei små fødselskulla frå 1970- og 80-talet på veg inn på arbeidsmarknaden (Båtevik, 2013; Stambøl, 2016). Konkurransen om arbeidskrafta var stor. Mindre regionar som tok del i den økonomiske oppturen, hadde ofte svakare demografiske føresetnader for å møte situasjonen enn større regionar. Mange bygder opplevde det Sørlie (1995) kallar demografisk vekstsvikt. Langvarige flytteprosessar har gitt ei gradvis forskyving av det demografiske rekrutteringspotensialet frå periferi til sentrum, ved at ein stadig større del av barnebefolkninga veks opp i storbyområda (Sørlie, 2016). Behovet for import av arbeidskraft har derfor vorte vel så stort i enkelte delar i periferien som i sentrum. Endring i lokale demografiske føresetnader og nye flyttemønster blant arbeidsinnvandrarane er såleis viktige dimensjonar når vi i dette kapitlet prøver å kople spørsmål om tilgang til kompetansearbeidskraft og innvandring.

Internasjonal forsking om migrasjon av høgt utdanna arbeidskraft er eit stort felt (McDonald og Worswick, 2015). Slike studiar set mellom anna søkjelys på kampen om dei beste hovuda mellom store firma som opererer på ein global arbeidsmarknad, men også på dei utfordringane slik hjerneflukt kan skape i avsendarlanda (Boeri mfl., 2012). Studiane handlar ofte om globale sentrum–periferi-relasjonar, men ikkje om sentrum–periferi-relasjonar i mottakarlanda.

Det er særleg land som USA, Canada, Australia, Luxembourg og Sveits som rekrutterer toppkvalifisert arbeidskraft gjennom innvandring (Brücker mfl., 2012). Norge høyrer såleis ikkje heime i dette selskapet. Om vi ser bort frå det som handlar om spesialistar og internasjonal toppkompetanse, er derimot innslaget av arbeidsinnvandrarar med lange utdanningar relativt høgt i Norge (Statistisk sentralbyrå, 2016). I motsetning til flyktningar har arbeidsinnvandrarane høgare utdanning enn den norske befolkninga sett under eitt. Heile 45 prosent av dei har høgare utdanning. Blant enkelte grupper, mellom anna kvinnelege arbeidsinnvandrarar frå Europa, er andelen med høgare utdanning klart større enn dette igjen.

Når dette er sagt, må det også understrekast at den politiske og faglege debatten om kompetanse og arbeidsinnvandring ofte har to heilt ulike fokus. På den eine sida er mange opptekne av at arbeidsinnvandring legg grunnlag for tilgang på kompetansearbeidskraft. På den andre sida er det mange som er opptekne av dei meir problematiske sidene, der arbeidsinnvandring handlar om ufaglært arbeidskraft med press mot lønsnivå i utsette bransjar, sosial dumping og liknande (Brox, 2005; Eldring og Friberg, 2013, s. 28).

Arbeidsinnvandring kan såleis dreie seg om alt frå kampen om kompetanse mellom store konsern og leiande internasjonale økonomiar til sosial dumping. Vi tolkar dette som uttrykk for at arbeidsinnvandrarar, på lik line med anna arbeidskraft, går inn på ein segmentert arbeidsmarknad (Onsager, 1987). Tilgangen til arbeidsmarknaden er regulert, til dømes ved at enkelte segment krev ein bestemt formalkompetanse for å få tilgang, medan andre er opne i den forstand at det ikkje er krav om formelle kvalifikasjonar. Tilgangen til begge typar segment kan i tillegg bli avgrensa av preferansane hos arbeidsgivar, t.d. om å rekruttere menn framfor kvinner eller personar med ein bestemt geografisk bakgrunn. Dei formelle segmenta tilbyr i regelen betre lønn og betre arbeidsvilkår enn dei uformelle. Sjølv om det ikkje er rom for å gå djupare inn i korleis arbeidsmarknadar fungerer i dette kapitlet, gir teorien om den segmenterte arbeidsmarknaden innsikt som kan vere nyttig for å forstå korleis arbeidsinnvandring påverkar tilgang på kompetanse.

Fortrenging eller supplering – utarming eller utjamning?

Studiar skil mellom arbeidsinnvandring som erstattar eksisterande og som supplerer tilgjengeleg arbeidskraft (Gang og Rivera-Batiz, 1994; Constant, 2014). Innvandrarar kan gå inn i jobbar som dei lokale tidlegare har fylt. Innvandrarane kan også gå inn i stillingar som tilfører kompetanse som bedrifta treng for å utføre dei oppgåvene ein skal løyse, utan at dei erstattar eller på annan måte konkurrerer med den arbeidskrafta som alt er i bedrifta. Dei regionale konsekvensane vil sjølvsagt bli heilt ulike alt etter om det er det første eller det andre alternativet som gjeld.

Tenkjer vi vidare langs dimensjonane erstatning eller supplering, kan slike mekanismar gjere seg gjeldande på ulike måtar. Å tenkje erstatning kan vere grunngitt i at innvandrarane er billigare eller meir effektive enn norskfødde. Samtidig kan innvandring medverke til å fylle dei arbeidsplassane dei lokale ikkje vil ha. Manglande interesse for dei lokale jobbane kan gjere at arbeidsgivarane må erstatte tidlegare lokalt rekruttert arbeidskraft gjennom innvandring. Periode-effekten kan vere viktig her. I tider med økonomisk vekst kan innvandrarar gå inn i delar av arbeidsmarknaden der det er vanskeleg å rekruttere lokalt. I økonomiske nedgangstider kan det vere større konkurranse om jobbar som tidlegare har vore lite attraktive.

Vidare kan det handle om å supplere tilgjengeleg arbeidskraft i regionen. Medan manglande interesse for jobbane kan gi for lite rekruttering, kan manglande tilgang på arbeidskraft gjere det same. Manglande tilgang gjer det vanskeleg å fylle arbeidsplassar og funksjonar som den enkelte bedrift, det enkelte lokalsamfunn og region treng for å fungere – enten det er snakk om å supplere for å oppnå tilstrekkeleg tal personar eller for å få tilgang til ein bestemt type kompetanse som ein manglar for å få gjennomført arbeidsoppgåvene. Det kan til dømes vere snakk om kompetanse med behov for ein bestemt type sertifisering. I tillegg kan innvandrarane, på lik line med andre, skape nye arbeidsplassar.

Ved å sjå erstatning og supplering i eit sentrum–periferi-perspektiv tilfører vi ein ekstra dimensjon til analysane. Då kan ein spørje om arbeidsinnvandring medverkar til å forsterke eller utjamne skilnadene i tilgangen på kompetanse mellom by og land. Er det slik at arbeidsinnvandring i hovudsak er med på å styrke det fortrinnet byane allereie har i kampen om kompetansearbeidskrafta? Eller, kan det derimot tenkjast at innvandringa kompenserer for innanlandsk fråflytting i meir perifere strøk?

I lys av dette vil vi skissere to hovudmodellar for korleis forholdet mellom sentrum og periferi kan bli påverka av arbeidsinnvandring; ein utarmingsmodell og ein utjamningsmodell.

I utarmingsmodellen vil arbeidsinnvandringa styrke sentrale strok og utarme bygdene. Arbeidsinnvandringa får då omlag same utfall som det innanlandske flyttemønsteret. Det mest typiske trekket ved dei innanlandske flytteprosessane er nettopp «overføringa» av kompetanse frå perifere til sentrale delar av landet (Sørlie, 1997; Sørlie, 2010). Som del av dette mønsteret kan ein tenkje seg at arbeidsinnvandrarane primært fyller opp lite kompetansekrevjande jobbar på bygdene som dei lokale skuggar unna. Dette fell inn i den tradisjonelle førestillinga av bygda. Ungdom reiser ut for å gå inn i meir attraktive jobbar i byane. Arbeidsinnvandrarar og gjestearbeidarar kjem derimot inn og fyller dei jobbane nordmenn ikkje vil ha, i bygder der nordmenn ikkje vil bu. Ein variant av utarmingsmodellen er om arbeidsinnvandrarar fortrengjer dei lokale med etterfølgjande utflytting av lokale.

Hovudtesen i utarmingsmodellen er at arbeidsinnvandringa (saman med innanlandsk flytting) fører til opphoping av arbeidskraft med høg kompetanse i byane, medan meir perifere strøk (relativt sett) får svekka tilgang på denne typen arbeidskraft. Utarmingsmodellen representerer såleis den tradisjonelle sentrum–periferi-modellen der kumulative vekstprosessar gjer at sentrum står att som vinnarar i kampen om ressursane (jf. til dømes Brox, 1966; Myrdal, 1957, Rokkan, 1987).

Om vi derimot legg utjamningsmodellen til grunn, vil arbeidsinnvandring kunne kompensere for periferiulempene og dermed medverke til å styrke bygdene. Tanken er at arbeidsinnvandrarane har eit anna flyttemønster enn nordmenn, slik det har vore teikn til (Båtevik, 2013; Stambøl, 2013; Østby, 2013). Spørsmålet er om slike flyttemønster også verkar til å styrke tilgangen på kompetansearbeidskraft i distrikta. I så fall gir dette eit heilt anna utfall enn det utarmingsmodellen tilseier. Er det slik at arbeidsinnvandrarar med høg utdanning flyttar til distrikta og går inn i kompetansekrevjande jobbar der det er vanskeleg å rekruttere folk? Dette kan eventuelt føre til ei revitalisering av bygda og på sikt gi auka innflytting også av nordmenn.

Dei såkalla livsstilflyttarane passar inn i dette biletet. Dette er ofte godt kvalifiserte personar som gjerne kjem til Norge som arbeidsinnvandrarar, men der ein viktig del av motivasjonen for flyttinga er å kunne realisere ein annan og gjerne meir rural livsstil enn kva det ligg til rette for i eige heimland. Ei anna, og i norsk samanheng truleg større gruppe (jf. Grimsrud, 2011), er dei som Halfacree (2008) kallar rural by default. Dette er dei som er komne til distrikta eine og aleine fordi jobben dei fekk, slumpa til å vere lokalisert der. For bygdene kan arbeidsinnvandring fungere som ein måte å få tilgang på kompetansearbeidskraft på, utan at dei må konkurrere mot større byar og større kompetansemiljø. Dette mønsteret utfordrar det tradisjonelle sentrum–periferi-perspektivet.

Metode

Studien som ligg til grunn for dette kapitlet, er basert på registerdata frå Statistisk sentralbyrå. Datamaterialet er frå 1.1. 2013 og viser nettoresultatet av innvandringa til Vestlandet fram til dette tidspunktet. Materialet er tilrettelagt for analyse av Statistisk sentralbyrå på basis av våre eigne spesifikasjonar av kategoriar, variablar og geografiske einingar. Det omfattar i alt i underkant av 72 000 personar. Dette er talet personar vi legg til grunn når vi skal berekne omfanget av det vi kallar arbeidsrelatert innvandring (meir om dette under). Dei vidare analysane er såleis baserte på aggregerte registerdata med innvandrarar busette på Vestlandet. Felles for desse innvandrarane er at dei er fødde i utlandet, der begge foreldra også er fødde i utlandet.

Registerdata «avses vara en fullständig förteckning över objekten i en viss objektmängd eller population» (Wallgren og Wallgren, 2004, s. 7). Slike data er baserte på ei totalundersøking eller administrative opplysningar om heile populasjonar. Registerdata gir klare fordelar, men også ein del avgrensingar (Fekjær, 2011, s. 181).

Ein fordel med registerdata er at ein slepp fråfall av informantar, noko som ofte er ei utfordring ved innsamling av eigne kvantitative data (Fekjær, 2011). Dette er eit viktig poeng, ikkje minst for tema som innvandrarar og innvandring. I tillegg til dei vanlege utfordringane ved innsamling av data via spørjeskjema, vil språk- og kulturforskjellar ofte skape særlege utfordringar for studiar blant slike grupper. Ein annan fordel er at opplysningane blir registrerte «når det skjer», slik at ein i større grad enn elles sikrar mest mogleg presise data.

Trass klare fordelar kan også registerdata kome til kort. Fekjær (2011) understrekar at dette er data som i utgangspunktet er samla inn for administrative formål. Dermed blir det sentralt å vurdere relevansen av dei dataa som blir brukt. Nokre hol i opplysningane om utdanningsnivå for innvandrarar kan skape utfordringar. Dette gjeld ikkje minst når kompetansearbeidskraft er eit sentralt tema. Men, sidan formell kompetanse også er ein vesentleg faktor når Statistisk sentralbyrå klassifiserer sysselsette etter yrkesfelt, brukar vi primært opplysningane om yrkesfelt som viktigaste kjelde til informasjon om kompetanse i analysen.

Data frå Statistisk sentralbyrå kategoriserer innvandrarar etter fire innvandringsgrunnar: arbeid, utdanning, familie og flukt. Sjølv om arbeidsinnvandring er temaet her, vil vi argumentere for at det ikkje er tilstrekkeleg berre å inkludere dei som er registerte med arbeid som innvandringsgrunn i analysane. Det er to grunnar til dette. For det første fangar ein ikkje opp familieinnvandring som er direkte følgje av arbeidsinnvandringa. Analyser frå Statistisk sentralbyrå viser at det var fire gonger så mange familieinnvandrarar i Norge i 2012 som i 1990 (Sand-nes og Henriksen, 2014). Familieflytting i samband med arbeidsinnvandring er rekna som den viktigaste grunnen til dette. For det andre er ikkje innvandrarar frå nordiske land klassifiserte etter innvandringsgrunn.

For å fange opp arbeidsinnvandring, eller det vi kan kalle arbeidsrelatert innvandring ved hjelp av registerdata, har vi derfor valt å identifisere land som er viktige for arbeidsinnvandringa til Vestlandet. Utvalet er gjort på basis av ei registrering gjennomført av Statistisk sentralbyrå (Østby, Høydahl og Rustad, 2013). Denne viser kva landbakgrunnen arbeidsinnvandrarar busette på Vestlandet, har. På grunnlag av denne registreringa blei seks austeuropeiske og seks vesteuropeiske land valt ut: Polen, Litauen, Estland, Lativa, Slovakia, Romania, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Spania og Italia. Av alle som er registrerte som arbeidsinnvandrarar på Vestlandet, er 82,3 prosent frå eitt av desse tolv landa (Båtevik mfl., 2017). Mange av innvandrarane frå desse landa er relativt nye i landet. Om vi legg tala for i perioden 2006–15 til grunn, vart tal innvandrarar frå dei seks utvalde vesteuropiske landa dobla. Samtidig vart tallet innvandrarar frå dei seks austeuropeiske landa heile tretten gonger større. I tillegg til desse tolv landa har vi valt å ha med alle dei nordiske landa. Det var 67 prosent fleire busette på Vestlandet med bakgrunn frå eit av dei andre nordiske landa i 2015 samanlikna med 2006.

Bu- og arbeidsmarknadsregionar er brukt som analyse-eining. Den geografiske inndelinga er basert på ei tilpassing av regioninndelinga som Gundersen og Juvkam (2013) har utarbeidd. Av omsyn til personvern vart fleire av dei minste regionane slått saman. Nokre av regionane er derfor relativt store i areal. Regionen Modalen/Gulen er til dømes sett saman av i alt fire små bu- og arbeidsregionar; Modalen, Fedje, Masfjorden/Gulen og Solund. I denne prosessen vart talet regionar på Vestlandet redusert frå 43 til 27.

For å få fram sentrum–periferi-dimensjonen er regionane delte i to grupper. Til sentrum høyrer det Gundersen og Juvkam (2013) definerer som byregionar. Dette inkluderer storbyregionane samt regionar med mellomstore byar og småbyar. Periferien består av regionar utan senter samt regionar der det største senteret er klassifisert som bygdesenter eller småsenter.

Med så få som 27 regionar som grunneiningar i analysane har vi funne det lite tenleg å bruke avanserte analysemetodar som til dømes regresjonsanalyser i studien. For å identifisere mønster og tendensar i materialet har vi valt å dele regionane inn i kvartilar, alt etter den relative betydinga arbeidsinnvandring har for tilgang på arbeidskraft for ulike variablar. For kvar av variablane viser vi den øvste kvartilen, altså dei sju regionane der arbeidsinnvandringa har størst betyding. Analysen tek sikte på å synleggjere eventuelle mønster eller mangel på mønster i desse fordelingane, og tolke kva desse er uttrykk for.

Med kompetanse til bygd og by?

Eit første blikk på tala for arbeidsrelatert innvandring til Vestlandet gir ingen direkte signal om at sentrum–periferi-dimensjonen er interessant. Samla sett gir arbeidsinnvandringa ei geografisk fordeling av nye innbyggjarar som speglar fordelinga av befolkninga elles. Befolkninga i dei perifere regionane representerer 11,9 prosent av befolkninga på Vestlandet, samtidig som 11,6 prosent av arbeidsinnvandrarane i landsdelen bur i desse regionane. For dei to storbyregionane i landsdelen er dessutan arbeidsinnvandrarane overrepresenterte i forhold til befolkninga. Medan 54,8 prosent av befolkninga var busette i desse to regionane, budde 59,2 prosent av arbeidsinnvandrarane i dei same regionane.

Kvifor er det, trass desse tala, interessant å gå vidare med sentrum–periferi-dimensjonen? Svaret blir tydeleg når vi ser på kartet over kva betyding arbeidsinnvandringa har for folketalet i enkeltregionar (figur 3.1). Det største prosentvise innslaget av slike innvandrarar er å finne i det som kan karateriserast som dei mest perifere regionane på Vestlandet. Regionen Norddal/Stranda toppar denne statistikken. Av dei som var busette i Norddal/Stranda i 2013, stamma 9,5 prosent frå eitt av dei europiske landa som er «storeksportørarar» av arbeidsinnvandrarar til Vestlandet. Nærare kvar tiande innbyggar, eller i alt 602 personar, i denne regionen var såleis frå eitt av desse landa.

I fem regionar, inkludert Norddal/Stranda, har seks prosent eller meir av innbyggarane tilsvarande innvandringsbakgrunn. Av desse fem regionane blir fire klassifiserte som perifere. I tillegg til Norddal/Stranda gjeld det to av dei minste regionane, nemleg Sandøy og Hyllestad. Begge desse regionane består av enkeltkommunar, fordi dei ligg slik til at dei ikkje inngår i noko felles arbeidsmarknad med andre kommunar. Vidare gjeld det Ulstein, som er ein klart større region i folketal og utstrekning, men som likevel blir definert blant dei perifere regionane i landsdelen. Av dei sentrale regionane er Stavanger/Sandnes representert blant dei fem. I Stavanger/Sandnes-regionen var 6,8 prosent av befolkninga innvandrarar frå dei aktuelle avsendarlanda. Om vi legg til ytterlegare to regionar, det vil seie at vi tek med alle regionane som utgjer den kvartilen av regionar der den arbeidsrelaterte innvandringa har hatt mest å seie på Vestlandet, inkluderer dette ein til av dei sentrale regionene (Ålesund), og ein av dei perifere regionane (Stryn/Eid).


Figur 3.1: Betyding av arbeidsinnvandring for samla folketal etter region. Vestlandet. 1.1. 2013. Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Kartverket. Kart utarbeidd av Kjersti Straume, Møreforsking.

Det samla biletet er såleis samansett. Fem av dei sju regionane på toppen av lista er likefullt klassifiserte som perifere. Når gjennomsnittstala gir eit anna inntrykk, skuldast dette store variasjonar mellom regionane, ikkje minst blant dei perifere regionane. Medan arbeidsinnvandringa har gitt mange nye innbyggjarar i nokre av dei mest perifere regionane på Vestlandet, er det også fleire perifere regionar som har hatt relativt lite arbeidsrelatert innvandring. I Surnadal har til dømes berre 1,8 prosent av befolkninga slik bakgrunn. Det er såleis vanskeleg å identifisere klare og eintydige mønster. Her er perifere så vel som sentrale regionar «vinnarar» og «taparar».


Figur 3.2: Betydinga av arbeidsinnvandring for samla befolkning med universitets- og høgskuleutdanningar etter region. Vestlandet 1.1. 2013. Prosent av alle med slike utdanningar. Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Kartverket. Kart utarbeidd av Kjersti Straume, Møreforsking.

Det er likevel ikkje spørsmålet om korleis arbeidsinnvandrarbefolkninga fordeler seg mellom sentrum og periferi som er mest interessant for oss. Kjernespørsmålet vårt er korleis arbeidsinnvandringa påverkar tilgangen på kompetansearbeidskraft til sentrale og mindre sentrale delar av landsdelen. Utdanningsnivået til arbeidsinnvandrarane gir ein indikasjon på dette. Vi tek her utgangspunkt i dei med lange høgskule- og universitetsutdanningar (eksamen tilsvarande master- eller doktorgradsnivå).

Hovudmønsteret her er klart (figur 3.2). Relativt sett har arbeidsrelatert innvandring størst betyding i små og perifere regionar. Innvandrarar med lange høgskule- og universitetsutdanningar utgjer ein stor del av den samla befolkninga med slike utdanningar i enkelte av desse regionane. Heile 40 prosent av dei som hadde slike utdanningar i Sandøy, og 36 prosent av dei som hadde slike utdanningar i Hyllestad, kom frå eitt av dei landa som sender flest arbeidsinnvandrarar til Vestlandet. Dei ti regionane der arbeidsrelatert innvandring påverkar det lokale utdanningsnivået sterkast, i alle fall så lenge vi legg dei lengste høgskule- og universitetsutdanningane til grunn, er alle definerte som perifere (jf. Båtevik mfl., 2017). Først på plass nummer elleve finn vi Stavanger/Sandnes. I alt 13 prosent av dei med dei lengste utdanningane i denne regionen var opphavleg frå eitt av dei aktuelle europiske landa. Mønsteret er ikkje veldig mykje annleis om ein legg tal for kortare høgskule- og universitetsutdanningar til grunn. Den største forskjellen er at det relative innslaget av slike innvandrarar i mange regionar er betydeleg mindre for desse utdanningane, i tillegg til at Stavanger/Sandnes rangerer som nummer fem på lista, i staden for som nummer elleve (Båtevik mfl., 2017 s. 207).

Kompetanse handlar om meir enn kven som har høgare utdanning eller ikkje. Utdanningsstatistikk kjem også ofte til kort av andre grunnar, ikkje minst når det gjeld innvandrarar. For det første manglar opplysningar om utdanningsnivå for ein del innvandrarar. For det andre kan det vere vanskeleg for arbeidskraft med bakgrunn frå utlandet å omsette utdanninga i arbeid som speglar eige utdanningsnivå. Ei undersøking basert på arbeidstakarane si eiga vurdering, viser at 23 prosent av innvandrarane i Norge er overkvalifiserte for jobben dei har, mot 13 prosent av befolkninga elles (Wold og Håland, 2016). Hovudskiljet går mellom personar utan innvandringsbakgrunn og innvandrargruppa, uavhengig av om innvandrarane har bakgrunn frå vestlege eller andre land. Desse forskjellane er større blant personar med høgare utdanning enn blant andre grupper (Villund, 2014, s. 25).

Utdanningsnivået blant innvandrarar gir såleis berre eit stykke på veg innsikt i korleis arbeidsinnvandringa påverkar tilgangen til kompetansearbeidskraft. Gitt at den formelle kompetansen er av ein slik karakter at den har liten relevans for den faktiske jobben den enkelte utfører, gir det lite meining å berre vurdere utdan-ningsnivået. Yrkestilknyting gir derfor ein vel så relevant inngang til temaet. Derfor har vi teke utgangspunkt i yrket den enkelte faktisk utøver. Når Statistisk sentralbyrå (2011) klassifiserer yrkesfelt, blir dette gjort på basis av opplysningar om både formelle og reelle kompetansar. Dermed er fordeling på yrkesfelt ein nyttig inngang til spørsmål om tilgang til kompetanse gjennom innvandring.

Statistisk sentralbyrå opererer med i alt ni yrkesfelt. Her har vi valt ut tre av dei; akademiske yrke, handverkarar og reinhaldarar/hjelpearbeidarar. For å kunne arbeide i akademiske yrke er kravet normalt ei utdanning på minimum fire år frå høgskule eller universitet. For å bli klassifisert som handverkar må ein utøve eit yrke som er lagt under lov om fagopplæring, og som krev utdanning på vidaregåande nivå. Rett nok opnar ein også for at arbeidstakarar med lang yrkeserfaring kan reknast som handverkarar. Yrkesfeltet som inkluderer reinhaldarar og hjelpearbeidarar, har derimot ikkje spesielle krav til yrkesutdanning. Det er såleis definert klare kompetansekrav til dei to første yrkesfelta, medan det siste er ope for arbeidskraft som manglar formell eller relevant kompetanse på andre yrkesfelt.

Det sentrale spørsmålet er korleis kompetansen fordeler seg langs sentrum–periferi-dimensjonen. Før vi går inn på dette, tek vi likevel med nokre ord om kva som pregar det store biletet. Då ser ein at både arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar ofte er overrepresenterte i dei yrka der krava til formell utdanning er minst (Båtevik mfl., 2017). Heile 19,2 prosent av alle som arbeider som reinhaldarar, hjelpearbeidarar og i liknande yrke, har bakgrunn i det vi har definert som arbeidsrelatert innvandring. Om ein i tillegg inkluderer andre innvandrargrupper busette på Vestlandet, var meir enn kvar tredje arbeidstakar på Vestlandet i slike yrke innvandrarar. Då er ikkje gjestearbeidarar medrekna. Innvandring bidrar såleis sterkt til å fylle klassiske lågstatusyrke.

Det store biletet kan likevel nyanserast. I tal personar tilfører arbeidsrelatert innvandring landsdelen nesten like mange akademikarar (6 590 personar) som dei som arbeider i yrkesfeltet som inkluderer reinhaldarar og hjelpearbeidarar (6 810 personar). Vidare representerer handverkarar det største yrkesfeltet blant arbeidsinnvandrarane på Vestlandet. Handverkarane utgjorde i 2013 om lag like mange personar som dei to førstnemnde gruppene til saman (13 268).

Tabell 3.1: Innslag av arbeidsinnvandrarar etter yrkesfelt og region. Fjerde kvartal 2012. Prosent. Kjelde: Statistisk sentralbyrå.
  Type regionar (tal regionar i kategorien)
Yrkesfelt Sentrale (13) Perifere (14)
Akademiske yrke Stavanger/Sandnes 6,9 % Hyllestad 9,5 %
Smøla 8,1 %
Sandøy 7,7 %
Høyanger 7,6 %
Modalen/Gulen 6,5 %
Sauda 6,0 %
Lærdal/Årdal 6,0 %
Handverkarar (primært faglærte) Ålesund 19,9 %
Kristiansund 18,8 %
Hyllestad 33,8 %
Ulstein 30,7 %
Smøla 21,6 %
Vågsøy 20,4 %
Nordal/Stranda 18,3 %
Reinhaldarar, hjelpearbeidarar, med vidare (ufaglærte) Stavanger/Sandnes 23,3 %
Ålesund 21,9 %
Haugesund 21,9 %
Bergen 20,3 %
Sandøy 23,1 %
Ulstein 22,6 %
Lærdal/Årdal 19,4 %

Det er likevel når ein ser på samanhengen mellom kompetansetilgang og geografi at det mest interessante, og kanskje også litt overraskande mønsteret, blir tydeleg. Tabell 3.1 viser kva arbeidsrelatert innvandring betyr for tilgang på arbeidskraft i ulike regionar. Dei tre yrkesfelta er presenterte kvar for seg. Dei regionane som høyrer til den kvartilen der det er størst innslag av arbeidsinnvandrarar på det aktuelle yrkesfeltet (vanlegvis sju regionar, med unntak av tilfelle der to regionar har same verdi), er med i tabellen. Det er såleis snakk om ei «topp sju»-liste.

Det mest påfallande med tabellen er at dei perifere regionane i størst grad er representerte på «topp sju»-lista med dei mest kompetansekrevjande yrka. Motsett er dei mest sentrale regionane i størst grad representerte på «topp sju»-lista for dei yrka der det i liten grad blir stilt krav om høgare utdanning eller fagkompetanse.

Når det gjeld akademiske yrke, er Stavanger/Sandnes den einaste byregionen i øvste kvartil. Alle dei andre er perifere regionar. Også når det gjeld tilgang til den meir praktisk retta, faglærte kompetansen, ligg fleire av dei mest perifere regionane på Vestlandet høgt på lista. Den arbeidsrelaterte innvandringa er såleis viktig for tilgangen på handverkarar i mange av dei mest perifere regionane i landsdelen. Hyllestad- og Ulstein-regionane, to regionar med sterkt innslag av maritime næringar, utpregar seg særleg blant desse.

Når det gjeld reinhaldarar, hjelpearbeidarar og liknande yrke, er derimot byregionane i fleirtal på lista. Det betyr at dei fire største byregionane på Vestlandet er blant dei regionane som i høgast grad har innvandrarar i yrke utan krav om formell kompetanse.

Drøfting og konklusjon

Arbeidsinnvandringa til Vestlandet utfordrar i høgste grad tradisjonelle førestillingar om forholdet mellom sentrum og periferi. Det er ikkje slik at arbeidsinnvandringa forsterkar periferiulemper på den måten at periferien gjennom slik innvandring primært får tilført arbeidskraft med låg formell kompetanse. Ein ser derimot tendensar til det motsette, i alle fall for fleire av periferiregionane. Det vi her har kalla arbeidsrelatert innvandring, det vil seie arbeidsinnvandring og tilhøyrande familieinnvandring, betyr relativt sett meir for tilgangen av kompetansearbeidskraft i fleire av dei perifere enn i dei sentrale regionane på Vestlandet. Ved inngangen til 2013 var det til dømes 522 arbeidsinnvandrarar som arbeidde i akademiske yrke i periferiregionane i landsdelen. Alt tilseier at dette er viktig for område som tradisjonelt har streva med å rekruttere denne typen arbeidskraft. Forskjellen mellom periferi og sentrum blir ytterlegare understreka når «opphopinga» av ufaglært arbeidskraft som følgje av arbeidsrelatert innvandring er størst i sentrale delar av landsdelen.

Når det er sagt, er det fleire nyansar i dette biletet. For mange av dei minste og mest perifere regionane har arbeidsinnvandring hatt mykje å seie for rekruttering av høgt kompetent arbeidskraft. Samtidig er det nokre av periferiregionane som er representerte i den andre enden av skalaen, det vil seie blant dei der tilgangen på kompetansearbeidskraft gjennom arbeidsrelatert innvandring er minst. Surnadal er klart døme på dette. Her har arbeidsinnvandringa lite å seie for tilgangen på akademisk kompetanse. Berre 1,8 prosent av dei som hadde akademiske yrke i denne regionen, hadde ein bakgrunn som kunne tilskrivast arbeidsinnvandring.

Det er interessant å merke seg at Surnadal-regionen låg langt nede på rangeringa av regionar for alle yrkesfelt. Det er såleis ikkje tilfeldig korleis dei ulike periferiregionane hamnar på rangeringa. Regionar med få innvandrarar på eitt yrkesfelt, har ofte få innvandrarar på andre yrkesfelt, og omvendt. Det er nærliggande å knyte dette til såkalla sjølvforsterkande effektar av flytting (Eldring og Friberg, 2013). Når først ei gruppe med ein bestemt geografisk bakgrunn har etablert seg i eit område, er det lettare for andre frå same land, region og by å følgje etter. Slike prosessar er til dømes kjende blant innvandrarane i USA. Sosiale nettverk er viktige i slike prosessar. Å møte andre landsmenn og kanskje også familie og vener gjer det lettare å kome til ein ny stad.

Om det er slike faktorar som ligg bak forskjellane mellom periferiregionar, har vi ikkje haldepunkt for å seie noko sikkert om her. Det vi i alle fall må understreke, er at heller ikkje her er mønsteret heilt eintydig. I Ulstein-regionen kan til dømes i overkant av 30 prosent av handverkarane som budde i regionen i 2013, knytast til det vi har definert som arbeidsrelatert innvandring, men berre 2,7 prosent av akademikarane.

Biletet er samansett. Konklusjonen står likevel fast. Arbeidsinnvandring handlar om meir enn at utkantområde rekrutterer utanlandsk arbeidskraft til lite attraktive arbeidsplassar som etnisk norske ikkje vil ha. Det er ikkje dermed sagt at arbeidsinnvandring gjer at bygdene skil seg ut som vinnarar i kampen om dei kloke hovuda. Arbeidsinnvandring handlar etter alt å døme om å kompensere for og redusere periferiulemper, meir enn ei eintydig styrking av periferien. Slik innvandring kan vere avgjerande for å sikre viktige funksjonar i dei små regionane og bedriftene i slik område. Ei nærare forståing av situasjonen krev meir kunnskap om dei prosessane som pregar dei nye arbeidsmarknadane i by og bygd.

Samtidig er det fleire dimensjonar ved arbeidsinnvandringa som ikkje er løfta fram her. Forskjellar mellom innvandring frå dei dei nye EU-landa i Aust-Europa versus land i Vest-Europa er eitt døme. Med tanke på konsekvensane for dei regionane som tek imot mange arbeidsinnvandrarar, reiser også den sterke mannsdominansen blant desse innvandringsgruppene fleire spørsmål. Kva har dette å seie for demografiske og sosiale forhold i dei aktuelle lokalsamfunna? Korleis vil perioden med stor mannsdominans blant arbeidsinnvandrarane påverke familieinnvandringa i åra som kjem?

Når vi konkluderer med at det er klare teikn til at arbeidsrelatert innvandring kan kompensere og redusere periferiulemper, er dette først og fremst eit bidrag til å nyansere biletet av at slik innvandring utarmer utkantane. Arbeidsrelatert innvandring har mange sider. At slik innvandring handlar om ufaglært arbeidskraft, press mot lønsnivå i utsette bransjar og sosial dumping, er også ein del av røyndomen. I alle fall er innvandrarar klart overrepresenterte i dei yrkesfelta som ikkje set krav om formell utdanning. Det gjeld både arbeidsinnvandrarar og innvandrarar med annan bakgrunn (Båtevik mfl., 2017). Samtidig er dei som kjem frå land i den tidlegare austblokka, overrepresenterte i slike yrke samanlikna med dei som har bakgrunn frå Vest-Europa.

Særtrekket med funna som er presenterte her, er likevel at det vi innleiingsvis omtalte som utarmingsmodellen, i større grad passar for byområda enn for dei meir perifere regionane. I byane er den relative betydinga av arbeidsinnvandringa størst i dei lågaste/uformelle segmenta i arbeidsmarknaden. Den relative betydinga av arbeidsinnvandringa i fleire periferiregionar er derimot størst for dei formella segmenta av arbeidsmarknaden. Det gjeld for tilgangen på faglærte, men også for tilgangen til yrke som krev høgt utdanna arbeidskraft.

Det kan sjølvsagt reisast metodiske spørsmål til analysane. Eit springande punkt er kvar ein set skilje mellom kva som er definert som perifere og kva som er definert som sentrale regionar. Dei fleste regionane som blir rekna som perifere i analysen, er små målt i folketal, i tillegg til at avstanden frå større senter er stor. Det er likevel klare forskjellar mellom regionane, ikkje berre mellom storbyane og småbyane, men også mellom periferiregionane. Ulstein-regionen skil seg ut blant dei siste. Regionen har til og med større folketal enn fleire av regionane som er definerte som småbyregionar, og som dermed er med blant dei sentrale regionane. Om Ulstein-regionen hadde skifta kategori, ville det likevel ikkje ha endra konklusjonane. Det vil derimot styrka biletet av at dei ufaglærte i størst grad er overrepresenterte i meir sentrale område.

Eit anna spørsmål er om det først og fremst er den tradisjonelle sentrum–periferi-dimensjonen som er interessant i analysen av forskjellen mellom regionane. Medan nokre periferiregionar synest å ha styrka rekrutteringa av kompetansearbeidskraft gjennom innvandring, er andre klart mindre påverka. Eldring og Friberg (2013) understrekar at arbeidsinnvandringa i stor grad er påverka av etterspurnaden etter arbeidskraft, i tillegg til sjølvforsterkande effektar knytt til flytting. Slik sett er det nærliggande å tru at forskjellane mellom regionane er prega av at etterspurnaden etter arbeidskraft har vore større i enkelte periferiregionar enn i andre. Etterspurnaden var sterk i oljerelaterte næringar, marine næringar og maritime næringar i perioden då studien vår blei gjennomført, og kystregionar med stort innslag av slike næringar har såleis hatt stor etterspurnad etter arbeidskraft.

Uansett er sentrum–periferi-dimensjonen interessant. Dette handlar ikkje minst om demografi. Reduserte barnekull, som etter kvart også har gitt mindre ungdoms- og vaksenkull, kan ha auka behovet for å supplere med arbeidskraft og kompetanse utanfrå i perifere delar av landet. Slik sett kom den store veksten i arbeidsinnvandringa i grevens tid for dei utkantsamfunna som har vore prega av næringsliv i vekst.

Samtidig handlar dette om meir enn tilgang til nye arbeidstakarar til desse samfunna. Sett i forhold til det overordna spørsmålet i boka, som dette kapitlet er ein del av, blir spørsmålet korleis dei nye innbyggjarane påverkar den immaterielle kapitalen både i bedriftene og i bygdene. Immateriell kapital blir då forstått som verdiar som ikkje kan talfestast, men som Sørbø understrekar likevel er viktige føresetnader for å lukkast med den ein held på med (2016, s. 44). Sørbø peikar på at dette handlar om både sosiale nettverk, intellektuelle ressursar, om gode relasjonar mellom medarbeidarar, om høg arbeidsmoral, …, osv. For å forstå desse prosessane må vi gå utover det registertala frå Statistisk sentralbyrå kan fortelje oss. Då må vi inn å studere dei samfunna det gjeld frå innsida. Her ligg det definitivt ein kime til vidare forsking på feltet.

Litteratur

Bayona-i-Carrasco, J. og Gil-Alonso, F. (2013). Is Foreign Immigration the Solution to Rural Depopulation? The Case of Catalonia (1996–2009). Sociologia Ruralis, 53: 26–51. doi: http://dx.doi.org/10.1111/j.1467-9523.2012.00577.x..

Boeri, T., Brücker, H., Docquier, F. og Rapoport, H. (2012). Brain drain and brain gain. The global competition to attract high-skilled migrants. Oxford: Oxford University Press.

Brox, O. (1966). Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk. Oslo: Pax forlag.

Brox, O. (2005). Arbeidskraftimport. Velferdstatens redning – eller undergang? Oslo: Pax forlag.

Brücker, H., Bertoli, S., Facchini, G. og Mayda, A.M. (2012). Understanding highly skilled migration in devloped countries: The upcoming battle of brains. I: Boeri, T., Brücker, H., Docquier, F. og Rapoport, H. (red.). Brain drain and brain gain. The global competition to attract high-skilled migrants, 15–208. Oxford: Oxford University Press.

Båtevik, F.O. (2013). Population and settlements – long-term trends and current changes. In: Rusten, G., Pothoff, K. og Sangolt, L. (eds.). Norway: nature, industry and society. Oslo: Fagbokforlaget.

Båtevik, F.O., Gjerstad, B., Grimsrud, G.M., Johannessen, Ø.L., Netteland, G., Nødland, S.I., Prøitz, L., Skeie, G. og Vedøy, G. (2017). Arbeidsinnvandrere som ressurs i regional utvikling. Stavanger: Universitetet i Stavanger.

Båtevik, F.O., Grimsrud, G.M. og Netteland, G. (2014). Nye innbyggjarar, nye utfordringar? Vestlandskommunane i møte med arbeidsinnvandrarane. Volda: Møreforsking.

Constant, A.F. (2014). Do migrant take the jobs of native workers? doi: http://dx.doi.org/10.15185/izawol.10.

Dølvik, J.E. og Friberg, J.H. (2008). Den nye arbeidsinnvandringen. Drivkrefter, utviklingstrekk og arbeidslivspolitiske konsekvenser. Norges Forskingsråd.

Eldring, L. og Friberg, J.H. (2013). Europeisk arbeidsmobilitet: Utfordringer for de nordiske arbeidsmarkedene. Søkelys på arbeidslivet, 30 (1-2): 22–39.

Fekjær, S.B. (2011). Registerdata i praksis – ikke bare å trykke på «play». I: Fangen, K. og Sellerberg, A.M. (red.). Mange ulike metoder. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Fonseca, M.L. (2008), New waves of immigration to small towns and rural areas in Portugal. Popul. Space Place, 14: 525–535. doi:10.1002/psp.514

Friberg, J.H. (2012). The stages of migration. From going abroad to settling down: Post-accession Polish migrant workers in Norway. Journal of Ethic and Migration Studies, 38(10): 1589–1605.

Gang, I.N. og Rivera-Batiz. F.L. (1994). Labor market effects of immigration in the United States and Europe. Substitution vs. complementarity. Journal of Population Economics, 7: 157–175.

Gundersen, F. og Juvkam, D. (2013). Inndelinger i senterstruktur, sentralitet og BA-regioner. Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning.

Hanche-Olsen, M., Båtevik, F.O., Olsen, G.M., og Yttredal, E.R. (2011a). Dei nye hendene: familieinnvandrere i helse- og omsorgssektoren. Volda: Møreforsking.

Hanche-Olsen, M., Båtevik, F.O., Olsen, G.M., og Yttredal, E.R. (2011b). Dei nye hendene – Offentlig sektor i møte med arbeidsinnvandrere. Volda: Møreforsking.

Hugo, G. og Morén-Alegret, R. (2008). International migration to non-metropolitan areas of high income countries: editorial introduction. Population, Space and Place 14(6): 473–477. DOI: 10.1002/psp.516

King, R. og Skeldon, R. (2012). ‘Mind the Gap!’ Integrating Approaches to Internal and International Migration. Journal of Ethnic and Migration Studies 36(10): 1619–1646.

McDonald, J.T. og Worswick, C. (2015). High-Skilled Immigration in a Globalized Labor Market. In: Chiswick, B.R. og Miller, P.W. (eds.). Handbook of Economics of International Migration. Volume 1A: 537–583.

Myrdal, G. (1957). Rich lands and poor. The road to world prosperity. New York: Harper.

NOU 2011:14. Betre integrering. Mål, strategier, tiltak. Oslo: Departementenes servicesenter. doi: http://www.regjeringen.no/pages/16634493/PDFS/NOU201120110014000DDDPDFS.pdf

Onsager, K. (1987). Arbeid for alle? En analyse delmarkeder og sysselsettingsproblemer i tre nordlandskommuner på 80-tallet. Bodø: Nordlandsforskning.

Rokkan, S. (1987): Stat, nasjon, klasse. Oslo: Universitetsforlaget.

Rye, J.F., og Holm, F.E. (2013). Utenlandsk arbeidskraft som avviklings- eller opptrappingsstrategi? Søkelys på arbeidslivet 30: 251–271.

Sandnes, T. og Henriksen, K. (2014). Familieinnvandring og ekteskapsmønster. Oslo – Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Stambøl, L.S. (2013). Bosettings- og flyttemønster blant innvandrere og deres norskfødte barn. Oslo – Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Stambøl, L.S. (2016). Sysselsetting og flytting blant innvandrere belyst ved regional arbeidsmarkedsmobilitet. Oslo – Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Statistisk sentralbyrå (2011). Standard for yrkesklassifisering (STYRK-08). Oslo – Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Statistisk sentralbyrå. (2016). Befolkningens utdanningsnivå, 1. oktober 2015. doi: http://www.ssb.no/utdanning/statistikker/utniv/aar

Stenning, A., Champion, T., Conway, C., Coombes, M., Dawley, S., Dixon, L., Raybould, S. og Richardson, R. (2006). Assessing the Local and Regional Impacts of International Migration. Newcastle upon Tyne Curds, Newcastle University.

Søholt, S., Aasland, Aa., Onsager, K., Vestby, G.M. (2012). «Derfor blir vi her» – innvandrere i Distrikts-Norge. Oslo: NIBR.

Søholt, S. (2016). Innvandrere: Muligheter og barrierer for sysselsetting i regionene. Plan, 47: 22–27

Sørbø, J.I. (2016). Innovasjon – og immateriell kapital. I Amdam, J., Bergem, R. og Båtevik, F.O. (red.). Offentleg sektor i endring – Fjordantologien 2016. Oslo: Universitetsforlaget.

Sørlie, K. (1995). Regional demografi. Metoder for å studere befolkningsutvikling og adferdsmønstre. Oslo: Tano Aschehoug, s. 163–188.

Sørlie, K. (1997). Rekruttering til utdanning og arbeid i sentrum–periferi-perspektiv. I: Frønes, I., Heggen, K. og Myklebust, J.O. (red.). Livsløp. Oppvekst, generasjon og sosial endring. Oslo: Universitetsforlaget.

Sørlie, K. (2010). Bosetting, flytting og regional utvikling, I Frønes, I. og Kjølsrød, L. (red.). Det norske samfunn. Oslo: Gyldendal, s. 457–478

Sørlie, K. (2016). Bosetting, flytting og regional utvikling. I Frønes, I. og Kjølsrød, L. (red.). Det norske samfunn. Oslo: Gyldendal, s. 36–58.

Villund, O. (2014). Overkvalifisering blant innvandrere 2007–2012. Oslo – Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå.

Wallgren, A. og Wallgren, B. (2004). Registerstatistik – en introduktion. Doi: http://www.scb.se/statistik/OV/OV9999/2004A01/OV9999_2004A01_BR_X99OP0401.pdf

Wold, M.G. og Håland, I. (2016). Hver fjerde innvandrer overkvalifisert i jobben? Samfunnsspeilet 2/2016, 7–11.

Østby, L. (2013). Innvandrernes regionale fordeling. Hvor i landet betyr EU-innvandringen mest? Samfunnsspeilet, 5/2013, s. 20–26.

Østby, L., Høydahl, E. og Rustad, Ø. (2013). Innvandrernes fordeling og sammensetning på kommunenivå. Oslo-Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå.
Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon