Innleiing

Kva er og kva betyr immateriell kapital, og kva vert tematisert når ein inviterer fagfolk til å skriva forskingsbasert om dette? Denne antologien freistar å bidra med nokre svar på desse spørsmåla.

Å forstå kva immateriell kapital er og betyr, kan angripast på ulike måtar. Ifølgje Sørbø (2016) kan immateriell kapital dreia seg om «langt meir enn oppfinningar, patentar og liknande som har verdi på aksjemarknaden. Det dreier seg om føresetnader for å lukkast med det ein held på med.» Det kan likevel fort bli slik at immateriell kapital først og fremst vert eit middel for å nå, eller skaffa seg noko, ved hjelp av teknikkar eller oppskrifter. Sørbø (2016) dreg òg fram at immateriell kapital også er knytt til livet slik det utfaldar seg, og at immateriell kapital slik sett kan ha ein verdi i seg sjølv. I dette spennet lever truleg det mangfaldige omgrepet immateriell kapital sitt liv, og vi kan prøva å forstå og bruka denne kapitalen i det godes teneste – med klokskap. Å fange dette mangfaldige omgrepet er altså ikkje lett, men for å gje lesaren noko handfast å ta utgangspunkt i, så vil vi i dette kapittelet gje ein kort og avgrensa introduksjon til temaet.

Immateriell kapital er ein varig, ikkje-fysisk storleik som gjev eigaren og samfunnet inntekter eller avkastning, i ei eller anna form, over ein lengre periode. Kunnskap er eit døme på immateriell kapital, og det å ta høgare utdanning er ei investering i immateriell kapital som resulterer i ein langvarig inntektsstraum, til dømes i form av auka framtidig løn til den einskilde. Men avkastninga kan òg koma i form av at meir kunnskap gjev større innsikt i samfunnsforhold, eit breiare samfunnsengasjement og eit meir velfungerande demokrati. Dette er ei avkastning som kjem samfunnet til gode.

Avkastninga på immateriell kapital kan vera materiell, som til dømes auka framtidig inntekt for einskildindivid eller for samfunnet, som følgje av auka kunnskapskapital, eller ho kan vera immateriell, til dømes i form av betre evner til å gjera eigne vurderingar av ulike samfunnsspørsmål eller å utøva demokratiske rettar. Avkastninga på immateriell kapital kan difor både vera i form av ein inntektsstraum som kan målast i økonomiske termar, som til dømes auka lønsinntekt, eller i form av auka samfunnsnytte som ikkje er direkte målbar, som til dømes meir demokrati.

Det er minst to grunnar til at immateriell kapital er eit omgrep det er verd å skriva ei bok om. For det fyrste kan, som tidlegare nemnt, ei investering i immateriell kapital gje ei avkastning som bidreg til auka verdiskaping og høgare økonomisk vekst. Meir kunnskapskapital vert ofte trekt fram som ein viktig faktor for auka økonomisk vekst i eit land eller i ein region. Større innsikt og kunnskap betrar evnene våre til å bruka tilgjengeleg teknologi til å skapa større verdiar og til å utvikla ny teknologi som gjev grunnlag for større økonomisk vekst i framtida. For det andre vil ofte avkastninga på immateriell kapital koma i form av auka samfunnsnytte utan at dette kan målast direkte. Betre sosiale relasjonar, som til dømes auka integrering av innvandrarar i lokalsamfunnet, vil auka den immaterielle kapitalen i samfunnet og gje ei ikkje-materiell avkastning i form av betre tillit menneske imellom, fleire aktivitetar i lokalmiljøet og auka livskvalitet.

Vi knyter altså immateriell kapital både til kunnskapar og sosiale relasjonar. Desse to typane av immateriell kapital og deira avkastning er særskilt viktige i rurale område. Dei siste tiåra har det vore stor flytting frå distrikt til bynære område, særleg blant unge, noko som har ført til høgare gjennomsnittsalder og lægre økonomisk vekst i rurale område samanlikna med dei urbane delane av landet. For å dempa desse trendane i åra framover vil oppbygging av immateriell kapital i form av satsing på kunnskapskapital og relasjonsbygging i distrikta vera viktige element.

Teori om immateriell kapital

Kapital kjem av det latinske ordet for hovud – «caput». I mellomalderlatin hadde capitalis tydinga ‘hovudsum’ eller ‘hovudstol’. Hovudstolen er eit rekneskapsomgrep som tyder ‘gjelda frårekna renter og andre kostnader’.

Kapitalomgrepet kjem altså frå det bedriftsøkonomiske fagområdet og skildra opphaveleg verdien av bedrifta eller hushaldet si nettoformue, det vil seie deira behaldning av økonomiske gode. Dette kan vera finanskapital i form av til dømes bankinnskot og aksjar, realkapital som maskinar, bygningar, transportmiddel og naturressursar i form av jordbruksareal, mineral og olje.

Etter kvart er kapitalomgrepet utvida til andre fag og bruksområde. Dette gjeld mellom anna humankapital, den oppsamla verdien av all kunnskap eit menneske har tileigna seg som følgje av utdanning og yrkeserfaring, sosial kapital og kulturell kapital. Bourdieu (1986) skil mellom tre typar kapital: økonomisk, kulturell og sosial. Den økonomiske kapitalen er tilgang til pengar og materielle gode som relativt raskt kan gjerast om til pengar. Bourdieus viktigaste bidrag er hans forståing av dei to sist nemnde typane kapital.

Kulturell kapital er eit samleomgrep for det åndelege og materielle utviklingsnivået hos enkeltpersonar, grupper, lokalsamfunn, nasjonar eller heile menneskeslekta. Bourdieu dreg fram tre element som inngår i kulturell kapital: realkompetanse, formell kompetanse (den institusjonaliserte kulturelle kapitalen, til dømes utdanning og titlar) og prestasjonar (materielle og symbolske resultat av handlingar, til dømes boksamlingar og piano). Særleg viktig er likevel realkompetanse, definert som den enkelte sin danningsprosess, kunnskapar og haldningar, som gir grunnlag for handling, tankar og uttrykk. Bourdieu meinte at når akademikarbarn gjer det betre enn arbeidarbarn på skulen, kjem det av den kulturelle kapitalen som akademikarane overfører til barna sine. Det er dette elementet i kulturell kapital som han kallar habitus. Habitus kan forståast som eit ‘varig preg’ eller eit merke, som stabile persepsjons-, tanke-, vurderings- og handlingsskjema (Bourdieu & Passeron, 2006, s. 57). Desse mønstera vert til ‘disposisjonar’ i og hos einskildaktørar, men dei er resultatet av kulturell læring og tileigning av strukturar, gjennom individuelle og kollektive erfaringar (sosialisering). Gjennom omgrepet habitus prøver såleis Bourdieu å løysa eit problem som har prega store delar av historia til moderne samfunnsvitskap, nemleg motsetninga mellom objektive strukturperspektiv og subjektive aktørperspektiv.

I denne introduksjonen er det ikkje fyrst og fremst dei kritiske aspekta ved Bourdieus teori som vert løfta fram. Her skal omgrepet kulturell kapital nyttast meir deskriptivt, og då med utgangspunkt i omgrepet felt. Ifylgje Bourdieu kan kapital investerast og gje grunnlag for posisjonar, ressursar og dominans både i samfunnet generelt og på spesifikke felt (Bourdieu & Wacquant, 2004). Alle slike felt har altså sin særeigne kapital, det vil seia hierarki av kva som er god og legitim kunnskap. Utdanningssystemet er eit felt som Bourdieu diskuterte særleg grundig, fordi han meinte at dette feltet var heilt sentralt i å reprodusera oppfatningar av kva som er godt og legitimt i og for heile samfunnet. Gjennom pedagogisk arbeid vert altså den legitime kulturen poda inn i ungane, og dette kalla Bourdieu naturalisering (Bourdieu, 2000). Omgrepet refererer til det at skulen viser fram verda, tingas tilstand, som ein udiskutabel og ‘naturleg’ realitet. Dei sidene ved kulturen vår og samfunnet vårt som vert tekne for gitt, som få ser grunnar til å stilla spørsmål ved, vert òg kalla doxa (Bourdieu, 2000). Doxa vert skapt gjennom dominerande kategorisering og omgrep, røyndomsforteljingar og namngjeving.

Sosial kapital vil vi knyta til dei fordelane aktørane i eit nettverk har framfor dei som ikkje er med i dette nettverket. Sosial kapital kan definerast som høve til å mobilisera ressursar gjennom sosiale nettverk (Bourdieu 1986; Coleman 1988). Eit viktig skilje går her mellom det å byggja tette nettverk («bonding») og det å byggja relasjonar mellom aktørar som ikkje er like kvarandre, eller som ikkje har kontakt med kvarandre («bridging», brubygging). For dei som byggjer nettverk for å oppnå noko (starta og driva bedrifter, betre implementering av helsereformer, integrering etc.), er begge typar relasjonar viktige, som påpeikt mellom anna av Putnam (2000). Ei interessant side ved sosial kapital er det Burt (1992) kallar brubygging over «strukturelle hol». Det betyr at det blir knytt kontakt mellom aktørar som ikkje visste om kvarandre, men som kan tena på å bli kjende med kvarandre. Omgrep som tillit, omdøme og legitimitet er gjerne nemnde i samband med sosial kapital. Burt (1998) knyter til dømes «avkastninga» av sosial kapital til legitimitet. Grupper med lite legitimitet i eit system, til dømes kvinner i forretningslivet, vil ikkje nyta godt av eit tilsynelatande godt nettverk utan ein støttespelar med høg legitimitet i systemet.

Som vi har sett, rommar kapitalomgrepet både materiell og immateriell kapital. Ikkje-fysisk kapital, det vil seia kapital som ein ikkje kan ta og kjenna på, er immateriell. Humankapital, sosial og kulturell kapital er alle døme på immateriell kapital, fordi dei representerer varige, ikkje-fysiske storleikar som gjev samfunnet, dvs. eigarane eller andre, auka nytte. Denne nytten, eller avkastninga, kan både vera av materiell og immateriell karakter. Avkastninga av å ta høgare utdanning kan vera auka, framtidige inntekter, men ho kan og koma i form av betra evne til å absorbere informasjon og eit større samfunnsengasjement. Auka sosial kapital, som større nettverk for innvandrarkvinner, kan gje ei materiell avkastning i form av større jobbsannsyn og høgare inntekt og ei immateriell avkastning i form av betre integrering i lokalsamfunnet og større bruk av sosiale medium som fremjar sosial aktivitet og deltaking.

Det immaterielle kapitalomgrepet vert òg nytta innan økonomifaget. I mange bedrifter er goodwill ein stor aktivpost. Dette er ei kapitalisering av bedrifta sitt gode namn og ry, kundekrinsen til bedrifta og liknande. Her vil avkastninga i stor grad vera materiell i form av auka inntekter.

Dei ulike bruksområda for kapitalomgrepet har likevel ein samnemnar, nemleg kapital som ein behaldningsstorleik med laupande avkastning. For alle kapitaltypar vil verdien vera lik forventa, framtidig avkastning.

Presentasjon av dei ulike bidraga i antologien

Vi har klassifisert dei innsende bidraga i tre delar: immateriell kapital knytt til migrasjon, språk og læring, og arbeidsliv (privat og offentleg sektor). Dette er ei rimeleg inndeling ut frå innhaldet i artiklane vi fekk inn. Vi hadde opphavleg ein idé om at vi kunne følgja Bourdieus (1986) inndeling i kulturell og sosial kapital, men det viste seg å vera lite tenleg, då mange av bidraga tematiserte begge typar immateriell kapital.

Fem av artiklane tek opp problemstillingar knytte til flytting og integrering av innvandrarar. Desse er det naturleg å knyta saman i ein bolk. Vidare er det åtte bidrag innan området språk og læring, som er plasserte i neste bolk. Til sist er det seks artiklar som på ulike måtar er knytte til arbeidslivet, både privat og offentleg sektor. Desse bidraga utgjer den tredje og siste bolken.

Artiklane i denne boka dekkjer tre kjerneområde innanfor teoriar om immateriell kapital: Korleis skapa gode relasjonar mellom ulike kulturar, korleis styrkja kunnskapsutviklinga i samfunnet, og korleis kan immateriell kapital bidra til auka verdiskaping både i privat og offentleg sektor?

Migrasjon og immateriell kapital

Hansson og Aarseth tek i kapittel 2 opp korleis kommunar kan handtera mottak av flyktningar i ein situasjon prega av stor usikkerheit. Usikkerheita er for det meste skapt utanfor kommunen sjølv, gjennom variasjonar i internasjonale flyktningstraumar og gjennom vedtak på nasjonalt plan. Dette er det lite ein enkelt kommune kan gjera noko med, så artikkelen konsentrerer seg om det som skjer på kommunenivå. Det er to hovudtypar av roller for kommunar når det gjeld flyktningpolitikken: asylantkommune og busettingskommune. Forfattarane har henta empiri frå to kommunar som utøver begge rollene. Den eine kommunen har eit privat mottak medan den andre har eit kommunalt. Hovudtemaet, handtering av flyktningar, blir drøfta ut frå teoriar om sosial kapital. Datagrunnlaget er kvalitative intervju med tilsette som arbeider med flyktningespørsmål i to kommunar og sekundærmateriale i form av relevante dokument frå kommunane. Artikkelen dreg fram to viktige element som kan skapa gode mottak, det vil seia mottak med høg grad av sosial kapital, særleg då i form av tillit hos flyktningar og andre relevante omgivnader: at mottaket har høve til å byggja seg opp institusjonelt over tid, og at dei tilsette i flyktningetenesta kan bidra positivt med å hjelpa flyktningane. Det tek tid å byggja opp tillit og å få alt organisatorisk på stell. Dette hadde lukkast betre i det kommunale enn i det private mottaket. Det betyr ikkje at kommunalt per definisjon er betre enn privat, men det sentrale, er institusjonelt design, det å få tid til å byggja institusjonar. Nokre tilsette i flyktningetenesta viser seg å vera gode hjelparar, med identitetar både som «brubyggjar» (Putnam, 1993) og som «kvardagsmakar» (Sørensen, 1997). Som brubyggjarar vil desse hjelparane fungera som bindeledd mellom flyktningane og ulike offentlege kontor, det vera seg NAV, lege og så bortetter. Og som kvardagsmakarar blir dei gjerne sterkt engasjerte når det gjeld integrering av flyktningar, gjerne med eit kritisk syn på formalitetane i slike spørsmål. Forfattarane lanserer omgrepet «bakkebyggjar» for å karakterisera desse kommunalt tilsette hjelparane. Bakkebyggjarane fungerer positivt for dei flyktningane som får ekstra hjelp, men om dette fører til ulik behandling av like saker, har engasjementet likevel ei uheldig side. Utfordringa for kommunane ligg då å utnytta den positive energien som ligg i desse ivrige bakkebyggjarane.

Kompetanse og kompetansutvikling reknar vi som kulturell kapital. Det er fleire faktorar som kan påverka kompetansen i eit gitt område: rekruttering utanfrå, opplæring i praksis, teoretisk utdanning og FoU, for å nemne nokre kompetansekjelder. I kapittel 3 tek Båtevik og Grimsrud opp ei kjelde til kompetanse som ikkje så mange andre har brydd seg med, nemleg tilgang på kompetanse gjennom arbeidsinnvandring. Bakgrunnen er at Vestlandet er sterkt prega av arbeidsinnvandring. Ved å bruka registerdata analyserer forfattarane korleis arbeidsinnvandring påverkar busetnadsmønsteret og kompetansen på Vestlandet. Dei klarar gjennom analysane å visa at arbeidsinnvandring faktisk kan kompensera for, og redusera, ulempene ved å bu i periferien. Båtevik og Grimsrud er klåre på at dette først og fremst er viktig for å nyansera bildet av at innvandrarar utarmar landet meir enn dei tilfører noko. Utarmingsperspektivet kan vera eit moment i dei store byane, men i perifere strøk viser det seg at innvandringa meir enn i byane gir tilgang på kvalifisert arbeidskraft som det er mangel på, altså fagkompetanse og høgare utdanna arbeidskraft. Dette kan vera ein tankekross når innvandringspolitikk står på dagsordenen.

I kapittel 4 tek Prøitz, Corneliussen og Dralega for seg temaet «Mediebruk, samfunnsengasjement og sosial kapital i en digital æra: På jakt etter minoritetskvinner sine stemmer». Dei drøftar i kva grad norske muslimske kvinner nyttar sosiale medium som grunnlag for sitt samfunnsengasjement og kva type mediekanalar dei brukar. Framveksten av sosiale medium gjev kvar einskild tilgang til ein offentleg talarstol, samstundes som tilfanget på informasjon og ytringar blir større. Dette gjev òg norske kvinner med muslimsk bakgrunn større rom for å la si røyst bli høyrd i det offentlege ordskiftet. Auka bruk av sosiale medium blant innvandrarkvinner vil difor kunna styrkja deira moglegheit til å innverka på samfunnsutviklinga, noko som utvidar demokratiet og byggjer sosial kapital. Større kunnskap om bruk av ulike typar medium vil òg auka kunnskapskapitalen. Resultata baserte på intervju av to innvandrarkvinner med muslimsk bakgrunn, var likevel ikkje eintydige. Den eine respondenten fekk utløp for sitt samfunnsengasjement ved bruk av digitale medium, medan den andre nytta tradisjonelle kanalar.

I kapittel 5 tek Halvorsen og Aschim for seg temaet «Polske arbeidsmigrantar og den katolske kyrkja på Sunnmøre», der dei ser nærare på kva tilgangen til ei katolsk kyrkje og eit polsk-katolsk miljø har å seia for korleis polske katolske migrantar finn seg til rette i det norske samfunnet. Resultata viser at den sosiale kapitalen som den katolske kyrkja på Sunnmøre og den polske diasporaen representerer for dei polske innvandrarane, i form av å vera ei kjelde til informasjon om det norske samfunnet og vera ein brubyggjar i kontakten med lokalsamfunnet, er av stor betydning. Størst innverknad har likevel kyrkja som ein religiøs og kulturell berar og formidlar av haldningar, verdiar og identitet frå heimlandet. I så måte representerer kyrkja ein kulturell kapital for arbeidsinnvandrarane.

I kapittel 6, «Humanitære organisasjoner – døråpnere eller brobyggere i lokalsamfunnet?», set Ravneberg, ved hjelp ei rekkje casestudiar og intervju, fokus på integreringsaktivitetar i regi av humanitære organisasjonar i ein by i Noreg. Funna tyder på at humanitære organisasjonar utgjer eit moglegheitsrom for nye innvandrarar si nettverksbygging lokalt, som bidreg til sosial kapital. Landskapet av organisasjonar i frivillig sektor er derimot stort, og det er mange skiljeliner mellom dei. Det vert også trekt fram at arbeidet byr på ei rekke utfordringar, slik som at rolla som brubyggjar er meir ressurskrevjande enn den som døropnar. At frivillige opplever at dei kan gi for mykje av seg sjølve som privatpersonar, kan vera ei utfordring. Ravneberg trekkjer også fram fleire utfordringar knytte til korleis det frivillige arbeidet på dette feltet må handtera rasjonelle forhold, som krev at ein jobbar med likeverd og haldningar.

Språk, læring og immateriell kapital

I kapittel 7, «Rettskriving i skriftkulturen – ulike perspektiv i Noreg og på Island», drøftar Fretland, Balevik og Kjartansdóttir rettskriving i den norske grunnskulen samanlikna med den islandske. Forfattarane finn at islandske lærarar og læreplanar legg meir vekt på rettskriving enn det som er tilfellet i Noreg, og at norske elevar har fleire skrivefeil enn dei islandske. Artikkelen speglar to dimensjonar ved språk og kommunikasjon. Den fyrste er dimensjonen sosial kapital, at språket er ein formidlar av meiningar og haldningar som vert tilpassa ulike bruksområde og nytta på ulike måtar i forskjellige samanhengar. Den sjangertilpassa kommunikasjonen som blir vektlagt i norske læreplanar og blant norske lærarar, kan gjera det enklare for avsendar å nå ut med bodskapen til fleire grupper eller gjera bodskapen meir treffsikkert. Den andre er dimensjonen kulturell kapital, at språket er ein formidlar av kultur, historie og litteratur, og at ein stringent rettskrivingstradisjon, som den islandske, bind ulike tidsperiodar saman og gjer språket til ein kulturberar.

I kapittel 8, «Ein statistikkdiskusjon med utgangspunkt i normavvik i norsktekstar», diskuterer Myklebust og Fretland bruk av ulike kvantitative metodar for å analysera førekomsten av ulike rettskrivings- og bøyingsavvik. Forfattarane ynskjer å sjå nærare på kva type spørsmål ein høvesvis kan og ikkje kan svara på i eit datasett som inneheld tekstar frå ulike studentgrupper ved HVL Campus Sogndal. Korleis bør ein gå fram for å få data som gjev sann kunnskap om røynda, har opptatt forskarfellesskapen i fleire hundre år. I dette kapittelet drøftar ein kva vilkår som må vera til stades for at funna i eit datamateriale basert på eit utval, kan generaliserast til ein populasjon med ein bestemt grad av sikkerheit. Det vil seia, når kan vi hevda at dei brota på rettskrivingsnormal og feil i bøyingsformer vi finn i datamaterialet, og skilnadene mellom dei ulike studentgruppene, gjeld alle studentar ved HVL Campus Sogndal eller alle studentar i landet? Då kan ein nytta samfunnsvitskapleg metode til å vinna kunnskap om omfanget på normavvik blant ulike studentgrupper i Noreg og blant norske studentar generelt. Ein alternativ måte å nytta datamaterialet på er ved hjelp av statistiske metodar for å finna skilnader i normavvik mellom grupper utan at ein kan slå fast om dette gjeld generelt eller eventuelt kva som er årsakene til at ein observerer normavvik i datamaterialet. Då vinn ein kunnskap om kva samanhengar det kan vera mellom studentgrupper og normavvik og korleis ein bør samla inn data for å testa dei hypotesane om moglege samanhengar og årsakene til desse.

Inspirert av Foucaults vekt på språklig konstruksjonar som meiningsskapande, har Corneliussen og Dyb i kapittel 9 utforska val av ord og beskrivingar for å snakka om velferdsteknologi i helsepolitiske styringsdokument. Med utgangspunkt i observerte haldningar om at velferdsteknologi ikkje handlar om teknologi, men om menneske, set dei eit kritisk søkelys på korleis politiske dokument gir bestemte meiningar til omgrep om velferdsteknologi og kva effektar slike teknologireduserande meiningskonstruksjonar kan ha for helsesektoren. Corneliussen og Dyb drøftar spennet mellom verdien av helsemyndigheitene sin innsats i å ufarleggjera og menneskeleggjera velferdsteknologi og at velferdsteknologi også får lov til å vera teknologi.

Utgangspunktet i kapittel 10 av Hamre og Hamre er reformfrekvensen i norsk lærarutdanning. Dei siste 43 åra har lærarutdanninga for grunnskulen blitt reformert sju gongar, med stadig høgre ambisjonar for akademisk standard og læringsutbyte. Dette har òg arta seg som ei kvantitetsmessig utviding av utdanninga – frå ei treårig høgskuleutdanning til femårig masterutdanning med masteroppgåve i 2017. Forfattarane tek føre seg reformene ved å analysera sentrale policy-tekstar ut frå to sentrale legitimeringsspørsmål: Korleis var behovet for ei ny reform grunngitt, og kva for formål synleggjorde kvar enkelt reform i tekstane? Studien er sentrert kring tre utdanningshistoriske spenningsfelt: I) lærarutdanninga som profesjonsutdanning kontra fagsentrert utdanning, II) sentral/nasjonal styring kontra autonomi og III) lærarutdanninga kontra skulen ho kvalifiserer for. Utdanningssystemet er eit sentralt felt i samfunnet sin reproduksjon av kva som er godt og legitimt i heile samfunnet, ifølgje Bourdieu, som då òg hevdar at utdanning er ei av dei fremste formene for naturalisering (Bourdieu & Passeron, 2006; Bourdieu, 2000). Heilt grunnleggjande for ein stat sitt utdanningssystem – og dermed for kulturell naturalisering av nye generasjonar – er lærarutdanninga. Artikkelen til Hamre og Hamre viser korleis dei ulike lærarutdanningsreformene føreskriv ulike syn på verdien av lærarprofesjonen og dermed skulen, og såleis, korleis reformene har gjeve delvis ulike rammer for å forma norske barns habitus. Forfattarane finn at reformene i 1970-åra først og fremst var prega av det sosiale: Samvære, fellesskap og diskusjonar stod sentralt. 1990-talsreformene var forankra i verdien av felles referanserammer og nasjonsbygging, medan reformene etter tusenårsskiftet var merkte av førestillinga om at ein god lærar og ein god skule må bidra til ein konkurransedyktig økonomi i den globaliserte marknaden (jf. Røvik et al., 2014).

I kapittel 11 fokuserer Sekkingstad og Fossøy på refleksjonar som undervisarar i høgare utdanning gjer seg kring eigen undervisningspraksis. Forfattarane har analysert refleksjonsnotata til 43 undervisarar/faglærarar som har delteke på vidareutdanning i høgskulepedagogikk, og føremålet er konkretisert i følgjande forskingsspørsmål: Kva for læringsprinsipp, som dei er uttrykte av Roar Pettersen (2005), kjem til uttrykk gjennom refleksjonane til høgskuleundervisarane? Kva for utfordringar ser dei sjølve at dei har når det gjeld utvikling av eiga undervisning? Som me har sett, hevdar Bourdieu at utdanningssystemet reproduserer ulikskap ved å favorisera dei som har ein bestemt habitus, og som har arva kulturell kapital. Undervisningsformer og eksamensordningar nyttar seg av dei privilegerte sine kriterium og persepsjonsskjema (Bourdieu & Passeron, 2006). Opplæring og undervisning representerer altså ei spesielt mektig kulturell sosialisering og maktbruk, og dette gjeld både grunnutdanning og høgare utdanning. Undervisningspraksisar i høgare utdanning er svært interessante i eit slikt perspektiv. Hovudfunna i artikkelen er at dei granska faglærarane i teorien ser verdien av å aktivera studentane sine førekunnskapar og av læring som deltaking. I praksis ser det likevel ut til at læringsprosessar baserte på studentane sine førekunnskapar og eigne erfaringar, kjem i bakgrunnen. Undervisarane endar opp med å framheva si eiga rolle som forvaltar av fagkunnskap, og dei driv undervisning som tradisjonell førelesing.

Kapittel 12 av Halvorsen og Råsberg tek utgangspunkt i translasjonsteori, eit analytisk blikk som vert nytta av organisasjonsteoretikarar for å forstå korleis tidsrette idear om organisering vert sirkulerte og transformerte (Røvik, 2007). Temaet er radikal translasjon av 8–13-skulen. Utgangspunktet er data frå ein komparativ casestudie av Fyrstikkalleen skole i Gamle Oslo og Stangenes 8–13-skole i Harstad. Hovudgranskinga av dei to skulane vart gjennomførd som eit feltstudium med intervju av lærarar og skuleleiarar. Materialet vart analysert med blikk på opphavet til 8–13-skulen som organiseringsidé, på mottakinga av kombinertskule-konseptet på dei to skulane, og på den radikale translasjonen som fann stad i Stangenes eitt år etter prototypen Fyrstikkalleen i Oslo vart lansert. Forfattarane finn at den radikale translasjonen frå prototypen Fyrstikkalleen Skole i Oslo til ‘gjendiktinga’, 8–13-skulen i Stangenes, er forankra i ei stortingsmelding frå 2011, Motivasjon – Mestring – Muligheter (Meld. St. 22 (2010–2011)). Det er denne legitimeringa på det overordna, strategiske nivået som etablerer ‘trajectories’ – altså tolkingsbanar eller tolkingsspor som vert følgde opp både i Stangenes sin omdømmekommunikasjon og i den operative kjernen til skulen. Ein ny organisasjon skal altså gjendiktast, men rammene for denne omsetjinga – translasjonen – er gitt, det skjer innanfor det norske utdanningsfeltets kulturelle doxa (Bourdieu, 2000), uttrykt av stortingsmeldinga. Forfattarane finn at Stangenes sin 8–13-skule gjorde noko ganske anna enn prototypen i Oslo, både når det gjeld organisering og pedagogikk.

Kapittel 13 av Glosvik handlar om translasjonar, nærare bestemt om det Røvik (2014) kallar iverksetjingsdoktrinar. Her vert desse diskuterte med utgangspunkt i reformer i utdanningssektoren. Glosvik har primært teoretiske ambisjonar og byggjer ikkje på eigne data, men nyttar døme og tilvisingar til andre studiar i det han spør: I kva grad, og korleis, omformar ulike grupper og aktørar i den praktiske kvardagen reformer til sitt eige? Artikkelen presenterer fleire kunnskapstypar som er sentrale for lærarprofesjonen og for skulen, formulert i uttrykt, praktisk og underforstått kunnskap. Desse kunnskapsformene er, som forfattaren seier det, eit «kollektivt fenomen» ved ein skule og er dermed tett vovne saman med kva som gjev kulturell verdi på utdanningsfeltet. Glosvik drøfter korleis både proaktive og reaktive leiarar vil møta endringar i utdanningsfeltets kulturelle kapital, utløyste eller reflekterte av ein translasjon, og gjev oss slik eit bilete av kva for vilkår og mogelege handlingsvegar skuleleiarar og lærarar har når reformer møter skulekvardagen. Han finn at desse aktørane kan ta ulike roller i translasjonsprosessar: For det første identifiserer han mentorar som arbeider med individuelle lærarar og lærarferdigheiter, og for det andre finn han trenarar, som arbeider med grupper og lag. Det han ikkje finn dekning for i materialet, er det tidlegare forskingslitteratur har identifisert som den kunnskapsrike, fleirkontekstuelle omsetjaren eller den sterke omsetjaren. Glosvik oppsummerer at feltet kanskje ikkje gjev verdi til desse idealtypane, men heller til transaktøren eller den svake omsetjaren, som «administrerer andres kopiering».

Sæterbakken, Ylvisåker, Riiser, Moe og Andersen tek i kapittel 14 oss med til Fosshaugane Campus i Sogndal. Dei er opptekne av at forsking viser at bevegelsane i fotballspelet skjer raskare enn før, men at det er liten spesifikk kunnskap om bevegelsane i norsk toppfotball. Dei undersøkte difor bevegelsane til profesjonelle fotballspelarar under kamp gjennom heile 2015-sesongen. Resultata viste at kantspelarane og backane bevegde seg flest meter og gjennomførte flest høgintensive løp og sprintar, medan midtstopparane og sentral midtbane gjennomførte færrast. Dei konkluderer med at ettersom spesifikke fysiske krav skil dei ulike spelposisjonane, bør kunnskapen nyttast for å utvikla framtidige fotballspelarar.

Næringsliv, samfunn og immateriell kapital

Fordelane med å vera lokalisert i klynger eller nettverk kan i stor grad vera av immateriell karakter, som tilgang på vital informasjon og kunnskap, og bygging av legitimitet. Er det muleg å få eit handfast prov på desse fordelane? Bjørndal, Pasquine og Nesset gjer i kapittel 15 ein analyse av klippfiskindustrien i Ålesund-regionen for å finna ut av dette. Klynga av klippfiskprodusentar og -eksportørar på Nord-Vestlandet har hovudsete i Ålesund-regionen. Forfattarane har brukt bedriftsspesifikke økonomiske og geografiske data over fire år (paneldata) i sine analysar. Hovudresultatet til Bjørndal og medarbeidarar er at verdiskapinga blant klippfiskbedriftene i Ålesund-regionen har vore høgare enn blant tilsvarande bedrifter utanfor denne regionen. I alle fall delar av denne skilnaden må kunne tilskrivast dei immaterielle fordelane av nettverkssamarbeid. På ein måte kan vi seia at relasjonane i nettverket (den sosiale kapitalen) skapar kulturell kapital (kunnskapar) som gir høve til økonomisk verdiskaping.

Det å ha ei god merkevare blir sett på som immateriell kapital, «goodwill», innan bedriftsøkonomisk teori. Vi kan sjå på eit oppbygt varemerke som kulturell eller symbolsk kapital som skal gi økonomiske fordelar. No er det ikkje alltid teori og praksis stemmer, så Aure, Nervik og Helgesen har i kapittel 16 gjort ein test av dette med klippfiskmerket Dybvik som case. Dei har gjennomført ei marknadsundersøking med 333 respondentar. I studien blir det nytta ein etablert modell (Aaker, 1991) til å svara på to forskingsspørsmål: for det første om høg merkeverdi gir høve til å ta høgare prisar, og for det andre om dei fire drivarane for merkeverdi i Aaker (1991) sin modell også fungerer for Dybvik. Dei fire drivarane er merkeassosiasjonar, merkekjennskap, oppfatta kvalitet og merkelojalitet. Sjølv om modellen til Aaker (1991) er testa av fleire forskarar tidlegare, er det første gongen han er testa på eit klippfiskmerke. Resultata er delvis som venta, og delvis overraskande. Når det gjeld det første forskingsspørsmålet, viste det seg at det var ein positiv samanheng mellom merkeverdi og høgare betalingsvilje. Men for å ha effekt måtte merkeverdien over ein viss terskelverdi. Dessutan var samanhengen degressiv, det vil seia at effekten av ein auke i merkeverdi vart mindre di høgare merkeverdien var i utgangspunktet. Effekten av drivarane på merkeverdi var delvis uventa. Den sterkaste drivaren var merkelojalitet, deretter kom ein kombinert effekt av merkeassosiasjonar og oppfatta kvalitet. Merkekjennskap hadde derimot negativ effekt, noko som er vanskeleg å forklara. Men i alle fall viser resultata at det kan koma målbare effektar på inntektssida frå immaterielle produktverdiar.

I kapittel 17, «Om å finne balansen mellom materielle og immaterielle mål ved forvaltningen av statseide naturressurser», brukar Soltani ein fleirmålsmodell for å finna optimalt uttak av tømmer når styresmaktene har både økonomiske, biologiske og sosiale målsettingar. Dette er døme på ei klassisk problemstilling innan samfunnsøkonomisk velferdsteori, der styresmaktene må vega verknadene av eit ressursuttak for ulike grupper opp mot kvarandre for å maksimera samla velferd. Dette inneber at ein må ta omsyn både til dei økonomiske målsettingane ved ressursuttaket, som forteneste til staten som skogeigar, løn til skogsarbeidarane og positive ringverknader for anna næringsverksemd og til eventuelle biologiske verknader i form av redusert framtidig uttak av tømmer, utarming av jordsmonnet og færre plante- og dyreartar. Men styresmaktene bør og ta omsyn til at uttak av skog har verknader for lokalbefolkninga sine mulegheiter til å driva tradisjonelt landbruk og skogsdrift og halda i hevd lange tradisjonar knytte til jakt, fiske, beite og landskapspleie. Utan at slike kulturelle verdiar blir tekne i vare, vil tradisjonsrike levesett gå tapt. Prinsippet om optimal forvaltning av statlege skogsressursar blir dermed eit spørsmål om korleis staten kan få best mogleg samfunnsøkonomisk avkastning på naturkapitalen, der ein òg tek omsyn til påverknaden på kulturkapitalen.

Aviser, magasin, radio, fjernsyn og Internett flyt over av idrettsrelatert stoff i ulike innpakningar, skriv Fossøy, Moe og Fretland i kapittel 18. Dei er opptekne av at media er med på å forma vår oppfatning av kva idrett er, samtidig som det er ei sterk drivkraft bak dei endringsprosessane som føregår og har føregått i idretten. Dei hevdar at dette er særleg synleg i fotballen, der symbiosen med media dei siste tiåra har utgjort ein markant økonomisk, kulturell og sosial kraft. Dei tek oss med på ei reise der dei undersøkjer korleis symbiosen mellom fotball og media har utvikla seg i perioden 1970–2005. Dei konkluderer med at fotball har gått frå å vera ein fritidsbasert aktivitet til å bli ei «vare», der den materielle kapitalen etter kvart har vorte meir sentral enn den immaterielle kapitalen. Fotball uttrykt i media forsterkar dette biletet, hevdar dei.

I kapittel 19 skriv Larsen og Nesse om det å finna verdien av bedrifters nettverksdeltaking ut over det reint opplagde og materielle, som å tena meir pengar. Dei har kartlagt grunnar til å vera med i nettverk, og drøftar kva implikasjonar dette har for leiinga av nettverket når det gjeld teori om sentrale funksjonar i velfungerande nettverk. Empirien deira er basert på intervju henta frå fem nettverk: tre maritime nettverk, eitt nettverk innan smarte energimarknader og eitt innan smart velferd. Resultata viser at det kan vera mange ulike grunnar til å vera med i nettverk, slik som legitimitetsbygging og mobilisering av sosial og kulturell kapital. Aktørane tillegg slike immaterielle verdiar stor vekt, men har også behov for at verdiane skal materialisera seg i form av økonomisk verdiskaping. Dei konkluderer med at dette gjer nettverksleiing til ei øving for personar med engasjement og fingerspisskjensle.

I det siste kapittelet i antologien har Årethun, Nesse og Oklevik analysert eit datamateriale som er henta frå ei undersøking av 524 personar som er registrerte på ei nettside administrert av organisasjonen Framtidsfylket i Sogn og Fjordane. Dei fann at personar med høg eldsjelfaktor har større entreprenørlyst enn andre, og at menn har høgare eldsjelfaktor enn kvinner. Eit interessant funn er at personar oppvaksne og busette i Sogn og Fjordane, ser ut til å ha lægre eldsjelfaktor enn andre. Dei konkluderer med at respondentar med høg eldsjelfaktor legg betydeleg vekt på arbeids- og karriererelaterte attraksjonsfaktorar som gode karrieremulegheiter både for seg sjølve og for ektefelle/partnar, eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar når dei skal velja framtidig bustad og arbeidsplass.

Litteratur

Bourdieu, P. & Passeron, J. (2006). Reproduktionen: Bidrag til en teori om undervisningssystemet. København: Hans Reitzels forlag.

Bourdieu, P. & Wacquant, L.J.D. (2004). Refleksiv sociologi – mål og midler. København: Hans Reitzels forlag.

Bourdieu, P. (1986). The forms of capital. J.G. Richardson (red.). The handbook of theory and research for the sociology of education (s. 241–258). New York: Greenwood Press.

Bourdieu, P. (2000). Den maskuline dominans. Oslo: Pax.

Burt, R.S. (1992). Structural holes: The social structure of competition. Cambridge, MA: Harvard University Press.

Burt, R.S. (1998). The gender of social capital. Rationality and Society, 10(1), s. 5–46.

Coleman, J.S. (1988). Social capital in the creation of human capital. American journal of sociology94(Supplement), s. 95–120.

Meld. St. 22 (2010–2011). Motivasjon – Mestring – Muligheter. Kunnskapsdepartementet.

Pettersen, R. (2005). Kvalitetslæring i høyere utdanning. Innføring i problem- og praksisbasert didaktikk. Oslo: Universitetsforlaget.

Putnam, R.D. (1993). Making democracy work: civic traditions in modern Italy. Princeton, N. J.: Princeton University Press.

Putnam, R.D. (2000). Bowling alone: The collapse and revival of American community. New York: Simon & Schuster.

Røvik, K.A. (2007). Trender og translasjoner. Idéer som former det 21. århundrets organisasjon. Oslo: Universitetsforlaget.

Røvik, K.A. (2014). Translasjon – en alternativ doktrine for implementering. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Røvik, K.A., Eilertsen, T.V. & Furu, E.M. (red.) (2014). Reformideer i norsk skole. Spredning, oversettelse og implementering. Oslo: Cappelen Damm AS.

Sørbø, J.I. (2016). Innovasjon – og immateriell kapital. I Amdam, J., Bergem, R. & Båtevik, F.O. (red.). Offentleg sektor i endring. Fjordantologien 2016 (s. 38-46). Oslo: Universitetsforlaget.

Sørensen, E. (1997). Democracy and empowerment. Public Administration, 75(3), s. 553–567.

Aaker, D.A. (1991). Managing brand equity: Capitalising on the value of a brand name. New York: The Free Press.