Fjordantologien 2017 er eit resultat av Fjordkonferansen som vart arrangert i Loen 21.–22. juni i 2016. Den første Fjordkonferansen vart arrangert i 2013. Dette var altså den fjerde konferansen. Temaet for konferansen i 2016 var «immateriell kapital», og det vart presentert om lag 70 innlegg. Mottoet for Fjordkonferansen «av fagfolk, for fagfolk» understrekar at konferansen og antologien er eit initiativ nedanfrå frå dei ulike akademiske institusjonane i regionen.

Redaksjon for årets Fjordantologi er hovudredaktør John Roger Andersen og medredaktørane Eli Bjørhusdal, Torbjørn Årethun og Jon Gunnar Nesse – alle frå Høgskulen på Vestlandet.

Etter konferansen fekk vi inn 30 bidrag, noko vi er svært nøgde med. Men med ei ramme på omlag 400 sider visste vi at berre ca. 2/3 av desse bidraga kunne få plass i antologien. Alle bidraga vart sendt til to kvalifiserte fagfeller. Utveljinga av artiklar til antologien vart basert på fagfellene sine vurderingar. Det var dessutan eit sjølvstendig redaktøransvar å bestemme om forfattarane heldt seg innanfor temaet immateriell kapital eller ikkje. Til sist sat vi att med 19 bidrag som på ulike måtar analyserar og drøftar temaet immateriell kapital.

Utan finansiell stønad kunne «Fjordkonferansen» og «Fjordantologien» ikkje ha blitt realisert. Følgjande bidragsytarar har gjort arbeidet mogeleg: Sparebanken Møre (hovudsamarbeidspartnar), Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Mørealliansen, Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU.

Vi takkar forfattarane for bidraga. Ein særleg stor takk går til 39 kollegaer og fagfeller kring heile Noreg som har lagt ned eit viktig frivillig arbeid for å sikre kvaliteten på årets Fjordantologi.