Det første nummeret i den nye årgangen har fått plass til heile fem vitskaplege artiklar, i tillegg til fire bokmeldingar.

Glenn-Eilif Solberg tar i sin idrettshistoriske artikkel føre seg den tidlege skiskyttarsportens utvikling i Noreg og spør seg kvifor og korleis skiskyting blei ein konkurranseidrett. Då skiskyting kom på det olympiske programmet mot slutten av 1950-talet, vart det forsøkt selt inn som ein sport med røter i jakt. Solberg viser her korleis sporten snarare hadde røter i langrenn med skyting, ein sport som i Noreg vart konstruert med militære siktemål på 1890-talet. Medan folkehelse og forsvar vart nedtona til fordel for rekordar og målbar konkurranse i idrettslivet generelt etter 1880, bidrar historia til skiskytinga til ei nyansering, og døme på at ein tilsynelatande ustoppeleg sportifiseringsprosess vart påverka og bremsa av politiske konfliktar.

Dei to neste artiklane tar utgangspunkt i norsk økonomisk politikk på byrjinga av 1900-talet. Noreg var mellom dei siste vestlege landa som fekk ei aksjelov (1910). Nils Rune Langeland ser i sin artikkel på bakgrunnen for og debatten om aksjelova, og diskuterer dei lange linene i betydninga av lova. Aksjelova var ifølgje Langeland eit svar på ei systemkrise i kapitalismen (mangel på transparens ved kredittgjeving) som vart identifisert alt på midten av 1800-talet. Reguleringar i samband med første verdskrigen og tida etter gjorde at lova lenge fekk mindre praktisk betydning, og Langeland argumenterer for at først i samband med liberaliseringa av finansmarknaden i 1980-åra vart eit nytt grunnlag for ein organisert kapitalisme i rettslege former som før første verdskrigen lagt.

I sin artikkel diskuterer Jan Thomas Kobberrød den såkalla paripolitikken si politiske historie. Med utgangspunkt i sentrale bidrag i debatten diskuterer han kven som fatta avgjerdene om å vende tilbake til pari kurs. Kobberrød sluttar seg eit stykke på veg til Sejersteds kritikk av den etablerte framstillinga av sentralbanksjef Rygg som «skurken» i forteljinga, samtidig som han argumenterer for at kjeldemateriale som Sejersted ikkje nytta, gjer det nødvendig å modifisere framstillinga hans.

Det norske Holocaust og deportasjonane 1942/43 har dei siste åra blitt mykje debattert. Med utgangspunkt i landssvikarkivet diskuterer Olav Bogen i sin artikkel rolla til nordmenn frå Germanske SS Norge i sjølve arrestasjonane. Bogen argumenterer for at bruken av SS-mennene skulle sikre ei grundig og lojal gjennomføring. Bogen viser også at 30 prosent av SS-mennene vart dømde for medverknad til Holocaust under rettsoppgjeret, men at tidspunktet for domfelling hadde stor betydning for straffeutmålinga på dette punktet.

I den siste artikkelen tar Robin Sitter og Hilde Henriksen Waage føre seg Noregs fredsbevarande bidrag i Libanon i perioden 1978–1982. Dei spør seg kvifor Noreg bidrog og kvifor norske styrkar ikkje vart trekte ut då dei ikkje var i stand til å oppfylle FN sitt mandat. Dei meiner at FN si særstilling i norsk utanrikspolitikk gjorde at avgjerda om å delta vart tatt på «autopilot». Samtidig argumenterer dei for at dei politiske kostnadene ved å trekke seg ut vart sett på som for store sjølv då norske militære leiarar såg på oppdraget som meiningslaust frå 1982.

Frode Ulvund

Ansvarleg redaktør