Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Verdige og verdifulle relasjonar?

Karl Evang og Torgeir Kasa om homoseksualitet i 1932
Dignified and valuable relationships?
Karl Evang and Torgeir Kasa on homosexuality in 1932
Førstebibliotekar, Skeivt arkiv, Universitetsbiblioteket i Bergen

Ph.d., 2010

Karl Evang og Torgeir Kasas artikkel om homoseksualitet i Populært tidsskrift for seksuell opplysning i 1932 nådde eit stort publikum og kom også i svenske og danske utgåver. Eg viser at artikkelen dels opprettheld eit syn på homoseksualitet som ein sjukeleg utviklingsmangel, og dels såg det som ei form for seksualitet som kunne aksepterast. Det siste var det aspektet som blei lagt mest merke til i samtida. Eg argumenterer for at synet på homoseksualitet må forståast i samanheng med Evangs ideal om heteroseksuelle forhold som baserte på gjensidige og kjenslemessige band mellom to likeverdige partar. Gjennom eit slikt nytt ideal for heteroseksualitet vart det vanskelegare å kategorisk avvisa homoseksualitet. Det vart skapt rom for det forfattarane karakteriserte som «verdige og verdifulle» likekjønna relasjonar.

Nøkkelord: Skeiv historie, seksualitetshistorie, helse- og velferdshistorie, sosiale rørsler

In 1932, Norwegian medical doctors Karl Evang and Torgeir Kasa published an article on homosexuality in the widely read Populært tidsskrift for seksuell opplysning (Popular Journal of Sexual Education). Kasa was a psychiatrist, Evang a young, radical physician who later rose to become perhaps the most important agent in the construction of the Norwegian health care system as Chief Medical Officer from 1938 to 1972. I argue that their article on homosexuality is one of the most influential texts on the topic in Scandinavia; it was translated, with slight adjustments, to Danish and Swedish, and also reached a significant number of readers in these countries. The article on the one hand saw homosexuality as a pathological developmental maladjustment, on the other hand as a kind of sexuality that was innate, thus normal and acceptable. The latter aspect was most striking to contemporary readers. I argue that the view of homosexuality in the article must be understood in light of Evang’s idea that heterosexual relationships should be based on mutual and emotional ties between two equal partners. Within this new conceptualization of love and sexuality, a space was created also for some kinds of same-sex relations, described by Evang and Kasa as «dignified and valuable».

Keywords: Queer history, history of sexuality, history of health and medicine, social movements

I 1932 publiserte legane Karl Evang (1902–1981) og Torgeir Kasa (1894–1974) ein artikkel om homoseksualitet i Populært tidsskrift for seksuell opplysning (heretter PT). Berre i denne forma nådde teksten ut til mange lesarar, tidsskriftet skal ha hatt eit opplag på om lag 30 000.1 Tidsskriftet blei etter kvart eit skandinavisk samarbeidsprosjekt, noko som gjorde at artikkelen om homoseksualitet kom i svenske og danske lett omarbeidde versjonar. I desse stod Kasa som forfattar saman med den unge svenske medisinstudenten Gunnar Inghe, som var knytt til seksualopplysningsorganisasjonen RFSU.2 Versjonane er noko ulikt disponert og har nokre ulike formuleringar, men mykje er rein omsetjing – meiningsinnhaldet er i all hovudsak det same.3 Difor vil fortolkinga mi gjelda også for desse utgåvene, sjølv om eg i hovudsak siterer frå den norske.

I tillegg blei artikkelen med berre små endringar tatt inn som eit kapittel i dei svært populære seksualopplysningsbøkene Evang gav ut etter andre verdskrig. Det er altså snakk om ein tekst med eit uvanleg stort nedslagsfelt, ein tekst som må ha verka inn på korleis folk har forstått homoseksualitet i heile Skandinavia. Teksten har vore omtalt i tidlegare forsking, men med tanke på utbreiinga er det påfallande at ei grundigare nærlesing ikkje føreligg. Av dei som tidlegare har vore innom artikkelen, har han dels vore lesen som eit pionerarbeid for større toleranse og fridom, dels som ein tekst som først og fremst handla om kontroll, sjukleggjering og disiplinering. Mitt utgangspunkt er ei tredje tilnærming som viser korleis teksten inneheld både ein aksept av visse former for likekjønna kjærleik og begjær, og sjukleggjering av andre. Eg undersøker kva kontekst artikkelen oppstod i, korleis han blei lesen i si samtid, og antydar til slutt kva ringverknader artikkelen og det synet på homoseksualitet han stod for, fekk utover på 1900-talet.

Artikkelen om homoseksualitet i korte trekk

Artikkelen om homoseksualitet kom i fjerde nummer av den første årgangen av PT, ein publikasjon som på det tidspunktet allereie hadde rukke å bli både populær og berykta. Tidsskriftet var tett knytt til Socialistiske legers forening, som Evang hadde vore med på å stifta året før, og var bore fram av ei rekke unge radikale medisinarar – inspirert av sosialistisk tankegang, sosialmedisin og radikal psykoanalyse.4 Desse impulsane er også tydeleg til stades i artikkelen om homoseksualitet.

I tråd med si tid tar Evang og Kasa utgangspunkt i ei medisinsk forståing av homoseksualitet. Sjølv om dei diskuterer årsaker, behandling og førebygging, er hovudmålet å avdramatisera tematikken, skapa forståing for homoseksuelle sin vanskelege situasjon og å argumentere for avkriminalisering og samfunnsmessig aksept (om ikkje utan vilkår). Det psykoanalytiske perspektivet er tydeleg i måten Evang og Kasa skildrar korleis den menneskelege seksualiteten utviklar seg gjennom oppveksten: Det menneskelege driftsgrunnlaget var mangeforma (polymorft), og homoseksualitet var ei av dei opphavlege driftene hos alle menneske. Det var ikkje skadeleg om denne tiltrekkinga til personar av same kjønn fekk utløp i ungdomstida; problemet var om det skjedde ei forstyrring som gjorde at «den homoseksuelle trang» blei ståande.5

Men homoseksualiteten kunne ikkje berre forklarast som ei utviklingspsykologisk forstyrring. Hos nokre personar var homoseksualiteten «en medfødt eiendommelighet». I desse tilfella var det ikkje noko sjukleg, men «en variasjon i likhet med farveblindhet og andre variasjoner».6 Dette synspunktet liknar på det den tyske legen, sexologen og homoaktivisten Magnus Hirschfeld hadde stått for sidan slutten av 1800-talet.

I dei fleste tilfelle var det snakk om ein kombinasjon av psykologiske og biologiske faktorar, meinte Evang og Kasa. I tilfelle der det biologiske var hovudårsaka, viste dei til at behandling med kjønnshormon hadde vore prøvd, men dei var skeptiske til om dette hadde nokon effekt. Når det gjaldt den andre, erverva homoseksualiteten, også karakterisert som ein «lettere» form, viste dei til at både hypnose og psykoterapi hadde vore nytta som behandling med eit visst hell.

Men i slike tilfelle hadde dei større tru på at førebygging kunne verka: Det tradisjonelle negative synet på seksualitet hadde ført til at samfunnet hadde søkt å «demme op for kjønnsdriften». Strenge krav til moral og kjønnsleg fråhald (inkludert frå onani) hindra driftene frå å utvikla seg i «naturleg» retning, og gjorde at dei blei hemma eller feilutvikla. Det førebyggande låg då i ein motsett strategi: I staden for peikefingrar mot seksualitet før ekteskapet eller mot homoseksuelle forhold, gjekk Evang og Kasa inn for å legga til rette for «et fritt og utvunget forhold mellem de to kjønn i opvekstårene», slik at dei naturleg kunne trekkast mot einannan.7 Forfattarane såg altså føre seg det me kan kalla ei førebygging gjennom frigjering: midla var ein opnare tale om og eit mindre fordømmande syn på seksualitet. Då ville seksualiteten få utvikla seg sunt og naturleg.

Ei utvikling i denne retning ville ikkje berre førebygga homoseksualitet. Alternativt kunne det i mange tilfelle gjera at visse (uheldige og usunne) former for homoseksualitet ville vika for nye og betre: frå forhold knytt til prostitusjon og promiskuitet, til det Evang og Kasa karakteriserte som «verdige» likekjønna forhold som for dei homoseksuelle sjølv var «helt tilfredsstillende».8

I tråd med dette kritiserte Evang og Kasa straffeforfølginga av homoseksuelle – dei såg det som «urimelig at de skal stemples som forbrytere for en sykelig tilstand som de ikke selv kan for».9 Artikkelen enda med ein appell:

Av hensyn til den enkle og selvfølgelige menneskerett som disse tusener har på å føre et så lykkelig og verdig menneskeliv som mulig, er en endring nødvendig i den herskende morals og i samfunnets holdning overfor dem.10

Evang og Kasas artikkel verkar fort inkonsistent og sprikande på ein noverande lesar, og dei elementa som handlar om sjukdom, behandling og førebygging, blir lett iaugefallande. Dette var ikkje nødvendigvis det same som det dei samtidige lesarane la mest merke til. Før eg går nærmare inn på mi lesing av teksten, vil eg sjå på bakgrunnen for at artikkelen blei skriven, og kva syn på homoseksualitet som rådde før 1932.

Karl Evang og Torgeir Kasa

Som ung lege med tilknyting til den politiske venstresida fekk Karl Evang på slutten av 1920-talet ansvar for ei legespalte i vekebladet Arbeidermagasinet.11 I eit radioprogram frå 1965 fortalde han at det strøymde på med brev om seksualitet, inkludert mange om homoseksualitet:

Her kom det da brever som skildret hvordan denne forferdelige kjensgjerning […] at man er annerledes enn de andre, hvordan den kjensgjerning begynte å gå opp for disse unge mennesker. De nektet å tro det selv til å begynne med. Og så kunne vi da gjennom brevene følge dem, særlig de som var på små steder, deres isolasjon, deres forsøk på å komme over dette, deres første kjærlighetsopplevelser, deres nederlag og deres seire. […] Da dette tidsskriftet for seksuell opplysning så ble gitt ut fra [19]32, så gav vi det ut i rekkefølgen av dette materialet vi hadde statistisk, og dette avsnittet om homoseksualitet kom da som fjerde.12

Historikaren Siv Frøydis Berg har peikt på at Evang sitt engasjement når det gjaldt seksuelle spørsmål, generelt ikkje berre reflekterte ein ideologisk posisjon, men òg var «resultat av en nærmest direkte oppfordring fra befolkningen».13 Breva som strøymde på, viser at dette også i høg grad gjaldt engasjementet hans når det gjaldt homoseksualitet.

Karl Evang vaks opp i ein embetsmannsfamilie i Oslo. Etter å ha studert medisin i to år, gjekk han i 1926 inn i den radikale organisasjonen Mot Dag og blei ein av dei ivrigaste freudianarane i organisasjonen.14 Blant anna inspirert av Katti Anker Møller var han opptatt av helsa til arbeidarklassekvinnene – han utførte sjølv illegale abortar. Då Mot Dag blei oppløyst i 1935, melde Evang seg inn i Arbeidarpartiet. Tre år seinare blei han utnemnd til medisinaldirektør, og han blei frå no av den kanskje aller mest sentrale figuren i norsk helsepolitikk fram til langt inn i etterkrigstida.

Bondesonen Torgeir Kasa frå Vang i Valdres er ein mykje mindre kjent aktør enn Evang. Etter fullført medisinsk embetseksamen i 1921 spesialiserte han seg innan psykiatri, blant anna som reservelege ved Ullevål sjukehus og som privatpraktiserande i Oslo.15 Dessutan var han frå 1931 Statens spesiallege for alkoholistforsorgen. I 1932 hadde han allereie utmerkt seg i offentlegheita i samband med ei sak der ein mann var tiltalt for sex med mindreårige gutar i 14–16-årsalderen. Politilegen hadde då kopla inn Kasa, då han skulle ha relevant erfaring. Til Dagbladet uttalte Kasa at det ikkje var mogleg med behandling når homoseksualiteten var medfødd, men sidan dette var eit tilfelle der den seksuelle utviklinga var stansa på eit uferdig stadium, hadde det lukkast han gjennom hypnose å «modna» seksualiteten til den tiltalte, det vil seie at mannen hadde utvikla seg til å bli heteroseksuell.16

Kjeldene seier ikkje noko meir om korleis samarbeidet mellom Kasa og Evang kom i stand. At Kasa stod som hovudforfattar også på den svenske og danske utgåva, gjer det naturleg å spørja om han var den som eigentleg skreiv også den norske artikkelen. Men kanskje forklaringa er at Kasa var ekspert i psykiatrien, disiplinen som på dette tidspunktet blei oppfatta som ekspertisen på feltet. I 1932 var det altså han som var ein etablert autoritet, ikkje dei unge radikale legane Evang og Inghe. Namnet hans gav med andre ord tyngd til argumentasjonen. Om det var Evang eller Kasa som gjorde mest av skrivearbeidet, er umogleg å seia. Som me skal sjå, gir det meining å lesa artikkelen i relasjon til andre tekstar i seksualreformrørsla, ikkje minst til artiklar og talar av Evang. Desse likskapane gjer det sannsynleg at Evang har vore aktivt med på å utforma artikkelen, men hovudpoenget er, uavhengig av kven som eventuelt gjorde mesteparten av skrivearbeidet, at teksten vev seg inn i seksualreformrørsla sin diskurs, og må lesast intertekstuelt med denne.

Kasa var altså representant for ein profesjon som på dette tidspunktet hadde fått statusen som ekspertkunnskapen om homoseksualiteten. Men det var ikkje berre psykiatrien som definerte samfunnet si forståing av homoseksualitet i 1932.

Synd og sjukdom: Synet på homoseksualitet før 1932

Tradisjonelt var den likekjønna seksualiteten definert som umoral eller synd, noko som igjen låg til grunn for ei kriminalisering av sex mellom menn som hadde eksistert i Noreg sidan mellomalderen.17 I straffelova av 1902 var dette vidareført i § 213, som slo fast at «utugtig Omgjængelse» mellom menn skulle straffast med fengsel inntil 1 år. Ein passasje om at påtale berre skulle finna stad «naar det paakræves av almene Hensyn», førte til at forbodet i praksis blei svært sjeldan brukt. Dette uttrykker ein ambivalens i norsk strafferettstradisjon der ein såg kriminaliseringa som eit tviegga sverd: Ei hyppig straffeforfølging kunne føra til offentleg tale om noko ein helst ønskte folk ikkje skulle vita om. Om ein slik kan identifisera ein kontinuitet, skjedde det også omtrent samtidig eit brot, ved at ein no i langt større grad enn tidlegare byrja å setja ord på den likekjønna seksualiteten. På dette tidspunktet byrja nemleg eit nytt fagfelt, psykiatrien, å problematisera avvikande seksualitet, og då på ein heilt bestemt (og ny) måte: Det nye omgrepet «homoseksualitet» blei introdusert og definert som ein medfødd sjukleg tilstand. Psychopathia sexualis (1886) av den austerrikske psykiateren Richard von Krafft-Ebing blei eit standardverk innan den underdisiplinen av faget som etter kvart fekk namnet sexologi, og på 1890-talet blei denne fagkunnskapen også introdusert i norske legetidsskrift og psykiatriske lærebøker.18 Tilhengarane av denne sexologiske tilnærminga argumenterte for at homoseksualiteten, som ein medfødd sjukleg tilstand, måtte behandlast eller førebyggast, i den grad det var mogleg, og at det var både inhumant og irrasjonelt å straffa. I Noreg målbar særleg psykiateren Henrik Dedichen dette synet.19

Den fremste representanten for disiplinen i Noreg, professor Ragnar Vogt, stod for eit anna syn: Rettnok forstod han det slik at homoseksuelle kjensler i mange tilfelle var medfødde, men i andre tilfelle var det slik at unge menneske hadde ein ubestemt seksualitet. Han meinte difor det var grunn til å verna ungdom mot homoseksuelle impulsar som kunne føra dei inn på feil «bane». Vogt gjekk dermed, som medlem av Straffelovkomiteen på 1920-talet, inn for at ein måtte ha ei høgre seksuell lågalder for homo- enn heteroseksualitet (21 år). Denne «forføringsteorien» kom til å stå sterkt i norsk psykiatri til langt ut i etterkrigstida.20

Dei teoretiske diskusjonane om homoseksualitet var før 1930-talet stort sett presenterte for legane internt i publikasjonar med sterkt avgrensa distribusjon. Likevel hadde det nye omgrepet «homoseksualitet» frå starten av 1900-talet så smått byrja å bli brukt i avisspaltene, oftast i samband med ein eller annan skandale eller straffesak. Evang og Kasa nemnde ei slik sak som eit døme på dei negative følgjene kriminaliseringa medførte, ei sak om pengeutpressing som hadde fått stor merksemd i 1932.21 Slik Evang og Kasa såg det, var homoseksualiteten framleis innhylla i mystikk og fordommar; folk sine haldningar var prega av mangel på kunnskap og på religiøse fordommar. Evang og Kasa oppfatta det slik at dei utfordra desse oppfatningane, og med sin appell om ei fullstendig fjerning av forbodet i § 213 (med lik lågalder) gjekk dei i praksis også mot forføringsteorien.

Den radikale seksualreformrørsla

I ein programartikkel i det første nummeret av tidsskriftet beskreiv redaktørane at det beståande samfunnet sitt syn på seksualitet og mangel på opplysning førte til at dei oppveksande generasjonane fekk store seksuelle problem som hemma både arbeidsevne og livsutfalding. Opplysning om seksualitet ut frå ein vitskapleg synsvinkel måtte til for å skapa eit nytt syn på seksualitet og gjera bot på det «hemmelighetsmakeri, fordømmelse, undertrykkelse, feilagtig veiledning» dei meinte råda.22 Den seksuelle opplysninga skulle bidra til den breiare samfunnsomveltinga i sosialistisk retning som snart ville komma. Tidsskriftet tok opp kontroversielle tema i samtida som seksualundervisning, onani, prevensjon, abort og kjønnssjukdommar.

På 1920-talet gjekk det føre seg ei internasjonalisering av arbeidet for seksuell reform, noko som resulterte i skipinga av Verdsligaen for seksualreform i 1928. Ligaen samla ei rekke framståande sexologar og seksualreformatorar med tilknyting til venstresida, kampsakene var omtrent dei same som i PT, og dei omfatta også avkriminalisering av likekjønna seksualitet.23

Evang kjende truleg godt til det internasjonale arbeidet og var sannsynlegvis klar over synet på homoseksualitet som inngjekk i dette. Evangs nære ven Elise Ottesen-Jensen var direkte involvert i ligaen sitt arbeid.24 Ho var ikkje minst sterkt inspirert av Magnus Hirschfeld, som i 1897 hadde starta verdas første organisasjon for homoseksuelle, og som spelte ei sentral rolle i Verdsligaen. Hirschfeld hadde vidareutvikla Krafft-Ebing sine teoriar om homoseksualitet som medfødd, men då som ein ikkje-sjukleg naturvariasjon. Mens psykiatrien blei oppfatta som ei disiplinerande kraft av historikarar på 1970- og 1980-talet, ein ny undertrykkar som tok over for eller supplerte teologane, har historikaren Harry Oosterhuis vist at Krafft-Ebing utvikla sine teoriar i tett dialog med folk som sjølv definerte seg som homoseksuelle.25 Undersøkingar av norsk psykiatri viser at heller ikkje i Noreg var denne historia eintydig repressiv.26 Magnus Hirschfeld var sjølv homoseksuell. Den biologiske, essensialistiske forståinga av homoseksualitet var altså ikkje aleine eit medisinsk påfunn, men også ei forståing og ein strategi som danna utgangspunkt for ei meir positiv sjølvforståing og politisk organisering blant dei homoseksuelle sjølv.

I Noreg fanst det nesten ingen som hadde forsvart ein Hirschfeldsk posisjon før 1932.27 Henrik Dedichen hadde rettnok lagt stor vekt på at homoseksualitet var medfødd, men han følgde ikkje Hirschfeld i at det ikkje var ein sjukdom. Heller ikkje i Sverige var det mange som delte synet om homoseksualitet som eit medfødd og ikkje-sjukeleg fenomen; det var ikkje eingong einerådande innan RFSU. Også i seksualreformrørsla fanst det sentrale personar som oppfatta homoseksualitet i lys av forføringsteorien og følgeleg gjekk inn for ein høgre seksuell lågalder.28 Evang og Kasa stilte seg derimot medvite i tradisjonen etter Hirschfeld: Dei beklaga at den kampen som mellom anna han hadde reist for å endra samfunnet sitt syn på homoseksualitet, ikkje hadde ført fram.29

Seksualitetens konstruktive kraft

I tillegg til påverkinga frå den tradisjonen innan sexologien som Magnus Hirschfeld stod for, var Freud og psykoanalysen også i høgste grad ein viktig referanse i artikkelen om homoseksualitet. Særleg innan venstreorienterte versjonar av psykoanalysen blei seksualiteten tilskriven ei konstruktiv og positiv kraft. Etablerte og tradisjonelle strukturar måtte endrast, slik at seksualiteten kunne setjast fri.

På eit møte i Studentersamfunnet i 1928 skilde Evang mellom fire typar for kjønnslege forhold mellom mann og kvinne: Dei tre første, prostitusjon, «kortvarige løse forbindelser» og ekteskapet i si tradisjonelle form, såg han som problematiske. Den fjerde forma støtta han derimot, dette var det han kalla «frie og personlig forpliktende forbindelser».30 Både her og andre stader går det fram at Evang sitt ideal var langvarige og likeverdige forhold basert på emosjonell nærleik og eit tilfredsstillande seksualliv. Dei var inngått mellom frie individ, og dei var forpliktande i den forstand at begge to gjekk inn i forholdet med «hele personlighetens innsats» og ikkje berre som eit mål for kortvarig nyting.31 Dei ideelle forholda var altså personleg forpliktande, noko som må tolkast som at forpliktinga ikkje var knytt til eit samfunnsmessig og institusjonelt nivå, men til sjølve relasjonen mellom to menneske. Forpliktinga låg òg på eit djupare nivå enn berre seksuell tilfredsstilling i kortvarig perspektiv: Det var snakk om ei djup, personleg tilknyting mellom personar av ulikt kjønn der det kjenslemessige og seksuelle gjekk opp i ei høgare eining. Sosiologen Anthony Giddens sine omgrep «plastisk seksualitet» og «reine relasjonar» kan til ein viss grad fanga opp dette synet Evang hadde på heteroseksuelle relasjonar: Det første er definert som ein seksualitet lausriven frå reproduksjon, og som dermed er fokusert på lyst og open for eksperimentering. Det andre er definert som «a relationship of sexual and emotional equality».32 Dei reine relasjonane eksisterer for si eiga skyld; det er forhold som ein blir verande i berre så lenge det blir sett på som tilfredsstillande for partane.33

Giddens ser den plastiske seksualiteten og dei reine relasjonane som typiske uttrykk for seinmoderne demokratiske samfunn, men opphavet til eit lystbasert og «demokratisk» syn på seksuelle relasjonar kan sporast lenger tilbake i tid. Kari Melby og Bente Rosenbeck har til dømes argumentert for at dei nordiske ekteskapsreformene i tidsrommet 1915–1929, som førte til større likestilling mellom kjønna, også gav spiren til eit syn på seksualiteten som lausriven frå forplantinga, altså ein plastisk seksualitet.34 I samfunns- og kulturdebatten kan ein dessutan sjå ei dreiing vekk frå ein viktoriansk sedelegheitsdiskurs til ei positiv oppvurdering av det seksuelle begjæret og eit fokus på den heteroseksuelle kjærleikens kraft i løpet av dei første tiåra av 1900-talet.35 Sjølv om det slik var generelle tendensar i samfunnet i retning av reine relasjonar og ein (hetero)seksualitet der individa si tilfredsstilling stod i sentrum (plastisk seksualitet), var Evang av dei som tok det lengst på 1920-talet. Talen hans i 1928 var ein radikal og open provokasjon i eit samfunn der ekteskapet for dei fleste trass alt framleis blei oppfatta som ein livsvarig relasjon som berre unntaksvis kunne oppløysast.

Det Evang tok til orde for, var altså eit nytt ideal for relasjonar som gav seksualiteten og kjenslene ei heilt ny rolle. Kari Hernæs Nordberg har peikt på at det hos PT og Evang låg eit imperativ om at seksualiteten, brukt på ein rett måte, ikkje berre var bra for individet, men også ei viktig kraft i samfunnet. Motsett skapte fortrengd eller ubrukt seksualitet ulykkelege liv og, i siste instans, eit uproduktivt og irrasjonelt samfunn.36 For Evang var seksualiteten forstått og legitimert ut frå lyst, ikkje ut frå reproduksjon eller etablerte verdiar og institusjonar,37 men ved at lystene blei sette fri og dermed gjekk opp i betre og meir tilfredsstillande former, oppnådde ein både nyting og nytte for individ og samfunn.

Frå konservativt hald blei det som fann stad i samtida, med sekularisering og ein seksualmoral frikopla frå religiøse dogme, oppfatta som ein omseggripande umoral som var djupt bekymringsverdig. For redaktørane av PT, som gode marxistar, var det derimot uttrykk for eit «gjennemgangsstadium, som fører frem til nye, bedre og høiere former for kjønnsliv enn de vi hittil har kjent», som det heitte i programartikkelen.38 Endepunktet for dette, den prosessen me i marxistisk ånd kan kalla seksualitetens dialektikk, var dei frie og forpliktande relasjonane som ville råda i ei framtid der seksualiteten skulle levast ut meir i samsvar med «menneskets natur».39 For Evang måtte seksualiteten vera formbar i den forstand at han skulle tilfredsstilla einskildindividet. Dei ideelle relasjonane hans var reine, idet dei var basert på eit emosjonelt og seksuelt band mellom to likeverdige individ. Det var verken økonomien til partnaren, sosial status eller andre ytre faktorar som skulle få definera den sunne og gode seksualiteten. Men som Kari Hernæs Nordberg har vist, var dette hos Evang tett knytt til eit nytteperspektiv på både individuelt og kollektivt nivå: ein sunn og god og fri seksualitet ville også bidra til eit større mål, eit betre samfunn.

«Verdige og verdifulle» relasjonar

Kasa og Evang avslutta artikkelen sin med å beklaga at samfunnet ikkje hadde anerkjent homoseksuelle den sjølvsagte menneskeretten å få leva «et så lykkelig og verdig menneskeliv som mulig»:

Dette er overordentlig ugunstig for de former for kjønsliv som de homoseksuelle derved drives over i, idet de homoseksuelle til en viss grad alltid føler sig som jaget vildt og vanskelig kan virkeliggjøre de verdige og verdifulle former for sitt seksualliv [mi utheving]. De drives således i høi grad over i prostitusjon, med egne, halvt hemmelige møtesteder.40

Ein annan stad i teksten står det at samfunnet hadde fortrengd homoseksualiteten og dermed hindra eksistensen av det som blei karakterisert som «verdige og for de homoseksuelle selv helt tilfredsstillende forbindelser [mi utheving]».41 Dei hevda også at homoseksuelle, «likesom mennesker med vanlig seksualliv, [har] det ønske å kunne leve i varig kjønnsforhold til et menneske».42

Dette må oppfattast som ein parallell til dei frie og forpliktande forholda Evang hadde stilt opp som eit heteroseksuelt ideal. Det kan til og med hevdast at det var dette idealet for heteroseksualitet, dette synet på korleis eit tilfredsstillande forhold skulle vera, nemleg fritt og gjensidig forpliktande og frikopla frå reproduksjonen, som igjen førte til at også homoseksuelle forhold kunne tilkjennast ein verdi. For om seksualiteten sin verdi ikkje først og fremst låg i reproduksjon, og om forhold ikkje først og fremst blei sett på som noko som skulle vera ei ramme rundt ein reproduktiv familieinstitusjon definert som eit økonomisk band mellom to (gjerne) ulikeverdige partar, opna det for også å anerkjenna seksuelle forhold mellom personar av same kjønn.

Evang og Kasas formuleringar om «verdige og verdifulle» relasjonar må altså tolkast som at idealet om frie og forpliktande relasjonar blei utvida til også å gjelda nokre forhold mellom personar av same kjønn. Det var i dette radikaliteten i artikkelen låg: Denne positive aksepten av visse homoseksuelle forhold som ikkje berre allernådigst kunne tolast, men som noko som òg blei tilkjent ei form for samfunnsmessig verdi, var knapt tidlegare høyrt i det norske ordskiftet.

Men kor langt gjekk denne aksepten? Evang og Kasa kritiserte samfunnet for å ha undertrykt homoseksualiteten og dermed skapt prostitusjon, «smussige forhold» og pengeutpressing.43 Kva som låg i desse «smussige forhold», blei ikkje konkretisert. Men igjen kan Evangs foredrag frå 1928 tena som ei utdjuping: Her hadde han for heteroseksuelle forhold sin del tatt avstand frå prostitusjon og det han kalla «kortvarige løse forbindelser». Også for heteroseksuelle ekskluderte Evang altså visse former for forhold ut frå ein historisk-dialektisk tanke om at samfunnet hadde pressa menneska inn i dårlege og lite tilfredsstillande tilhøve, og at desse i framtidas sosialistiske samfunn ville bli avløyst av betre og meir verdifulle forhold. For Evang var det ikkje berre prostitusjon og overdriven promiskuøs seksualitet som var dårlege og lite tilfredsstillande former for seksualitet: Også ekteskapet i si tradisjonelle form blei kritisert ut frå same tankegang.

Homoseksualitetens konstruktive kraft

I ei kritisk lesing av den svenske versjonen av artikkelen, som del av ein større analyse av den svenske seksualreformrørsla sitt syn på likekjønna begjær, har den svenske etnologen Pia Lundahl forstått han som eit døme på ei medikalisering og «kolonisering» av seksualiteten.44 Ho les forfattarane slik at homoseksualitet var «principielt förkastligt och bara undantagsvis möjligt att acceptera».45

Historikarane Urban Lundberg og Mathias Tydén har beskrive ein demokratisk fortolkingstradisjon av svensk (og skandinavisk) sosial- og velferdshistorie som særleg frå 1970-talet og utover blei sett under kritikk av ein kritisk tradisjon som la vekt på at velferdspolitikken også hadde sterke aspekt av kontroll og tvang (typiske døme på dette er kastrasjonslovene i Skandinavia).46 Lundahl kan seiast å stå i ein slik kritisk fortolkingstradisjon. Det same gjeld Rune Slagstads kritikk av Evangs prosjekt som uttrykk for ein «paternalisme» der ein skulle påføra befolkninga ei vitskapleg forståing av seksualiteten, ein «saklig erotikk» som skulle tena samfunnet.47 Lundberg og Tydén har kritisert både den demokratiske tilnærminga og den kritiske for reduksjonisme: Verkelegheita og aktørane er sjeldan eintydig gode eller vonde. Dei tar i staden til orde for ei tredje tilnærming, det dei kallar «kontekstualisme»: Ein må ta dei historiske aktørane sine ambisjonar på alvor, men samtidig forstå dei i ein strukturell samanheng.48

Ei slik kontekstualistisk lesing av Evang og Kasa (og Inghe) finn ein også hos idéhistorikaren Lena Lennerhed, som legg vekt på at artikkelen blei lesen som aksepterande og frigjerande i samtida.49 Den norske historikaren Kari Hernæs Nordberg har òg framheva at artikkelen tok til orde for aksept og avkriminalisering, samtidig som han også var sjukleggjerande.50 Begge legg vekt på at artikkelen måtte lesast som aksepterande i lys av konteksten.

Med utgangspunkt i ei kontekstualistisk tilnærming kan Lennerheds og Nordbergs analysar vidareutviklast. Artikkelen inneheld aspekt av både aksept og ekskludering. Dei forholda homoseksuelle var drivne til under dei noverande tilhøva, var ifølgje Evang og Kasa ikkje det mange av dei ønskte. Dermed valde dei heller å leva utan noko seksualliv i det heile, noko som i dei fleste tilfelle var ei «overordentlig hård påkjenning, som de fleste ikke kommer skadeløs fra».51 Her knyter igjen artikkelen an til Evang og PTs generelle forståing av seksualitetens funksjon: Det er beint fram skadeleg for menneske å ikkje leva ut seksualiteten og gå med ein hemma seksualitet. Om ein i staden gav dei homoseksuelle samfunnsmessig godkjenning, ville ein «[o]pnå en øket livsydelse og livslykke hos titusener av mennesker som nu åndelig forkrøbler».52

Her ser me det seksuelle imperativet og seksualitetens dialektikk overført på homoseksualiteten. Det var med andre ord ikkje berre uutlevd heteroseksualitet, men også uutlevd homoseksualitet, som ville ha ein negativ individuell og «samfunnsøkomisk» effekt.

Evang og PTs seksuelle imperativ kan lesast ikkje berre som eit uttrykk for ei frisetjing av seksualiteten, men også som eit krav om å leva ut seksualiteten på ein bestemt måte. Slik sett finst det eit disiplinerande aspekt her. Men for samtidige lesarar ser det ut for at det var det frigjerande som blei lagt merke til. Å hevda at også likekjønna seksualitet kunne bidra til nyting og nytte for individ og samfunn, og motsett at ei manglande realisering av denne seksualiteten kunne vera skadeleg, var ein særs radikal påstand i 1932.

Normalitet og avvik

Evang og Kasa har eit mindre gjennomsyrande patologiserande syn på homoseksualitet enn mange av (dei radikale) psykoanalytikarane i samtida. Mens Evang og Kasa opererte med ein fast, medfødd homoseksualitet som var ein «naturvariasjon» (i Hirschfelds ånd), meinte til dømes Wilhelm Reich at homoseksualiteten ville forsvinna om berre driftene blei frigjorde. Skilnaden blir at det hos Evang og Kasa også er rom for ein frigjord homoseksualitet, mens det hos Reich og andre venstreorienterte psykoanalytikarar berre handlar om ei frigjering til ein sunn heteroseksualitet.

Samtidig vidareførte forfattarane også eit patologiserande syn på homoseksualitet, særleg for dei formene som ikkje var medfødde, men erverva. Som me har sett, var dei her forsiktig optimistiske til at behandling kunne hjelpa, og endå meir til at førebygging kunne ha noko for seg gjennom det me har kalla førebygging gjennom frigjering.

Denne forma for førebygging hang tett saman med den seksualitetens historiske dialektikk som låg sentralt i PT og seksualreformatorane sitt generelle program: når hemmingar og undertrykking blei fjerna, ville seksualiteten gå over i betre og meir verdifulle former. Denne utviklinga, som først ville fullbyrdast under sosialismen, ville for homoseksuelle i nokre tilfelle innebera ei frigjering til sunn heteroseksualitet, for andre til ein betre homoseksualitet. Sunn heteroseksualitet var slik sett toppen av det seksuelle hierarkiet også for Evang og Kasa.

Det er likevel etter mi meining grunn til å understreka at dette ikkje betyr at Evang og Kasa såg på homoseksualitet som prinsipielt forkasteleg. I så tilfelle blir det uforklarleg at dei så eksplisitt omfamnar visse forhold for relasjonar mellom personar av same kjønn ikkje berre som akseptable, men også verdige og verdifulle og «produktive».

Trass i at erverva homoseksualitet blei omtala som ein utviklingsmangel, var det også i mange av dei psykoanalytisk inspirerte partia ein kime til eit meir positivt syn på den polymorfe, mangeforma, seksualiteten. Fleire stader blei skiljet mellom normal og unormal seksualitet relativisert.53 Til dømes blei det polymorfe driftslivet skildra med positivt lada adjektiv, seksuallivet blei skildra som «langt rikere og mer allsidig enn de fleste mennesker forestiller seg».54 Også skilnaden mellom kjønna blei relativisert: Det var ikkje dei kvinnene som var mest feminine eller dei mennene som var mest maskuline, som var sunnast: «Det er den rike blanding som gjør menneskene så forskjellige og livet så mangeartet.»55

Denne oppfatninga om kjønn som til ein viss grad flytande, hadde vore fremja tidlegare av sexologar og kan også hevdast å vera i tråd med hormonforskinga på det skrivande tidspunktet. Men måten Evang og Kasa framstilte det på, var uvanleg positiv.56

Evang og Kasa opna altså for ei relativisering av normalitet i sin seksuelle visjon som skilde seg ut frå både samtidige psykoanalytikarar og tidlegare sexologisk influerte legar (som Dedichen).

Resepsjon og kontinuitet 1932–1972

Den vide distribusjonen av tidsskriftet i dei tre skandinaviske landa gjorde at svært mange må ha lese artikkelen. Berre brokkar av denne resepsjonen, korleis artikkelen blei lesen og forstått, er mogleg å rekonstruera i dag. Her vil eg berre antyda kva verknadshistorie artikkelen fekk.

For det første må det nemnast at artikkelen blei møtt med motstand: I Sverige var han til og med medverkande årsak til at tidsskriftet blei etterforska for usedelegheit (men frikjent).57 Me veit også at Nasjonal Samling i Noreg i 1936 protesterte mot Evangs syn på homoseksualitet.58 Evang sitt medvit om dette var sannsynlegvis medverkande til at han sytte for å få breva han hadde fått om homoseksualitet, brende då nazistane okkuperte landet.59

På den andre sida blei artikkelen også positivt mottatt. I brev til RFSU uttrykte ein mann at han etter å ha lese den svenske versjonen av artikkelen fekk eit nytt syn på seg sjølv og byrja å sjå seg «som en normal människa».60 Den norske forfattaren Sigurd Bodvar skreiv i ei memoarbok at han kom til ei ny erkjenning som gjorde at han blei «satt i stand til bedre å bære det», og at han kunne innleia eit forhold til ein mann, no utan «moralske tømmermenn».61

Også aktivistar som Elise Ottesen-Jensen og Eric Thorsell, dei to personane i RFSU som hadde det mest positive synet på homoseksualitet, var svært begeistra for innhaldet. Førstnemnde brukte å tilrå homoseksuelle som skreiv til henne, å lesa nettopp denne artikkelen.62 Sistnemnde hadde på 1930-talet vore på studieopphald ved Hirschfelds institutt i Berlin, og hadde utan hell forsøkt å starta ein skandinavisk homo-organisasjon på 1930-talet, og uttalte seinare at artikkelen var «en av de bästa jag någonsinn läst i ämnet».63

Medan Thorsell mislykkast med å starta ei organisert rørsle på 1930-talet, blei det etter krigen danna organisasjonar i dei tre skandinaviske landa. Då Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) blei skipa i 1950, hadde fleire av pionerane lese Evang og Kasa sin artikkel og var inspirerte av den.64 Tre år før hadde artikkelen blitt republisert i Evangs tobandsverk Seksuell opplysning.65 Formannen i DNF-48, Rolf Løvaas, møtte også ved eit høve Torgeir Kasa, men det ser ikkje ut for at det kom noko nærmare samarbeid ut av det.66 Det som appellerte til så vel Ottesen-Jensen og Thorsell som dei norske tidlege homoaktivistane, var openbert oppfatninga om homoseksualitet som ein medfødd normalvariasjon som ikkje burde straffast. At Kasa og Evang i tillegg hadde sett på det som ein eigenskap som kunne vera ein erverva utviklingsmangel, var ikkje noka hindring. Tvert om var det slik at både Thorsell og ein av dei tidlege norske homoaktivistane, Øivind Eckhoff, meinte at realiseringa av eit opnare syn på seksualitet, og større høve for gutar og jenter å møtast på ein naturleg måte, kunne bidra til å redusera utbreiinga av homoseksualitet.67 Premissen om at homoseksualitet måtte førebyggast, om mogleg, blei fremja av DNF-48 også i prosessen fram mot at § 213 blei fjerna i 1972.68

Det som var stridens kjerne i den norske homodebatten fram til 1972, var spørsmålet om «forføring». I 1953 blei det igjen foreslått at § 213 skulle erstattast av ein høgre seksuell lågalder for homo- enn heteroseksualitet. Denne gongen var psykiateren Ørnulv Ødegaard premissleverandør som medlem i Straffelovrådet. Han hadde allereie to år før meldt bekymring til Helsedirektoratet over verksemda til DNF-48 i høve ein brosjyre dei hadde gitt ut (Evang responderte med: «Det er trykkefrihet i landet, og vi har (heldigvis) ingen censurmyndighet.»)69 Som helsedirektør stilte Evang seg i sitt høyringssvar i 1954 skeptisk til det faglege grunnlaget for å innføra ein diskriminerande høgre seksuell lågalder.70 Evang gjentok i eit radioprogram i 1965 at han meinte homoseksualitet burde vera heilt straffritt. Endeleg kom Evang og Helsedirektoratet med ei fråsegn som støtta DNF-48 sin argumentasjon for ei fullstendig avkriminalisering.71

Det er altså tydeleg at dei tidlege norske homo-aktivistane var påverka direkte av Evang og Kasas artikkel. Me kan også skimta ein liknande måte å forstå homoseksualiteten på (hos Øivind Ekchoff). Ei nærmare studie av dette, og ikkje minst av korleis særleg Karl Evang vidareførte engasjementet frå 1932 i si rolle som helsedirektør, kunne vore interessant. Det er ikkje urimeleg å sjå ei linje frå artikkelen i 1932 via fråsegnene frå helsedirektøren i høvesvis 1954 og 1971: Begge høyringssvara uttrykker skepsis overfor forføringsteorien og dermed overfor forslaga om særreglar med høgre seksuell lågalder for likekjønna seksualitet. Denne linja i Evangs engasjement må utforskast nærmare, men me kan i alle fall slå fast at det er ein kontinuitet i engasjementet hans som går mot tidlegare oppfatningar om at den unge seksualradikalaren Evang blei borte i etterkrigstidas teknokratiske helsedirektør: Som i mødrehygienearbeidet kan me i homoseksualitetsspørsmålet sjå ein kontinuitet i Evang sitt engasjement.72

Avslutning

Etter opphevinga av straffeparagrafen i 1972 skjedde det ei oppbløming av homorørsla. Dette saman med andre samfunnsendringar bidrog også til ein heilt annan tone enn den som hadde råda heilt frå 1932 og fram til 1972. Frå å vera i ein «forsvarsposisjon», der rørsla i det minste av strategiske omsyn slutta seg til premissen om at førebygging var ønskjeleg, kunne no homofili omfamnast som «en verdifull livsform», som det stod i DNF-48 sin føremålsparagraf frå 1973.73 Den seksualpolitiske radikaliseringa gjorde at ikkje berre tekstar som Evang og Kasa sin, men òg haldningane i den tidlege homorørsla, blei oppfatta som gamaldagse og problematiske.

Evangs visjon for ein seksualitet og kjærleik som likeverdige relasjonar tilpassa den einskilde, likna på mange måtar på vår tids dominerande ideal for intimitet og samliv. Men tidlegare har Evang, seksualreformatorane og kulturradikalarane sitt seksualsyn blitt oppfatta som ein heteroseksuell visjon, dei har vore sett på som agentar for ei heteroseksualisering av kulturen. Eit hovudpoeng i denne artikkelen har derimot vore at også visse former for homoseksuelle forhold blei inkludert i det nye seksuelle idealet. Artikkelforfattarane opererte ikkje lenger med ei tradisjonell måte å dela inn i legitim og illegitim seksualitet på der ekteskapet og reproduksjonen stod sentralt. Evang og Kasa skilde i staden mellom på den eine sida hierarkiske, ufrie, nevrotiske og usunne (hetero- og homoseksuelle) relasjonar og på den andre sida likeverdige, frie og sunne (hetero- og homoseksuelle) relasjonar. I 1932 var dette radikale idear som blei oppfatta som frigjerande for mange. I dag kan dei seiast å utgjera den normative forventinga – den hetero- og homonormative konsensusen – for korleis intimitet, seksualitet og kjærleik bør levast ut.

Litteratur

Andresen, A., & Elvbakken, K.T. (2017). Karl Evang og mødrehygienesaken. Om lojalitet, nøytralitet og faglig uavhengighet i helseforvaltningen (1938–1972). Norsk statvitenskapelig tidsskrift, 33(2), 137–154. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2936-2017-02-03 

Balder, B. [psevd. for Sigurd Bodvar]. (1953). Du skal skrive ditt liv. Oslo: Tiden.

Berg, S.F. (2002). Den unge Karl Evang og utvidelsen av helsebegrepet. Oslo: Solum.

Berge, B. (2016). Attråverdige fellesskap? Familieforståing i homorørsla 1973–2008 (masteroppgåve). Universitetet i Bergen, Bergen.

Brochmann, G. (red.). (1938). Studentene fra 1913. Oslo: Bokkomiteen.

Dagbladet. (1932, 13. januar). Er sedelighetsforbryteren fra Bekkelaget helbredet ved hypnose?

Dedichen, H.A.Th. (1906). Om Homoseksualitet. Tidsskrift for nordisk retsmedicin og psykiatri, 6, 152–180.

Evang, K., Hansen, O.G., & Lange, C.V. (1932). Vårt program. Populært tidsskrift for seksuell opplysning, 1(1), 3–7.

Evang, K. (1947). Seksuell opplysning. Oslo: Tiden.

Evang, K. (1951). Seksuell opplysning. En populær framstilling av kjønnslivet og dets problemer. Oslo: Tiden.

Forbundet av 1948, Den norske seksjon. ([1951]). Hva vi vil. [brosjyre].

Friele, K.-C. (red.). (1970). § 213. Onde eller nødvendighet? Oslo: Det norske forbundet av 1948.

Friele, K.-C. (1970). Det Norske Forbundet av 1948 – en presentasjon og orientering. I K.-C. Friele (red.), § 213. Onde eller nødvendighet? (s. 7–10). Oslo: Det norske forbundet av 1948.

Friele, K.-C. (1990). Troll skal temmes. Oslo: Scanbok.

Giddens, A. (1997). The transformation of intimacy. sexuality, love & eroticism in modern societies. Cambridge: Polity Press.

Halsos, M.S. (1999). § 213 i Almindelig borgerlig straffelov av 1902. Homoseksualitet i Norge og rettslige sanksjoner mot den fra slutten av 1800-tallet til 1972 (hovedfagsoppgave). Universitetet i Oslo, Oslo.

Hedin, M., Lundberg, U., Rydström, J., & Tydén, M. (red.). (2007). Staten som vän eller fiende? Individ och samhälle i svenskt 1900-tal. Stockholm: Institutet för Framtidsstudier.

Heli, A. (2006). Åpen om det forbudte. Oslo: Pax.

Hellesund, T. (2003). Kapitler fra singellivets historie. Oslo: Universitetsforlaget.

Johansen, H.M. (2019). Skeive linjer i norsk historie – frå norrøn tid til i dag. Oslo: Samlaget.

Jordåen, R. (2003). Frå synd til sjukdom? Konstruksjonen av mannleg homoseksualitet i Norge 1886-1950 (hovudfagsoppgåve). Universitetet i Bergen, Bergen.

Jordåen, R. (2010). Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960 (doktorgradsavhandling). Universitetet i Bergen, Bergen.

Jordåen, R. (2017). Homoskandale! Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909. I R. Botheim, I.M. Baadsvik, G. Valderhaug & A. Wiig (red.), «Han e’ søkkane go’!» Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes (s. 424–445). Oslo: ABM-media.

Jordåen, R. (2018). Homodebatt anno 1928. Melk, (6), 10–17.

Jordåen, R. (2019). Utpressingssaka i 1932. Skeivopedia. Henta frå https://skeivtarkiv.no/skeivopedia/utpressingssaka-i-1932.

Kasa, T., & Evang, K. (1932). Homoseksualitet. Populært tidsskrift for seksuell opplysning, 1(3), 234–364.

Kasa, T., & Inghe, G. (1933). Homosexualiteten, Populär tidskrift för sexuell upplysning, 1(4), 20–27.

Kasa, T., & Inghe, G. (1934). Homoseksualitet. Populært tidsskrift for seksuel oplysning, 2, 42–74.

Kasa, T., & Evang, G. (1947). Homoseksualitet. I K. Evang (red.), Seksuell opplysning (b. 1, s. 170–200). Oslo: Tiden.

Kristiansen, H.W. (2008). Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Oslo: Unipub.

Lennerhed, L. (2002a). Sex i folkhemmet. RFSUs tidiga historia. Hedmora: Gidlunds förlag.

Lennerhed, L. (2002b). Avvikelse eller variation? RFSU om homosexualitet på 1930- og 1940-talet. Lambda Nordica. Tidskrift för homosexualitetsforskning, 8(2), 35–45.

Linder, D.H. (1996). Seksualpolitikk og kvinnekamp. Historien om Elise Ottesen-Jensen. Oslo: Tiden.

Lundahl, P. (2001). Intimitetens villkor. Kön, sexualitet och berättelser om jaget. Lund: Universitetet i Lund.

Lundberg, U., & Tydén, M. (2007). Stat och individ i svensk välfärdspolitisk historieskrivning. I M. Hedin et al. (red.), Staten som vän eller fiende? Individ och samhälle i svenskt 1900-tal (s. 17–39). Stockholm: Institutet för Framtidsstudier.

Melby, K., & Rosenbeck, B. (2009). Reproduksjon som fortolkningsramme for de nordiske velferdsstater. Foucault møter Giddens. Tidsskrift for kjønnsforskning, 33(1–2), 28–46.

Nordberg, K.H. (2003). Om nytelse og nytte. Seksualitet i Populært Tidsskrift for Seksuell Opplysning (hovedoppgave i sosiologi). Universitetet i Oslo, Oslo.

Nordby, T. (1989). Karl Evang. En biografi. Oslo: Aschehoug.

Oosterhuis, H. (2000). Stepchildren of nature. Krafft-Ebing, psychiatry, and the making of sexual identity. Chicago: University of Chicago Press.

Rydström, J. (2001). Sinners and citizens. Bestiality and homosexuality in Sweden 1880-1950 (doktoravhandling). Stockholm University, Stockholm.

Silverstolpe, F. (1980). En homosexuell arbetares memoarer. Järnbruksarbetaren Eric Thorsell berättar. Stockholm: Barrikaden.

Slagstad, R. (1998). De nasjonale strateger. Oslo: Pax.

World League. (1929). World League for Sexual Reform. Proceedings of the second congress, Copenhagen 1.-5.: VII: 1928. København: Levin & Munksgaard.

Østbye, H.N. (red.). (1943). Nasjonal Samlings historiske kamp 1. 1933-1940. Oslo: N.S. Rikspropagandaledelse.

Aarset, A.H. (2000). Rettslig regulering av homoseksuell praksis 1687–2000. Oslo: Institutt for offentlig rett.

1Berg 2002: 87.
2Kasa & Inghe 1933; Kasa & Inghe 1934. Om Inghe, sjå Linder 1996: 107, 124.
3Skilnadene er små, for eksempel er påstanden om at alle menneske har ein homoseksuell komponent, forsiktig modifisert i den svenske versjonen (Kasa & Evang 1932: 245; Kasa & Inghe 1933).
4Berg 2002: 87–90 og Nordberg 2003.
5Kasa & Evang 1932: 255.
6Kasa & Evang 1932: 254.
7Kasa & Evang 1932: 259.
8Kasa & Evang 1932: 260.
9Kasa & Evang 1932: 264.
10Kasa & Evang 1932: 218.
11Nasjonalbiblioteket: NRK, «De homofile og samfunnet», radioprogram sendt 1.7.1965, https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_dra_1990-01775P, henta 13.8.2020.
12Ibid.
13Berg 2002: 120.
14Nordby 1989: 38–42.
15Brochmann 1938: 140.
16Dagbladet 1932: 1.
17I det følgjande baserer eg meg på tidlegare forsking, m.a. Halsos 1999, Jordåen 2003 og 2010 og Aarset 2000. For eit oversyn over norsk skeiv historie, sjå Johansen 2019.
18Jordåen 2010.
19Sjå t.d. Dedichen 1906: 180 og Jordåen 2017.
20Halsos 1999: 63–64.
21Om saka i 1932, sjå Kristiansen 2008: 72–76 og Jordåen 2019.
22Evang et al. 1932: 5.
23World League 1929: 10.
24Nordby 1989: 46–49; Linder 1996: 97.
25Oosterhuis 2000.
26Jordåen 2010.
27Læraren og forfattaren Alf Martin Jæger er eit unntak (jf. Jordåen 2018).
28Rydström 2001: 175.
29Kasa & Evang 1932: 245, Kasa & Inghe 1933: 12.
30Berg 2002: 116; Nordby 1989: 48.
31Berg 2002: 117.
32Giddens 1997: 2.
33Giddens 1997: 58.
34Melby & Rosenbeck 2009: 37.
35Hellesund 2003: 184.
36Dette er sentralt hos PT, jf. Evang et al. 1932: 14–15.
37Nordberg 2003: 1.
38Evang et al. 1932: 13.
39Evang et al. 1932: 17.
40Kasa & Evang 1932: 245.
41Kasa & Evang 1932: 260. Meiningsinnhaldet er det same i den svenske og danske versjonen: Samfunnet hindrar homoseksuelle i å finna «värdiga former för sexuellt liv»; dei som trass i dette finn likesinna å leva saman med, er heldige, då dei får «möjlighet till en sund och naturlig utlösning och tillfredsställelse» (Kasa & Inghe 1933: 10, jf. Kasa & Inghe 1934: 55).
42Kasa & Evang 1932: 260.
43Kasa & Evang 1932: 260 jf. Kasa & Inghe 1933: 10, og Kasa & Inghe 1934: 55.
44Lundahl 2001: 94.
45Lundahl 2001: 108.
46Lundberg & Tydén2007: 18.
47Slagstad 1998: 178, 315.
48Lundberg & Tydén 2007: 28–30.
49Lennerhed 2002b: 42; Lennerhed 2002a: 165.
50Nordberg 2003: 72.
51Evang & Kasa 1932: 246.
52Evang & Kasa 1932: 246 jf. Kasa & Inghe 1933: 10 og Kasa & Inghe 1934: 56.
53Også Nordberg har observert dette, at PTs seksualsyn innebar tvitydige grenser som også opnar for «å anerkjenne det seksuelle mangfold som faktisk eksisterer» (Nordberg 2003: 79).
54Kasa & Evang 1932: 235.
55Kasa & Evang 1932: 241.
56I omtalen av sadisme, masochisme og fetisjisme i boka Seksuell opplysning frå 1951 hevda Evang at det ikkje gjekk nokon skarpe linjer mellom normalt og unormalt, i naturen var det uklare overgangar: «Hvis det ikke skader andre, bør man som alminnelig prinsipp følge den regel at hvert menneske har rett til å bli lykkelig på den måte som passer for det» (Evang 1951: 378).
57Lennerhed 2002b: 42; jf. også Evang i NB: NRK, «De homofile og samfunnet».
58Østbye 1943: 259.
59NB: NRK, «De homofile og samfunnet».
60Lennerhed 2002a: 161, sjå òg s. 159.
61Balder 1953: 91.
62Lennerhed 2002b: 39.
63Silverstolpe 1980: 117; Linder 1996: 99, 121.
64Skeivt arkiv. Universitetsbiblioteket i Bergen: Rolf Løvaas, Brev frå Løvaas til Kasa, 12/4 1950. Heli 2006: 13.
65Kasa & Evang 1947. I 1951 kom ei ny utgåve av Seksuell opplysning der kapittelet om homoseksualitet var revidert, vesentleg ved at funna frå Kinsey-rapporten var gjort greie for (Evang 1951).
66Skeivt arkiv: Løvaas, Løvaas til Kasa, 12/4 1950.
67Silverstolpe 1980: 115; Kristiansen 2008, 198–200.
68Friele 1970: 8.
69RA: Helsedirektoratet, «Homoseksualitet». Notat til Helsedirektøren fra Kontoret for psykiatri 20.12.1951, handskriven påskrift datert 4/1 1952.
70RA. Helsedirektoratet, Helsedirektoratet, Kontoret for psykiatri H4, Saksarkiv 166, mappe 6 Homoseksualitet. Fråsegn frå Helsedirektoratet til Justidepartementet, underskrive Karl Evang og Christofer Lohne Knudsen, 27. januar 1954, s. 2-3.
71Friele 1990: 178; Halsos 1999: 169–170.
72Jf. Andresen & Elvbakken 2017.
73Berge 2016: 58.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon