Korleis har ulike førestillingar om det nordiske prega norsk musikk i perioden frå 1905 fram til i dag? I kva grad har dette vore ei kjelde til musikalsk nasjonalisme, i kva grad har norsk musikk vore nasjonalismen sin antitese?

Desse spørsmåla er utgangspunktet for samlinga The Nordic Ingredient. European Nationalisms and Norwegian Music since 1905, som samlar åtte ulike bidrag frå ein konferanse i Bergen vinteren 2018, i tillegg til to bidrag som vart presenterte på eit seminar i Oslo i 2016. Utgjevinga er eitt av resultata frå det tysk-norske forskingsprosjektet «Nordic music politics.» Resistance, Persecution, Collaboration, and Reintegration in Norway’s musical life 1930-1960. Utgangspunktet for dette prosjektet var at verknadane av den svært dramatiske utviklinga i Europa i 1930- og -40-åra på norsk musikkliv, er understudert. Prosjektet tok òg mål av seg til å setja Noreg på kartet i den etter kvart omfangsrike litteraturen om dei verknadane som Nazi-Tyskland sin ekspansjon hadde på musikklivet i Europa.

Dette utgangspunktet rammar òg inn den føreliggjande publikasjonen. Men han går på same tid langt utover dette. Etter ein kort introduksjon startar samlinga med eit bidrag av Ina Rupprecht. Dette er ein analyse av korleis Edvard Grieg har vorte skildra i den biografiske litteraturen. Deretter følgjer ein artikkel om resepsjonen av Richard Wagner i Noreg mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, skriven av Andreas Bussmann. I det tredje bidraget tek Ingrid Loe Landmark føre seg idear om nasjonal musikk i Noreg i mellomkrigsåra. Deretter følgjer eit bidrag om monumentalisme i norsk musikk mellom 1930 og 1945, som Arnulf Mattes står bak. Dette vert følgt av eit bidrag om kulturpolitikken i det okkuperte Noreg 1940-45, skriven av Michael Custodis. Det neste bidraget, skrive av Friedrich Geiger, analyserer Harald Sæveruds «Kjempeviseslåtten» som ein motstandskomposisjon. Deretter følgjer Arvid O. Vollsnes sitt bidrag om gjenreisinga av norsk musikkliv etter okkupasjonen. I det påfølgjande bidraget ser Michael Custodis på førestillingar om det nordiske og det ariske som eit utgangspunkt for den nye høgresida sin musikk. Arnulf Mattes står òg bak eit bidrag som handlar om Edvard Grieg sitt etterliv i norsk minneskultur. I det siste bidraget skriv Boris Previšić om totalitarisme og musikk.

Samlinga er såleis kronologisk oppbygd, og tek føre seg eit vidt spekter av tema knytt til norsk musikkliv i heile perioden frå slutten av 1800-talet fram til i dag. Den gjennomgåande tematikken dreier seg likevel om sambandet mellom norsk nasjonalkultur og europeisk kultur og tilhøvet mellom musikalsk-kunstnarleg autonomi og politisk avhengigheit. For båe desse tematikkane sin del er det sentrale elementet korleis idear om det nordiske har stått i ei konstant spenning mellom, på eine sida, å vera ein estetisk og, på den andre sida, ein politisk-ideologisk ressurs. Denne spenninga har utgangspunkt i rolla som norsk musikkliv og norske komponistar fekk i norsk nasjonsdanning mot slutten av 1800-talet. Eit sentralt og overordna mål i denne fasen var å påvisa den indre samanhengen i norsk historie for å legitimera norsk sjølvstende. For musikklivet sin del vart det såleis viktig å finna eller å rekonstruera det som vart sett som det genuint norske. Med dette vart folkemusikken ei kjelde til den klassiske musikken i perioden, noko som framfor alt manifesterte seg i Edvard Grieg sine arbeid.

I Grieg si eiga levetid vart denne spenninga på sett og vis opplevd som uproblematisk. Tvert om – som Arnulf Mattes skriv – vart Grieg eit nasjonalt ikon alt medan han levde. Posisjonen som nasjonalt ikon har tilsynelatande vorte større og større med åra, og ein føresetnad er at minnet om Grieg på mange vis er kopla frå det som var det ideologiske utgangspunktet for virket hans. I det ein kan kalla for minneskulturen om Grieg er han transformert til ein berar av nasjonen sitt moralske medvit. Her står han fram som humanist og fridomskjempar og ein representant for universelle verdiar. Grieg si rolle er altså ikkje ulik den Fridtjof Nansen har i norsk minneskultur. Men ein føresetnad for Grieg sin ikoniske posisjon ligg òg i sjølve det estetiske uttrykket i musikken hans. Arnulf Mattes skriv at Grieg sin musikk stimulerer til ei kopling mellom individuelt og kollektiv minne. Musikken er spekka med attkjennande element i form av referansar til landskapet, den nedarva munnlege kulturen så vel som til folkeleg mytologi.

Arven frå Grieg og det estetiske programmet som han representerte, har på same tid vore problematisk. Eitt tilhøve er oppfatninga av at modernismen slo seint igjennom i norsk musikk. I tiåra etter 1900 vart musikklivet i fleire europeiske land prega av modernismen. Noreg opplevde som kontrast ei musikalsk-estetisk renasjonalisering i den same perioden. For ettertida har dette vorte sett som ei stengsle for at modernistiske uttrykk fekk gjennomslag. Noko som òg har vore problematisk, er at ein av frontfigurane for denne renasjonaliseringa, David Monrad Johansen, melde seg inn i Nasjonal Samling i 1941 og vart landssvikdømd etter krigen.

Monrad Johansen si rolle har difor i seg sjølv gjort det vanskeleg å studera det nasjonale uttrykket i norsk musikk i mellomkrigsperioden. I bidraget sitt problematiserer Ingrid Loe Landmark dette på ein interessant måte, ved å analysera nokre av arbeida til komponistane Eivind Groven, Bjarne Brustad og Klaus Egge. Dei tre var alle typiske representantar for utviklinga i musikklivet i perioden. Bidraget får fram korleis arbeidet til desse komponistane var prega av ein søken etter å inkorporera nye element, trass i at norsk folkemusikk var utgangspunktet. For ettertida har det danna seg ein dikotomi mellom dei to omgrepspara «nasjonal» og «modernistisk». Musikkhistoriografien har såleis underkjent at det nasjonale uttrykket i mellomkrigsåra òg var prega av den samtidige modernismen. Musikken i mellomkrigsåra har ikkje vorte studert på eit sjølvstendig grunnlag, men heller vorte vurdert ut frå etterkrigskonteksten.

På eit meir allment plan viser Ingrid Moe Landmark sitt bidrag òg det som er den store fortenesta ved utgjevinga The Nordic Ingredient og prosjektet som denne spring ut av. Kombinasjonen av musikkestetisk analyse og historiografi tilfører båe desse felta ny kunnskap og nye innsikter, på same tid som det opnar opp for nye problemstillingar og vidare utforsking. På den andre sida peikar dette òg på nokre av veikskapane ved antologien. Fleire av tekstane er prega av ein skrikande mangel på kontekstualisering. Dette gjeld både i høve til periodane som tekstane handlar om, og historieskrivinga om desse periodane. Alt innleiingsvis går det gale i så måte. Her vert det reflektert om korleis det norske samfunnet innretta seg utetter 1900-talet, om korleis nasjonalt sjølvstende og demokrati vart kombinert med utbygginga av velferdsstaten: «The leading social democratic government had to unite all political factions, and envision political projects that could define a progressive future for Norway» (s. 7). Som ein generell karakteristikk av norsk historie i tiåra etter 1905 står ikkje denne utsegna til truandes.

Andre veikskapar ved den historiografiske innretninga i denne utgjevinga kunne òg nemnast. Tilhøvet mellom modernisering og nasjonalisme har til dømes vorte diskutert i nordisk historieforsking i fleire tiår, utan at dette er særleg reflektert. Slike veikskapar må til ein viss grad sjåast i samanheng med at dette heller enn å vera ein antologi er ei samling konferansebidrag som er trykte meir eller mindre i den forma dei vart haldne. Dette er faglege tekstar med ein viss vitskapeleg signatur, men som ikkje fyller krava til vitskapeleg publisering. Mange, for ikkje å seia alle dei enkeltståande tekstane, ville krevja ei omfattande omarbeiding om dei skulle publiserast som sjølvstendige historievitskaplege arbeid. Men på same tid har denne type utgjevingar ein verdi. Konferanserapporten er ei form som nesten har forsvunne frå den faglege ålmenta. Verdien av denne typen publikasjonar ligg nettopp i at ein evnar å tangera interessante problemstillingar i nye samanhengar, noko som opnar for å fortolka det kontekstuelle på nye måtar. Difor fortener òg samlinga The Nordic Ingredient ei melding i Historisk tidsskrift.