Distriktspolitikk i Noreg vart for første gong formulert som politisk felt og iverksett i praksis etter den andre verdskrigen. Distriktspolitikken handla om særskilde tiltak for å stimulera næringsliv og busetjing i eit bestemt geografisk område. Startpunktet var satsinga på å byggja opp att Nord-Noreg. Då Distriktas utbyggingsfond (DU) vart skipa i 1961, markerte dette distriktspolitikkens nasjonale gjennomslag. I boka Distriktspolitikkens historie i Norge gjer forfattaren Håvard Teigen, professor i regional økonomi og politikk, greie for etableringa av Nord-Noreg-programmet og utviklinga av ein nasjonal distriktspolitikk. Han granskar den vidare utviklinga innanfor ramma av skiftande politiske regime og økonomiske konjunkturar i ulike tiår heilt fram til regjeringsskiftet i 2013. Sentralt i dette står 1960-åra med gjennombrotet for satsinga på vekstsenter, industrireisingas primat og dominans i distriktspolitikken fram til og med 1970-åra, reformuleringa og intensiveringa av distriktspolitikken i og med EF-striden og oljeøkonomiske ringverknader, distriktspolitikken under høgrebølgja i 1980-åra, nedlegginga av DU og opprettinga av Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond (SND) i 1993, brytinga mellom regional og nasjonal næringspolitikk i det same tiåret, skipinga av Innovasjon Noreg i 2003, og til sist den innovasjonspolitiske vendinga ved inngangen til 2010-talet, der distriktspolitikken stundom kunne verta vurdert som ei sperre for etterlengta innovasjon i distrikta.

Tidsramma for Distriktspolitikkens historie i Norge er frå 1945, med hovudvekta etter 1960, til utpå 2010-talet. Denne tidsbolken vert handsama over 12 kapittel og i eit etterord, «Sentrum og periferi i norsk historie». Men Håvard Teigen har ogso skrive eit innleiingskapittel om «tida før distriktspolitikk vart oppfunne», der han teiknar politiske og økonomiske utviklingslinjer heilt frå 1814 og oppgjeret med merkantilismen, og formannskapslovene av 1837 og etableringa av det kommunale sjølvstyret. Vidare identifiserer han norske økonomiske og demokratiske særtrekk både på 1800-talet og på 1900-talet, og landar i dei første åra etter 1945, med planøkonomiens gjennomslag og industrireisinga i høgsetet.

I perioden 1814 til 1945 framhevar Teigen sambandet mellom demokratisk og økonomisk utvikling i Noreg, og ogso sambandet mellom utviklinga i distrikta og nasjonsbygginga. Han siterer Jens Arup Seip og «det norske system», men kunne like gjerne ha drege fram Francis Sejersted sitt syntetiserande omgrep «demokratisk kapitalisme», eit omgrep som ogso er eigna til å forstå det særeigne i industrialiseringa av Noreg, jamført med dei prosessane som fann stad i andre land. Uavhengig av omgrep og tradisjonar: Teigen får fint fram det handfaste utgangspunktet for distriktspolitikken etter 1945. Krisa i mellomkrigstida hadde i fleire område gitt ei forsterka satsing på primærnæringar og manglande industriell utvikling. Det var dei ikkje-industrialiserte områda som vart arena for distriktspolitikken. Distrikta skulle moderniserast og utviklast med hjelp av industrireising. Samstundes var Arbeidarpartiet, som hadde handa om distriktspolitikken i dei formande åra fram til 1965, ogso eit landsbygdparti. Alt En norsk 3-årsplan. Veien frem til en socialistisk planøkonomi i Norge av Aksel Sømme og Ole Colbjørnsen bar bod om at venstresida ogso ønskte ein viss balanse mellom jordbruk og industri, og ogso mellom by og land.

I forordet skriv forfattaren at boka er eit resultat av kjeldestudium og interesse for historie, og ogso med bakgrunn i hans arbeid som forskar i regjeringsoppnemnde utval og i utgreiingsarbeid innanfor det distriktspolitiske feltet. Dertil har forfattaren hatt lange samtalar med mange sentrale politikarar. Det er diverre ikkje spesifisert i forordet kva utval og utgreiingsarbeid det er tale om, og det går heller ikkje fram kva politikarar Håvard Teigen har samtala med. Det er synd, for slike oversyn gir meirverdi både når det gjeld perspektiv og truverd. Rett nok kjem det fram i eit par fotnotar i kapittel 9 («Omstilling og nyorientering i Willoch og Brundtlands tid») at forfattaren som forskar leverte bidrag til Bygdeutvalet tidleg i 1980-åra og under dette greidde ut ordninga med næringsfond. Men nokre enkle avklaringar innleiingsvis ville uansett ha vore eit gode.

Forfattaren er frå før etablert som ein av dei fremste forskarane innanfor distriktspolitikkens utvikling i Noreg, med både samfunnsvitskaplege og historievitskaplege publikasjonar. Boka er utstyrt med ei solid og fyldig litteraturliste som ogso dokumenterer det omfattande granskingsarbeidet som ligg til grunn. Eit stort tal stortingsmeldingar, offentlege utgreiingar og stortingsproposisjonar står sentralt i dette, frå St.meld. nr. 85 frå 1951, Om utbyggingsprogram for Nord-Norge, til Meld. St. 13 (2012–2013), Ta heile Noreg i bruk. Distrikts- og regionalpolitikken. Men ei bok som tek mål av seg til å framstilla heile soga, kunne gjerne har vore meir tydeleg på det munnlege kjeldegrunnlaget, og ogso forfattaren si rolle i ulike utgreiingar. Når ein so under lesinga finn ut at forfattaren ogso byggjer på dokument frå privatarkivet etter ein av dei mest sentrale aktørane i dei første tiåra av soga, nemleg Erik Brofoss, og at aktørforklaringar står heller sterkt i fleire delar av boka, so gjer dette tydeleg at ein i innleiinga kunne ha gjort seg meir flid med å klargjera grunnlaget for framstillinga. Litteraturlista burde ikkje få stå åleine, men kunne fått selskap av oversyn over arkiv og munnlege namngjevne kjelder.

Nord-Noreg-programmet (NNP) hadde brei politisk tilslutnad ved oppstarten i 1951. Det rådde ei erkjenning av at det var trong for særskilde tiltak i Nord-Noreg generelt og særskilt i Finnmark. Forutan å vera innramma av tryggingspolitiske vurderingar vart programmet utforma i tråd med gjenreisingstidas vektlegging av eksportindustri, overgang frå lågproduktive til høgproduktive gardsbruk og fiskebåtar, og flytting av arbeidskraft frå gamle primærnæringar til ny industri. Programmet hadde i hovudsak tre økonomiske verkemiddel: Norge-Norge-fondet, spesielle skattereglar og ekstraordinære statstiltak. Teigen tek opp den kritikken som vart reist mot NNP i kjølvatnet av Ottar Brox si bok Hva skjer i Nord-Norge?, som kom ut i 1966. Men forfattaren viser at i dei årlege meldingane til Stortinget og i det etterfølgjande ordskiftet om NNP, so vart programmet i 1950-åra vurdert som vellukka. Næringsstrukturen i Nord-Noreg vart likare resten av landet, og talet på lønsarbeidarar auka. Veksten var sterkare enn landsgjennomsnittet, og landsdelens bidrag til bruttonasjonalproduktet auka. I 1950-åra gjorde suksessen med NNP sitt til at blikk og politikk ogso vart retta mot område i Sør-Noreg med vekstvanskar, anten desse låg ved kysten eller i innlandet. I 1960 vart røynslene med NPP grunnlaget for skipinga av ein nasjonal distriktspolitikk. Det viktigaste organet for vidare distriktsutbygging dei neste tretti åra, Distriktenes utbyggingsfond (DU), vart etablert i 1961 ved å slå saman utbyggingsfondet for Nord-Noreg og Arbeidsløysetrygdas utbyggingsfond. Gjennombrotet for vekstsenter-strategien i 1965 og Selskapet for Industrivekstanlegg (SIVA, etablert 1968) hadde grunnlag i erfaringar frå NNP, men var innramma av 1960-åras politikk og Borten-regjeringas maktovertak.

Teigen granskar nøye overgangen frå landsdelssatsinga gjennom NNP til den nasjonale satsinga ved DU. Bortsett frå den openberre kontinuiteten får han slik fram viktige dimensjonar, ikkje berre ved distriktspolitikken, men ogso ved det norske styringssystemet under Arbeidarpartistaten. Det eine er at DU fekk ei leiing som syner at det var ei høgt prioritert politisk satsing. Erik Brofoss (1908–1979) var finansminister 1945–1947, handelsminister 1947–1954 og direktør for Noregs Bank 1954–1970. I 1950-åra var han eit dominerande styremedlem i Utbyggingsfondet for Nord-Noreg, og frå 1961 vart han styreleiar for DU, ein posisjon han hadde heilt fram til 1978. «Han var ikkje ein styreleiar i ordets vanlege meining, men dominerte organisasjonen fullstendig med eit brennande engasjement i alt frå enkeltsaker til dei store vyane», skriv Teigen (s. 58).

Det andre viktige poenget til Teigen er at usemja om korleis distriktspolitikken skulle organiserast, var stor i regjeringspartiet og mellom ulike departement. Det var ein «sosialdemokratisk uorden» i Arbeidarpartistaten. Usemja kom til godt til syne idet Brofoss sette som eit vilkår for å verta styreleiar at DU ikkje skulle vera bunde av departementale sektorinteresser, men ha stort sjølvstende og handlefridom. Røynslene med Industridepartementet i handteringa av NNP gjorde det klart for Brofoss at departemental direkte styring var direkte hemmande, og dette sette han rikeleg med ord på i interne ordskifte. Trass sterke motsette interesser, særleg i Industridepartementet, fekk Brofoss det langt på veg som han ville. DU fekk ei heller fristilt rolle under Kommunaldepartementet. Korkje Industridepartementet eller Finansdepartementet vart direkte representert i styret for DU. Representasjonen av industri, kredittinstitusjonar og private næringsinteresser gjorde på si side sitt til at DU fekk ein breiare politisk tilslutnad i Stortinget og var prega av framhald jamvel med regjeringsskiftet i 1965. Erik Brofoss vart sitjande som styreleiar for DU under ulike regjeringar.

Seinare større organisatoriske endringar vert ogso utførleg granska. Det er i overgangane at Håvard Teigen identifiserer brot og kontinuitet i gamal og ny politikk. I 1993 vart Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) grunnlagt ved samanslåing av DU, Industribanken, Industrifondet og Småbedriftsfondet. SND vart lagt til Næringsdepartementet. I 2003 vart Innovasjon Noreg (IN) skipa som særlovsselskap ved ei samanslåing av SND, Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens veiledningskontor for oppfinnere, og med Nærings- og handelsdepartementet som eigar. Frå 2010 vart fylkeskommunane deleigarar i IN etter at Stortinget hadde vedteke dette i 2008. Målet var å styrka regionane sin innverknad i innovasjons- og næringspolitikk, og å samordna regional og nasjonal politikk.

Håvard Teigen kallar 1970-åra for «distriktspolitikkens gullalder». Samla sett var det ein verkemiddelrevolusjon, skriv forfattaren, men der den eksplisitte distriktspolitikken vart utfylt av ein breiare politikk som bidrog til stabilisering av busetjingsmønsteret og sysselsetjingsvekst i distrikta. Teigen er difor varsam med å gje berre det eine politikkfeltet for mykje av æra. Den økonomiske politikken i 1970-åra var særleg prega av to omstende, Noreg sin framvekst som oljenasjon og folkerøystinga som heldt landet utanfor EF. Stortinget sitt vedtak om inntektsopptrapping i jordbruket stod i ein slik samanheng. Og det er i 1970-åra at oppbygginga av velferdskommunen og den moderne fylkeskommunen skyt fart. Motkonjunkturtiltak etter oljesjokket med «Kleppe-pakkar» frå 1974 gav økonomiske stimulansar til både bygd og by. Når det gjeld den eksplisitte distriktspolitikken vart ordninga med billege lån i dette tiåret utfylt av eit spekter av distriktspolitiske verkemiddel som til dømes distriktsskattelov og investeringstilskot. Frå 1975 kom det aller viktigaste distriktspolitiske verkemiddelet, differensiert arbeidsgjevaravgift, på plass.

Med høgrebølgja i 1980-åra vart norsk økonomisk politikk endra. Det vart teke eit oppgjer med den store offentlege utgiftsveksten frå 1970-åra. Distriktspolitikken vart sett under diskusjon og delvis formulert på ny. Den einsidige vektlegginga av industrien som hadde rådd grunnen frå tidleg etterkrigstid, vart utfylt av realitetsorienterte vurderingar der andre næringar sin innverknad for økonomisk utvikling i større grad vart tekne omsyn til. Bygdeutvalet, oppretta av Brundtland-regjeringa i 1981, braut med gamalt tankegods, ogso på den måten at den tidlegare skarpe sektorinndelinga vart løyst opp på. Tidlegare hadde landbruks- og fiskeripolitikken vore ansvaret til høvesvise sektordepartement. Bygdeutvalet, leia frå Finansdepartementet, vurderte både primærnæringar og andre næringar.

Med Arne Rettedal (1926–2001) som kommunal- og arbeidsminister i Willoch-regjeringa frå 1981 til 1986 vart det kommunale tiltaksarbeidet, med kommunale næringsfond og tiltakssjefar som viktige kjenneteikn, revitalisert. Kompetanse, høgare utdanning og forsking vart gjeve ei viktigare rolle for utvikling i regionane. Ei rekkje regionale forskingsstiftingar vart skipa. Gjennom tiåret vart fokuset flytta frå einsidig satsing på industri og storbedrifter, til små- og mellomstore bedrifter innanfor ulike næringar. Støtta til lokale initiativ vart auka. Høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar si rolle for regional utvikling vart erkjent. Innovasjon kom inn som nytt omgrep, og innovasjon skulle skje gjennom fleire teknologispreiingsprogram der etableringa av regionale kompetansesenter skulle sikra spreiinga. FUNN-prosjektet, installeringa av eit nettverk av Norsk Data sine maskiner på 12 ulike stader i Noreg, var det største.

I laupet av 1990-åra vart løyvingane til den eksplisitte distriktspolitikken mindre, skriv Håvard Teigen. Rommet for statlege tiltak i den økonomiske politikken vart i tiåret etterpå snevra inn. I 2003 oppdaga Høgre-statsråd Ansgar Gabrielsen at «verktøykassa var tom». I og med at Statoil var delprivatisert, kunne ikkje norske verksemder gjevast fortrinn ved tildeling av kontraktar ved større utbyggingar. På denne tida kom det viktigaste distriktspolitiske verkemiddelet, den regionalt differensierte arbeidsgjevar-avgifta, under press fordi verkemiddelet var i strid med konkurranseregelverket i EU. To utval, Effektutvalet og Distriktskommisjonen vurderte innverknaden av statleg politikk for næringsliv og distrikt, men utan at distriktspolitikken vart gjeven ny kraft. I dei politiske diskusjonane som følgde synte det seg at EU-regelverket som hindra differensiert arbeidsgjevaravgift, på dette punktet hadde politisk støtte i Bondevik 2-regjeringa (KrF, Høgre og Venstre).

Internasjonalt har omgrepet «regionalpolitikk» vore det dominerande. Det norske omgrepet «distriktspolitikk» har vore ein variant av dette. Frå 1990-åra har det spesifikke distriktsomgrepet kome meir i bakgrunnen og den generelle regionalpolitikken vorte meir pregande. Typisk for skiftet synest det å vera at distriktsutbyggingsavdelinga i Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 bytte namn til regionalpolitisk avdeling. Håvard Teigen dokumenterer at den norske distriktspolitikken heilt frå starten var inspirert av ulike utanlandske døme, anten desse var henta frå praktisk politikk eller frå økonomisk teori. Områdeplanlegging og NNP var i 1950-åra inspirert av tankegods om planleggingsøkonomi og den aktive stat. Det vart mellom anna vist til amerikanske Tennessee Valley Authority. Då vekstsenter-satsinga kom inn i DU-lova i 1965, vart det for ein del bore fram på teori frå føretaksøkonomen François Perroux og med praktiske døme frå Nederland, Sverige og Storbritannia. Nyliberalt tankegods og New Public Management avgrensa det distriktspolitiske rommet i 1980- og 1990-åra, og ved inngangen til 2000-talet vart politikken ramma inn av innovasjonsteori og klyngetenking.

I fleire kapittel syner Teigen korleis dei utanlandske modellane vert søkt tilpassa og nytta i norsk samanheng. Eit særleg interessant kapittel i so måte er det forfattaren kallar «den innovasjonspolitiske vendinga» på 2000- og 2010-talet, der den nye organisasjonen Innovasjon Norge ikkje lenger hadde distriktspolitikk som klart definert ansvarsområde. Ved overgangen frå SND til IN fall den eksplisitte formuleringa om det distriktspolitiske oppdraget vekk frå lova. «Distrikt» vart fjerna frå namnet og fanst heller ikkje i organisasjonskartet. Distriktspolitikk vart underordna hovudmålet til IN, som var å bidra til innovasjon, internasjonalisering og profilering. «Det var innovasjon som skulle kjenneteikne IN som overordna strategi og mål, og det nye som organisasjonen skulle strekke seg etter, var arven frå Eksportrådet og alle utanlandskontora. Innovative bedrifter skulle ha eksportpotensiale», skriv forfattaren (s. 301). Kopla saman med den nye styringsskikken, der Riksrevisjonen førte tilsyn og ulike evalueringsverksemder vurderte i kva grad IN nådde måla, kunne ein aktiv distriktspolitikk stå i motsetnad til innovasjon (s. 304–305). Teigen løfter her fram det motsetnadsfylte mellom distriktspolitikken og innovasjonspolitikken. I same kapittel etterlyser han klokskapen i å lata Michael Porters importerte klyngeteori leggja so sterke praktiske føringar på eit nasjonalt verkemiddelapparat som for ein viktig del skulle rettast mot distrikt med folketalsnedgang og lang avstand til regionsenter. «Klynger: Finst dei i grisgrendte strok?» spør forfattaren, og slår fast at klyngeprosjekt sjeldan trefte arbeidsmarknadane med dei største distriktsproblema.

Boka Distriktspolitikkens historie i Norge har ein forteljande og drøftande stil, der den historiske utviklinga av distriktspolitikken vert lagt fram, analysert og forklart. Håvard Teigen har eit klart språk, fortel godt og leverer klargjerande analysar. Men boka har ikkje ei klar problemstilling eller eit forskingsspørsmål som vert introdusert innleiingsvis. Truleg ville det ha vore godt for boka å ta inn delar av etterordet «Sentrum og periferi i norsk historie» i innleiinga. Då kunne ein få fram kva som har vore distriktspolitikkens plass i tidlegare framstillingar, kva som er forskingsstatus, og kva som er forskingshola nett denne boka fyller. Slik boka ligg føre, er det altso først i etterordet, etter over 300 sider med forteljing og drøfting, at distriktspolitikkens forskingsstatus og historiografi vert sett fram. Ved å avklara kunnskapsstatus, problemstilling og forskingsspørsmål i innleiinga ville boka ha kunna vore strammare redigert, meir poengtert og avgrensa, og hatt færre gjentakingar. Boka er utstyrt med biografiar for einskilde sentrale politikarar, forskarar og departementsfolk, og andre oversyn. Desse er informative, men forlaget burde her ha gjort seg meir flid med å integrera og samordna dei med teksten slik at det betre gagna forståing og læring. I ei framstilling der dragkampane mellom ulike departement om ansvar og mynde i distriktspolitikken er tema, kunne enkle oversyn for organisasjonsendringar og merkeår ha gagna lesinga. Korrekturarbeidet er i alle fall ikkje tilfredsstillande utført. Det er for mange skrivefeil og einskilde stader kan det verka som «klypp og lim-metoden» har vore for hastig utført.

Folk som er interesserte i og forskar på norsk etterkrigshistorie, vil verta glade for denne boka. Det er i det heile eit stort gode at ein forfattar med Håvard Teigen sine omfattande kunnskapar om distriktspolitikken gir emnet ei samla historisk framstilling. Det er ei framstilling som avgrensar og gjer tydeleg distriktspolitikken i høve til andre politikkområde, og som evnar å få fram kva som på viktige punkt skil Noreg frå andre land. Bakgrunnen for eit spekter av ulike distriktspolitiske tiltak vert forstått og analysert ut ifrå kva som stod på spel i den tida tiltaka vart introduserte. Med detaljert innhaldsliste og stikkordliste vil boka ogso fungera som oppslagsbok for den som vil forstå det internasjonale og nasjonale bakteppet. Men boka fungerer ogso godt til å sjå dei lange linjene i distriktspolitikken etter 1945 og det historiske grunnlaget heilt tilbake til 1814.