Dette nummeret av Historisk tidsskrift er eit spesialnummer om skeiv historie, planlagt i samarbeid med Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen. Skeiv historie, ei omsetjing av det engelske «queer», er historia til lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og andre – gjerne avkorta til LHBT+. Dei har alle til felles at dei utgjer ein minoritet, anten på grunn av sine seksuelle preferansar eller eigen kjønnsidentitet.

Om to år er det 50 år sidan forbodet mot seksuelt samkvem mellom menn vart oppheva i Noreg. Heilt sidan kristenretten på 1100-talet hadde likekjønnsseksualitet vore forbode. Den gong var straffa å bli fredlaus. Med Christian Vs Norske Lov av 1687 vart straffa brenning på bål, før straffelova av 1842 innførte mildare straffer i form av straffarbeid. I 1889 vart seksuelt samkvem mellom kvinner tatt ut av lovgivinga, og straffelova av 1902 innførte eit krav om at tilhøvet måtte ha vekka offentleg forarging for at påtale skulle skje. Lovgivinga speglar ei religiøst motivert frykt for konsekvensane av seksuelt samkvem mellom same kjønn og for avvik frå etablerte normer for det å vere mannleg eller kvinneleg.

Historia om korleis skeiv praksis har blitt kriminalisert, illustrerer stigmatisering og undertrykking av avvik, og av dei som vart utstøytte som tilhøyrande ein seksuell minoritet. Sentralt i artiklane i dette nummeret er korleis avvikande kjønnsidentitet og seksualitet mellom same kjønn har blitt oppfatta og forstått over tid, og korleis det har blitt handtert av styresmaktene. Eksempelvis omtalte det utbreidde Salmonsens konversationsleksikon i 1921 homoseksualitet som uttrykk for unormal kjønnsdrift, og kopla det vidare opp til både medisinske forklaringar og uklar kjønnsidentitet: «Det dybest liggende Grundlag for den Abnormitet Homoseksualitet repræsenterer, er ikke kendt. Gennemgaaende er man tilbøjelig til at opfatte den som et Degenerationsfænomen paa det rent psykiske Omraade; nyere Teorier gaar ud paa, at Uregelmæssigheder i den saakaldte interne Sekretion skulde spille en Rolle, saa at Homoseksualitet skulde opfattes som et Fænomen, der var beslægtet med Hermafroditismen.» Korleis seksuelle tilhøve mellom personar av same kjønn vart omtalt offentleg, i politiske, moralske, religiøse skrifter og i rettsmateriale, trong sjølvsagt ikkje å korrespondere med korleis folk flest såg på dette. Det viser også dette nummeret.

Det at relativt få rettssaker var knytte til homoseksualitet, og utviklinga i lovgivinga elles, synleggjer også korleis dette historisk har vore eit tabu, og at det var ein frykt for å gi homoseksualitet merksemd. Om ikkje skeiv historie har vore eit tabu også innan historiefaget, har den historiefaglege merksemda rundt tematikken vore avgrensa. Først dei seinare åra har me sett ein aukande fagleg interesse gjennom masteroppgåver, doktoravhandlingar, bøker og artiklar. Ei styrking av feltet i norsk samanheng var etableringa av Skeivt arkiv i 2013. Arkivet skal ta vare på, dokumentere og formidle skeiv historie, og slik også legge til rette for forsking på feltet. I dette nummeret får me tydeleg demonstrert korleis neddyssing og diskresjon var ein vedvarande strategi i styresmaktene si handtering av likekjønnsseksualitet. Neddyssinga har marginalisert avvikande seksualitet og kjønnsidentitet i det offentlege rom, og bidrar sikkert også til å forklare kvifor skeiv historie tradisjonelt har vore så lite forska på. I sin artikkel i dette nummeret meiner Ola Teige at Runar Jordåens påstand frå 2015 – om at feltet knapt er utforska i Noreg – framleis er gyldig. Redaksjonen ønsker med dette spesialnummeret å spegle og fremje forskingsfeltet ved å presentere nye forskingsbidrag.

Artiklane illustrerer variasjonen på feltet, både tematisk og periodemessig. I den første artikkelen tar Ola Teige føre seg tidleg nytid. Han gir ei grundig historiografisk oversikt og diskuterer kvifor det på denne tida er så få kjende saker om «omgjengelse mot naturen» i Danmark-Noreg, i motsetnad til andre delar av Nordvest-Europa. Teige framhevar spreidd busetnad, lite medvit om homoseksualitet blant allmugen og styresmaktene sin strategi om å forteie som forklaringar på det. Gjennom ei nyoppdaga sak viser Teige døme på korleis det i eit lokalsamfunn vart tenkt og snakka om slike fenomen på 1690-talet – eventuelt korleis det ikkje vart snakka om det.

I den andre artikkelen diskuterer Tonje Louise Skjoldhammer korleis likekjønnsseksualitet mellom kvinner vart forstått på midten av 1800-talet. Seksuell aktivitet mellom kvinner vart sett på som imitasjon av «naturleg» omgang mellom mann og kvinne, der den eine parten måtte ta på seg rolla som mann. Med utgangspunkt i to rettssaker frå midten av 1800-talet argumenterer ho for at forståingar av likekjønnsseksualitet frå tidleg nytid framleis prega rettsvesenets handtering av sakene, men ho identifiserer, som Teige, samtidig kimar til ein meir moderne tankegang om homoseksualitet som identitet. Og som Teige viser Skjoldhammer at neddyssing var føretrekt strategi frå rettsapparatet i slike saker.

Med Runar Jordåens artikkel om dei norske legane Karl Evang og Torgeir Kasas syn på homoseksualitet flyttar me oss fram til 1900-talet. Jordåen analyserer artikkelen dei to hadde om homoseksualitet i Populært tidsskrift for seksuell opplysning i 1932, og argumenterer for at dei to både viste ei forståing av homoseksualitet som ein sjukeleg utviklingsmangel, men også som ei form for seksualitet som kunne aksepterast i visse former som «verdige og verdifulle» likekjønna relasjonar. Jordåen undersøker artikkelens kontekst, mottakinga i samtida og verknadene artikkelen fekk for synet på homoseksualitet utover på 1900-talet.

I den siste artikkelen tar Sigrid Sandal opp «transvestittbehandlingsspørsmålet» i Noreg i perioden 1952–1979. Sandal viser korleis norsk og internasjonal mediemerksemd omkring kjønnsskifteoperasjonar tidleg på 1950-talet fekk betydning for synet på og tilbodet til personar med ønske om å skifte kjønn i Noreg. Sandal argumenterer for at diskusjonen om eit norsk behandlingstilbod gir innsyn i forståinga av kjønn, kropp og identitet frå 1950-talet og fram til eit behandlingstilbod vart etablert ved Rikshospitalet på slutten av 1970-talet.

I tillegg til ei rekke andre bokmeldingar melder Jens Rydstrøm – ein nestor innan skeiv historie i Skandinavia – boka Skeive linjer i norsk historie frå norrøn tid til i dag. Boka, skriven av Hanne Marie Johansen, er den første samla framstillinga av norsk skeiv historie.

Frode Ulvund, ansvarleg redaktør