Det viktige og nye med denne introduksjonsboka er delen om forbruk og introduksjonen til teorien om ein «industriøs» revolusjon. Begge delar er eit klart sakn i eksisterande litteratur, og manglar i eksisterande lærebøker om norsk økonomisk historie før 1850.1

Denne boka og serien frå Cappelen Damm Akademisk tek opp konkurransen med Samlagets serie Utsyn>Innsikt. Desse seriane skal vere korte innføringsbøker i historiske emne, med kring 100 sider brødtekst i hendig a5 format. Kvalitetsreforma førte til ei oppdeling av historiefaget i små undervisningsemne som erstatta grunnfag og mellomfag. Marknaden for nye, korte introduksjonar er derfor absolutt til stades ved universitet og høgskular. Breie tema har dermed større salspotensial enn smale, men passar kortformatet til alle tema? Eit spørsmål både forlag, forfattar og meldarar må stille seg, er kva tema eller emne som passar til formatet og sjangeren. Er temaet for Hutchisons bok for vidt til å dekkjast av ei bok i denne sjangeren, for bøkene i kort-seriane har sjeldan så omfattande tema.2 Dette er hovudspørsmåla i denne bokmeldinga.

Boka er delt inn i fem kapittel på kring 20 sider kvar. Tittelen på boka er kronologisk, men kapitla er tematisk inndelte. Kortformatet gjer dette nødvendig. Boka skal vere ein kort introduksjon til Noregs økonomiske historie på 1700-talet. 1700-talet er definert som det lange 1700-talet, frå ca. 1680 til 1840, betydeleg lengre enn tittelen tyder på. Innleiingskapittelet gjer eit kort sveip over historiografi, teori og empirisk grunnlag. Dette er kort, men oversiktleg. Teori er avgrensa til Jan de Vries’ teori om den industriøse revolusjonen. Kapittel 2 er tradisjonelt med gjennomgang av befolkningsvekst og økonomisk politikk. Produksjonskapittelet (kapittel 3) er like tradisjonelt med den sektorvise gjennomgangen av dei fire næringane ved sida av jordbruk: fiskeri, trelast, sjøfart og bergverk. Kapittel 3 bygger i hovudsak på «standardverket» for perioden, band 1 i Norsk økonomisk historie, om tida 1500–1850. Nytt er at industri er lagt til som ei eiga næring og del av mangesysleriet. Med tidleg industri i 1700-talets kontekst er meint masseproduksjon av ferdigvarer for den norske marknaden. Produksjonen var i form av manufaktur, handverk og som heimeindustri (hushaldsproduksjon) på gardar og husmannsplassar. Dette er eit viktig perspektiv på (norsk) økonomisk historie i perioden, som Hutchison her løftar fram. Kapittel 3 fungerer også godt som eit oppspel til kapittel 4 om forbruk. Forbrukskapittelet er nytt i forhold til eksisterande litteratur, og derfor det mest nyttige og viktige kapittelet.3 Boka blir avslutta med eit oppsummeringskapittel. Brødtekst inkludert figurar og rammetekstar gjev totalt 113 sider.

Boka er ei lærebok. Korleis fungerer ho som det? Kvart kapittel blir avslutta med «Vil du lese meir». Desse fungerer godt, men denne delen kunne nok ha vore fyldigare. Til dømes har kapittel 2, som omhandlar demografi, ingen referansar til bøker eller artiklar om demografiske forhold. Rammetekstar er nytta til utdjuping, ordforklaring og til kjelder. Eit godt pedagogisk grep, men rammetekstar bør ikkje overstige ein side, for då bryt dei opp kapittel-teksten. Med rammetekstar over tre sider (t.d. s. 63–64, 90–92) mister lesaren lett tråden. Formatet gjer her kraftige avgrensingar på storleik og innhald til rammetekstar, noko forlag og forfattar må ha eit langt meir medvite forhold til. Boka har ein detaljert innhaldsoversikt og sju sider litteraturliste. Dette er nyttig for både læraren og studenten. Men den manglar liste over figurar og tekstboksar, og boka har heller ikkje saksregister. Dette hadde vore nyttig, særleg for læraren. Ein del ord og omgrep, til dømes «trekanthandel», er forklart i rammetekstar, men det kunne ha vore eit betre alternativ med ordforklaringar bak.

Økonomisk historie omfattar mange fortidige meteorologiske einingar (våg, pund, skilling) som treng ordforklaring. Ein kan innvende at lesaren kan finne desse raskt i lokalhistorisk wikipedia, men 2–3 sider kunne ha vore nytta på måleiningar og omgrep. Behovet for desse kan ein redusere ved å konvertere alle mål til metriske einingar, og det gjeld særleg i korte introduksjonsbøker. Våger fisk, alen silkeband eller tønner korn pr. person forvirrar meir enn det forklarar. Ein del av rammetekstane har referansar til SNL, til dømes sjukdomar og «demografisk overgang». Her burde forfattaren heller ha teke seg tid til å referere til andre lærebøker og relevant litteratur under «Vil du lese meir».

Boka sitt originale bidrag er kapittel 4 om forbruk. Tema og teori er alt introdusert i kapittel 1, og gjennom nokre av rammetekstane i produksjonskapittelet (kapittel 3) og siste del av kapittel 3 («Tidlig industri»). I kapittel 4 flyt teksten betre, og forfattaren er tydeleg på heimebane. Hutchison kan bygge på eiga forsking og prosjektet «Historiske- toll og skipsanløpslister».4 Teorien introdusert i kapittel 1 blir utdjupa, og integrasjon mellom ulike abstraksjonsnivå, mellom teori og empiri er klart betre. Derfor burde Hutchison ha vurdert å ta steget fullt ut, med å omdisponere boka, ved å la forbruk komme før produksjon. Dermed hadde introduksjonsboka fått den tilskjeringa og avgrensinga den hadde tent på. Bakgrunnsdelen om befolkning kunne hatt sterkare fokus på hushald, levebrød og giftermålsmønster som mekanisme for befolkningsregulering i perioden.5 Delen om demografisk overgang kunne med fordel vore fjerna og erstatta med europeisk giftermålsmønster (Hajnal) – som er langt meir relevant for perioden.6 Delen om økonomisk politikk kunne ha hatt særleg fokus på styring og kontroll av marknad, konsum og forbruk. Produksjonskapittelet kunne i større grad omhandla produksjon av ferdigvarer innan dei tradisjonelle sektorane, kampen mellom laug og byhandverk og den nye heimeindustrien.7 Dette kunne bane veg for spørsmål om kvifor og korleis økonomisk vekst var mogeleg innafor dei tilsynelatande statiske rammene i norsk produksjonsøkonomi. Eit anna økonomisk «under» i perioden er auken i arealproduktiviteten i jordbruket. Korleis forklarar vi dette? Derfor burde spørsmålet om auka sosial ulikskap og arbeidsdeling ha blitt følgt opp. Temaet er introdusert i kapittel 2, men ikkje følgt opp seinare i boka. Kjønnsarbeidsdeling er også så vidt nemnd under fiskeri, men burde ha vore drøfta i eit breiare perspektiv. Kjønnsperspektiv manglar heilt, og det er relevant både for forbruksendringar og auke i produktivitet. Hutchison har potensial til å komme med nye innsikter på desse gamle problemstillingane, ved å setje fokus på hushald, kjønn og heimeindustri innvevd i nye forbruksmønster.

Boka fungerer ikkje som ein kort introduksjon til Noregs økonomiske historie i perioden. Til det er temaet for omfattande og sprikande, og boka sitt kapittel 3 (produksjon) er for spinkelt. Framstillinga manglar eit gjennomgåande, overordna grep for å klare dette. Boka fungerer langt betre som introduksjon til nye perspektiv på økonomisk historie. Det trengst sårt. Boka kan tilrådast til der økonomisk historie både er sideordna, men og som hovudtema, til dømes industrialisering. Boka høver også godt for dei som studerer økonomisk historie i seinare periodar. Den er ein god introduksjon til tema «industriøs revolusjon», og kan derfor med fordel nyttast saman med anna pensum i økonomisk historie.

Eg ser derfor denne boka som første steg, og et forslag er at Hutchison bør ta steget fullt ut med ein introduksjonsbok om industriøs revolusjon og forbruk.