I dette nummeret av Historisk tidsskrift presenterer me tre vitskaplege artiklar, tre kommentarinnlegg til den nye utgåva av Med kjønnsperspektiv på norsk historie og til slutt fire bokmeldingar.

Me byrjar i mellomalderen og Sverre Bagge sin artikkel om konfliktane og tilhøvet mellom Håkon Håkonsson og Skule jarl i åra 1217–1240, ein periode som markerer overgangen mellom borgarkrigane og den såkalla stordomstida i norsk mellomalder. Bagge meiner konfliktane hadde sin bakgrunn nettopp i borgarkrigane og partidanninga då, og at striden er uttrykk for ei aukande betyding av dynastiet og byrjinga på ei kraftig utbygging av kongeleg administrasjon og rettshandheving. Slik blir tilhøvet mellom dei to sett inn i eit langtidsperspektiv der blikk på politisk kultur og statsutvikling er sentralt, og særleg strengare arvefølgereglar bidrog til eit meir stabilt styre.

I den andre artikkelen er temaet miljøhistorie. Finn Erhard Johannessen tar for seg korleis eit mogleg miljøproblem vart forstått og handtert i siste halvdel av 1700- og byrjinga av 1800-talet. Tangaskebrenning fekk stor økonomisk betydning i enkelte kystområde, då sluttproduktet var etterspurt i glasproduksjonen. Men produksjonen var røykfull og lukta vondt. Lokalt fekk derfor tangaskebrenning skylda for særleg dårleg fiske, men også for dårlege avlingar i jordbruket. Johannessen viser korleis styresmaktene handterte krav om forbod, og korleis ulike vitskaplege metodar blei tekne i bruk for å avklare kor miljøfarleg tangaskebrenninga faktisk var.

I den siste artikkelen i dette nummeret diskuterer Lars Christian Jenssen og Svein Carstens korleis arkivvitskapen har utvikla seg som ein sjølvstendig vitskapleg disiplin frå slutten av 1900-talet, og korleis dette har medført ei kløft mot historiefaget. Dei forklarer dette med ei teoretisk forskyving på arkivfeltet, frå arkivaren som først og fremst vaktar og beskyttar av arkivmateriale, til ein aktiv tilretteleggar og formidlar, og som resultat av digitalisering og eit postmoderne oppbrot med positivismen. Dei to fagfelta, arkivvitskap og historievitskap, blei fanga inn av nye problemstillingar og nye tenke- og forklaringsmåtar som bidrog til at dei orienterte seg i kvar sin retning, hevdar dei.

Historiefaget er eit mannsdominert fag. Det speglar seg ikkje berre i kjønnsfordelinga blant historikarar ved norske institusjonar og i kven som publiserer, men også i manglande kjønnsperspektiv i forskingsproduksjonen. Då den første utgåva av Med kjønnsperspektiv på norsk historie kom i 1999, var det som reaksjon på dette og på perspektiva som dermed prega historieskrivinga. Boka blei eit standardverk som også kom på mange pensumlister. I år kom ei betydeleg revidert utgåve av boka ut, skriven av Ingvild Øye, Hilde Sandvik, Gro Hagemann, Kari Melby og Hege Roll-Hansen. På forlagets nettsider blir den nye utgåva grunngitt med at mykje har skjedd i forskinga og i samfunnet dei siste 20 åra. Ifølge forlaget er 2020-boka skriven ut frå ein ny ståstad og for nye lesarar, og skal ta utgangspunkt i nye undersøkingar, metodar og perspektiv. Redaksjonen ønsker velkomen ein diskusjon om posisjonen til kjønnshistorie og kjønnsperspektiv i norsk historieskriving i dag, og har bedt Hilde Gunn Slottemo, Knut Dørum og Anders Ahlbäck kommentere den nye utgåva og korleis den reflekterer utviklinga på fagfeltet. Sjølv om dei alle på mange måtar er imponerte, er dei også samstemte i at boka saknar eit sentralt kjønnsperspektiv: mannen. Anders Ahlbäck viser også til at mannshistorie er lite utforska i Noreg samanlikna med våre naboland. Det gir det norske historikarmiljøet grunn til å reflektere over kvifor det er slik.

Til slutt i dette nummeret har me fått plass til fire bokmeldingar.

Redaksjonen