«I disse Dage er udkommet: Første Hefte af Historisk Tidsskrift udgivet af den norske Forening.» Notisen stod i Morgenbladet den 2. juni 1870, på dagen 150 år før dette nummeret av Historisk tidsskrift etter planen skal publiserast på Idunn.no. Notisen heldt fram: «Heftet indeholder: Om de kongelige Begravelser i Norge efter Hedendommen. Af. N. Nicolaysen. – Frederik III’s Hyldning i Christiania 1648. Af Yngvar Nielsen. – Bemærkninger om Stedsnavne i den søndre Del af Helgeland. Af Karl Rygh. – Tillægsbemærkning om Navnet Hålogaland, Helgeland. Af Sophus Bugge. – Et nordtysk Sagn om Olaf den Helliges Likkiste. Af L. Daae.»

Seinare same hausten kom andre heftet, og det tredje ved juletider same året. Det fjerde kom først hausten året etter. Årgangen vart dermed først komplett i 1871, som også noko upresist i ettertid har blitt ståande som tidsskriftets stiftingsår. Men det var altså i 1870 det byrja å kome ut, og det vart raskt eit mykje lese tidsskrift. Då Morgenbladet melde det andre heftet i desember 1870, blei det omtalt som ikkje mindre enn «vort mest utbredte Tidsskrift» (Morgenbladet 19. desember 1870). Det høge opplaget spegla den nye historiske foreiningas popularitet. Allereie i stiftingsåret hadde 1180 meldt seg inn, og alle fekk heftet. I tillegg abonnerte også andre foreiningar på tidsskriftet. Kvart år sidan 1870 har tidsskriftet sendt hefter ut til sine medlemmar og abonnentar, noko som gjer det til Noregs eldste vitskaplege tidsskrift i samanhengande verksemd. Redaksjonen planlegger eit jubileumsnummer utgitt til neste år, for å markere 150-årsjubileet til den første komplette årgangen.

Heftet utgitt 150 år etter det første er også innhaldsrikt. Ian Peter Grohse samanliknar mottakinga av framande i forvaltninga i Rakkestad og på Orknøyene på 1420-talet. Han hevdar her at Orknøyene, som autonom provins, i større grad var i stand til å fremje krav om restriksjonar mot framande ombodsmenn enn kva tilfellet var med Rakkestad, som var direkte underlagt den norske krona og det norske riksrådet.

Det «raude» Wien og austromarxismen som inspirasjonskjelde for norske sosialistar på 1920-talet er temaet i artikkelen til Eirik Wig Sundvall. Han viser korleis tillitsvalde i Arbeidarpartiet valfarta til den austerrikske hovudstaden, ein sosialdemokratisk enklave i eit elles konservativt land, og lét seg imponere av velferdsprosjekt, opplysningsarbeid og partiorganisering. Han konkluderer med at den austromarxistiske påverknaden på Arbeidarpartiet var langvarig og omfattande, og at den bidrog til å gjenreise sosialdemokratiet på Arbeidarpartiets venstrefløy.

Bjørg Seland diskuterer ulike kulturregionar i det sørlege Noreg frå 1880-talet og fram til 1950-talet. Med utgangspunkt i Gabriel Øidnes klassiske kartlegging frå 1957 diskuterer ho kvifor lekmannsrørsla vaks fram i det såkalla bibelbeltet på Sør- og Vestlandet. Ho legg særleg vekt på oversjøisk kulturkontakt og transnasjonale prosessar, i tillegg til næringsstrukturelle og mentalitetshistoriske tilhøve.

I den siste artikkelen tar Magne Brekke Rabben føre seg debatten om og bruken av tvangsmiddel i norsk psykiatri i første halvdel av 1900-talet. Rabben argumenterer for ei endring i synet på og praktiseringa av tvang, frå eit mål om total avskaffing av mekanisk tvang på byrjinga av 1900-talet til fordel for isolasjon og kjemisk tvang, til større tiltru til mekanisk tvang frå 1930-talet. Årsakene til endringa blir her diskuterte.

Til slutt har det blitt plass til fire bokmeldingar, ei av desse ei større dobbeltmelding av to sentrale bøker om norsk og nordisk offentlegheit på 1800-talet. Dei andre melde bøkene har tema frå mellomalder, metodefeltet og universitetshistorie.

Redaksjonen