Medan mellomalderhistorie har vore tillagt svært stor vekt sidan det moderne historiefaget fekk plass i den norske fagfloraen, er talet på tidlege kjelder for norsk mellomalder veldig lite samanlikna med europeiske land og kulturar lenger sør og vest. Kvar einskild av dei tekstlege kjeldene som finst, vert difor desto viktigare for norske historikarar. Det er såleis ei storhending når ein av dei første tekstane forfatta i og om Noreg får ei ny kritisk utgåve ført til pennen av ein av landets største latinfilologar dei siste tiåra. Egil Kraggerud si utgåve av teksten vår tid kjenner som Tjodrik Munks latinske historieverk om dei tidlege norske kongane, vil vere til glede og nytte i lang tid framover. Kraggerud sin tekst er ei grundig oppdatering og oppgradering av Gustav Storm si utgåve frå 1880, og vert gjort tilgjengeleg for dagens lesarar gjennom ei omfattande innleiing, fyldige kommentarar og ikkje mindre enn to omsetjingar, ei engelsk omsetjing utarbeida i samarbeid med Peter Fisher parallelt med den latinske teksten og Kraggerud si eiga norske omsetjing som eit appendiks. Med dette arbeidet har norske og internasjonale historikarar fått ei rikhaldig kjelde til kunnskap og forståing om korleis den tidlegaste perioden i den norske mellomalderkongerekkja vart oppfatta, eller var ynskt oppfatta, hjå den intellektuelle og litterære eliten i Noreg seint på 1100-talet.

Ingen kjende mellomalderhandskrift av teksten eksisterer i dag, og ei dekkjande handsaming av teksten krev difor eit omfattande detektivarbeid. Det rår tvil om både namnet til forfattaren og tittelen på verket, og Kraggerud si innleiing inneheld ein systematisk gjennomgang av kjeldesituasjonen og tidlegare forsking når det gjeld forfattar, tekst og tittel, og munnar ut i solid underbygde konklusjonar. Teksten finst i dag bevart i fem avskrifter frå den første halvdelen av 1600-talet. Storm kjende berre til tre av desse då han arbeidde fram si utgåve i 1880, så no ligg det føre viktig ny informasjon som gjer ei ny utgåve særleg verdifull. Kraggerud si utgåve skil seg såleis frå Storm si på fleire einskildpunkt, og alle desse punkta er lista med grunngjevingar for redaktørvala Kraggerud har gjort. Kraggerud argumenterer detaljert for at forfattaren sit namn opphaveleg var Theodoricus, og at han var augustinarkannik i Oslo. Tilnamnet monachus eller «munk», som Theodoric hadde fått før dei tidlegaste kjende avskriftene, må difor etter Kraggerud si meining vere ein feil som kom inn i traderinga av verket på eit nokså tidleg tidspunkt. Like eins meiner han at den opphavelege tittelen, i den grad verket hadde noko eintydig tittel, må ha vore De antiquitate regum Norwagiensium, som han på norsk omset med «Om de gamle norske konger», og ikkje Ecclesiastica Historia Norwagiensium eller «Nordmennenes kirkehistorie», slik dei fleste avskriftene seier. Innleiinga inneheld elles alt ein kan forvente frå sjangeren, inkludert ei framstilling av det me med rimeleg sikkerheit kan seie om forfattaren sitt liv og virke, kva kjelder han har brukt, korleis namn og tilnamn har vorte handsama ortografisk, og ein utfyllande presentasjon av tekstoverlevering, tidlegare trykte utgåver og særleg viktige redaktørval Kraggerud har gjort.

Sjølve utgåva er eit strålande stykke arbeid, slik ein kan forvente av ein filolog av Kraggerud sitt kaliber. Kraggerud har brukt nøye gjennomtenkt teiknsetjing for å tydeleggjere meiningseiningar i teksten, og han har valt å leggje stavemåtar så tett opptil mellomalderlatinen som mogleg. Ein finn difor u og e for Storm sine v og æ, og mykje arbeid er lagt ned i å kome så nær ei autentisk staving av person- og stadnamn som mogleg. Hovudsakleg er ei konservativ linje vald når det gjeld emendasjonar, og Kraggerud sine eigne konjekturar er i all hovudsak lagt til det kritiske apparatet. Berre når den overleverte teksten synest klart korrumpert, finn ein Kraggerud sine eigne emendasjonar i hovudteksten. Det kritiske apparatet er oversiktleg og nøyaktig, noko som stiller heile overleveringstradisjonen tilgjengeleg for lesaren på ein måte som er genuint til hjelp meir enn til forvirring. Eit teikn på at denne boka siktar mot ei målgruppe utover tekstfilologar, er at det kritiske apparatet er forklart i større mon enn det som er vanleg, noko som ytterlegare styrkar måten utgåva gjer teksten tilgjengeleg på. Denne meldaren har ikkje funne døme på redaktørval i utgåva som ikkje lar seg forsvare; alle vala er underbygde, og om fleire av dei kan diskuterast, er utgåva presentert på ein slik måte at ein diskusjon basert på alt materialet kan finne stad.

Kommentarane til teksten fylgjer som eigen bolk i boka etter den parallelle latinske og engelske teksten, og er hovudsakleg av filologisk art. Her vil lesarar finne ytterlegare hjelp til å kome tettast mogleg innpå Theodoricus sin uttrykksmåte og det denne kan fortelje oss om korleis han forstod fortid og notid. Kraggerud forklarer uvanleg terminologi og syntaks, og gir oversyn over Theodoricus sine moglege kjelder og parallellar i andre tekstar. Framstillinga er diskursiv og argumenterande heller enn bombastisk og autoritær, noko som inviterer til vidare tenking rundt teksten. Denne bolken er såleis ein fantastisk ressurs for filologar, historikarar og andre interesserte. Den ville vore endå enklare å bruke dersom forlaget hadde inkludert ein topptekst med referanse til dei einskilde kapitla og avsnitta som kommentarane behandla; slik kommentarane er presentert, treng ein å bla ein del fram og tilbake for å finne kommentaren til dei einskilde avsnitta.

Kommentarane knyter seg også til den engelske omsetjinga, særleg der det er tvil om den latinske grunnteksten eller rom for fleire tolkingar. Den engelske omsetjinga er hovudsakleg utarbeidd av Peter Fisher etter Storm si utgåve, medan Kraggerud har oppdatert den på bakgrunn av forskjellar mellom hans utgåve og Storm si, og også notert kor han er ueinig i eller usikker på Fisher si tolking. Fisher si omsetjing er lesverdig, og kan fungere som ein god måte å orientere seg i teksten for lesarar med avgrensa latinkunnskapar, men som utgangspunkt for undervising og forsking har omsetjinga klare svakheiter. Medan Fisher er ein strålande filolog og omsetjar, har han ein tendens til å forflate og skjule det som forankrar Theodoricus si latinske språkføring i hans litterære og intellektuelle kontekst. I tillegg synest det også som om ynsket om språkflyt på engelsk stundom har ført til nokså omtrentleg attgjeving av den latinske ordlyden.

For å ta det siste momentet først: Ettersom Kraggerud legg så stor vekt på den nøyaktige ordlyden i Theodoricus sin eigen tittel på verket, er det noko underleg at så lite plass vert sett av til å diskutere korleis tittelen skal omsetjast. Fisher si omsetjing er «On the early Norwegian kings», medan Kraggerud nyttar «On the old Norwegian kings» på tittelbladet av boka – og innrømmer at denne omsetjinga er omtrentleg. De antiquitate regum Norwagensium er vanskeleg å omsetje ordrett, men «On the oldest period of the Norwegian kings» ville vore ei nærare attgjeving.

Dette kunne ha vore ein bagatell, om det ikkje var slik at diskusjonen rundt tittelen er nært kopla til ein breiare diskusjon om kva funksjon Theodoricus sitt verk var tiltenkt. Kraggerud meiner at tittelen som høgst sannsynleg var gjeven i det no tapte mellomaldermanuskriptet som ligg til grunn for dei avskriftene som utgåva byggjer på, Ecclesiastica Historia Norwagiensium eller «Nordmennene sin kyrkjelege historie», ikkje er attspegla i innhaldet i verket. Han meiner at denne tittelen må tilskrivast ein tidleg og ukjend geistleg avskrivar. Dersom Theodoricus verkeleg ynskte å skrive ei norsk kyrkjehistorie, er det uforståeleg at han ikkje fører framstillinga heilt fram til dei store geistlege leiarane i Noreg i Theodoricus si eiga tid, meiner Kraggerud. Han har difor valt ein tittel som etter hans meining betre attspeglar det sekulære fokuset i verket.

Den omtrentlege omsetjinga styrkar denne argumentasjonen i større grad enn ei meir ordrett omsetjing ville gjort. Theodoricus på si side forklarar tidsavgrensinga han har valt, med at ein manglar kjelder frå tida før Harald Hårfagre, medan tida etter Sigurd Jorsalfare var så full av vonde gjerningar og dårlege føredøme, særleg når det gjeld trusliv og respektfull handsaming av kyrkja, at han ikkje ynskte å etterlate noko vitnemål om det. Framstillinga hans er difor ikkje knytt berre til dei tidlege kongane som einskildpersonar, men til framveksten av Noreg som eit kristent kongedøme i den tidlege perioden i kongerekkja. Dette er i tråd med andre historieverk frå Europa i det tolvte hundreåret, til dømes Orderic Vitalis si Historia Ecclesiastica med fokus på framveksten av Normandie og det normanniske England som kristne politiske einingar, og William av Malmesbury sine verk om dei engelske kongane og dei engelske biskopane. Tittelen som sannsynlegvis følgde verket i det tapte mellomaldermanuskriptet, står såleis ikkje i noka nødvendig motsetjing til skildringa av verket i opningsavsnittet, men den omtrentlege omsetjinga får det til å virke som ei klarare konflikt mellom tittel og intensjonserklæring.

Omtrentlege omsetjingar er særleg knytte til teologisk lada uttrykk. Eit representativt døme på dette er Theodoricus sin korte digresjon om keisar Otto II. Otto hadde vore så generøs med kyrkja, og innlemma den så tett i den sekulære administrasjonen, at kyrkja i det heilage romerske keisardømet i stor grad hadde vorte meir oppteken av økonomisk og politisk makt enn det som var den eigentlege oppgåva kyrkja skulle tene. Dette var ein naturleg konsekvens av kyrkjeleg og sekulært hopehav, ifylgje Theodoricus: «[Q]uia aliud est improbitatem malorum seculari potestate et gladio arcere, aliud cura et virga pastorali animas regere.»1 Dette sitatet vert diskutert på fleire stader i introduksjonen og kommentarane til Kraggerud, og får ei sentral rolle i kartlegginga av det Kraggerud kallar Theodoricus sin ideologi. Fisher omset denne setninga slik: «[F]or protection against the iniquity of evildoers through secular power and the sword is one thing, the governing of souls by pastoral care and the crosier is another.»2 Kraggerud si norske omsetjing lyder slik: «[F]or én ting er å holde de ondes sletthet i sjakk med verdslig makt og sverd, noe annet er å styre sjelene med omsorg og hyrdestav.»3 Begge desse omsetjingane er sjølvsagt reint språkleg sett fullt dekkande, men dei konnotasjonane som ligg i uttrykket «cura et virga pastorali animas regere», druknar i begge dei moderne versjonane. I den latinske teksten står adjektivet «pastorali» til både «cura» og «virga», og det er gode grunnar til å hevde at dette finn ein parallell i «seculari» som adjektiv til både «potestate» og «gladio». Medan den første delen av sitatet difor peikar i retning av tosverdslæra basert på pave Gelasius I si utgreiing om skiljet mellom verdsleg og andeleg makt, forankrar uttrykka «cura pastoralis» og «virga pastoralis» den andre delen i Gregor den store si lærebok om prestegjerninga. Denne læreboka er i dag kjend under tittelen «Regula pastoralis», men den alternative tittelen «Cura pastoralis» var vanleg i mellomalderen. Desse uttrykka har difor eit mykje rikare meiningsinnhald på latin enn «pastoral care» og «omsorg» har i moderne språkføring.

I forlenginga av dette bør det også nemnast at diskusjonen rundt Theodoricus sin «ideologi» ikkje bør verte ståande som siste ordet i saka. Kraggerud oppsummerer flott tidlegare forsking på Theodoricus og legg særleg vekt på hans tilknyting til skulen og tradisjonen med opphav hjå augustinarkannikane i St. Victor i utkanten av Paris. Det vert slått fast fleire gonger at Theodoricus sin ideologi er forankra i den viktorinske ideologien, men kva som ligg i uttrykket «ideology», vert ikkje nærare definert, og den viktorinske ideologien vert referert til som ein eintydig storleik. Det er difor påtakeleg at der ikkje finst referansar til nyare forsking på det viktorinske tankegodset, men berre til eldre nordisk forsking. Omfattande forsking om St. Victor og dei leiande teologane der har vorte utgjeven dei siste tiåra, og ei vurdering av Theodoricus sin eigenart opp mot St. Victor-skulen ville vore svært verdifullt. Kraggerud sin analyse bør difor helst sjåast som ein invitasjon til vidare tenking og studier; i så måte byr arbeidet hans på rike ressursar.

Avslutningsvis, eit hjartesukk: Det er litt synd at eit så omfattande og nøyaktig arbeid som ligg bak denne boka, ikkje har vorte fylgt opp med skikkeleg språkvask frå forlaget si side. Språklege idiosynkrasiar som «1150ies/1140-ies» for «1150s/1140s» burde vere lett å luke ut, og språkføringa er stundom for tydeleg basert på norsk syntaks og terminologi meir eller mindre direkte omsett til engelsk. Det ville vere trist om dette skulle kome i vegen for det svært viktige forskings- og formidlingsbidraget denne boka byr på.

Trass i dei kritiske merknadane ovanfor er denne boka eit landemerke både som eit filologisk storløft og som ei gåve til historieinteresserte både innanfor og utanfor akademia. Boka bør først og fremst vurderast på bakgrunn av det som er kjernen i innhaldet, det vil seie den kritiske utgåva, og på dette punktet er det god grunn til å applaudere med takksemd for det arbeidet Kraggerud har gjort. Kraggerud har gjort ein viktig tekst tilgjengeleg og invitert til vidare studium og refleksjon, og om boka har nokre svake sider, bør dette ikkje overskugge dei meir sentrale styrkane ved boka. Det er ikkje lett å sjå for seg at nokon einskildperson kunne gjort ein betre jobb enn Kraggerud, men for framtida er det mogleg å ynskje seg større grad av tverrfaglege samarbeidsprosjekt rundt tekstutgåver med historisk relevans og innhald, slik trenden er utanfor Norden. Uansett bør Kraggerud si utgåve av Theodoricus bli ståande både som ein milepæl og som ein invitasjon til framtidige studium av denne heilt sentrale teksten.