Boka Det internasjonale gjennombruddet1 (2017) av Terje Tvedt har vekt stor debatt, særleg etter at boka Norsk hamskifte av Jostein Gripsrud kom ut hausten 2018. Ein siste utløpar av den debatten er Helge Pharo sin skarpe kritikk i Historisk tidsskrift 2/2019 og Tvedt sitt tilsvar i nummeret etter. Denne debatten er viktig, ikkje bare fordi den dreiar seg om sterke omformingskrefter i norsk etterkrigshistorie, men også fordi den reiser spørsmålet om kva vitskapleg diskusjon skal vera. Det aller meste av den faglege kritikken av Tvedt har dreia seg om det empiriske grunnlaget for Tvedt sine analysar, og i langt mindre grad om dei perspektiva som blir lagt fram i Tvedt si bok, noko Tvedt har gjentatt under heile denne debatten. Denne artikkelen vil likevel følgja opp dei mange innspela som har kritisert Tvedt si bok for sviktande empirisk grunnlag.

Kritikk utan svar

Perspektiv på og påstandar om historiske forhold kan i ein vitskapleg samanheng ikkje tilleggjast vekt dersom det empiriske grunnlaget manglar, då blir det synspunkt på nivå med andre synspunkt, noko ein må diskutera på eit politisk grunnlag. Boka til Tvedt har ikkje blitt presentert som ei debattbok, verken av Tvedt eller forlaget. Ho har blitt presentert som eit vitskapleg arbeid, og det er som det ho har blitt tillagt vekt av dei som har forsvart ho. Tvedt har praktisk talt aldri kommentert empiriske innvendingar mot boka, han har plassert seg i ein overposisjon og avviser kritikken ut frå posisjonen kritikarane står i (Pharo er kjøpt og betalt av staten, Sindre Bangstad og Mohamed Abdi er antropologar, ikkje historikarar, og Gripsrud har forska på såpeserien Dynastiet). Dette reiser eit problem for oss som har gått inn i boka ut frå vårt faglege grunnlag.2 For dei som er lekfolk i historiefaget eller som ikkje har spesialkunnskapar på dei mange felta Tvedt tar opp, er det vanskeleg å tru heilt på alle dei innvendingane som har kome; er det ikkje bare småtteri og småpirk som ikkje må stenga for dei storslagne nye perspektiva? Og slike måtar å møta kritikken på heng saman med noko anna: at dei fleste vil ha tillit til at ein professor i historie ikkje presenterer reine faktafeil, ofte feil som underbyggjer eigne tesar, presenterer urimelege tolkingar av kjeldene og lar vera å drøfta alternative hypotesar. Denne tilliten er basert på ein uskriven kontrakt alle som er tilsett i ei vitskapleg stilling, må vera forplikta på, nemleg at ein skal vera sanningssøkande og ikkje agendastyrt. Det er denne kontrakten Tvedt har brote.

Eg vil her konsentrera meg om innvendingar som gjeld behandlinga av fleirkulturalitet og innvandring, då det er felt eg sjølv har forska på. Eg vil i det vidare ta opp desse emna i ein kombinert kronologisk-tematisk orden. Først til spørsmålet om fleirkulturalitet i Norge ved inngangen til den perioden Tvedt har som utgangspunkt, 1960-talet. Tvedt sine analysar her er viktig blant anna for å ta stilling til hans hypotese om dette tiåret som det store vendepunktet når det gjeld dei prosessane han ønsker å avdekka.

Norge – etnisk homogent ved inngangen til 1960-talet?

Tvedt understrekar at dette med fleirkulturalitet var noko heilt ukjent for Seip, som heldt det vidkjende foredraget om eittpartistaten i 1963 som er utgangspunktet for boka, og for den politiske eliten i Norge den gongen, med statsminister Einar Gerhardsen i spissen. Det er eit av hovudargumenta for å gjera 1960-talet til eit avgjerande vendepunkt. Til dømes ser han det at det ikkje vart stilt spørsmål om bruk av samisk i folketeljinga i 1950, som belegg for dette, like eins at Norge i 1958 ikkje slutta seg til urfolkskonvensjonen av same år. Det første hadde ein heilt annan bakgrunn. Statistisk sentralbyrå viste eksplisitt til erfaringar frå andre verdskrig som bakgrunn for å ikkje blinka ut etniske grupper.3 Det andre skuldast at ein ikkje meinte samane svarte til omtalen i konvensjonen av urfolk som stammefolk, overkøyrt av moderniseringsprosessane. Men det var ikkje fordi ein i samtida ikkje såg samane som ein etnisk minoritet. Tvert om: På 1950-talet kom eit omslag i synet på samane, særleg gjennom Samekomiteen av 1956 sitt arbeid, i retning av å sjå dei som ein minoritet som hadde krav på kulturelt vern. Gjennom ulike tiltak vart dette følgt opp på 1960-talet.

Det fører meg fram til eit anna punkt som gjeld fleirkulturalitet i Norge, heilt uavhengig av nyare innvandring: dei nasjonale minoritetane. Denne sida ved Tvedt si utlegging av norsk fleirkulturalitet manglar totalt – utover at han i note 84 på side 313, i samanheng med at han polemiserer mot at innvandrarar sin kultur skal prioriterast, raljerer over at SV i sitt program for 2009–2014 skriv at «SV mener norske myndigheter må føre en mer aktiv politikk for å sikre at de nasjonale minoritetene får muligheter til å verne om og videreutvikle egen kultur og språk». Dei nasjonale minoritetane har ingenting med innvandring til Norge etter krigen å gjera. Tvedt har misforstått. Derimot viser eksistensen av desse og samane som urfolk at Norge slett ikkje var ein «homogen nasjonalstat» før innvandringa frå den tredje verda kom ved inngangen til 1970-talet, som det blir postulert i overskrifta på det aktuelle kapitlet.4

Så fleirkulturaliteten eksisterte både som politikk og sosial realitet lenge før Tvedt hevdar. På side 59 lanserer han ei anna påstått nyvinning på 1960-talet: Menneskerettane som ideologisk leiestjerne. Tenkinga bak denne var «rett og slett utenfor den politisk-ideologiske sfæren som preget tenkningen og samtalen om det norske samfunnet» på det tidspunktet Jens Arup Seip heldt sin tale. Det er i seg sjølv pussig at det skulle vera slik. Norge støtta opp om FNs menneskerettserklæring frå starten i 1948 og ratifiserte den europeiske menneskerettserklæringa i 1952. Tvedt meiner den likevel ikkje fekk betydning i Norge før seinare, då den vart ein sekulær religion. På dette punktet vil eg sitera kva statsminister Gerhardsen uttalte på Sameradioen 17. mai 1958:

Folkestyret i vårt land hviler ikke bare på vår grunnlov av 17. mai 1814. Den hviler også på menneskerettighetene slik de er utformet av De forente nasjoner for 10 år siden. Det er rettigheter for det enkelte menneske og det er rettigheter for de enkelte grupper og de enkelte befolkningslag i nasjonen. Norge har godkjent disse menneskerettigheter og de har sin fulle gyldighet også for samene i vårt land.5

Her er det meste med av det Tvedt meiner ikkje kom før etter «det internasjonale gjennombrudd» på 1960-talet.

Innvandring og innvandringspolitikk

Kva så med politikken overfor innvandrarane? Her legg Tvedt avgjerande vekt på den nye innvandringa frå den tredje verda, frå slutten av 1960-talet. Og han snublar alt i starten. På side 111 skriv han at i 1963 «hadde de færreste nordmenn, om noen i det hele tatt, truffet på fastboende i norske bygder og byer som ikkje var av norsk eller samisk avstamning». Eg kan forsikra Tvedt om at dette ikkje stemmer. Han kan jo spørja folk i Nord-Troms og Finnmark, Narvik eller Moss. Saka er nok heller at han ikkje reknar svenskar og finlendarar som innvandrarar. Han skriv til dømes at 99,9 prosent av befolkninga var «etnisk norske» i 1960 (s. 112). Nå hevdar han rett nok i eit innlegg i Klassekampen at dette ikkje var meint bokstavleg,6 men det er lite truverdig når han på side 111 skriv at det var mindre enn 0,1 prosent av befolkninga i 1963 som kom frå den tredje verda, og at han på side 259 skriv at «de første immigrantene kom til Norge i slutten av 1960-årene og begynnelsen av 1970-årene». Det er jo symptomatisk at han praktisk talt ikkje nemner den enorme innvandringa til Norge som er knytt til EØS og EUs utviding i 2004. Det er altså mottaket av innvandrarar frå den tredje verda som er den eigentlege innvandringa i Tvedt si bok, og så legg han på anna innvandring for å få sving på argumentasjonen.

Då dei første pakistanarane kom frå slutten av 1960-talet, meiner han at den nye politiske eliten alt nå var blitt så snillistisk at han slapp pakistanarane inn i landet på turistvisum for så seinare å akseptera at dei søkte og fekk jobb. Det var ikkje mindre enn eit brot på norsk lov, hevdar han på side 119: «Norske myndigheter erkjente at de med disse vedtakene brøt med sine egne lovbestemmelser.» Tvedt har ingen referansar til denne påstanden, men han viser til at pakistanarane fekk dispensasjon frå framandloven av 1956. Der står det rett nok at arbeidsløyve skal vera på plass «på forhånd». Men Tvedt gløymer å skriva at denne formuleringa erstatta formuleringa frå framandloven av 1927, der det heiter at arbeidsløyve skal vera inngått «før innreise». Og justisminister Jens Haugland gjorde det heilt klart i framlegget av lovteksten at denne endringa var gjort for å ikkje blokkera for at innvandrarar som kom inn på turistvisum, skulle kunna søka om jobb. Det måtte utvisast skjønn, sa Haugland – og viste elles til dei komande forskriftene. Og forskriftene gjorde at det i praksis var fri innvandring til Norge frå 1957 til 1971.7

Så norske styresmakter braut ikkje sine eigne lovar då pakistanarane kom. Kva så med måten pakistanarane vart mottekne på? Ut frå Tvedt sine idear om den nye eliten skulle ein tru at dei ville bli mottekne med opne armar. I tråd med dette blir det på side 120 skapt eit bilete av at det var forbausande liten motstand mot denne tidlege innvandringa frå den tredje verda. Motstanden var avgrensa til høgreradikale grupper. Det er uklart kor Tvedt er kronologisk her, men han bruker uttrykket «tidlig i 1970-årene». I 1971 kom dei første innstrammingane i innvandringspolitikken, og det var generelt den politiske venstresida, dei nye innvandringsforskarane og LO som var skeptiske til verknadene av denne nyinnvandringa fram til den mellombelse loven om innvandringsstopp kom i 1975. Årsaka var at ein måtte ha kontroll på innvandringa for å hindra sosial dumping og for å kunna skapa gode vilkår for integrasjon av dei som alt var komne. Tvedt nemner dette, men han bommar altså på kronologien. Verkeleg politisering av innvandringspolitikken kom ikkje før med den sterke auken i asylinnvandring i siste halvdel av 1980-talet, då FrP for første gong gjorde det til ei fanesak i kommunevalet i 1987. Året etter kom ein ny framandlov som la opp til eit strengare reguleringsregime.8 Innvandringsstoppen etter 1975 var i hovudsak innført for å hindra innvandring frå den tredje verda. Det passar ikkje med Tvedt sine tesar, og difor er innvandringsreguleringstiltak omtrent ikkje omtalt i boka.

Tvedt og asylinstituttet

Dette strengare reguleringsregimet var grunngitt med det som Tvedt peiker på, at det å koma som flyktning eller asylsøkar, ved sida av familiegjenforeining, i praksis var einaste måten migrantar frå den tredje verda kunne koma inn i dei vestlege landa på etter innvandringsstoppen i 1975. Tvedt undervurderer kolossalt kor vanskeleg dette spørsmålet er, og han diskuterer det då heller ikkje. Grunnen til at han ikkje gjer det, er truleg at han forklarer det relativt store norske mottaket av asylsøkarar ut frå ein tese om at norske styresmakter ikkje har sett det som eit problem. Eg vil her minna om to forhold: Norge ratifiserte flyktningkonvensjonen i 1951, noko som påla landet å ha eit asylinstitutt, altså at asylsøknader skal vurderast ut frå bestemte kriterium som gjeld forfølging. Dette asylinstituttet vart skrive inn i norsk lov ved framandloven av 1956.9 Praktiseringa av dette er ein annan ting, der står statane fritt, og ved alle toppar i talet på asylsøkarar har regulerande mekanismar blitt sette inn, noko som kvar gong har ført til eit fall i talet på asylsøkarar. Det skjedde i 1988, i 2001, i 2009, og det skjedde i 2015. Talet på asylsøkarar har altså gått som ei berg-og-dal-bane, blant anna som følgje av ein medviten norsk politikk. Dette skriv Tvedt ingenting om, fordi han meiner den politiske eliten ikkje har vore uroa over plutseleg vekst i asyltalet. Prinsippa bak asylpolitikken er dei same i heile Vest-Europa.

Denne feiloppfatninga gjer også at Tvedt vurderer det som skjedde i mottaket av asylantar på 1990-talet, på ein feil måte. Det han skriv om tilstrøyming av hovudsakleg bosniske flyktningar hausten 1993, tilseier at han meiner det var kombinasjonen av to forhold som avgjorde dette: at Norge tidlegare hadde gitt midlertidig opphald til dei som hadde kome før dette, og at Norge venta med å innføra visumplikt – slik som Danmark og Sverige gjorde i juni dette året. Det er bare det siste som er rett som årsaksfaktor. Grunnen til at Norge venta med å innføra visumplikt, var at det var kome langt færre til Norge enn til nabolanda. Og ordninga med «midlertidig opphald» var innført nettopp for å hindra asyltilstrøyming, eit ledd i ein generelt meir restriktiv innvandringspolitikk. Ein annan ting er at det viste seg langt vanskelegare å returnera desse flyktningane enn tenkt, og at heile strategien ikkje slo til som venta. Det kom forresten nærare 13 000 flyktningar frå Balkan på 1990-talet, ikkje 20 000, som Tvedt hevdar på side 227.10

Tvedts statiske syn på islam

Det er synd at Tvedt ikkje går nærare inn på desse bosniske asylsøkarane. Då kunne han kome på sporet av eit anna forhold han overser, at muslimar i Norge ikkje er ei homogen gruppe. Dei 8000 bosniarane som kom til Norge på 1990-talet, er ei suksesshistorie når det gjeld integrasjon, med høgare del av studentane i høgare utdanning enn nordmenn flest og like høg sysselsettingsgrad11 – og dei representerte ein modernisert og relativt liberal versjon av islam. Men Tvedt er ikkje interessert i å gå inn på spørsmål om muslimar kan differensierast på den måten. Ei rimeleg tolking av det han skriv om islam, er at han opererer med ei essensialistisk forståing av islamsk kultur som noko grunnleggjande uforandra over hundreåra, som upåverkeleg for påverknad frå dei kulturane denne religionen slår seg ned i (jf. s. 212). Ja, så langt går han på dette punktet at han legg seg tett opp til dei høgreradikale eurabiadystopiane, altså ideen om at det finst ein muslimsk verdsomfattande plan for å underleggja seg Europa. På side 195 polemiserer han mot ein leiarartikkel i Klassekampen i juli 2011 – skriven med utgangspunkt i Anders Behring Breivik sitt såkalla manifest ei veke etter massakrane hans. Tvedt skriv at Klassekampen «tok opp at det å fremme ideen om at muslimer planla i det lange løp å overta Europa var rasistisk og konspiratorisk». «Uavhengig av om man mener at slike planer eksisterer eller ikke», som Tvedt formulerer det, «er avisens konklusjon historisk interessant fordi den uttrykker et helt bestemt syn på muslimer.» Og så kjem formuleringar som er typiske for Tvedt. Dette å meina at eurabiaidear er konspirative, «forutsetter at det ikke finnes noen muslimer som inderlig skulle ønske at Allahs åpenbaringer, som av dem oppfattes som Den rette vei, og Guds siste råd til menneskeheten, også skal vinne frem i Norge». Og vidare: «For å kunne konkludere med at ingen muslimer har en slik plan, må avisen også simpelthen avvise alle kilder som viser det motsatte, og dermed retusjere virkeligheten» (s. 195). Og så kjem eit avsnitt om islamsk ekspansjonisme dei siste tusen åra. Her er det interessant både at Tvedt så fullstendig usakleg tolkar det Klassekampen skreiv, og at han legitimerer desse skrullete ideane.12

Multikulturalisme og menneskerettane som sekulær religion

Eg skal ikkje her gå nærare inn på to andre relevante innvendingar mot Tvedt si bok. Han blandar gjennomgåande saman «multikulturalitet» og «multikulturalisme».13 Norge har aldri ført ein politikk på grunnlag av multikulturalisme som ideologi; politikken har vore å skapa integrasjon, ikkje leggja opp til parallellsamfunn. Særleg problematisk er det at Tvedt systematisk ser bort frå skiljet mellom å meina at menneskerettane er universelt gyldige og universelt utbreidde.14 Han hevdar i fullt alvor at norske politikarar trur at menneskerettane er allment aksepterte overalt, når dei snakkar om universelle menneskerettar. Typisk for den type idéhistorie Tvedt skriv, er det at han mest aldri siterer frå dei mange stortingsmeldingane og NOU-ane han viser til. Han kjem med sine eigne utlegningar av kva som står der, og mest alltid utan sidetilvisingar, noko som gjer det svært arbeidskrevjande å finna ut om Tvedt sine tolkingar er rimelege eller ikkje.

Tolking og slutningar

Det er også mange problematiske sider ved boka som ikkje gjeld direkte empiriske feil, men som handlar om korleis det blir mana fram ein alarmisme som ikkje står i forhold til det materialet som blir lagt fram. At han ikkje legg vekt på den store delen av innvandringa som skuldast EØS-innvandringa etter 2004, er eit uttrykk for det; dette er òg diskutert av andre.15 På side 235 reiser han – i ein samanheng der han tar opp kor vanskeleg det er å skapa eit verdifellesskap i eit fleirkulturelt samfunn – til dømes dette spørsmålet: «Hva ville for eksempel skje om Europa fulgte forslaget til Thorbjørn Jagland, tidligere statsminister og leder av Arbeiderpartiet og fortsatt aktiv i norsk samfunnsdebatt og generalsekretær i Europarådet, om at Europa måtte ta imot mellom 40 og 60 millioner immigranter fra ikke-europeiske områder innen 2050?» Tvedt svarer ikkje på sitt eige spørsmål. I den artikkelen frå 2013 som han viser til, skriv ikkje Jagland at Europa må ta imot så mange innvandrarar, men at økonomar meinte det var nødvendig for å halda oppe levestandarden. Lat nå det liggja, men kor mykje er 40–60 millionar? Eg vil minna om at Europa har 700 millionar innbyggjarar. Det talet Jagland nemner, er mellom seks og ni prosent av dagens folketal – og det er altså snakk om ei innvandring over nærare 40 år.

Nokre vil nok også sjå Tvedt si leiting etter ein nasjonal Leitkultur som pussig. Han raljerer over at Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik ikkje kan definera kva norsk kultur er. Tvedt ser dette som symptomatisk, som at Arbeidarpartiet si leiing ikkje har svar på kva som er «samfunnets fellesverdier» (s. 241). Tvedt harselerer like eins over Jonas Gahr Støre, som freistar skapa eit integrerande stort «vi» i eit fleirkulturelt samfunn, på grunnlag av det han kallar «bunnplanken» som må vera i eit demokratisk samfunn, definert i ein note på side 331 slik: «de universelle menneskerettighetene, demokrati, rettsstat, likestilling og likeverd». Men det er altså ikkje godt nok, og noko anna grunnlag for kva som skulle vera fellesverdiar, vil ikkje Tvedt tilby.

Eit generelt problem i Tvedt sine analysar er fråveret av alternative hypotesar, ein vilje til å diskutera eigen posisjon i høve til andre. Forklaringar blir oftast henta frå det kulturelle nivået, frå idear og ideologiar, slik som når påstått høgare innvandring i Norge enn andre land skal forklarast. Han undersøker aldri om det til dømes kan vera høgare EØS-innvandring til Norge enn til andre land, noko som vel er forklaringa på at han knapt nok nemner EØS-innvandringa – men opererer med ei total innvandring som omfattar også desse migrantane. Dersom han gjekk inn på ei slik differensiering, vil han lett koma på sporet av andre forklaringsvariablar enn ideologi – som låg arbeidsløyse og høge lønningar, faktorar som i stor grad kan knytast til den særeigne norske oljeøkonomien. Det er i det heile praktisk talt ikkje innslag av systematisk komparasjon i Tvedt si bok som grunnlag for å stilla slike spørsmål.

Sluttord

Denne artikkelen er ikkje skriven for å ta avstand frå synspunkta som blir lagt fram i Tvedt si bok. Det er rett nok mange sider ved Tvedt sine analysar eg er kritisk til, slik som den elitesirkulasjonsteorien som ligg i botn, ideen om at norsk bistandspolitikk er styrt av og har røter i USA (under den store vekstperioden på 1970-talet var norsk bistandspolitikk ved fleire høve på kollisjonskurs med amerikanske interesser), at norsk innvandringspolitikk er styrt av eit «godhetsregime» og den høgt oppdrivne alarmismen. Eg meiner Tvedt peiker på ein del reelle problem og utfordringar, og eg er samd i at ein stat med universelle rettar har rett til å kontrollera innvandringa. Poenget er at Tvedt sine analysar ikkje har den tyngda dei blir tillagt av mange, både lek og lærd, fordi det empiriske grunnlaget manglar. Og det er det som har vore ærendet med denne artikkelen: Ein opplyst debatt om norsk bistands- og innvandringshistorie og norsk fleirkulturalitet kan vanskeleg ha boka Det internasjonale gjennombruddet som utgangspunkt.