Forord
- Side: 5
- DOI: https://doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2020-01-01
- Publisert på Idunn: 2020-03-06
- Publisert: 2020-03-06
Me startar årets første nummer med tre vitskaplege artiklar fordelte over eit langt historisk spenn, frå norsk engasjement i sentraleuropeiske stridar i tidleg mellomalder, via fridomstradisjonar i Noreg rundt 1800 til norsk industrireising på 1900-talet.
Den polske historikaren Maciej Lubik skriv i sin artikkel om Harald Sigurdsson si rolle i konflikten mellom Gardariket (Kijev-Novgorod) og Polen i 1031. Harald flykta til Gardariket i etterkant av slaget på Stiklestad, og deltok på fyrst Jaroslav si side i kampane mot Polen. Med utgangspunkt i norrøne, latinske og russiske kjelder kaster Lubik nytt lys over Harald si deltaking i striden og argumenterer for at fyrst Jaroslav kan ha sett på Harald som ein politisk viktig figur i desse hendingane.
Håkon Evju diskuterer kva rolle norsk politisk fridomstradisjon hadde på Eidsvoll i 1814. Han viser korleis ein oldnorsk folkefridomsperiode blir framstilt i historieskriving på 1700-talet. Fram mot 1814 var det særleg i samband med odelsretten at fortida fekk ei rolle som verktøy i ein samtidig debatt. Odelsretten representerte institusjonell kontinuitet og vart forsvart med tilvising til norsk fridomstradisjon.
Til slutt blant dei vitskaplege artiklane skriv Elisabeth Bjørsvik og Yngve Nilsen om karbid- og cyanamidfabrikkane i Odda, etablerte frå 1906. Forfattarane diskuterer i kva grad industrireisinga der spegla ei sjølvstendig norsk industrireising. Særleg ser dei på kva ringverknader verksemdene fekk. Dei konkluderer med at industrietableringa i Odda førte til framveksten av eit proletariat lokalt, men fekk betydning gjennom å styrke industriborgarskapet på Austlandet og i Bergen.
Debatten om Det internasjonale gjennombruddet held fram i dette nummeret. Helge Pharo har ein replikk til Terje Tvedt, og Hallvard Tjelmeland har skrive ein debattartikkel. Terje Tvedt svarer begge desse i sitt innlegg.
Til sist har me fått plass til fem bokmeldingar. Tre av desse er om redigerte antologiar, og to er skrivne av forfattarane Siv Ringdal og Roger Tronstad.
Redaksjonen