Utskiftinga av innmarka er ei av dei mest omfattande og dramatiske hendingane i norsk jordbrukshistorie. Emnet er omhandla i fleire lokalhistoriske studiar, men som regel er desse på eit mikronivå. Analysar av større område (på heradsnivå) har berre i liten grad vorte utført tidlegare, unntaka gjeld arbeid frå Oppdal herad i Sør-Trøndelag (Bjerkås 1998) og Gloppen herad i Sogn og Fjordane (Gloppestad 2004).1 Når vi no får eit arbeid av Mads Langnes som omfattar dei tre herada Ullensvang i Hardanger, Lom i Nord-Gudbrandsdalen og Veøy i Romsdal, gjev det høve til å gjera større jamføringar enn tidlegare. I så måte er dette etterlengta kunnskap for dei som arbeider med denne typen problematikk. Boka hans er ei omarbeiding av doktoravhandlinga hans (dr.philos.) frå Universitetet i Bergen i 2015.

Langnes tek utgangspunkt i det som er den rådande forklaringsmodellen med sterkast fokus på endringar i økonomiske, teknologiske og marknadsmessige faktorar som årsaksforklaring til dei norske utskiftingsreformene. For å gå denne forklaringa nærare etter i saumane legg han opp til å drøfta kvifor ein etter fleire hundreår med aukande teigblanding på nokre få tiår opplevde ein omfattande oppløysingsprosess av denne strukturen. Han vil undersøka omfanget av jordfellesskapet før reformene sette inn, og stiller spørsmålet om kvifor utskiftingane kom i denne perioden, i det omfanget, i det tempoet og med dei verknadene dette faktisk fekk. Medan målet for første delen av arbeidet er å undersøka omfanget av utskiftingane (etablera eit eksakt datagrunnlag og tidspunkt for gjennomføringane av utskiftingane), er andre delen av arbeidet meir analytisk retta, fokusert på årsakene til og verknadene av endringane. Her er målet å nytta denne kunnskapen til å testa ut hypotesar og utvikla årsaksforklaringar ved å samanlikna desse tre kommunane. Kom desse utskiftingane berre fordi det var ei teknisk og økonomisk tilpassing, slik det har vorte hevda tidlegare? Eller var det også andre strukturelle endringsfaktorar i gardsskipnaden enn økonomiske og marknadsmessige tilhøve som førte til oppløysinga av den teigdelte gardsskipnaden? Kan det tenkjast at det fanst fleire forklaringar til at dette fann stad? Det gjeld meir kulturelle årsaker som gjorde at gardbrukarane valde å løysa opp dette fellesskapet; kanskje kom utskiftingane som ein del av ein større moderniseringsprosess av heile bygdesamfunnet. I den samanhengen samanliknar Langnes med andre land der utskiftingane kom mykje tidlegare, og der dei hadde eit større omfang enn berre det reint økonomiske.

Boka er inndelt i fire hovudkapittel som svarar på dei spørsmåla Langnes løftar fram i innleiinga.

I første delen ser han på korleis gardsskipnaden og jordfellesskapet hadde utvikla seg for dei tre kommunane. Han finn at gards- og bruksstrukturen var temmeleg lik i Veøy og Ullensvang, medan Lom skilde seg ut. Her var det få gardsbruk sett opp mot tilhøva i dei to andre kommunane, noko som gjorde at ein fekk ulik struktur når det gjeld omfanget av husmannsplassar. Lom hadde nesten like mange plassar som matrikulerte bruk (sjølveigarar og leiglendingar), for Ullensvang utgjorde plassane 33 %, medan den tilsvarande prosenten i Veøy var 38 % av driftseiningane. Men plassane var i liten grad del av teigsystemet; som regel låg dei i utkanten av garden med si eiga separate jord. Utgangspunktet er tidsperioden som er avgrensa frå utskiftingar etter lova av 1857 og fram til 1920. Men for å setja denne historia inn i ein større samanheng, er også framvokster og omfang av jordfellesskap, utskiftingslovgjeving og -praksis vorte granska i eit lengre tidsperspektiv attende til 1700-talet. For dei som arbeider med agrarhistorie, er dette ei nyttig innføring i det innfløkte emnet som delinga av gardar og gardsbruk er; det gjeld mellom anna heile problematikken kring skyldpartdeling, teigdeling, teigbytte, årbytte og hopemark. I same kapittel vert også dei ulike typane tunfellesskap omhandla og kva tunskipnad som var representert i områda forfattaren undersøker. Medan det fanst teigblanding og store fellestun i Hardanger og i Romsdal, var det ein langt meir individualisert gardsskipnad i Nord-Gudbrandsdalen.

Andre delen tek føre seg dei juridiske sidene ved utskiftingsrett og utskiftingsvesen. Granskingane av lovgjevinga i samband med utskiftingsreformene er viktig grunnlag for kunnskap om den tidlegare gardsskipnaden. Linjene vert trekte attende til mellomalderen, men vekta ligg på perioden frå slutten av 1700-talet då styresmaktene sette større fokus på jordbruket, og fram til etableringa av utskiftingslovene på 1800-talet. Den første lova av 1821 fekk liten verknad, noko som gjorde at arbeidet med reformene heldt fram og enda med lova i 1857. Den vart sjølve grunnlaget for det store utskiftingsarbeidet som for alvor tok til i siste halvdel av 1800-talet, og som var godt støtta opp av ei lov frå 1882. Dette lovverket vert også sett i lys av dei europeiske lovene som kom i dei andre nordiske landa, England, dei tyske statane og alpelanda. Langnes stiller også spørsmål om dei norske lovene hadde røter i felles, nordeuropeiske agrare utviklingsliner. Han viser at medan prosessen i Noreg var noko ein kunne løysa som eit einskildfenomen, var han i fleire andre land også tufta på andre enn berre dei økonomiske tilhøva, slik som oppløysinga av stavnsbanda og godsdrifta. I desse områda vart dei sosiale reformene viktige faktorar både i diskursen kring reformene og i sjølve utføringa.

Tredje delen, som rimelegvis utgjer den største delen i arbeidet, omhandlar sjølve utskiftinga slik den gjekk føre seg i dei tre områda. Han ser på omfanget, kronologien, gjennomføringstempo og verknader av reformene i perioden 1859–1920. Med stor grad av teigblanding førte det til fleire utskiftingar og store omskifte i dei to vestlandsområda, medan det tredje området mest var urørt av reforma. I perioden 1859–1920 var det 151 gardar som vart skifta i Ullensvang, noko som var 50,3 % av det samla gardstalet. Talet for Veøy var 85 (42,4 %), medan det i Lom var det 26 matrikkelgardar som var involverte, noko som utgjorde 9,4 % av det samla gardstalet. Detaljnivået i arbeidet til Langnes er omfattande: jamføring av utskiftingane opp mot skyldverdi i ulike tidsbolkar og omfanget opp mot bruksstruktur i dei einskilde herada og sokna. Han ser også på teigstrukturen før og etter utskiftingane. Analysane viser at det i gjennomsnitt var flest bruk på kvar av gardane som var involverte i utskiftingane i Ullensvang, noko mindre i Veøy og langt færre i Lom herad. Like eins ser han kor lang tid forretningane tok. Her var det samanheng mellom storleik og kompleksitet. Kortast tid tok det i Lom, med ei gjennomsnittleg tidsbruk på eitt år. I Veøy brukte dei to år, medan ei gjennomsnittleg forretning i Ullensvang tok tre og eit halvt år. Den lange tidsbruken skuldast ein komplisert og arbeidskrevjande prosess med bonitering av eit stort tal teigar, forhandlingar og potensielle tvistar. At mange forretningar enda i overutskifting, finn Langnes ikkje overraskande; det var særleg på dei større gardane at dette skjedde. Ikkje berre på desse gardane, men også på dei mindre var det viktig at dei involverte luteigarane ikkje kom tapande ut av prosessen. Granskingane viste ikkje overraskande at reformene fekk klart mest å seia i Ullensvang og Veøy, då det vart utført langt fleire og meir kompliserte utskiftingar der enn i Lom i dei seks tiåra frå 1859 til 1920. Fordelinga over tid syner derimot forskjellar mellom dei to kommunane på Vestlandet: i Veøy kom utskiftingane i dei første tiåra etter at lova kom i 1859, medan Ullensvang gjekk inn i eit meir kjent bilete frå det meir sentrale Vestlandet med ein intensiv periode nærare hundreårsskiftet. Dette spennet i tid tek Langnes til inntekt for at ein ikkje berre kan ha ei einsidig vektlegging av økonomisk retta årsaksforklaringar til utskiftingane; mellom anna er det vanskeleg å nytta ein auka etterspurnad etter husdyrprodukt kombinert med tilgang på rimeleg importkorn som forklaring på det som fann stad.

For å forklara kompleksiteten i dette utskiftingsarbeidet har Langnes teke med eit eige kapittel frå garden Aga i Ullensvang i Hardanger. Ei gransking ned på gardsnivået er gjort for å følgja opp dei metodiske føringane som vart lagde innleiingsvis om å analysera det same emnet ut frå ulike topografiske nivå: gard, bygd og rike. Denne nærstudien er i tråd med Andreas Holmsen si metodiske tredeling på dei tre nivåa. Her blir ein godt dokumentert gard følgd gjennom fleire forretningar, frå rekvisisjonane vart sende til sakene vart tinglyste. Ei slik tilnærming kan også visa eventuelle avvik og brot på dei meir overordna mønstera som galdt for Ullensvang og Hardanger. Ein så grundig analyse kan også vera med på å gje svar på kva årsaksføresetnader som låg til grunn for utskiftinga.

Kva var det som løyste ut utskiftingane, er spørsmålet Langnes prøver å finna svar på i den fjerde delen av arbeidet sitt. Var det meir enn berre dei økonomiske sidene som låg bak desse endringane? Var det også eit mentalt omskifte som låg til grunn for utskiftingsrørsla? Langnes viser i dette kapitlet at økonomisk nyttemaksimering mellom bøndene utvilsamt var ei viktig årsak til at utskiftingane fann stad på det tidspunktet, i det omfanget, i det tempoet og med dei verknadene som det fekk. Men reformene kom ikkje berre som eit resultat av at bønder i Hardanger, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal la opp drifta si etter det som til ei kvar tid lønte seg best; reformene må like mykje vurderast og forklarast som ein vekselverknad mellom dette og fleire av dei andre sosiale, økonomiske og kulturelle samfunnsvariablane. Dei må setjast inn i eit kunnskaps- og opplysningsperspektiv der haldningsendringar hjå dei herskande samfunnsgruppene, så vel som tankar om individualisering mellom bøndene sjølve, var like viktige. Med ein overgang frå tunfellesskap og delvis driftstvang på dei teigdelte gardane, til einskildtun og konsoliderte driftseiningar vart ikkje gardbrukarfamiliane lenger så bundne av grannefellesskapet og dei gamle sosiale relasjonane. Dette vart då ein medverkande faktor til at utskiftinga auka. Bøndene hadde fram til denne tida i stor grad mest hatt eit totalmedlemskap i primære gruppedanningar, med varige og faste former for fellesskap. Den gamle gardsskipnaden hadde passa saman med økonomiske og sosiale strukturar og relasjonar av ein annan type enn det systemet som vaks fram i kjølvatnet av utskiftingane. Medan ein tidlegare hadde vore både sosialt og driftsmessig bandlagd av grannefellesskapet på dei teigdelte gardane, var det konsoliderte og langt meir sjølvrådande driftseiningar som vaks fram. Ikkje minst galdt dette på dei teigdelte gardane, der ein ofte fann fellestun for fleire familiar. Frå midten av 1800-talet byrja det å danna seg nye sekundære grupper der lag, organisasjonar, sparebankar og så vidare tok over fleire og fleire av dei områda som gardsfellesskapet hadde styrt med. Dette innebar ein overgang frå det ein omtalar som Gemeinschafts-relasjonar til Gesellschafts-relasjonar, ein overgang frå kollektivisme og til individualisme og pluralisme.

Sjølvsagt har denne bokmeldaren nokre innvendingar. I og med at husmannsplassane utgjorde ein viktig del av bygdene, i alle fall i Nord-Gudbrandsdalen, men også over gjennomsnittet i dei to andre kommunane, er spørsmålet kvar desse var i jordfellesskapet. Dette kunne ha vore tydelegare omtala. Det gjeld ikkje berre i kapittel 3, der det er snakk om gardsskipnad i endring, men også i kapittel 10. Her vert det ikkje sagt noko om kvar i kulturlandskapet desse låg. Var dei integrerte i teigstrukturen til gardbrukarane, eller var dei plasserte i utkanten av garden slik som det synest vera vanleg på dei fleste stader? Frå Sogn kjenner vi til utskiftingar der husmenn var med i forretninga (Timberlid/Domaas 2006).2 I samband med framveksten av plassane legg ein gjerne vekt på at desse vart rydda på den meir marginale delen av garden. Sjølv om materialet er lite, viser desse at plassane også sat med jord med bra bonitet. Slike studiar kan vera med på å nyansera biletet av korleis ressursane vart fordelte.

Til tider vert setningane i lengste laget, fleire gonger finn ein setningar både på fem og seks liner. Her hadde det gjort seg med litt fleire punktum for å letta lesinga. Det er mange viktige sider ved jordbrukssamfunnet som vert tekne opp, og det er ein stor detaljrikdom. Med ei så omfattande bok hadde det gjort seg med eit register for å finna fram.

Oppsummert er det eit imponerande arbeid Mads Langnes har lagt fram. Boka drøftar i større omfang enn tidlegare problematikken kring utskiftingane for eit større område. I arbeidet med å finna forklaringar på kvifor dette fann stad, spenner han opp eit stort lerret der ikkje berre sjølve utskiftingskjeldene vert saumfarne; han ser også på korleis jordbruksstrukturen hadde utvikla seg fram mot midten av 1800-talet. For å forklara kvifor hamskiftet fann stad, trekker han i større omfang enn vanleg inn andre forklaringar enn berre dei økonomiske. For dei som arbeider med eit så omfattande spørsmål som utskiftinga, vil denne boka vera nyttig som standardreferanse. Det er difor ikkje uventa at boka er komen inn i serien til Instituttet for sammenlignende kulturforskning.