I årets siste nummer av Historisk tidsskrift opnar me med eit keynote-foredrag frå Norske historiedagar i Kristiansand i 2018. Christa Wirth tar i «Migrations and Nations: Historical Perspectives on Current Border Crossings» føre seg korleis historikarar kan bidra til å skape ein informert debatt om samfunnsaktuelle tema, og korleis slike debattar igjen kan forme historieforskinga. Temaet ho tar føre seg her, er særs aktuelt, nemleg migrasjonsforsking. Med utgangspunkt i korleis den mexicansk-amerikanske grensa har blitt definert og fått endra betydning, og debattar om migrasjon i Sveits, vektlegg Wirth behovet for langsiktige historiske og transnasjonale perspektiv. I tillegg understrekar Wirth betydninga av eit immigrant-perspektiv.

Therese Holt Hansen diskuterer i sin artikkel heltebiletet som er blitt gitt av Olav Tryggvason i sagaer og i forskingslitteraturen. Ved å dra inn ikkje-norsk og ikkje-islandsk kjeldemateriale søker Hansen å utfordre sagaenes bilete av Olav, og argumenterer for eit skilje mellom den historiske Olav og den litterære karakteren frå sagaene. Ein konklusjon er at den litterære karakteren er basert på ein historisk person, men samtidig prega av ein litterær tradisjon forma av allereie etablerte forteljingar av Olav som heltefigur.

I den siste artikkelen i dette nummeret diskuterer Trond Bjerkås bondepolitikaren Hans Barlien i spenninga mellom tradisjonalisme og modernitet. Barlien har tradisjonelt vore sett på som radikal og ein tidleg demokratiseringsagent etter 1814. Bjerkås problematiserer dette biletet og viser at Barlien snarare må forståast som representant for ein bondeideologi som var i ferd med å bli forlaten, og at han politisk skilde seg ut frå bondeopposisjonen sitt program på 1830-talet.

Også dette nummeret har fått plass til ein debattartikkel. Tidlegare redaktør av Historisk tidsskrift, Narve Fulsås, tar opp utviklinga for tidsskriftet dei seinare åra, og utfordringar som det står overfor framover. Innlegget baserer seg på innleiinga Fulsås heldt då tidsskriftet vart diskutert på Norske historiedagar i Tønsberg i sommar, og diskusjonen i etterkant. Fulsås peikar på kjønnsbalanse, internasjonalisering og hierarkisering av tidsskrift som problemfelt, dei to siste fordi krav til publisering på engelsk i internasjonale tidsskrift, helst på nivå 2, svekker viljen til å publisere i nasjonale tidsskrift. Dette er ein debatt som denne redaksjonen er opptatt av og helsar velkomen. Fulsås viser godt kor paradoksal finansieringsordninga for norske Open Access-tidsskrift er. Det er i praksis ein føresetnad for å få tildelt støtte at tidsskriftet er på nivå 1 og har ein lesarkrins som les norsk. Her er det full motsetnad mellom norsk kulturpolitikk og forskingspolitikk. Det er viktig å skape rom for eit godt norsk fagspråk, også for å bidra på ein informert måte i pågåande samfunnsdebattar. Det har Historisk tidsskrift gjort i snart 150 år, og det skal me halde fram med. Samtidig medfører det at tidsskriftet av forskingspolitiske grunnar blir mindre relevant, og i større grad får vanskar med å spegle faget. Sjølv om tidsskriftet framleis først og fremst skal publisere på norsk, vil redaksjonen minne om lina me la opp i det første forordet: Me tar gjerne imot bidrag med relevans for norsk historie skrivne på engelsk av ikkje-norske forskarar, og me opnar også for å trykke bidrag på engelsk av forskarar ved norske institusjonar som enno ikkje er komfortable med å skrive på norsk.

Til slutt er me glade for å ha fått på plass ein meir fyldig bokmeldingsseksjon enn i tidlegare nummer i årgangen. Redaksjonen vil gjerne nytte høvet til å takke alle som har bidratt gjennom året, med artiklar, bokmeldingar og ikkje minst som fagfellar.

Redaksjonen