Som det går fram av Matthew Driscolls innleiing til denne boka om fornaldarsogene, byggjer dei tretten artiklane på foredrag som vart haldne på ein konferanse i København i september 2014 som del av forskingsprosjektet Stories for all time: The Icelandic fornaldarsögur. I innleiinga gjev Driscoll ei kort innføring i genren. Han peikar på at dette er ein genre som har påverka andre genrar, mellom anna rímur og balladar i dei skandinaviske landa og på Færøyane. Under romantikken var fornaldarsoger ei viktig inspirasjonskjelde for fleire skandinaviske forfattarar, og i seinare tid for den såkalla fantasy-diktinga.

Vurderinga av fornaldarsogene har vore skiftande gjennom tidene. Dei var mellom dei eldste sagatekstane som vart gjevne ut fordi dei vart vurderte som historiske kjelder til den eldste historia i Skandinavia. Dei var også høgt vurderte under romantikken fordi dei passa inn i denne litterære retninga, men tapte si interesse under realismen. I seinare tiår har interessa for fornaldarsogene igjen vore veksande. Driscoll seier det er vanskeleg å peike på når omslaget kom. Han nemner nokre arbeid frå 1990-åra og utover og sagakonferansen i Durham i 2006 som milepålar i omslaget. Etter mitt syn ligg omslaget lenger bak. Sagakonferansen i München i 1979, som hadde fornaldarsogene som tema, spelte nok ei viktigare rolle for stemningsomslaget mot fornaldarsogene enn konferansen i Durham. Det faktum at sagaforskarar både på denne sida av dammen, «over there» og «down under» måtte setje seg ned og skrive foredrag om fornaldarsogene, kanskje for første gong, fekk følgjer på sikt. Ein bør heller ikkje berre søkje forklaringa på omslaget og den nye interessa for fornaldarsogene innanfor det norrøne forskingsmiljøet. Romantikken på 1800-talet skapte interesse for fornaldarsogene, realismen førte til ei sterk oppvurdering av islendingesogene. Det er også sannsynleg at det siste omslaget i synet på fornaldarsogene har noko med litterære trendar å gjere. Driscoll nemner fantasy-diktinga som døme på moderne litteratur som er påverka av fornaldarsogene. Men fantasy-diktinga har også vore med på å skape interesse for fornaldarsogene. Ein annan litterær trend som også kan ha verka i same retning, er den såkalla magiske realismen.

Det er ingen tvil om at fornaldarsogene påverka andre genrar i mellomalderen, men når Driscoll i innleiinga seier at «many [av fornaldarsogene] also formed the basis for ballads in Norway, Denmark and Sweden and the Faroe Islands» (s. 11), så kan det vere grunn til å spørje seg om dette er rett. Om ein også inkluderer den munnlege tradisjonen bak dei islandske skriftlege fornaldarsogene, så kan framstillinga stemme, men held ein seg til dei skriftlege islandske fornaldarsogene, som er dei Driscoll snakkar om, så vert utsegna i beste fall diskutabel. Vi veit at handskriftet AM 344a 4to, som inneheld Ǫrvar-Odds saga, fanst i Noreg i seinmellomalderen, og fleire skriftlege fornaldarsoger kan i teorien ha vore kjende i Skandinavia og ha gjeve stoff til balladar. Det er kanskje også teoretisk mogeleg at nokre balladar har henta stoffet frå dei første prenta utgåvene av fornaldarsoger på 1600-talet. Men det er svært vanskeleg å forklare all motivlikskap mellom dei islandske skriftlege fornaldarsogene og dei skandinaviske balladane som påverknad frå dei skriftlege sogene. Ei mykje enklare forklaring er at dei skriftlege fornaldarsogene og dei skandinaviske balladane byggjer på ein munnleg tradisjon som har vore kjend både i Skandinavia og på Island.

Første artikkelen i samlinga er skriven av Aðalheiður Guðmundsdóttir. Hennar emne er bruken av fornaldarsagamotiv i islandsk poesi. Artikkelen startar med eit oversyn over dei ulike litterære uttrykka som byggjer på eller er inspirerte av fornaldarsogene. Her finn vi nyskrivne fornaldarsoger, eventyr og eventyrliknande forteljingar, tableaus vivants, det vil seie tablå sette opp på grunnlag av kjende maleri med fornaldarsagamotiv, eventuelt direkte på grunnlag av ei soge, og endeleg poesi. Det er den siste gruppa av tekstar i oversynet, poesien, både dikt av individuelle forfattarar og anonym folkedikting, som vert behandla grundig. Oversynet over denne diktinga er interessant og gjev mykje ny kunnskap som ein ikkje vanlegvis finn i litteraturhistoriske framstillingar som held seg til den nasjonale kanon.

Massimiliano Bampi følgjer i sin artikkel utviklinga av diktinga om segnhelten Starkaðr frå dei eldste tekstane, Saxos Gesta Danorum, Snorra Edda og Gautreks saga, til desse ulike tradisjonane om Starkaðr frå mellomalderen vart brukte til å komponere Starkaðar saga gamla ein gong før 1760. Forfattaren var truleg Snorri Björnsson frå Húsafell, og strofene i soga er tillagde den kjende diktaren Gunnar Pálsson, som har etterlate seg dikt både på islandsk og latin, og som truleg laga strofene på grunnlag av ei latinsk utgåve av Gesta Danorum. Starkaðar saga gamla er overlevert i rundt 30 manuskript i fleire versjonar, og det vart også laga ei soge om bestefar hans, Saga af Starkaði Áludreng. Diktinga om segnhelten Starkaðr, som synest å vere like populær på 1800-talet som på 1200-talet, er eit svært godt eksempel på kor langliva, og dermed viktig for den islandske kulturen, fornaldarsagatradisjonen var.

Viðar Hreinssons emne er det gamle stoffet som vi kjenner frå Hervarar saga ok Heiðreks konungs. Dette materialet følgjer han gjennom ulike genrar, medium og kontekstar til moderne poesi. Artikkelen vert innleia med ein interessant diskusjon av teoretiske spørsmål som mellom anna drøfter genreinndeling, overføringa frå eitt medium til eit anna (t.d. frå munnleg til skriftleg eller frå manuskript til prent) og nye forståingsrammer med skiftande tider og teknikkar. «The afterlife of Hervör» (som er artikkelens undertittel) startar med ein omtale av Jón Helgasons utgåve av soga frå 1924, som bygde på tradisjonell tekstfilologi. Viðar Hreinsson er ingen tilhengar av tradisjonell tekstfilologi, og kritiserer Jón Helgason og metoden hans for at dei kronologiske og geografiske variablane av soga vert borte. Det har han heilt rett i, men det var heller aldri Jón Helgasons mål å granske teksten i endring. Kanskje meiner Viðar Hreinsson å gje uttrykk for at Jón Helgasons utgåve inngår i «the afterlife of Hervör» på lik line med alle seinare variantar av soga, sidan den opphavlege skriftlege teksten aldri er mogeleg å rekonstruere med full visse, og Jón Helgason dermed har gjeve ut ein tekst som aldri tidlegare har eksistert. For underskrivne er det vanskeleg å forstå kvifor så mange forskarar som sver til nyfilologien, er så opptekne av å hakke på den tradisjonelle tekstfilologien. Rett nok kan det variere kor interessant det er å få eit så klart bilete som mogeleg av den opphavlege skriftlege teksten, og fornaldarsogene er kanskje ikkje den genren der dette er viktigast. Den tradisjonelle tekstfilologien og nyfilologien er to metodar som burde utfylle og komplementere kvarandre. Den nyfilologiske tilnærminga er sjølvsagt den rette når ein vil granske teksten i endring og samspelet mellom tekstendringane og endringar i samfunnet, som er emnet for denne boka. Men i nokre tilfelle er den første skriftlege teksten, som det er mogeleg å nærme seg gjennom tradisjonell tekstfilologi, ein svært interessant tekst i den lange kjeda av tekstar i stadig endring.

Emnet for Hans Jacob Orning er fornaldarsogene som historiske kjelder til haldningar og idear i perioden då tekstane vart kopierte og lesne. Han tek føre seg ei gruppe manuskript som truleg vart skrivne på garden Möðruvellir i Eyjafjörður i perioden 1450–75, og eit av desse, AM 343 a 4to, inneheld mange fornaldarsoger. Orning tek opp eit interessant emne når han vil bruke manuskript og det samla innhaldet i kodeksar som kjelde til åndsliv og idear på den staden og i den tida manuskripta vart til. Men det finst fallgruver i denne nyfilologiske tilnærminga. Når det gjeld manuskript frå 1700- og 1800-talet, har vi ofte sikre kunnskapar om skrivar, eigar og miljøet der handskriftet vart til. Når vi går tilbake til mellomalderen, vert mangt usikkert. Orning tek sine atterhald med mange «probably», men analysen hans står og fell med at Möðruvellir gjev den rette bakgrunnen. Dessutan må ein alltid stille seg spørsmålet om tekstane i eit handskrift verkeleg er dei skrivaren/oppdragsgjevaren ville ha prioritert om han eller ho kunne velje fritt, eller om utvalet berre viser kva førelegg som har vore tilgjengelege. Vi kan vere rimeleg sikre på at ein forfattar var interessert i det han skreiv om, men kor sikre slutningar kan vi dra om interessene til skrivarar og eigarar av manuskript? Orning peikar på fleire forhold som synest å indikere at miljøet på Möðruvellir gjev ein interessant bakgrunn for nettopp dei handskrifta som har vore knytte til staden i perioden 1450–75. Men det ville også vere mogeleg å peike på sider ved desse manuskripta som passar mindre bra. Eigaren av Möðruvellir i den aktuelle perioden var den rike enkja Margrét Vigfúsdóttir. Nokre av dei islandske riddarsogene har eit heller kvinnefiendsleg syn, og inneheld forteljingar om regjerande dronningar som vert trakasserte og valdtekne av friarane sine når dei vert avviste. Etter det vert kvinnene føyelege og alt får ein lukkeleg slutt. Dette er med andre ord «didaktisk» litteratur som skal lære kvinnene å oppføre seg som kvinner skal gjere. Eit av handskrifta som vert knytte til Mödruvellir, Holm. perg. fol. 7, inneheld fleire soger av denne typen. Manuskriptet av islendingesoga Svarfdœla saga, AM 445 c II 4to, som også vert knytt til Möðruvellir, inneheld forteljinga om Yngvild Fagerkinn, som vert audmjuka og trakassert på det verste. Borna hennar vert drepne framfor augo hennar, og ho vert seld som træl fleire gonger. Forteljinga om korleis motstanden til den sterke kvinna vert broten ned, vert brukt som underhaldningslitteratur. Kan vi tru at slike forteljingar tilhøyrde yndlingslitteraturen til Margrét Vigfúsdóttir? Orning framhevar det nyttige i samarbeidet mellom historikarar og filologar, og mellomalderforskinga treng samarbeid over faggrensene. Men då er det også nødvendig å forstå av kva samarbeidspartnarane arbeider med. Orning startar med å fastslå at historikarane brukar sogene som historiske kjelder og filologane arbeider med manuskript, og ein får inntrykk av at han meiner jakta på «arketypen» og forholdet mellom tekstar var så godt som det einaste norrønfilologane arbeidde med før nyfilologien gjorde sitt inntog på 1990-talet. Dette stemmer dårleg med offisielle definisjonar av filologi. I humaniorautgreiinga, band 2 frå 1985, er filologien definert som følgjer:

Filologi er vitskapen om forståing og tolking av språklege dokument. Målet er å få innsyn i den kulturen og det åndslivet som dei språklege dokumenta er uttrykk for. I vid forstand er filologi ein brei kulturvitskap om den språklege, historiske og kulturelle bakgrunnen for overleverte tekstar.

Orning meiner at historikarar og filologar i seinare år har nærma seg kvarandre på grunn av nye trendar innanfor begge faga, nemleg nyfilologien og antropologisk inspirert historieforsking, men «they have still some way to go before fully meeting» (s. 93). Det er neppe ønskjeleg å kome tilbake til den tida då det ikkje fanst eit skilje mellom historikarar og filologar, som under P.A. Munch og hans samtidige, som dekte begge faga. Vår tid treng meir spesialisering. Men som det går fram av definisjonen av filologi, står faga kvarandre betydeleg nærmare enn Orning framstiller det. Også i seinare tid har forskarar utan problem kryssa faggrensene. Det skulle vere nok å nemne nyleg avlidne professor i historie Knut Helle, som var utdanna som filolog. Det er sjølvsagt positivt at nokre historikarar har late seg inspirere av nyfilologien og antropologisk forsking, men når Orning gjev den framstillinga at det var den antropologisk inspirerte historieforskinga, som kom i 1970-åra, som gjorde det mogeleg å sjå sagalitteraturen som kjelde til den tida då sogene vart skrivne, så stemmer dette ikkje. Dette omslaget kom mykje tidlegare med den såkalla islandske skulen som følgje av at islendingesogene frå siste halvdel av 1800-talet og utover i stigande grad vart sette som forfattarprodukt. Derfor vart blikket retta mot den anonyme forfattaren si samtid. Dette vendepunktet i sagaforskinga vart også tidleg fanga opp av historikarar, som til dømes Halvdan Koht, som publiserte artikkelen «Sagaens opfatning av vår gamle historie» i Historisk Tidsskrift i 1914.

Ralph O’Connor konsentrerer seg også om problematikken kring historie og dikting. Han legg vekt på at same historia kan presenterast som historie eller fiksjon alt etter kva slags «kontrakt» som finst mellom forteljar/forfattar og publikum. O’Connor har tidlegare publisert fleire arbeid der han argumenterer for at forsikringar i fornaldarsoger om at utrulege historier er sanne, verkeleg viser at forfattaren/forteljaren i det minste har vilje til å tru at det ligg ei eller anna form for sanning også i fantastiske forteljingar. I «kontrakten» mellom forteljar og publikum ligg det også at fantastiske forteljingar er noko publikum gjerne må tru om dei vil. O’Connor meiner no å finne den same viljen til å finne sanning i fornaldarsogene hjå dei lærde forfattarane under humanismen som brukar fornaldarsogene som kjelder, som hjå forfattarane og forteljarane av fornaldarsoger. Særleg brevvekslinga mellom Árni Magnússon og Torfæus er ei viktig kjelde for O’Connor. Den kritiske haldninga til Árni Magnússon har mange lagt merke til tidlegare, men O’Connor prøver å vise at Torfæus og hans samtidige, som har fått ord på seg for å vere svært ukritiske, heller ikkje var utan kritisk sans. Underskrivne er framleis meir tilbøyeleg til å tru at forsikringane i fornaldarsogene om at utrulege historier er sanne, oftast viser at forfattarane/forteljarane elska å balansere på grensa mellom det trulege og utrulege, og at forsikringa om sanning i denne typen litteratur med vilje er brukt til å gjere kontrakten mellom forteljar og publikum uklar. Men det skal innrømmast at O’Connor kjem med viktige og tankevekkjande innspel i debatten om humanistane si haldning til kjeldene.

I artikkelen sin diskuterer Beeke Stegmann kva slags prinsipp som kan liggje bak den omdisponeringa og omgrupperinga som Árni Magnússon gjorde av innhaldet i dei manuskripta han samla inn, og ho ser særleg på kodeksar som har innehalde mange fornaldarsoger. Árni Magnússon sette slett ikkje alltid dei kodeksar han samla inn, i hylla som dei var, han tok dei frå kvarandre og batt dei inn på nytt, og i samband med dette kunne han dele opp ein kodeks i fleire, eller han kunne ta delar (eit verk eller fleire) frå ein kodeks og binde desse saman med verk frå ein annan. Stegmanns konklusjon er at det ikkje alltid er lett å sjå kva prinsipp Árni Magnússon legg til grunn for omredigeringa av stoffet når han lagar nye kodeksar, men eit prinsipp har vore å samle stoff med liknande innhald. Artikkelen til Stegmann bygger på to kapittel i doktoravhandlinga hennar frå 2016, og ber preg av å byggje på grundig gransking. Omredigering av stoff i samband med nye innbindingar av kodeksar er eit emne det er all grunn til å vere merksam på. Innanfor nyfilologien har ein ofte sett på innhaldet i heile kodeksar og den kontekst ein tekst står i, som interessant. Då er det viktig å vere merksam på at ein kodeks ikkje er ein fast storleik som ikkje kan endrast, og det er neppe mogeleg i alle tilfelle å kome fram til kva tekstar som til ei kvar tid fanst mellom dei same to permane.

Genregrenser er sjeldan heilt klare og faste, og stundom skal det små endringar til før ein tekst glid over frå ein genre til ein annan. Philip Lavender diskuterer i sin artikkel ein litterær figur, Illugi, som opptrer både i fornaldarsoga Illugi saga Gríðarfóstra og i fleire andre soger og tilhøyrande rímur frå etterreformatorisk tid, fleire av dei enno uprenta. Tekstane har store likskapstrekk, men også ulikskapar som gjer at dei viser tilknyting til ulike sagagenrar som islandske riddarsoger, kongesoger og islendingesoger. Artikkelen er ei god påminning om at når det gjeld den siste produktive fasen til den fantastiske litteraturen med rot i mellomalderen, er det enno mykje som er lite utforska.

Silvia Hufnagel rettar søkelyset mot overlevering og produksjon eller reproduksjon av fornaldarsoger i eit avgrensa område på Island, Dalasýsla, og innanfor ein familie og nettverket til denne familien i ein periode på 1700- og 1800-talet. Dei spørsmåla ho er særleg interessert i, er kvifor dei aktuelle tekstane vart skrivne eller kopierte, og korleis produksjonen og reproduksjonen vart utført. Innanfor same familien møter vi personar med ulike roller som forfattar, skrivar, illustratør og eigar. Oversiktene over kven som har skrive kva, viser skrivarane sine særlege interesser. I den samla skildringa av dei ulike aktørane gjev denne artikkelen eit godt innblikk i eit interessant litterært miljø som dyrka og tok vare på tekstar frå mellomalderen, samstundes som dei også var skapande forfattarar som forma nye tekstar på grunnlag av dei gamle.

Andrew Wawn skriv om Jason bjarti i rímur og soger. Dette er unge tekstar frå 1700-talet og seinare. Wawn gjev att hovudtrekka i historia om Jason bjarti, drøfter forholdet til Vilmundar saga viðutan, som forteljinga om Jason knyter seg til ved at ein av personane i denne forteljinga seiest å vere soneson til Vilmundur viðutan. Han set soga inn i den kulturelle og politiske situasjonen i den perioden tekstane vart skrivne og skrivne av, og granskar til slutt forholdet mellom versjonane av soga og rímur. Mykje av artikkelen er primærforsking på upublisert materiale. Wawn står for den absolutt lengste artikkelen i samlinga, og 60 sider er normalt eit noko uhandterleg format på ein artikkel. Men det fell lett å orsake lengda på artikkelen. Sidan tekstane er lite tilgjengelege, er fyldig omtale av dei nødvendig, og samanlikninga av tekstutdrag for å fastslå forholdet mellom tekstane må vere av ei viss lengde for å gje klare resultat. Innleiinga om skrivaren av handskriftet som førte til at Wawn bestemte seg for å granske alle manuskripta som inneheld forteljinga om Jason bjarti, er underhaldande lesing. Det same er skildringa av sysselmannen Jón Árnason, som i sin livsstil ser ut til å ha etterlikna Jáson bjarti. Desse underhaldande forteljingane om menn som er knytte til produksjonen og overleveringa av tekstane om Jason bjarti, er utan tvil med på å gje eit levande og fargerikt bilete av miljøet der tekstane vart til og der dei vart dyrka, kanskje i den grad at sagafiguren vart eit idol som påverka menneske i samfunnet.

Shaun Huges skriv om Konrad Maurers reise til Island i 1858, og ikkje minst reisene hans på Island og dei handskrifta han fekk i gåve. Maurers opphald på Island er sett inn i den politiske situasjonen. Maurer hadde støtta islendingane sitt krav om meir sjølvstende frå den danske staten med støtte i Gamli sáttmáli, som gjorde det klart at unionen med Noreg var ein personalunion, og at islendingane hadde rett på sine eigne lover. Maurer vart av denne grunnen godt motteken på Island, og generøse bokgåver må ein sjå i denne samanhengen. Huges nemner manuskripta Maurer mottok, kven han fekk dei av, og i kva samanheng. Huges har i særleg grad fokus retta mot eit manuskript Maurer fekk av Ragnheiður Benediktsdóttir Vídalín. Det viser seg at også eit av dei andre handskrifta Maurer fekk, hadde vore i eiga til denne kvinna. Huges gjer greie for innhaldet i manuskriptet Maurer fekk av Ragnheiður, som er eit manuskript som for det meste inneheld fornaldarsoger. Han lukkast i å følgje manuskriptet frå skrivaren, sysselmannen Halldór Jakobsson, som skreiv og batt boka i 1789, til Ragnheiður gjev det til Maurer, rett nok med ein del usikre punkt i detaljane. Artikkelen gjev eit veldokumentert og interessant innblikk i det miljøet der manuskriptet vart til, arva eller gjeve som gåve like til Maurer fekk det i 1858.

Annette Lassen skriv om fornaldarsogene i dansk omsetjing. Ho startar med å slå fast at fornaldarsogene er viktige for den danske kulturarven fordi «[a] large part of the stories told in the Gesta Danorum (ca. 1200), composed by the medieval Danish historian Saxo Grammaticus, stems from Icelandic fornaldarsögur or similar narratives» (s. 323). At Saxos kjelder kan omtalast som «similar narratives», kan nok alle vere samde i. Men å omtale Saxos kjelder som «Icelandic fornaldarsögur» verkar anakronistisk. «Icelandic fornaldarsögur» er ein term vi bør reservere for dei skriftlege sogene. Nokre av tradisjonane med liknande innhald kunne vel godt vere danske, sjølv om Saxo rett nok viser til islandske heimelsmenn. Men sogene vart ein viktig del av dansk kulturarv på grunn av resepsjonshistoria, mellom anna under romantikken, då dei vart brukte til å byggje ein dansk nasjonal identitet, og mange danske forfattarar henta emne frå, og var inspirerte av, fornaldarsoger. Lassen gjev ein grundig gjennomgang av omsetjingane til Carl Christian Rafn (1795–1864) og set han og målet hans med omsetjingane, som var å revitalisere den «nordiske folkeånd» inn i åndshistoria i samtida.

Rafn hadde ikkje høge tankar om dei unge fornaldarsogene, dei var for fantastiske og uhistoriske, og dei vart ikkje tekne med i omsetjingane hans. Rafns omsetjingar av fornaldarsoger er i dag lite kjende utanfor forskarane sine rekkjer. Når desse omsetjingane ikkje vart gjevne ut på nytt etter Rafns tid, i motsetjing til omsetjingane av islendingesoger av N.M. Petersen, set Lassen dette i samband med at fornaldarsogene tapte si interesse som historiske kjelder, og at islendingesogene om frie bønder vart ein meir interessant og «korrekt» litteratur etter kvart som demokratiske idear vann gjennomslag i samfunnet. I tillegg skulle eg tru at også overgangen frå romantikk til realisme er viktig for å forstå skiftet i litterær smak. Det var då forfattarane og det lesande publikum kjende att dei litterære ideala frå si eiga tid i islendingesogene at det store gjennomslaget for denne genren kom. Lassen gjev også eit oversyn over omsetjingar av fornaldarsoger etter Rafns tid, og endar med ein kort omtale av eit omsetjingsprosjekt som no er i gang under leiing av henne sjølv. I perioden 2016–2019 vil alle fornaldarsoger kome i dansk omsetjing samla i åtte bind.

Alaric Halls artikkel vil sikkert verte lesen med stor interesse av alle som kjenner fornaldarsogene og er interesserte i det merkeleg fenomenet som fann stad på Island tidleg i dette hundreåret, og som vart avslutta på vårparten 2008 med hrunið, det store krakket som kom som følgje av handlingane til finansakrobatar som sette heile den islandske økonomien i fare. Desse mennene vert på islandsk kalla útrásarvíkingar (vikingar som rasar fram). Ordet er nylaga, men viser at islendingane, som kjende sine gamle fornaldarsoger, straks såg likskapen med fornaldarsagaheltane som herja over heile Europa og vidare, og desse nye «heltane», som også opererte på den internasjonale marknaden og kjøpte opp flyselskap og bankar med pengar som ikkje fanst. Hall viser korleis islandske forfattarar som valde hrunið som emne for litterære verk, henta mønster og inspirasjon i mellomalderlitteraturen. Særleg vekt vert lagd på romanen Mannorð av Bjarni Bjarnason, som er inspirert av fornaldarsoga Gautreks saga.

Thomas Alan Shippey skriv om fornaldarsogene i moderne fantasy-dikting. Han slår fast at fornaldarsogene ikkje har spelt den same rolla som inspirasjon for denne litterære retninga som norrøn mytologi. Forklaringa er at dei mytologiske tekstane har vore lett tilgjengelege i engelsk omsetjing, medan fornaldarsoger berre unntaksvis har vore omsette. Eit unntak er Vǫlsunga saga, som har vore tilgjengeleg i engelsk omsetjing frå 1870, og det har også funnest forfattarar av fantasy-dikting som har hatt gode kunnskapar i norrønt og ikkje har vore avhengige av omsetjingar. Ein slik forfattar var J.R.R. Tolkien, som var professor i angelsaksisk språk ved Oxford. Shippey slår fast at Tolkien og særleg verka The hobbit og The lord of the rings hadde stor påverknad på heile genren. Etter omtalen av denne dominerande forfattaren for genren gjev Shippey eit oversyn over forfattarar av fantasy-dikting etter Tolkien og kva kjelder dei har bygt på, og artikkelen endar med ein omtale av TV-seriar om vikingar.

Bibliografien til innleiinga og dei tretten artiklane er samanarbeidde til ein samla bibliografi. Boka inneheld også ein indeks for manuskript og ein indeks for namn. Diverre har ikkje namn i notane vorte fanga opp.

Dei tretten artiklane i boka dekkjer mange ulike emne. Innhaldet kan ved første augnekast verke noko sprikande, men artiklane har trass alt eit felles fokus: overleveringa og resepsjonen av fornaldarsogene. Dette er eit interessant emne fordi denne typen dikting var produktiv, vart kopiert og gjendikta over ein svært lang periode. For å forstå denne resepsjonshistoria er det viktig å setje tekstane, som er i stadig endring, inn i den historiske konteksten, som også er i stadig endring. Det prøver forfattarane av denne boka å gjere.