Det norske historikarmiljøet feirar eit dobbelt jubileum i år. Den norske historiske forening (HIFO) kan sjå tilbake på sine første 150 år, og Dei norske historiedagar rundar 30 år. Både HIFO og Historiedagane har danna viktige rammer for norske historikarar, fagleg, organisatorisk og sosialt. Det er derfor naturleg for Historisk tidsskrift å markere dette med eit eige jubileumsnummer som vender blikket bakover og tematiserer fagets historiske utvikling og rolle i det norske samfunnet. Samtidig kan eit jubileumsnummer vere eit godt høve til å oppsummere stoda i faget, og kanskje også peike på nokre moglege retningar for faget. Bidraga i dette nummeret er bestilte for høvet, og denne redaksjonen vil takke den førre for initiativet dei i si tid tok til det. Redaksjonen har gitt desse artiklane større plass til rådvelde enn vanleg for artiklar i Historisk tidsskrift. Markeringa av jubileet, og det oversynsprega perspektivet til bidraga, er grunngivinga for det.

Jubileumsnummeret blir innleia med eit jubileumsessay. Gro Hagemann, nestor i faget og leiar av HIFO i to omgangar (1990–1993, 2015–2016), tar for seg historia til HIFO og Historiedagane gjennom 30 år. Her blir det lagt vekt på at dei første historikardagane i 1989 markerte eit viktig tidsskilje i norsk historievitskap. Med dei vart ei gamal målsetjing endeleg realisert, og dei nasjonale historikarmøta fekk betydning som den sentrale faglege og sosiale møteplassen for norske historikarar. Historikardagane fekk også stor betydning for prosessen fram mot samlinga av historikarane i ein demokratisk medlemsorganisasjon året etter. I 1990 vart dei tre eksisterande foreiningane slått saman og konstituert som Den norske historiske forening, HIFO. I jubileumsessayet tar Hagemann for seg føresetnadene for og resultata av hendingane i 1989/1990, og diskuterer kva betydning dei har hatt for homogeniteten som ifølge Hagemann fortsatt pregar norsk historievitskap i internasjonal samanheng.

Teemu Ryymin, Astri Andresen, Jan Heiret og Leidulf Melve har analysert hovudtendensar i norsk historievitskap dei siste om lag 50 åra (1969-2015), analysert gjennom samtlege doktorgradsavhandlingar i historie avlagt ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Det er ei breitt anlagt undersøking som ser på korleis avhandlingane er perspektivert tidsmessig, romleg, tematisk, metodisk og teoretisk. Dei konkluderer med at historiefaget, i alle fall studert gjennom avhandlingane, er «sprell levende» og vitnar om evne til stadig å fornye og utvikle seg. Faget har blitt stadig meir mangfaldig, i tematiske aspekt og teoretiske perspektiv, og ikkje minst har historikarane blitt meir teoretisk og metodisk reflekterte, utan at det har forvist den empiriske vektlegginga. Det meiner forfattarane lovar godt for framtida for faget. Artikkelen dokumenterer samtidig den skeive kjønnsbalansen i faget. Ettersom doktorgraden er blitt ein føresetnad for fast vitskapleg stilling, forplantar dette seg til samansetjinga av staben ved lære- og forskingsinstitusjonane. Denne skeivheita bør vere ei felles bekymring for alle i historiefaget, og eit kollektivt prosjekt å forsøke å betre i åra som kjem.

Fredrik Thue tar i sin artikkel for seg historiefaget i den høgare skulen, det som etter kvart blei til den vidaregåande skulen, dei siste 150 år. Han viser her korleis skulereformene i siste halvdel av 1800-talet la til grunn eit nært samspel mellom universitet og skule. Etter latinskulens fall vart historiefaget eit nøkkelfag fordi det bidrog til å gjere det tradisjonelle skiljet mellom latinskulen og allmugeskulen mindre. Den historisk-realistiske allmenndanninga, både i historiefaget og ved at historie vart integrert i andre fag, avløyste klassisk formaldanning i den høgare skulen, medan historie modifiserte kristendommens hegemoni i folkeskulen. Historia vart oppfatta som ei universell utvikling mot ein høgare sivilisasjon, innan rammene av ulike nasjonar. Thue argumenterer for at historiefaget skifta karakter frå rundt midten av 1900-talet, med demokratisering av høgare utdanning, aukande reformtrykk ovanfrå og aukande definisjonsmakt av pedagogar og samfunnsvitarar. Det skapte eit meir «presentistisk tidsregime» i skulen, der omstillingsevne og evne til å lære, fekk større plass.

Utanom bidraga som markerer jubileet har me i dette nummeret også med ein debattartikkel. Helge Pharo følgjer her opp debattane i aviser og andre media om Terje Tvedt si bok Det internasjonale gjennombruddet, med ein kritisk diskusjon av utvalde delar av den. Det har ikkje blitt rom for mange bokmeldingar, men me lovar å kome tilbake med fyldige omtalar av bøker i seinare nummer.

Redaksjonen