Frå og med dette nummeret er redaksjonen av Historisk tidsskrift lagt til Bergen og forankra ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (UiB), Høgskulen på Vestlandet og Arkivverket. Me takkar Tromsø-redaksjonen for godt redaksjonelt arbeid gjennom fleire år, og særleg Narve Fulsås og redaksjonssekretær Maria Purtoft for godt samarbeid i overføringsperioden.

Eit redaksjonsskifte er også eit tidsskifte. Det betyr ikkje at omlegginga nødvendigvis blir stor. Føregåande redaksjonar har gjennom snart 150 år forvalta ein fagleg arv som det er naturleg å føre vidare. Som tidlegare redaksjonar har også denne som hovudmål at tidsskriftet skal halde fram med å vere ein sentral kanal for formidling av norsk historiefagleg forsking og norsk historie. Som eit nasjonalt tidsskrift skal Historisk tidsskrift famne vidt og spegle utviklinga i faget. Me vil vise breidda i historieforskinga, både tematisk, geografisk, metodisk og i teoriperspektiv. Men tidsskriftet er i hovudsak eit postkassetidsskrift, og slik er me i stor grad avhengige av dei innsende bidraga for å klare dette. Me er avhengige av at enkeltforskarar og ulike fagmiljø ser på Historisk tidsskrift som ein relevant og viktig publiseringskanal, og at dei aktivt sender inn bidrag for vurdering.

Norsk historieforsking er i stor grad internasjonalt orientert, og tidsskriftet tar gjerne imot bidrag om ikkje-norsk historie skrive av norske historikarar. Me tar gjerne imot bidrag med relevans for norsk historie skrive på engelsk av ikkje-norske forskarar. Dessutan vil me oppmode om bidrag om norsk historie med utovervende perspektiv, gjennom skandinaviske og internasjonale komparative blikk, eller som diskuterer korleis norsk historie har vore påverka av internasjonale og transnasjonale prosessar på ulike måtar.

Me ønskjer også å synleggjere historiefagets samfunnsrelevans. «Historia» blir mobilisert i samtidige samfunnsdebattar på ulike måtar og dannar grunnlag for samtidige premiss og haldningar til samfunnsfenomen, både i offentlegheitas ytterkantar og i det politiske systemets politikkutforming. Faget har særleg samfunnsrelevans gjennom å bidra til ei informert og kritisk tilnærming til historieforteljingar i samfunnsdebatten. Det siste året har vist at interessa for historiefaget, og metodane, teoriane og konklusjonane i faget, er stor i den norske offentlegheita. Historie har tidvis vore dagsordensettande. Samtidig har debattane vist at det er behov for ein arena som kan diskutere historiefaglege spørsmål meir inngåande enn kva rammene til aviser og sosiale media gir rom for. Slik er det utan tvil viktig med eit i hovudsak norskspråkleg tidsskrift som formidlar og diskuterer historie både for etablerte fagmiljø, og også for den interesserte ålmenta.

Kjønnsbalansen i historiefaget er framleis svært skeiv. Når tidsskriftet speglar faget og fagutviklinga, får det som uheldig konsekvens at dette forplantar seg til samansetjinga av tidsskriftets bidragsytarar. Det gjeld også i høgste grad dette nummeret. Dette er eit strukturelt problem der endringar først og fremst må finnast på institusjonelt nivå. Men me har som ambisjon å freiste å skyve kjønnsbalansen i riktig retning, ikkje berre ved generelt å oppmode kvinner om å sende inn bidrag, men også gjennom ei meir aktiv rekruttering av kvinnelege forfattarar.

Redaksjonen vil vurdere å gi ut enkelte spesialnummer. Det kan vere eit grep for å betre kjønnsbalansen, men det er også interessant for å kunne spegle fagutviklinga på ulike utvalde område. Det kan skje ved at redaksjonen aktivt vender seg til fagmiljø på eige hand, men me vil også oppmode forskingsmiljø om å sende inn forslag til tema for spesialnummer.

Bokmeldingar er viktig for faget og fagets utøvarar, og denne redaksjonen vil som dei føregåande legge vekt på fyldige bokmeldingsseksjonar. Breidda i faget skal speglast også her, samtidig som fagutviklinga skal synleggjerast både nasjonalt og internasjonalt. Også her vil redaksjonen særleg prioritere å få bøker skrivne av kvinnelege historikarar meldt.

Som vitskapleg tidsskrift er Historisk tidsskrift avhengig av det store korpset av fagfeller som på frivillig og idealistisk grunnlag stiller opp for å sikre kvaliteten. Arbeidet er anonymt, og gir ikkje utteljing i poeng eller kroner, men blir likevel utført samvitsfullt og med høg kvalitet. Dette er me sjølvsagt svært glade for, og me håpar på velvilje blant fagfeller også framover. Grundige og konstruktive tilbakemeldingar frå spesialistar hevar ikkje berre renommeet til tidsskriftet, men også norsk historieforsking.

I 2018 vart Historisk tidsskrift fritt tilgjengeleg for alle (Open Access). Det er på mange måtar den største endringa tidsskriftet har gått gjennom sidan etableringa i 1871. Open Access representerer utfordringar, men også moglegheiter. Utfordringa er sjølvsagt knytt til det økonomiske grunnlaget for tidsskriftet. Ei abonnementsordning gir rimeleg stabile inntekter til drifta. Med Open Access er me avhengige av andre ordningar. Me er no finansiert av det nasjonale tidsskriftkonsortiet for humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga skal støtte sentrale nasjonale tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap og sikre at forskingsresultata som desse publiserer skal vere ope tilgjengelege. Konsortiet er organisert og forhandla fram av Unit (Direktorat for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forsking) i samarbeid med Forskingsrådet og Universitets- og høgskulerådet. I praksis er det forskingsinstitusjonane, ved biblioteka, som saman med eit bidrag frå Forskingsrådet finansierer ordninga. HIFO søkte om at Historisk tidsskrift skulle bli inkludert i ordninga og har fått det innvilga, førebels for tre år. Om ordninga fell bort, eller Historisk tidsskrift ved nye søknadsrundar blir avvist, vil framtida til tidsskriftet bli svært vanskeleg.

Ut over å vere ope tilgjengeleg, har ordninga som vilkår at tidsskriftet er leiande innan sitt fagfelt og har ein norsk forfattarkrins som primært vender seg til ein nasjonal fagoffentlegheit på norsk. Det legg heilt sentrale føringar på korleis redaksjonen kan redigere tidsskriftet. I praksis er det ein føresetnad at tidsskriftet ikkje kan plasserast på nivå 2, slik svensk og dansk Historisk tidsskrift er plassert i våre naboland. Kravet om internasjonal forfattar- og lesekrins for å vere på nivå 2 er i direkte konflikt med konsortiets krav om nasjonal orientering på norsk. Det er sjølvsagt eit paradoks, og avgrensar rammene for kor mange internasjonale bidrag med relevans for norsk historie me kan ta imot. Den nye redaksjonen har allereie registrert ei viss interesse blant engelskspråklege historikarar om å få publisert bidrag som anten tar for seg norsk historie eller som har relevans for norsk historie. Ordninga avgrensar sjølvsagt også høvet til å trykkje bidrag av norske historikarar på engelsk, både om norsk og ikkje-norsk historie. Dette er uheldig, og redaksjonen er open for å trykkje enkelte bidrag på engelsk, først og fremst der det kan bidra til å invitere forskarar utan tilstrekkeleg norsk-kompetanse inn i ein norsk historiefagleg debatt.

Ein stor andel med engelskspråklege artiklar er uansett ikkje aktuelt for denne redaksjonen. Derimot vil me legge vekt på at artiklane har eit godt forskingsspråk på norsk. Det har alltid vore historiefagets kjennemerke. Norsk er som fagspråk under sterkt press ved norske forskings- og undervisningsinstitusjonar. Det blir ikkje berre reist krav om at forsking eine og aleine skal formidlast på engelsk, men i enkelte tilfelle også at all undervisning av norske studentar skal gå føre seg på engelsk. Historiefagets gjennomslag i samfunnsdebatten og tidsskriftets ambisjon om å vere relevant i denne, tilseier også at forskinga bør formidlast på eit presist og forståeleg norsk.

Open Access gir også høve til å nå ei langt større målgruppe enn tidlegare. Det gir ikkje berre enklare høve til å bidra i vitskaplege debattar for norsklesande forskingsmiljø internasjonalt, men også til å gi faglege innspel i pågåande samfunnsdebattar. Det er av stor verdi.

Artiklane i dette nummeret har kome inn under førre redaksjon, og vurderinga av ein del av artiklane er naturleg nok også delvis gjort av førre redaksjon. Blant anna bruken av fagfellevurdering gjer redaksjonsskiftet uproblematisk i så måte.

Dette nummeret har fire artiklar og fire bokmeldingar. Først ut er Kjetil Braut Simonsen, som tar for seg fornektinga av Holocaust blant NS-veteranar i tida 1948–1975, studert gjennom tidsskriftet 8. mai/Land og Folk. Han viser her korleis fornektinga tidleg vart ein del av verdsbiletet som NS-veteranane formidla. Braut Simonsen argumenterer for at dette dels handla om ei historierevisjonistisk rettferdiggjering av eiga rolle og forsøk på reinvasking av Quisling-regimet under andre verdskrigen. Men han argumenterer også for at dette var del av nyfascistisk politikk i etterkrigstida som skulle medverke til å legge til rette for nye former for fascisme og antisemittisme hjå nye etterkrigsgenerasjonar. Kampen om fortida vart av NS-veteranane kopla saman med ein kamp om framtida, både ved å nedtone dei groteske overgrepa under Holocaust, men også gjennom ein fortsatt konstruksjon av konspirasjonsteoriar som vektla «jødisk makt».

Terje Emberland tar for seg det såkalla «Stutthof-eksperimentet», der 254 norske politifolk vart sende til ein omskoleringsleir ved Stutthof utanfor dagens Gdansk. Dette var tenestemenn som okkupasjonsmakta såg på som «upålitelege», og målsetjinga var å gjere dei til lojale medlemmar av eit SS-kontrollert norsk politikorps gjennom å gi dei ideologisk og politifagleg indoktrinering og opplæring. Eksperimentet var mislykka ideologisk, og Emberland diskuterer årsakene til at polititenestemennene klarte å stå imot presset. Eit element i forklaringa her var det raseromantiske biletet som SS-ideologien skapte av nordmenn som ifølge Emberland overstyrte realismen og dempa bruken av sanksjonsmiddel mot gjenstridige politifolk.

Torkel Thime ser på ein del av norsk arkivhistorie som tidlegare har hatt lite merksemd. Han diskuterer den sentrale posisjonen som regionale arkivdepot har hatt i Norge, både i tida før og etter Riksarkivet vart danna i 1817. I motsetnad til dei fleste andre europeiske landa, vart det i Norge tidleg gjort forsøk på å sentralisere lokale arkiv til Akershus slott. Thime viser korleis amts- og stiftsarkiv likevel prega det norske arkivlandskapet heilt fram til etableringa av statsarkiv på slutten av 1800-talet. Også Akershusarkivet, sentralarkivet på Akershus slott som også ofte blei omtala som Det norske arkiv, var først og fremst eit regionalt arkiv. Thime viser korleis særleg innsynsrett heilt frå 1600-talet spela ei viktig rolle og medverka til regional motstand mot arkivsentralisering.

I den siste artikkelen analyserer Magne Rabben og Øyvind Thomassen bruken av tvang på Kriminalasylet mellom 1895 og 1915. Dei viser korleis dei to første styrarane av institusjonen påverka praktiseringa av tvang. Gjennom bruk av pasientjournalar og avdelingsrapportar argumenterer dei for at Asylets hybride karakter, formelt ein medisinsk institusjon, men underlagt Justisdepartementet som anstalt for farlege kriminelle, gav ei todelt innstilling til tvangsbruken. Grunnhaldninga var i samsvar med tidas ideal om humanitær behandling, men samtidig var det ei forståing av at tvang var nødvendig i visse tilfelle. Medan isolasjon var viktig disiplineringstiltak for begge styrarane, viser forfattarane også korleis dei to styrarane stod for ulike måtar å bruke tvang på. Den første styraren la vekt på mekanisk tvang medan den andre særleg nytta kjemisk tvangsbruk, ei endring som spegla utviklinga ved andre asyl.

Den observante lesar vil ha sett at Historisk tidsskrift frå og med dette nummeret har skifta referansesystem. Me brukar no stilen APA 6th med fotnotar og referanseliste til slutt i artikkelen. Ei meir utfyllande forfattarrettleiing ligg på heimesidene til tidsskriftet på idunn.no.

Redaksjonen