Tittelen på Finn Olstad si bok om norsk etterkrigshistorie er «Den lange oppturen». Den minnar meg om mi ungdoms pensumbok «Vekst og velstand». Ein skulle ut frå tittelen tru at Olstad er «Vekst og velstand 2.0», med eit tillegg på 40 års ytterlegare framstegshistorie, men heilt slik er det ikkje. Dette er ikkje lineær framstegshistorie, sjølv om han sterkt understrekar den enorme velstandsauken gjennom etterkrigstida fram til i dag. Han ønsker å skriva ei kritisk norgeshistorie, som også får fram skuggesider og problematiske utviklingstrekk, i ein dialog med lesaren. Dette er den mest oppdaterte og grundigaste framstillinga av norsk etterkrigshistorie.

Olstad argumenterer godt for at det er viktig å reflektera rundt nasjonshistorie, i eit demokrati med nasjonalstaten som ramme. Og han realiserer sitt syntetiserande program. Her er det grundige analysar av økonomi, politikk og kultur – og han drøftar samanhengane mellom desse samfunnsmessige nivåa, med 1970-talet og inngangen på 2000-talet som viktige vendepunkt. Han er særleg imponerande når det gjeld det økonomiske og sosiale nivået. Han er mindre engasjert og vesentleg knappare når det gjeld det politiske, særleg det som gjeld tilhøvet til omverda – utanriks- og tryggingspolitikken. Og når det gjeld spørsmål som knyter an til innvandring og fleirkulturalitet mot slutten av boka, overtar til ein viss grad polemikken, og analysane er hefta med skjemmande feil. Boka er delt i fire. Den første delen går fram til 1970-talet. Del 2 tar for seg nettopp dette tiåret – som blir karakterisert som «det store oppbruddet» med dei sosiale og kulturelle endringane dette førte med seg. Del 3 handlar om utviklinga på 1980- og 90-talet då Norge for alvor vart ein oljenasjon, samstundes som det var grunnleggjande endringar i dei økonomiske strukturane som blant anna kan førast tilbake til gjennomslag for liberalisering av økonomien nasjonalt og internasjonalt. Den siste delen følgjer utviklinga på 2000-talet fram til 2015.

Opningskapitlet i del 1 tar opp den økonomiske veksten og moderniseringa på mange samfunnsnivå fram til ca. 1970, ein vekst som var allmenn i den industrialiserte verda – med firedobling av produksjonen og tidobling av den internasjonale handelen fram til byrjinga av 1970-talet, men som fekk nokre særdrag i Norge. Her er oppdaterte framstillingar av utviklinga innanfor industri og primærnæringar, og Olstad viser korleis politikken på desse områda meir kan sjåast på som eit kompromiss mellom ulike utviklingsmodellar enn som realisering av ein fastlagt plan. Reallønna vart fordobla i perioden, det private forbruket mest tredobla. Fritid vart ein mykje viktigare faktor i folks kvardagsliv, med fordobling av ferien frå to til fire veker og med nedsetting av arbeidstida frå 48 til 42,5 timars veke. Og med det vart helgefri ein realitet for dei aller fleste. Etter at gjenreisinga var over starta ei formidabel bustadbygging, ei bustadbygging prega av sjølveigde småhus som ideal. Norge var på toppen av europastatistikken. Drabantbyen vart ein ny bu- og leveform. Kjønnsrollene fraus fast i denne husmoriseringas tidsalder. Fjernsynet kom seint, ikkje før på 1960-talet, men i eit formidabelt tempo. Og nå kom bilen for fullt etter opphevinga av rasjoneringa i 1960, det tekniske vedunderet i tida som «kom til å forandre Norge mest». I dette kapitlet gir Olstad eit godt oversyn over ei tid med stor modernitetsbegeistring og framtidstru.

I dei tre neste kapitla går han inn på det politiske, ideologiske og kulturelle grunnlaget denne perioden kvilte på. I kapitlet «Sosialdemokrati» tar han for seg Arbeidarpartiet si dominerande rolle og ambisjonar som styringsparti. Han får fram korleis dei ambisiøse planøkonomiske ideane frå dei første etterkrigsåra måtte justerast i møte med presset frå internasjonal økonomi. Han viser korleis politikken representerte eit kompromiss mellom mange omsyn. Eitt av dei var justeringar som gjaldt press frå dei som ville halda på rettsstatlege prinsipp i møte med ein utstrekt rettspositivisme som legitimering av politikken. Her er heilt relevant kritikk av Seip sin analyse av tida mellom 1945 og 1963 som «ettpartistaten» – og han viser korleis den borgarlege Borten-regjeringa etter 1965 i stor grad følgde i forgjengaren sine fotefar. På eit par punkt stussar eg litt. På den eine sida er han kritisk til sosialdemokrati som samlande omgrep for den dominerande ideologien i samtida, på den andre sida viser han også at det er særtrekk i Norden som kan knytast til den rørsla som blir kalla sosialdemokratiet – og noko alternativ peiker ikkje Olstad på. Eg stiller meg også skeptisk til at han legg eit generasjonsskilje mellom partileiar Gerhardsen og nestleiar Bratteli. Skilnaden er 13 år, og dei er begge fundamentalt prega av mellomkrigstidas sosiale kriser og harde klassekamp. At det skulle vera eit vesentleg skilje mellom dei to, ideologisk og politisk, blir bare postulert, men ikkje vist. Eit underliggjande premiss for dette er tesen om at Gerhardsen var ein slags revolusjonsromantikar, med røter i sin ungdoms begeistring for den russiske revolusjon, ein tese som ligg til grunn for hans Gerhardsen-biografi frå 1999.

Dette utgangspunktet for vurdering av Gerhardsen som politisk aktør ligg også under analysane av vestvendinga i kapitlet «Det atlantiske fellesskapet». Her presenterer han norsk brubyggingspolitikk etter krigen, vedtaket om at Norge skulle ta imot Marshallhjelpa, diskusjonane om ei skandinavisk forsvarsløysing og medlemskapet i Nato, alt sett i lys av utviklinga av den kalde krigen. Olstad framstiller det som om fleirtalet i regjeringa var mot at det skulle innleiast forhandlingar om eit skandinavisk forsvarssamarbeid (s. 74) – og i strid med sitt utanrikspolitiske apparat. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å skriva det. Han har heller ingen referansar til denne vurderinga. Tvilen var det grunnleggjande, og det er vanskeleg å sjå at det var grunnleggjande motsetningar i Arbeidarpartiet si leiing her.

Denne ideen om ein slags naivitet hos Gerhardsen kjem også til uttrykk i det Olstad skriv om 1950-talet. Han skriv oppklarande om bakgrunnen for dei sjølvpålagte restriksjonane på Nato-medlemskapet, og han poengterer at ein ikkje må overdriva skilnadene i synet på tryggingspolitikken mellom utanriksminister Lange og partileiar og statsminister Gerhardsen, noko som er ei posisjonsendring sidan Gerhardsen-biografien frå 1999. Framleis held han på tesen frå denne boka om at det var Gerhardsens revolusjonære fortid som var avgjerande for korleis han manøvrerte tryggingspolitisk etter Stalins død i 1953. Han held fast på at skiljet gjekk mellom Lange, partisekretær Haakon Lie og det utanrikspolitiske establishment på den eine sida og Gerhardsen på den andre. Gerhardsen sin vidkjende tale på statsleiarmøtet i Nato i Paris i desember 1957, blir brukt som døme på det. «I Nato-kretser var talen en skandale», hevdar Olstad (s. 82). Dette er eit problematisk perspektiv, for det ser bort frå tre forhold: For det første hadde Gerhardsen sitt forslag om å venta med utplassering av mellomdistanserakettar i Vest-Europa med tanke på å få til nye forhandlingar mellom supermaktene sympati i mange Nato-land, særleg Danmark, Storbritannia og Canada. Hadde Olstad løfta blikket opp frå vår lokale andedam, ville han ha sett det som min kollega Stian Bones har peikt på: At dei nye signala om fredeleg sameksistens frå det nye sovjetiske leiarskapet etter Stalin sin død utløyste ei kløyving i den vestlege responsen mellom dei som ville møta dette med kritisk dialog og dei som såg desse signala som tom retorikk og difor ville halda fram ein strategi for konsekvent oppdemming. Det var den første strategien som vart hegemonisk i Norge og som Gerhardsen sjølv var den tyngste målberaren av, i all hovudsak støtta av utanriksministeren. Dei som stod for den andre strategien, fremst av dei var partisekretæren Haakon Lie, representerte eit mindretal. Olstad er nok usamd i denne analysen, men den burde i så fall vore diskutert.

I dette kapitlet blir også den innanlandske kalde krigen, først og fremst fronten mot det norske kommunistpartiet, omtalt. Den var særleg intens i arbeidarrørsla, utløyst av Gerhardsens Kråkerøytale i 1948 og med massiv konfrontasjon i fagrørsla. Olstad peiker på dei rettsstatsproblema som reiste seg ved samrøra mellom hemmelege tenester og parti og dei irregulære formene dette fekk, påpeikt av Lundkommisjonen og tobinds-verket om dei hemmelege tenestene av Knut Einar Eriksen og Trond Bergh. Forslaget til beredskapslov i 1950 var eit særleg grelt døme på kor langt ein kunne gå. Olstad går elles langt i retning av å legitimera den ulovlege overvakinga i lys av situasjonen under den kalde krigen. Elles tar dette kapitlet opp den kalde krigens kulturhistorie i Norge, med vekt på propagandakampen og den kulturelle vestvendinga, amerikaniseringa av samfunnet og endringar i ungdomskulturen.

Det siste kapitlet i del 1 omhandlar «den nasjonale enhet». Her går Olstad grundig inn på det fornorskingstrykket som var mot samane og dei nasjonale minoritetane, der særleg taterane (romani) og sigøynarane (rom) vart hardt ramma. Han viser også det gryande oppgjeret med dette i høve til samane på 1950-talet, men også korleis dette var kontroversielt hos samane sjølve. Her er det også gode drøftingar av korleis dei første etterkrigsåra verka nasjonsbyggjande ved oppretting av nasjonale kulturinstitusjonar og gjennombrudd for nasjonale etermedia, først og fremst fjernsynet. Det er tendensar til tilbakegang for dei tradisjonelle motkulturane, og etter den beiske språkstriden på 1950-talet vart konfliktnivået vesentleg redusert ved det svekka språkpolitiske engasjementet som følgde etter Vogt-komiteen si innstilling i 1966. I perspektiv av ei nasjonsbygging blir også utviklinga i Nord-Norge diskutert i dette kapitlet, med Nord-Norge-planen i 1951 og reduserte regionale skilnader.

Den andre delen i boka har tittelen «Det store gjennombruddet», kanskje den delen med dei mest spenstige nytolkingane. Den handlar i hovudsak om 1970-talet, eit tiår Olstad ser som eit avgjerande vendepunkt mot eit anna samfunn, eit samfunn i kontrast til det meir stabile og konforme industri- og klassesamfunnet på 1950- og 60-talet. Han viser til den formidable velstandsveksten frå midt på 1960-talet til utgangen av 70-talet, med ein ekstremt sterk vekst i første halvdelen av 1970-talet. Det var ei tredobling av forbruket sidan 1930-talet, og ein aukande del av dette gjekk til fritid, utdanning og reiser. Skipsfarten fekk ein knekk, men så kom olja. Industrisektoren gjekk tilbake, men vart meir effektiv. Han viser korleis samanbrotet i sildebestanden på 1960-talet gjorde at fiskeriforvaltning vart eit stadig viktigare tema. Det er i det perspektivet han ser opprettinga av 200 mils økonomisk sone. Gråsoneforhandlingane og etableringa av den suksessrike norsk-sovjetiske (seinare norsk-russiske) felles fiskeriforvaltninga burde nok også vore nemnd. Han viser korleis havbruk vart ei viktig kystnæring, men framfor alt går han grundig og godt inn på det store oljeeventyret og strekar særleg under betydninga av regjeringa Bratteli sin politikk for nasjonal kontroll.

Han nedtonar sterkt førestillinga om 1970-talet som ein politisk radikal periode i kapitlet «Radikalisme?». Det er det store omskiftet han er ute etter. Her er lange og gode analysar av EF-avstemninga og det etterfølgjande jordskjelvet ved stortingsvalet i 1973. Han får godt fram dei mange og viktige reformene som kom i siste halvdel av 1970-talet og gjennombrotet for miljøverntanken. Det siste fører også opp mot den store Alta-kampen, som nok handla om naturvern, men mest om samiske rettar. Her er ein god gjennomgang av hendingsforløpet, men han viser også at det er feil å sjå Alta-kampen som eit år null i utviklinga av ei fleirkulturell forståing av samane. Olstad skriv også inngåande om den økonomiske veksten i dette tiåret, med dei store styringsambisjonane, styringsambisjonar som møtte kvist på slutten av 1970-talet med ei høgrebølge og grenser for motkonjunkturpolitikk i ei tid med krise i verdsøkonomien, alt diskutert ut frå den nyaste litteraturen på desse felta.

Når 1970-talet blir gjort til ein slik oppbrotsperiode, er det ut frå innhaldet i dei to siste kapitla i denne delen, om ungdomsopprør og kvinnefrigjering. «1970-årene var ungdommens tiår», skriv han. Her styrer han argumentasjonen med stødig hand, han peiker på dei internasjonale impulsane, på demografiske forhold («baby-boomen» etter krigen), utdanningssamfunnet, den radikalt nye mediesituasjonen der verda kom inn i stovene gjennom fjernsynet, ei kulturell internasjonalisering og nye former for antiautoritær ungdomskultur. Omgangsformene og forholdet til seksualitet endra seg på ein grunnleggjande måte. Dei mest forstokka kreftene i kyrkja måtte gi tapt, og tendensen gjekk i retning av større toleranse. Alle desse prosessane meiner Olstad verka sterkare i Norden enn i andre europeiske land, på grunn av den sterkare posisjonen til arbeidarrørsla og eit sosialdemokrati som var opent for å kanalisera dei nye straumdraga inn i samfunnet.

Minst like fundamentale var endringane i kvinnene sin samfunnsmessige posisjon på 1970-talet og første halvdel av 1980-talet, «begynnelsen på en ny kjønnsorden». Det handla om eit oppbrot ifrå husmoriseringas periode på 1950- og -60-talet, om sterkt aukande yrkesdeltaking, om kamp for likelønn, om eit sterkt aukande utdanningsnivå – med brattare kurve enn for mennene, endringar i lovverket som var basert på likestilling, fallande fertilitet blant anna som følgje av betre kontroll over reproduksjonen – og ikkje minst om sterkt aukande politisk representasjon. Idretten, som Olstad er ekspert på, speglar dei endra kjønnsrolleoppfatningane ved at kvinnene kjempar seg inn i idrettsgreiner totalt dominert av menn. Det er interessant at han, med tilvising til Gro Hagemann, viser korleis det var ei slags feministisk vending i Arbeidarpartiet si leiing alt midt på 1960-talet.

Del 3, «Marknad og moral», handlar i hovudsak om 1980- og 90-talet. I kapitlet «Konkurransesamfunnet» diskuterer Olstad spørsmålet om gjennomslag for konkurranse som prinsipp i samfunnsutviklinga. Her er balanserte og gode diskusjonar om frislepp i media, om oppgjer med statleg industrisubsidiering og fristilling av Norges Bank og statlege forvaltningsbedrifter, om nye lukkeforskrifter og om ei sterkare marknadsstyring i bustadpolitikken. Det blir ført ein balansert diskusjon med vekt på konsensus i dei store linjene. Dette var jo i sterk kontrast til den EU-striden som så sterkt polariserte samfunnet, med EØS som eit skjørt sluttprodukt. Årsaksdiskusjonen om dette utfallet og samanlikninga med folkeavstemninga i 1972 har også med dei mest relevante faktorane, men eitt moment glimrar heilt med sitt fråver: Det faktum at Norge med etablering av 200 mils økonomisk sone i 1977 fekk ansvaret for å forvalta eit gigantisk havområde, i dei viktigaste fiskeria i nord saman med naboen Russland, var eit nytt argument i høve til 1972, og truleg avgjerande for haldninga til mange i kyst-Norge.

I kapitlet «Oljeøkonomi» er det sjølve bærebjelken i norsk økonomi som blir analysert, men også andre sentrale trekk ved økonomien på 1980- og 90-talet og norsk arbeidsliv, trekk som peiker fram til i dag. Her er solide analysar og oversikter over oljesektoren og internasjonalisering av den norske økonomien. Industrisysselsettinga går ned, men Olstad åtvarar mot å bare karakterisera det som avindustrialisering. Produktiviteten steig, og det vart utvikla ny og meir avansert industri. Her er også gode analysar av primærnæringane, basert på dei store verka om jordbruket og fiskerinæringa. Innanfor fiskeria er dette perioden med etablering av eit historisk nytt reguleringsregime, med framveksten av oppdrettsnæring og store kriser i fiskeindustrien. Som i fiskeria gjekk også sysselsettinga i jordbruket ned – men samstundes auka produktiviteten, og sjølve levemåten endra seg, det kom ei «sosio-kulturell urbanisering» på landsbygda. Varehandelen gjekk gjennom grunnleggjande endringar, endringar som gjekk hand i hand med ei forsterka utvikling mot eit forbrukar- og fritidssamfunn. Det grunnleggjande skiljet gjekk ikkje lenger mellom arbeid og kapital, men mellom forbrukarinteresser og produsentinteresser, som Olstad skriv, med tilvising til Det norske samfunn. Men han viser også korleis den norske modellen overlevde storlockouten i 1986 og korleis «solidaritetsalternativet» på 1990-talet medverka til at Norge kom gjennom den alvorlege krisa ved inngangen til 1990-talet.

I «Den moderlige omsorg» følgjer Olstad opp det han skriv om kvinnerørslas gjennomslag på 1970-talet. Her blir det vist korleis den auka yrkesdeltakinga blant kvinner vart følgd opp med barnehagar og skolefritidsordningar. Den kraftige ekspansjonen i velferdsstaten blir sett under lupa her, og likeeins korleis toleransen for kulturell variasjon auka, blant anna med avkriminalisering av homofili (1972), antidiskrimineringsparagraf til vern av homofile (1981), fjerning av homofili som diagnose (1990), partnarskapslov (1993) og ekteskapslov (2009). Samane får eit gjennomslag, først ved Sametinget i 1989, så ved å bli anerkjend som urfolk ved ratifiseringa av urfolkskonvensjonen (1990) og ved Finnmarksloven (2005). Det er påfallande at den norske ratifiseringa av den europeiske konvensjonen for vern av nasjonale minoritetar i 1999 og anerkjenning av kvenar, rom, romani, jødar og skogfinnar som nasjonale minoritetar ikkje er nemnd med eit ord, verken her eller andre stader.

Del 3 blir avslutta med eit kapittel som diskuterer norsk engasjementspolitikk og innvandringspolitikk sidan 1980-talet, ut frå ideen om at Norge skulle vera ei moralsk stormakt og at politikken skulle vera verdibasert. Her ligg han nær opp til dei perspektiva som Terje Tvedt har målbore i lang tid og sterkast uttrykt i boka Det internasjonale gjennombrudd (2017), men i Olstads tapping er dette meir balansert og moderat. Føremålet er å «rette et kritisk blikk også mot det norske ʻgodhetsregimet’ og ʻgodhetsmakt’» (s. 316). Her legg han seg tett opp til Rolf Tamnes sin ironiske tone i bind 6 av Norsk utanrikspolitisk historie overfor norsk internasjonalt moralsk engasjement, og i tråd med Tvedt finn han bakgrunnen for dette i ein norsk politisk elite som sirkulerte mellom frivillige organisasjonar, forsking og det utanrikspolitiske apparatet, i ein visjon om Norge som «humanitær stormakt». Det er i tråd med dette han også ser deltaking i «out of area»-aksjonar, slik som i Bosnia og Kosovo. Det er i lys av eit slikt perspektiv han også ser den sterke veksten i bistand, noko han ser innanfor ramma av «vestleg kulturimperialisme», eit resultat av «elitesirkulasjon» i «den sørpolitiske eliten» som representerte eit «godhetsregime», alt henta frå bøker av Tvedt.

I likskap med Tvedt ser Olstad også innvandringspolitikken i lys av dette «godhetsregimet», men til skilnad frå han er ikkje analysane basert på einfaktoranalysar. Her blir det gitt ein god oversikt over innvandringsmønsteret og dei komplekse årsakene bak. Perspektivet på desse prosessane kunne kanskje blitt eit anna om Olstad analytisk hadde skilt mellom multikulturalisme som strategi i innvandringspolitikken og integrasjon. Han ser det siste som ei realisering av det første (s. 342). Etter denne meldaren sitt syn går Olstad då glipp av at norsk innvandringspolitikk ikkje var basert på at kulturar skulle leva side om side som parallellsamfunn, men tvert om at fleirkulturalitet skulle vera basert på dei framherskande verdiane i eit demokratisk samfunn som det norske.

Her er det rom for ulike oppfatningar og meiningsbrytning, noko Olstad si bok opnar for. Problema oppstår først og fremst i den siste delen, «Den globale utfordring». I det første kapitlet i denne delen er han på heimebane. Her er ei glimrande oversikt over den økonomiske utviklinga etter årtusenskiftet, under den treffande overskrifta «På verdenstoppen», ei kraftig forsterking av «den lange oppturen» etter 1945. Det er jo olje- og gassektoren som er motoren her, med ei forskyving frå olje til gass. Dette gjekk hand i hand med utviklinga av den norske oljeklynga, den fremste i verda. Norge vart ein endå meir ruvande sjømatnasjon, med oppdrett som vekstmotor. Alt dette ga grunnlag for ei formidabel styrking av offentleg sektor, statsbudsjetta auka med 84 prosent i faste prisar, og det var aukande statleg eigarskap i norsk industri. Lønnsveksten var eventyrleg, hushalda sitt forbruk vart dobla. Her er gode analysar av den digitale revolusjonen og av endringar i utdanningssektoren.

Men så glipp det. Kapitlet «Innvandringslandet» blir innleia med setninga «Flyktningstrømmen har blitt vår tids store krise», altså ikkje alle dei katastrofane som har skapt flyktningstraumen. Han viser den sterke auken i innvandrarbefolkninga på 2000-talet, kva som låg bak dette: flyktningar og asylsøkarar frå krigsramma område, EØS-innvandring etter EUs utviding i 2004. Basert på Brochmann-utvala sine innstillingar, statistikk og oppdatert litteratur blir det peikt på problematiske sider ved dette og korleis Norge representerte ein innvandringspolitisk mellomposisjon til Sverige og Danmark. Dette er opplysande og fagleg solid. Problema byrjar i diskusjonen til slutt i kapitlet. Her står det feilaktig at assimilering «ble forkastet og fordømt som integreringsstrategi» på slutten av 1900-talet (s. 395). Det skal vera på 1970-talet, men langt verre er det at han skriv at assimilering «har vist seg som heldig for bevaring av samfunnsformer». Det er ei rekke døme i Europa kor farleg ei slik tenking er, til dømes fornorskingspolitikken i Norge. Og så held han fram med å hevda at norsk innvandringspolitikk har vore basert på at «man tok utgangspunktet i en akademisk moteriktig forståelse av kultur som totalitet». Det er jo rimeleg å tolka «man» som styresmaktene, men så viser han seinare til «akademiske miljøer» etc. Her er han i beste fall uklar. Han gjer eit stort nummer av at Flyktningkonvensjonen ikkje pålegg å gi asyl, tilsynelatande utan å vera klar over at asylinstituttet vart skrive inn i framandlova av 1956. Han skriv at titals millionar i verda ville ha rett på asyl etter norsk tolking av asylrett, noko som ikkje stemmer. Norge baserer seg – som andre land – på definisjonen av flyktning i Flyktningkonvensjonen.

Dette perspektivet dominerer sterkt i dei to avsluttande kapitla. I kapitlet «Verdensborgere» skriv han om gjennomslaget for menneskerettar som «trumfer nasjonale hensyn» (s. 405) og at politikken fekk ein utopisk karakter, noko som skal ha kome til uttrykk under flyktningkrisa i 2015 då «ledende politikere» insisterte på at Norges plikter til «å ta imot flyktninger og asylsøkere i prinsippet var ubegrenset» (s. 406). Han har ingen referensar til det, og det er då heller ikkje grunnlag for å skriva det. Det stemmer jo heller ikkje at Norge hadde gjort seg «rettslig avhengig» av å føra ein flyktningpolitikk «med utopiske trekk» (s. 411). I det heile er framstillinga av norsk innvandringspolitikk unyansert og med store feil. Olstad gir ei heilt relevant drøfting av problema med ein verdibasert utanrikspolitikk, men også her blir analysane svært einsidige. Elles er det drøftingar av reelle problem knytt til rettsleggjering av politikken og av politikarane si sjølvstendiggjering i høve til dei sosiale gruppene dei har si makt frå, i etablering av det han kallar «kartellparti». Han problematiserer – med rette, etter mitt syn – at avpartifiseringa av avisene førte til større politisk mangfald og viser korleis dei sosiale skilnadene har auka gjennom heile 2000-talet.

Det aller siste kapitlet er via til det som er Olstad sin bodskap til vår eiga samtid, trusselen mot det nasjonale demokratiet i vår tid. Og han slår på dei alarmistiske strenger. Han understrekar korleis elitane har sjølvstendigjort seg, korleis desse elitane ikkje deler folket si bekymring for innvandringa, ei innvandring til eit «lovede land for kolonisering». Han set opp ei spenning mellom elitane som meiner at norsk innvandringspolitikk skal «bestemmes av internasjonale konvensjoner» og «det norske folkeflertallet» som er usamd i det. Han legg ikkje fram nokon dokumentasjon på at det er grunnlag for å stilla problemet slik. Han grip til psykologiske forklaringar på norsk lågspenningspolitikk overfor Sovjetunionen under den kalde krigen («underlegenhetsfølelse»), likeeins påstanden om at Gerhardsen ikkje var på linje med utanriksleiinga. Han skriv om korleis at det bare var tilsynelatande usemje mellom Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch på 1980-talet, men ikkje eit ord om den skarpe kløyvinga om tryggingspolitikken, den skarpaste nokonsinne. Han skriv ingenting om norsk tryggingspolitikk etter den kalde krigen, bortsett frå nokre linjer om Ukraina-krisa på side 410. I det heile er han ikkje interessert i dei utanrikspolitiske rammene, til dømes den arktiske vendinga det siste tiåret, ut over at han skriv om dei tilfella der Norge tok del i militære operasjonar.

Det er overraskande at Olstad er så knapp på dei sterke sidene ved boka i avslutningskapitlet. For trass i dei innvendingane eg har, som særleg gjeld innvandringspolitikk og utanriks- og tryggingspolitikk, gir Den lange oppturen oppdatert informasjon om norsk etterkrigshistorie og også friske og fruktbare perspektiv på denne epoken, særleg på det kulturelle, sosiale og økonomiske nivået. I motsetning til dei fleste andre oversiktsverk av denne typen, er det også referansar til kva framstillinga byggjer på. Det er å vona at dei feilskjera eg har nemnd i denne meldinga kan lukast ut ved eventuelt nye opplag.