Kampen om folkeminnesamlingen gir ei kronologisk gjennomgang av hendingar som for ganske nøyaktig hundre år sidan gjekk føre seg rundt det som i dag er Norsk Folkeminnesamling. Kulturhistorikar Eirik Kristoffersen tar for seg korleis innsamlingspraksisar vart endra gjennom «den vitenskapelige eksproprieringen av folkeminnene» (s. 9), eit perspektiv han har frå Kyrre Kverndokk i innleiinga til boka Or gamalt: Nye perspektiver på folkeminner (Esborg, Kverndokk og Sem 2012).

Denne lekre boka er fint designa i oktavformat, og kviler lett i ei hand. Ho er delt inn i 16 kapittel som er meir eller mindre kronologisk ordna, men der temaet krev det, vert det følgt til endes, slik at det neste kapitlet godt kan starte tidlegare enn der førre kapittel slutta. Dette fungerer fint, og er til hjelp i lesinga. Om lag midt i boka, frå side 117, har Kristoffersen plassert eit innstikk som består av skriftlege portrett av dei tre aktørane som er mest sentrale i boka. Det er Moltke Moe, Knut Liestøl og Rikard Berge. Dette skil seg ut frå resten av boka gjennom å vere trykt på grå sider, og med dekor over og under teksten. Vi får også sjå fotografi av dei tre personane.

I eit etterord skildrar Kristoffersen arbeidet med boka, set materialet og temaet inn i ein større fagleg samanheng ved å plassere det i forhold til tidlegare forsking, og viser til kva slags type kjeldemateriale som har vore tilgjengeleg. Boka er basert på Kristoffersen si masteroppgåve. Ved bruken av eit etterord på denne måten, får den som ønskjer det tilgang til dette utan at det er i vegen for den meir populærvitskaplege framstillingsforma. Boka gjer altså innhaldet i masteroppgåva tilgjengeleg for eit større, kulturhistorisk interessert publikum. Samstundes bør ein nok ha ein viss kjennskap til temaet eller til perioden som blir skildra, fordi koplingane mellom noko av det som blir skildra kan vere vanskelege å få med seg viss ikkje. Til dømes kan det vere til hjelp med noko forkunnskap om opprettinga av Norsk Folkemuseum, om innsamling og publisering av folkeviser, og om folkeminneinnsamling som fenomen. Dette er nemleg ikkje ein introduksjon som forklarer Norsk Folkemuseum, folkeviser eller folkeminneinnsamling, og det er heller ikkje meint slik. Derimot set Kristoffersen dei i kronologisk rekkefølgje og dreg liner mellom dei som seier noko om kva slags haldningar og debattar som gjekk føre seg blant dei involverte personane, der mange var dei same.

I det fyrste kapitlet introduserer Kristoffersen sitt teoretiske perspektiv, nemleg synet på hendingane han skildrar som del av ei vitskapleg ekspropriering av eit mangetydig fagfelt. Vidare set han hendingane inn i ein større politisk samanheng mellom anna ved å gå historisk til verks, og forklarar opphavet til folkeminnefeltet på 1800-talet. Tydinga som folkeminna fekk på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet kan grunnast i moglegheiter dei gav som politisk ressurs for ein ung nasjon med behov for å markere eigenart i forhold til nabolanda. Konflikten mellom Welhaven sitt syn på ein nasjonal kultur basert på europeiske impulsar og Wergeland sitt syn på norsk språk og bondesamfunn som grunnleggande på 1830-talet, blir sett i samanheng med konflikten mellom målmannen Arne Garborg og riksmålsmannen Bjørnstjerne Bjørnson på slutten av 1800-talet (s. 13). Linene blir trekt vidare til den mindre kjente striden mellom folkeminnesamlarane og -granskarane Knut Liestøl og Richard Berge tiåret etter 1910. Denne «desentraliseringsstriden» er det sentrale temaet for største delen av boka, ved si gjennomsyring av opprettinga av Norsk Folkeminnesamling og Norsk Folkeminnelag.

I skildringa av desentraliseringsstriden teiknar Kristoffersen eit bilete av maktkampar rundt kva som inngår i omgrepet ‘folkeminner’ (til dømes vart lokalhistorie utdefinert i denne perioden), kva som vart sett som rette måten å samle inn folkeminner på, kven som skulle ha tilgang til folkeminna, og på kva måte, og kva arbeidsmåtar som var mest hensiktsmessig for nasjonen Noreg. For Liestøl var den ideelle samlaren på oppdrag med detaljerte spesifikasjonar og opplæring tilpassa sentralinstitusjonen, Norsk Folkeminnesamling, sine behov. For Berge skulle den ideelle samlaren arbeide ut frå ei indre drivkraft, og med utgangspunkt i lokalkunnskap. Det handlar også om ønske om å kunne sjå på element i folkeminna kvar for seg, for Liestøl, til skilnad frå ønske om å sjå folkekultur i samanheng, for Berge. Liestøl meinte at ei nasjonal samling av folkeminna kunne gjere det mogleg å samanlikne folkeminna nasjonalt og internasjonalt, for slik å sjå på spreiing og opphav og lokale og regionale variasjonar. Berge såg dette heller som ei vitskapleg overtaking av noko som nødvendigvis måtte samlast inn og styrast lokalt.

Sjølv om store delar av boka handlar om hendingar som gjekk føre seg etter at Moltke Moe døde i 1913 – Norsk folkeminnesamling vart danna i 1914 – står Moltke Moe som ei ramme for teksten, ikkje minst understreka gjennom valet av motiv på framsida. Det er eit portrett av Moe, med ei nål forma som ei magisk lampe festa i slipset. Gjennom arbeidet og konfliktane som vert skildra, kan Moe anast i bakgrunnen for dei ulike aktørane, som ein dei ikkje kan la vere å ta med i argumenta sine, om det var på godt eller vondt, og ofte begge delar.

Innhaldet er kompakt, og det er få overflødige ord der. Det kan bli litt vel kompakt, og nokre stader går det fort i svingane for lesaren som skal følgje med på kven som skreiv kva, kvar og til kven. Kristoffersen nyttar originallitteratur frå perioden, og skriv kjeldenært. Innimellom skulle eg ønske meg at blikket kunne løftast noko meir slik at det vart pusterom, og lesaren fekk litt meir hjelp til å sjå samanhengane mellom handlingane og haldningane til aktørane i boka. Noko av det kompakte handlar om at det er mange personar nemnt i boka. Det hadde vore til hjelp med ein noko enklare oversikt over alle saman, sjølv om oversikten til slutt i boka er til hjelp. Det hadde vidare vore fint om det kunne stått årstal for fødsel og død fyrste gong nye personar blir introdusert. Ikkje minst når Kristoffersen legg grunnlaget for folkevisestriden ved hjelp av den upaginerte notatblokka frå advokaten Jon Skeie, er det mange aktørar som er involvert på ulike måtar. Folkevisestriden sto mellom Moltke Moe og Knut Liestøl på den eine sida og Rikard Berge på den andre, og handla om kven som hadde rett til å ha og til å bruke folkeminnesamlar Sophus Bugge sitt innsamla folkevisemateriale. Posisjonane i desentraliseringsstriden nokre år etterpå kan sjåast som ei forlenging av posisjonane i folkevisestriden. Oppsummeringa i kapitlet om folkevisene er til stor hjelp. Her har Kristoffersen løfta temaet opp, og gir oss dei lange linjene som detaljane tidlegare i kapitlet både viser og tilslører i all si mengde.

Materialet Kristoffersen nyttar seg av er brev, notatar og anna frå arkivet til Norsk Folkeminnesamling. I tillegg kjem artiklar, lesarinnlegg og liknande frå aviser og tidsskrift frå perioden. Primærkjeldene går saumlaust inn i sekundærkjelder frå dei få andre som har skildra same tematikk. Samstundes som primærkjeldene fungerer som informasjon om, gir dei også innblikk i perspektiv på, hendingane og folkeminna tidleg på 1900-talet. Noko av dette materiale har i liten grad, om enn i det heile tatt, vore nytta systematisk tidlegare, og gir eit unikt innblikk i framveksten av Norsk Folkeminnesamling og den folkloristiske faghistoria. Særleg spanande blir det på side 38, når Kristoffersen som nemnt introduserer «en upaginert notatblokk fra omkring 1912». Då kjennest det som at vi som lesarar kan vere med og utforske i lag med Kristoffersen. Boka gir såleis eit unikt innblikk i kommunikasjonen mellom sentrale aktørar som saman forma ein institusjon der store delar i dag er innskrive i Norges dokumentarv under UNESCO. Primærkjeldene Kristoffersen nyttar finst systematisert bak i boka til hjelp for framtidig interesserte. Her er ei oversikt over avisinnlegg frå desentraliseringsdebatten (s. 211); medlemmar i det kortlevde Landslaget for Folkeminnesamlarar (s. 215); han har inkludert overdragingsbrevet skrive av Sophus Bugge sin son og Johanna Bugge Berge sin bror, Alexander Bugge, der grunnlaget for Norsk Folkeminnesamling vart lagt (s. 219); og det finst eit namneregister heilt til slutt (s. 238). Saman med kjeldelista er alt dette ei omfattande samling av referansar som gjer det enklare å bygge vidare på Kristoffersen sitt arbeid.

Folkeminneinnsamlinga og vitskapen var i stor grad noko som menn hadde høve til å involvere seg i, ikkje kvinner. Det er difor naturleg at det ikkje har vore så mange kvinner inkludert i Kristoffersen si bok. Også språket i den eldre litteraturen omtala folkeminnesamlaren som «han». Då hadde det vore fint om Kristoffersen i alle fall hadde skrive noko meir om dei tilgjengelege kvinnene, til dømes fornamna til «søstrene til Moltke Moe» (s. 48). Vidare introduserer Kristoffersen Johanna Bugge, dotter til før nemnde Sophus Bugge og etter kvart gift med Rikard Berge. Ho «viste seg å ha et stort kunstnerisk talent» (s. 41), står det. Men i kva då? Eg vart i alle fall nysgjerrig på det, men eg måtte gjere eit internettsøk for å finne ut av det, for det sto ikkje i boka. Var det berre viktig å få med fordi ho var på ein tur med «kunstnervenninner» då ho trefte Berge? Seinare kjem det fram at Berge nytta henne som eitt av argumenta for si tilsetjing ved Skien museum. Tilsette dei han, fekk dei ho på kjøpet! Johanna Bugge Berge kan anast som ein kapasitet som har vore deltakande i mange av prosessane rundt folkeminna. Kristoffersen avsluttar boka med å oppmode om meir forsking på ein periode og ein type institusjonar som han her har byrja med å gje ei oversikt over. Sjølv tenker eg at Johanna Bugge Berge kunne vere utgangspunkt for noko av den vidare forskinga og gje interessante perspektiv.

Kristoffersen held seg for det meste til hendingane tidleg på 1900-talet. I dagens diskursar rundt folkeminner kan vi sjå trekk frå posisjonane til både Liestøl og Berge. Folkeminna er i hovudsak samla i få, sentralt plasserte institusjonar, men samanhengane dei er samla inn i, både dei geografiske, dei metodiske og dei teoretiske, står som svært viktige og naudsynte for å forstå dei. Dei finst også plassert rundt om i museum, lokalhistoriesamlingar og tilsvarande som det i liten grad finst sentral oversikt over. Samstundes opnar teknologi for å kunne gjere materiale tilgjengeleg på nye måtar, slik at både innsamling og bruk av folkeminne framover kan bli enklare enn i dag. Ein kan vone at både Berge og Liestøl ville vore nøgd med måten fagmiljøa i dag tenker rundt folkeminne og folkeminneinnsamling.