Sex, vold og feminisme av Trine Rogg Korsvik byggjer på materiale frå doktorgradsavhandlinga «Pornografi er teori, voldtekt er praksis»: Kvinnekamp mot voldtekt og pornografi i Norge og Frankrike og Norge ca. 1970–1985, som Korsvik forsvarte for Ph.D.-graden ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo i 2014. I denne boka fører ho tema frå doktorgraden vidare til nyare tid, dels heilt til 2017, med eit mål om å visa korleis franske og norske feministar på 2010-talet politiserer seksualisert vald og utnytting.

Korsvik har valt å samanlikna to kvinnekampavsnitt i to land – kampen mot valdtekt i Frankrike, og mot porno i Noreg. Fellesnemnaren er kamp mot seksuell utnytting og overgrep. For den franske kvinnerørsla vart kampen mot valdtekt den viktigaste kampsaka etter at lova om sjølvbestemt abort var vedteken i 1974, medan kampen mot pornografi var det som særleg mobiliserte den norske kvinnerørsla frå andre halvdelen av 1970-talet.

Kvinnene tok i bruk nye organisasjonsformer der menn ikkje hadde tilgjenge, og nye arbeidsmåtar. Grensene mellom det private og det politiske skulle brytast ned, det som kunne sjå ut som personlege problem vart sett inn i ein politisk samanheng. På 1970-talet var kvinnefrigjering eit revolusjonært prosjekt. Kampsakene kom i rask rekkefølgje. Retten til sjølvbestemt abort var den saka som i størst monn foreinte kvinner i dei vestlege landa. Dei fleste av desse landa liberaliserte abortlovgivinga i løpet av 1970-talet. Kampen mot det som vart kalla seksuell vald, ikkje berre valdtekt og kvinnemishandling, men også pornografi og prostitusjon, vart politisert i eit kjønnsperspektiv. Både i Frankrike og i Noreg var det i 1970 spektakulære aksjonar som på ein ny måte sette kvinnesak og kvinnefrigjering på dagsordenen. I Paris demonstrerte ni feministar ved Triumfbogen med å leggja ein diger blomekrans på grava til den ukjende soldaten for å heidra «hans enda meir ukjente kone». Det vart starten på Mouvement de liberation des femmes (MLF). I Noreg vart den første kjende feministiske aksjonen utført nokre månader seinare. Eit trettitals kvinner braut inn i NRK-programmet «Kvinner, kvinner» i Store studio. Dei meinte programmet med Rolf Kirkvaag framstilte kvinner som mindreverdige «underholdningsinstrumenter».

I begge landa var det ideologisk usemje mellom aktivistar som definerte mannen som hovudfienden og dei som la hovudvekta på klassekampen og det kapitalistiske samfunnet som den eigentlege fienden. I Noreg representerte Nyfeministane og Kvinnefronten desse to retningane.

Samanlikninga, ikkje berre mellom to land, men mellom to ulike kampområde i dei to landa, er ikkje utan vidare enkel å gjennomføra. Korsvik peiker på viktige fellestrekk: begge kampsakene rettar seg mot strukturelle maktforhold – kvinners underordning i samfunnet, og mot «det nære og intime, nemlig seksuallivet og individuelle menns adferd». I begge landa førte kampane til samarbeid og nye alliansar, og kvinnerørslene gjennomførte kontroversielle aksjonar for å synleggjera valdtekt og pornografi som samfunnsproblem som trong politiske løysingar.

Forståinga for at dette var vesentlege samfunnsproblem auka. Men det kom også motreaksjonar og kritikk. På 1970-talet var «alle» likestillingsforkjemparar for sjølvbestemt abort, men ikkje alle var like einige i å bruka straff eller forbod for å stansa valdtekt og pornografi. Korsvik meiner at studium av desse kampsakene får fram ideologiske motsetnader i kvinnerørslene på ein betre måte enn ei samanlikning av til dømes abortkampen ville gjort.

Debattar om seksuell utnytting av kvinner gjekk i første halvdel av 1970-talet i avisspaltene, men det var først da overgrepa vart personifiserte ved at einskildkvinner stod fram og protesterte mot det dei hadde blitt utsette for, at det vart store aksjonar og tilsvarande merksemd i pressa.

I Noreg vart det avgjerande at to sommarvikarar på Holmenkollbanen i 1977 fekk ansvaret for å ha rive ned reklameplakatar for «mannfolkbladet» Nye Alle Menn, og at dei vart suspenderte frå jobben som konduktørar. Støtteaksjonar for desse to vart starten på ein kampanje mot porno som både fekk brei støtte og fekk fram ulike syn i kvinnerørsla. Kvinnefronten var den klart største organisasjonen i den nye kvinnerørsla; frå sommaren til november 1977 auka medlemstalet frå 2700 til 3500. På same tid diskuterte Nyfeministane om dei skulle samarbeida med Kvinnefronten. 27. august 1977 brann det første pornobålet på Grünerløkka i Oslo.

I Frankrike sette aktivistar frå MLF i gang utoverretta aksjonar, særleg demonstrasjonar utanfor rettslokala hausten 1975. 1. mai 1976 var MLF for første gong med i fagrørsla sitt demonstrasjonstog med parolar mot valdtekt. Det førte til konfrontasjonar med fagforeiningsmenn som meinte at slike parolar ikkje hadde noko der å gjera. Same året arrangerte aktivistar frå MLF eit feministisk massemøte i Paris – «Ti timar mot valdtekt» – med 3000–4000 kvinner. Trass i mykje usemje og konfliktar vart det semje om at det var ein samanheng mellom valdtekt og pornografi, og at det trongst eit oppgjer med sexistiske haldningar hos menn.

Ei valdtektssak kom til å personifisera den franske kampen mot valdtekt. Saka til to belgiske kvinner vart offentleg kjend hausten 1975, men valdtektene hadde skjedd eit år tidlegare. Tre menn stod for overgrepa. Det spesielle med desse valdtektene var at dei to kvinnene hadde meldt brottsverka til politiet. Det tok heile fire år før saka kom opp i kriminalretten.

Det hadde vore usemje i MLF om å bruka rettsvesenet i slike saker, dei hadde ikkje tiltru til domstolane. Argumentet for likevel å bruka rettsvesenet var no å «bryte tausheten og skammen og få anerkjent voldtekt som som en forbrytelse mot kvinner».

Eit viktig spørsmål i Korsvik si framstilling er kvifor kampen mot vald og seksuell utnytting kom til uttrykk på så ulike måtar i Frankrike og i Noreg. Korsvik byggjer på skriftlege kjelder når ho kjem fram til at valdtekt vart opplevt som eit større problem i Frankrike enn i Noreg. I Frankrike har det historisk vore ein «relativ toleranse» for valdtekt, så sant dei valdtekne ikkje var barn, jomfruer eller gifte kvinner, eller valdtektene var utførte på ekstremt brutalt vis. Aktivistane i MLF brukte mykje energi på å legitimera at valdtekt også av «frie» kvinner var eit alvorleg problem, ved til dømes å samanlikna valdtekt med fascisme eller imperialistisk krigføring. Kanskje kan den tradisjonelle koplinga i middelhavsområdet mellom mannsideal og «seksuell potens og pågåenhet» forklara noko. På same tid har det nordiske mannsidealet vore meir kopla til mot og styrke enn til seksuelle erobringar.

Korsvik spør om det at norske aktivistar ikkje tok opp valdtekt i same grad som dei franske, kan skuldast at dei ikkje opplevde den kulturelle aksepten for valdtekt som eit like stort problem som dei franske, og om pornografi kunne opplevast som eit større problem i Noreg enn i Frankrike. I andre halvparten av 1970-talet vart pornografien meir synleg i det offentlege rommet enn tidlegare, med lansering av nye «mannfolkblad» som Nye Alle Menn, Rapport og Express i rask rekkjefølgje. Reklameplakatar som kombinerte foto av nakne damer med biletreportasjar om blodige øksemord, var noko nytt som fekk mange til å reagera med avsky. Omtrent på same tid begynte det franske kriminalbladet Détective å reklamera for sine reportasjar om seksualmord og valdtekter på godt synlege plakatar. Det vekte reaksjonar både frå kvinnerørsla og frå styresmaktene; reklame for dette bladet og sal til mindreårige vart forbode, og bladet vart nedlagt. Det er uklart om Korsvik ser dette som ei forklaring på at pornografi ikkje var eit vesentleg problem i Frankrike.

Kanskje var det annleis med den pornografien som ikkje var like synleg i det offentlege rommet. Frå 1700-talet var franske forfattarar dei største produsentane av pornografisk litteratur, og den vart rekna som samfunnskritisk.

Korsvik peiker på mediedekkinga som ein viktig del av forklaringa på at kampen mot pornografi vart ei stor sak i Noreg. Franske kvinneaktivistar utførte også aksjonar mot porno, men fekk berre nokre små notisar i Libération. Ifølgje Korsvik ville den norske pornokampen aldri ha blitt så «stor» om det ikkje hadde vore for «den til tider massive mediedekningen». Det at dei franske media ikkje viste større interesse for MLF-aktivistane sin pornokamp, kan vera ein del av forklaringa på kvifor denne saka ikkje vart så viktig for dei.

Her saknar eg ei grundigare drøfting. Er det nok å sjå på mediedekkinga i seg sjølv? Er ikkje mediedekkinga meir eit symptom enn ein sjølvstendig faktor? Aviser og kringkasting vil formidla informasjon om det som skjer, om nyheiter, men er på same tid avhengig av at både journalistar og lesarar/lyttarar/sjåarar blir interesserte og vil følgja med. Vidare mediedekking – ut over nyheitsoppslag om spektakulære pornobål – kom fordi det var ein vekselverknad mellom journalistar som tok desse sakene på alvor, og publikum som ville vita både kva som skjedde og kvifor. Norsk presse hadde på denne tida ei rekke dyktige – i hovudsak kvinnelege – journalistar med både engasjement og innsikt i kvinnerørsla sine kampsaker. Var det annleis blant franske journalistar?

Dei norske antipornoaktivistane greidde å byggja breie alliansar. Viktige verkemiddel var både å visa fram kva pornoen faktisk var, slik det vart gjort med lysbildeforedraga med «porno mot porno», og å synleggjera at pornografien kom frå ein industri med hemningslaust stor profitt.

Korsvik peiker på at det var ein fordel for dei norske kvinneaktivistane å ha ein fiende som «Porno-Hagen», som også framstod i media som ein usympatisk person. Men at dei franske kvinneaktivistane ikkje hadde nokon «Porno-Hagen» å slåst mot, verkar som ei overflatisk forklaring. Hadde dei prøvd å «følgja pengane», ville det vera underleg om det ikkje fanst ein eller fleire profittørar bak den pornografien som vart omsett i Frankrike. Men ingenting i Korsvik si framstilling tyder på at dei franske kvinneaktivistane prøvde å finna dei franske profitørane. Dei valde bort pornografien som kampsak, mykje fordi aksepten for pornografi var annleis i det franske samfunnet enn i Noreg. Blant franske intellektuelle – også på venstresida – var haldninga til pornografi svært liberal.

Liberale haldningar fanst også på norsk venstreside. SV vart ikkje med i det breie samarbeidet i Fellesaksjonen mot porno som kom i gang i 1977, men kom først med i 1983. Partiveteranen Finn Gustavsen var både medlem av hovudstyret og journalist i partiavisa Ny Tid, og motstandar av pornokamp. At ein skarpsynt politikar som Gustavsen kunne hevda at kvinnerørsla var «gjennomsyret av mannshat» verkar noko underleg i dag, men slik skreiv han i Ny Tid den gongen. Han hevda at i dette «hysteriske klimaet» vart «dynamiske menn» til «jabbende evnukker».

Boka gir lesarane både ei oppfrisking av meir og mindre kjent stoff om norske forhold og ny kunnskap om fransk kvinnekamp, men også noko å undrast over. Særleg i det siste kapitlet, som handlar om dei siste tiåra. Splittinga i Kvinnefronten i 1991 som førte til at Kvinnegruppa Ottar vart danna, er omtalt som eit spørsmål om å vera meir eller mindre «aktivistisk». Underleg, og særleg fordi forfattaren berre bruker ein artikkel ho sjølv har skrive som kjelde. Her saknar ein fleire kjelder. Det same gjeld omtalen av debatten om sladding av augene til pornomodellane i bileta som vart brukt i utstillinga «Porno og myter», omtalt i note 595. Her er også forklaringa ein motsetnad mellom dei som var meir eller mindre «aktivistiske». Ideen om å visa porno for å kjempa mot pornoen, var det full semje om. Men at ein måtte prøva å anonymisera modellane, vart først klart da kvinner som hadde komme seg ut av pornoindustrien, kontakta Kvinnefronten. Dei opplevde det som eit nytt overgrep at dei kunne attkjennast på bilete som vart brukt i antipornokampanjen.

I det siste kapitlet byggjer Korsvik i hovudsak på epostintervju med dei respektive organisasjonane, og eit individuelt intervju med Ane Stø, leiar for Kvinnegruppa Ottar. Måten svara er referert på, med relativt stor vekt på Stø sine svar, gjer det vanskeleg å sjå kva som er særeigne standpunkt for Stø/Kvinnegruppa Ottar, og kva som er felles for Kvinnegruppa Ottar og Kvinnefronten.

I all hovudsak har Korsvik eit godt språk som gjer boka lett å lesa. Men det finst unntak. Bruken av ordet subversiv (på side 180) er kanskje ein «rest» frå doktoravhandlinga. Eksempel: «I Norge ble heller ikke den pornografien som var på markedet på 1970-tallet, i samme grad knyttet til det subversive.» «Også de som gikk imot forbud, anså pornografi som en lite subversiv kommersiell industri.» Dette ordet er ikkje gjengs i norsk daglegtale. Når ein må gå til framandordboka for å lesa det som skal vera ei popularisert utgåve av eit akademisk arbeid, skaper det irritasjon. Dette er ikkje eit gjennomgåande problem i boka, men sjølv eitt eksempel kan vera nok til å få lesaren til å spora av. Eit anna eksempel – men ikkje så øydeleggjande for forståinga – er valid på side 20. Her skulle det ikkje vera vanskeleg å finna eit meir vanleg ord.