Hovudtema i denne antologien er innhaldet i og konsekvensane av den norske minoritetspolitikken retta mot samane som urfolk og dei fem gruppene som av Stortinget i 1998 fekk status som nasjonale minoritetar: rom, romani, kvenar, skogfinnar og jødar. Tilnærminga er dobbel: For det første å syne dei målretta minoritetspolitiske tiltaka som blei retta mot dei ulike folkegruppene og konsekvensane av denne politikken. Dernest å få fram konsekvensane av den allmenne politikken, det vil seie politikk som ikkje var særskilt retta mot minoritetane, men som meir eller mindre utilsikta ramma minoritetane særskilt. Antologien har eit særskilt fokus på minoritetspolitikken på 1900-talet, men dei historiske linene blir også ført bakover i tid til 1800-talet og opp mot vår eiga samtid. Gjennom å stille saman dei ulike strategiane og tiltak som staten retta mot minoritetsgruppene i ulike periodar, har redaktørane Nik. Brandal, Cora Alexa Døving og Ingvill Thorson Plesner ambisjon om å bidra til innsikt i norsk minoritetspolitikk og Norge som eit fleirkulturelt samfunn.

Arbeidet med boka har vore forankra ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret). To av redaktørane, Døving og Plesner, er tilknytt senteret, og det same er tilfellet med mange av forfattarane. Fleire av dei var involvert i arbeidet knytt til Tater-/romaniutvalet (2013–15). Plesner og Brandal, den tredje redaktøren, var høvesvis sekretariatsleiar og rådgjevar for utvalet, og fleire av dei andre bidragsytarane var medlemmar av eller tilknytt utvalet på ulikt vis. Tater-/romaniutvalet resulterte i NOU 2015:7, Assimilering og motstand. Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Denne granskinga har saman med HL-senterets rapport «Å bli dem kvit». Utviklingen av en «sigøynerpolitikk» og utryddelsen av norske rom (2015) fått fram ny kunnskap om den norske minoritetspolitikken, og denne kunnskapen blir i boka halde saman med tidlegare forsking om den norske politikken retta mot jødar, kvenar og samar. Målet har ifølgje redaktørane vore å gjere ein historisk komparativ analyse av forskjellar og likskapar i den norske minoritetspolitikken retta mot urfolk og nasjonale minoritetar i Norge.

På omslaget til boka og i innleiingskapitlet står det at boka er delt inn i tre hovuddelar. Første del tematiserer den statlege politikken retta mot dei ulike etniske minoritetane i Norge utover 1900-talet. Den andre tar opp korleis historia pregar situasjonen for minoritetsgruppene i dag, og korleis både styresmaktene og dei ulike etniske gruppene har forsøkt å ta eit oppgjer med fortidas minoritetspolitikk. Tredje og siste del tematiserer korleis erfaringane med fortidas minoritetspolitikk kan nyttast i møte med nye minoritetar i vår eiga samtid. Ein svakheit ved antologien er at det ikkje går klart fram av innhaldslista eller av innleiingskapitlet kva for artiklar som inngår i dei ulike delane. Dei ulike delane er heller ikkje markert på noko vis i boka. Fleire av artiklane overskrid da også den tematiske inndelinga boka seiast å ha. I sum gjer dette at ho er noko vanskeleg å orientere seg i.

I innleiingskapitlet «Hvor like må vi være? Gamle minoriteter i det nye Norge» gjer dei tre redaktørane greie for bokas tema og mål. Dei gjer der eit riss av den historiske utviklinga av den statlege minoritetspolitikken i Norge frå 1900 og fram til i dag, mellom anna kva som ligg til grunn for at samane har status som urfolk medan rom, romani, kvenar, skogfinnar og jødar har staus som nasjonale minoritetar. Dei går også inn på kva for internasjonale konvensjonar om etniske minoritetar som Norge er bunden av og kva for rettigheiter det gjev minoritetane. I innleiingskapitlet blir det også gjort greie for nokre sentrale omgrep knytt til feltet minoritetspolitikk/minoritetshistorie. For lesarar som ikkje er kjent med forskingsfeltet frå før, gjev innleiingskapitlet ein grei, men noko knapp introduksjon til feltet. Ein ting innleiingskapitlet manglar, og som er eit stort sakn, er ein gjennomgang av forskingslitteraturen på feltet. I ei bok som tar mål av seg til å stille saman ny og tidlegare forsking har eg som lesar ei klar forventing om å få presentert forskingsstatus, eller i det minste kva som fram til no har vore sentrale forskingsspørsmål. Utan ein historiografisk gjennomgang er det vanskeleg for lesaren å vite kva nytt antologien bidrar med og på kva vis den fører forskinga framover.

Mest omfattande er første del, om den statlege politikken retta mot dei ulike etniske minoritetane i Norge på 1900-talet. I innleiinga blir det peika på at denne perioden fell saman med oppbygginga av den norske nasjonen etter 1905 og velferdsstaten etter 1945. Det blir også peika på at ideen om universelle menneskerettar vaks fram frå midten av 1900-talet og at det bidrog til eit nytt ideologisk grunnlag for minoritetspolitikken i Norge. På kva vis dette fekk innverknad på den statlege minoritetspolitikken, blir drøfta ut frå allmenne straumdrag i samtida og med utgangspunkt i dei ulike minoritetsgruppene.

Første del opnar med to kapittel om synet på «dei framande», det første om korleis staten på byrjinga av 1900-talet såg på folkegruppene som ikkje var etnisk norske, men som hadde tilhald i Norge, og deira rolle i det nasjonale fellesskapet. Det andre kapitlet, «‘De fremmede’ i pressen. Omtale av nasjonale minoriteter og urfolk i media fra 1900 til andre verdenskrig» av Lars Lien og Madeleine Zetterlund Stenhammer, tar opp korleis urfolk og nasjonale minoritetar blei framstilt og omtalt i pressa i første halvdel av 1900-talet. Kapitlet baserer seg på søk i arkiva til eit utval norske aviser samt eksisterande forskingslitteratur. Dessverre lovar kapitlet meir enn det kan halde. Den relativt omfattande forskingslitteraturen som er publisert på feltet, og da særleg knytt til tilhøva i nord, er i liten grad nytta. Det er også påfallande at ingen aviser nord for Trondheim er innlemma i undersøkinga. Tematikken i kapitlet inviterer til å få fram agensforteljingar, altså korleis minoritetane sjølv tok del i det offentlege ordskiftet, men slike perspektiv er det ingen spor av. Det er synd, for det ville utvilsamt ha løfta framstillinga og analysen. Minoritetane sin reaksjon på den statlege minoritetspolitikken og på majoritetssamfunnets angrep på deira etniske, religiøse og/eller kulturelle identitet blir rett nok tatt opp av Lars Lien i det siste kapitlet i første del. Det har tittelen «Minoritetene som aktører. Fra samers, jøders og kveners organisering på 1900-tallet til romsk og skogfinsk mobilisering i nyere tid». Kapitlet, som er eit historisk oversyn over dei norske minoritetanes politiske mobilisering, får godt fram korleis dei ulike minoritetane har nytta ulike strategiar til ulike tider i sine forsøk på å nå fram med sine krav. Denne lesaren skulle nok ønskje at minoritetane sin politiske kamp for retten til språk, kultur og identitet i sterkare grad blei sett inn i sin historiske kontekst, at det blei lagt meir vekt på dynamikken mellom etnopolitisk mobilisering og majoritetssamfunnets motreaksjonar på denne mobiliseringa.

Dei resterande kapitla i denne delen drøftar i tur og orden den statlege minoritetspolitikken mot dei ulike folkegruppene tater/romani, rom, jødar, samar og kvenar. To av dei åtte artiklane i denne delen strekker seg ut over tidsperioden redaktørane annonserer i innleiinga. Vibeke Kieding Banik skriv om den statlege politikken retta mot jødane frå 1814 og framover, mens Einar Niemi skriv om fornorskingspolitikken retta mot samane og kvenane etter 1850. Den lange tidshorisonten i desse to kapitla gjev djupare forståing av virkemidla og bakgrunnen for den norske minoritetspolitikken på 1900-talet. Desse kapitla utfyller slik innleiinga til dei tre redaktørane og dei andre bidraga i denne delen.

Andre del har som mål å drøfte korleis historia pregar situasjonen for minoritetsgruppene i dag og korleis både styresmaktene og dei ulike etniske gruppene har forsøkt å ta eit oppgjer med fortidas minoritetspolitikk. To av artiklane kan konkret knytast til denne tematikken, det er Laila Susanne Vars sin artikkel «Samene i Norge: fra fornorsking til forsoning?», og Monica Five Aarset og Hilde Lidén, «Historiens betydning for rom og romanifolks/tateres situasjon i dag». Denne tematikken blir også tatt opp i Per Haave sin artikkel om den norske romani-/taterpolitikken og i dei før omtalte artiklane til Kieding Banik og Niemi.

I lys av at Stortinget sommaren 2017 vedtok å sette ned ein sanningskommisjon for fornorskingspolitikk og urett utøvd mot det samiske og kvenske folk i Norge, er Einar Niemi og Laila Susanne Vars sine artiklar særskilt interessante. Niemi legg i «Fornorskingspolitikken overfor samene og kvenene» vekt på at sjølv om den statlege fornorskingspolitikken var regulert gjennom lover og instruksar, så har ulike lokale undersøkingar synt at den praktiske gjennomføringa av denne politikken blei modifisert i betydeleg grad. Det førte til lokale variasjonar i verknadene av denne politikken. På same tid held Niemi fast på at fornorskingspolitikken førte til at eit par generasjonar av samar og kvenar mista eiga språk og kultur og slik opplevde eit identitetstap. Vars på si side har eit heilt anna utgangspunkt for si framstilling. Ho tar utgangspunkt i behovet for ein samisk dekolonialiseringsprosess slik Linda T. Smith skisserer i Decolonizing Methodologies (2012).1 Vars si tilnærming er det ho omtalar som «den historiske uretten» mot det samiske samfunnet, og drøftar kva som må ligge til grunn for ei forsoning med fortida. Fornorskingspolitikken blir av Vars sett på som eit utslag av intern kolonialisme, og ho legg stor vekt på offerrolla samane var og er i. Ho problematiserer sjølve omgrepet fornorsking/fornorskingspolitikk som ho meiner nærmast gjev eit positivt inntrykk og hevdar at det i liten grad reflekterer djupna og breidda i assimilasjonspolitikken. Bruken av fornorskingsomgrepet hevdar Vars har stengt for eit naudsynt oppgjer med overgrepa og diskrimineringa som samar og andre minoritetar blei utsett for. Trass i at ho fleire gong poengterer at verknadene av fornorskingspolitikken i liten grad er dokumentert, så hevdar Vars at den statlege politikken som var retta mot samane frå slutten av 1800-talet og fram til 1980-talet, utan tvil «var et forsøk på et statlig kulturelt folkemord» (s. 181). At Vars, som er jurist av utdanning, så eintydig konkluderer slik trass i at ho sjølv hevdar at det manglar forsking på feltet og før Sanningskommisjonen er sett ned og arbeidet er starta, er påfallande, og da særleg med tanke på at ho i dag er fagdirektør ved Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter.2 Vars si framstilling og konklusjonar står da også i skarp kontrast til det Einar Niemi skriv om fornorskingspolitikken retta mot samane og kvenane. For lesaren er denne motsetninga spennande og interessant, og den syner noko av dei faglege og politiske spenningane på dette forskingsfeltet.

Den siste delen av boka har fem kapittel. Om denne delen står det i innleiingskapitlet at ein ønskjer å få fram korleis erfaringane med «de gamle minoritetene kan gi oss lærdommer også i møte med nye minoriteter» (s. 25), medan det på bokomslaget står at denne delen presenterer «både likheter og ulikheter i relasjonen mellom majoritetsbefolkningen og minoriteten, før og nå». Her er omtalen i beste fall unøyaktig, og ingen av dei særskilt treffande. Tre av dei fem artiklane har fokus på korleis tematikk knytt til urfolk og nasjonale minoritetar blir omhandla i lærebøker og undervisning i den norske skolen i dag. I tillegg til dette er det ein artikkel av Verena Schall om tilhøva for dagens minoritetsspråk. Boka avsluttast med ein artikkel skrive av Cora Alexa Døving, ein av redaktørane, om tilhøvet mellom majoritetane og minoritetane før og no. Ho avsluttar med å stille spørsmål om staten bør ha ein minoritetspolitikk, om vi har kome til ein «post-rasial», dvs . fargeblind, tidsalder, og om tida er mogen for å avvikle alle former for særbehandling av ulike typar etniske og religiøse minoritetar. Ho avviser førestillinga om eit «fargeblindt samfunn» og peiker på at vi bør «anerkjenne at noen av de samme mekanismene vi finner i tenkningen og handlingene overfor minoriteter til andre tider, fortsatt er i virksomhet i dag» (s. 302).

Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016 gjev eit samla bilde av staten sin minoritetspolitikk retta mot urfolk og nasjonale minoritetar over tid, over kva for mål og strategiar som har lege til grunn, kva for virkemidlar som har vore nytta og korleis minoritetsgruppene har søkt å mobilisere mot denne politikken. Grovt sett kan den statlege målsettinga delast i to. Den eine var å assimilere minoritetane gjennom å gjera deira levemåte, språk og kultur mest mogleg lik den norske majoritetsbefolkninga. Den andre var å ekskludere dei, det vil seie å stengje dei ute frå det nasjonale fellesskapet. Dei ulike bidraga i antologien får fram dei ulike sidene ved den statlege minoritetspolitikken, dei intenderte og til dels dei uintenderte. Tidvis har politikken vore målretta mot særskilte minoritetsgrupper. Døme på det er utestenginga av jødar og rom, og assimileringspolitikken retta mot romani, kvenar, samar og til dels også skogfinnar. Andre gonger har politikken ikkje vore retta særskilt mot minoritetane, men likevel har konsekvensane vore store for desse gruppene. Til dømes fekk reisinga av velferdsstaten i hop med industrialisering og allmenn modernisering store konsekvensar for tater/romanifolket. Det hadde vore ønskeleg med ei enda grundigare drøfting av kva som var resultat av målretta politikk overfor minoritetane og kva som var eit resultat av den allmenne moderniseringa og samfunnsutviklinga.

Sjølv om det er eitt og anna å sette fingeren på i denne antologien, så er det alt i alt mykje positivt. Redaktørane lykkast med å få fram dei lange linene og dei seige strukturane, men også endringane over tid. Likskapen, men også ulikskapen, i staten sin politikk overfor dei ulike folkegruppene blir tydeleg. At følgjene av den statlege minoritetspolitikken har vore og er ulik for dei ulike minoritetsgruppene, blir godt dokumentert. Kanskje er lærdomen det Cora Alexa Døving peikar på i avslutningskapitlet: I ei ideal verd ville kanskje ein fargeblind stat som behandlar alle likt fremme kåra til minoritetane, men slik er ikkje samfunnet skrudd saman. Historia kan gje innsikt i dei mekanismane som har innverknad på minoritetane sine livsvilkår, og denne boka er eit bidrag til å auke den kompetansen og kanskje legge premissane for ein betre minoritetspolitikk.