Den russiske revolusjonen i 1917 markerte sitt hundreårsjubileum i 2017, ei markering som skapte problem for offisielle russiske styresmakter: korleis skulle markeringa gå føre seg frå offisielt hald? President Vladimir Putin har hatt som prosjekt å skape eit bilete av russisk historie som ein kontinuerleg prosess. For han var oppløysinga av Sovjetunionen ein av det førre hundreårets største katastrofar, men kva då med revolusjonen som innleidde sovjetepoken og den blodige borgarkrigen som fylgde? Dette er spørsmål som har gjort diskusjonen om kva Russland er og har vore interessant for eit større publikum enn vanleg, og såleis kom Russiske imperium på eit særs høveleg tidspunkt.

I boka drøftar forfattar Kåre Johan Mjør, forskar ved Centrum för Rysslandstudiet ved Uppsala Universitet, russisk historie frå 1550 og fram til i dag i ljos av idear om imperium. Dette verkar som eit relevant utgangspunkt ut ifrå kjende hendingar og sider ved russisk historie, som den politiske og religiøse arven frå Bysants, påverknad frå tida under mongolsk herredøme, ideen om Moskva som det tredje Roma (etter det fyrste Romas og Konstantinopel – det andre Romas – fall), og sjølvsagt at Peter den store erklærte Russland som imperium i 1721. Mjør freistar i Russiske imperium å utforske imperialistiske trekk både i handling og retorikk hjå både Moskva-staten og Det russiske imperiet, men òg Sovjetunionen og dagens russiske føderasjon.

Boka er inndelt i fem kapittel, med ein introduksjon som gjev eit teoretisk rammeverk kring kva eit imperium er, så vel som historisk og samfunnsmessig motivasjon for nett denne vinklinga. Kapitla er inndelt kronologisk etter ei periodisering som kjem til uttrykk i titlane: «Eit ortodokst imperium» (1550–1700), «Eit europeisk imperium» (1700–1850), «Eit nasjonalt imperium» (1850–1917), «Eit sovjetisk imperium» (1922–1991) og «Eit postsovjetisk imperium» (1993–2016). Kapitla er introdusert med nyttige politiske kart over imperiet, og mellom den fyldige litteraturlista og stikkordregisteret er fem tabellar med oversikt over folketal og etniske grupper frå 1719 til 2010. Til sist fylgjer ein epilog, «Kreml 18. mars 2014», som syner til seremonien halde i Kreml i samband med annekteringa av Krim, der president Vladimir Putin heldt ei særs inspirert tale som var spekka med historiske referansar.

I innleiinga plasserer Mjør boka i ein fagleg kontekst der imperie-perspektivet på russisk historie har utvikla seg sidan 1990-talet, og publikasjonane denne faglege dreiinga har førd til utgjer eit viktig grunnlag. Målet for forfattaren er å «presentere ei norsk ålmente for nokre av dei viktigaste nyvinningane innanfor russlandsforskinga dei siste tiåra» (s. 27). «Imperium» kan tolkast på ulike vis slik Mjør forstår det, men heilt sentralt er vekta imperiet legg på mangfaldet, i motsetnad til nasjonen som er orientert mot det homogene. Etnisk og kulturelt mangfald er ein viktig del av sjølvforståinga i imperiet, og ikkje noko som skal jamnast ut.

Kapittelet om Moskva-staten har fått tittelen «Eit ortodokst imperium» (1550–1700). Årstala som avgrensar periodiseringa er omtrentlege. Det er ikkje årstalet 1550 som er avgjerande, i staden er det 1547, då Ivan den grufulle vart krona og tok, som den fyrste, tittelen tsar, og 1552, då Kazan vart erobra, som ligg til grunn for at 1550 er sett som byrjinga for det ortodokse imperiet. Det er såleis den retoriske handlinga at Ivan tok ein tittel som direkte knytte an til keisar i den romerske imperium-tradisjonen, og den ekspansive handlinga å utvide territoriet til staten, som markerer starten på imperietida. Det er vigd ein del plass til førhistoria til Moskva-staten, både tilhøve til Kiev-riket, Bysants og Det mongolske imperiet. Sentralt i kapittelet er både den avgjerande rolla til den ortodokse kyrkja for ideologien og sjølvforståinga i Moskva-staten, og den enorme ekspansjonen austover gjennom Sibir heilt til Stillehavskysten. Delen om den territoriale ekspansjonen austover er skriven ikkje berre ut ifrå ståstaden til Moskva, men òg dei nye områda og folkegruppene som trer fram i teksten som sjølvstendige subjekt med eigne interesser og agenda. På den måten tener kapittelet til å syne fram Moskva-staten som mangfaldig, jamvel fylt av motsetnadar, både i samansetnad og politisk i møte med ulike folkegrupper, tradisjonar og religionar.

Det neste kapittelet er om det forfattaren har kalla «eit europeisk imperium», med periodiseringa 1700–1850. Her òg er start- og sluttårstalet rettleiande. Det byrjar med styringsperioden til Peter den store (som tok til i 1689 og varte fram til han døydde i 1725), og vert avslutta i skiftet mellom tsar Nikolaj 1. og Aleksander 2. (i 1855), i kjølvatnet av 1848-revolusjonane i Europa, og rett før Krimkrigen (1853–1856). Med Peter den store seier ein gjerne at Russland vart ei europeisk stormakt, det har særleg å gjere med Den store nordiske krigen (1700–1721) og omfattande samfunnsreformer inspirert av europeiske modellar. Peter den store gjorde eit tydeleg brot med fortida og tok jamvel avstand frå eige opphav til fordel for greske heltar og bibelske figurar, mellom anna ved å ta tittelen imperator og proklamere Russland som imperium. Dermed vart legitimiteten til imperiet tettare knytt til europeisk tradisjon framfor den slaviske tradisjonen og, det etter måten unge, Romanov-dynastiet.1 Herskarane som fylgde etter Peter utover 1700-talet nærast kappast i kven som i størst mon førde arven til Peter vidare. Katarina den store var tvillaust den mest suksessfulle i den forstand, med sin kontakt med samtidige europeiske tenkjarar, reformer i statsapparatet og vidare ekspansjon (særleg viktig på Krim-halvøya). Skiftet frå eit europeisk til eit nasjonalt imperium var meir glidande enn skiftet frå det ortodokse til det europeiske, kan det synast. Det har gjort at mellom anna den politiske doktrinen «ortodoksi, autokrati og nasjonalitet», førd i pennen av Sergej Uvarov i 1833, vert handsama i kapittelet om det nasjonale imperiet.

I byrjinga på kapittelet «Eit nasjonalt imperium (1850–1917)» er det særleg rundskrivet frå Uvarov i 1833 og opphevinga av liveigenskapen i 1861 som vert nytta som døme på det nasjonale skiftet. Politiske straumar i Russland var påverka av europeisk tankegods om den homogene nasjonalstaten, som mellom anna gav seg utslag i russifiseringsprosjekt kring om i imperiet. Men ut frå fleire døme, mellom anna «Ilminskij-systemet» (som gjekk ut på at konverterte ortodokse tatarar skulle få opplæring i eige språk for å kunne halde på nasjonaliteten sin), vert det hevda i boka at det etniske og kulturelle medvitet hjå dei ikkje-russiske folkegruppene likevel vart styrkt i perioden. Dette kom klårt til uttrykk i revolusjonsåret 1917 og i borgarkrigen som fylgde. Konklusjonane Mjør dreg, er at trass i overordna ynskje om ein meir homogen, nasjonalt retta stat, var praksisen likevel at ulike grupper vart handtert på ulike måtar. Med andre ord var Russland framleis eit imperium der det var naudsynt med ein viss pragmatikk i politikken, men òg der einskildpersonar i viktige posisjonar knytt til geografiske område fekk stor påverknad på korleis periferiane heldt seg til sentrum.

Når boka har kome så langt i kronologien at me byrjar å nærme oss vår tid, har forfattaren valt å ikkje runde opp eller ned på årstala som markerer periodeavgrensingane. Dermed sluttar kapittelet om det nasjonale imperiet i 1917, medan kapittelet «Eit sovjetisk imperium (1922–1991)» byrjar i 1922, året då Unionen av sosialistiske sovjetrepublikkar vart proklamert, og sluttar i 1991, året då unionen vart oppløyst. Det er ikkje slik å forstå at åra 1917–1922 ikkje vert handsama, men revolusjonsåret og borgarkrigsåra vert ikkje så tydeleg knytt til nokon periode. Trass i at Sovjetunionen omtala seg sjølv som kommunistisk og antiimperialistisk, og i stor mon førde ein politikk som var positivt diskriminerande overfor alle andre nasjonalitetar enn den russiske, syner Mjør at imperieomgrepet kan nyttast for å framheve grunnleggjande trekk òg ved denne statsdanninga. Gjennom sovjetperioden var det, som i tidlegare periodar omtala i boka, skiftande og til dels motstridande idear om tilhøvet mellom sentrum og periferi, og mellom oppbygging av nasjonalt medvit og undertrykking. I den positive enden av skalaen vert retten til såkalla nasjonal sjølvråderett omtala (som i praksis fyrst og fremst handla om språklege og ein del kulturelle rettar), i den negative enden av skalaen sjølvsagt dei forferdelege overgrepa i form av mellom anna tvangsdeportasjonar av heile folkegrupper under Stalin-perioden. Vinklinga i kapittelet er ikkje eintydig frå sentrum ut mot periferien, òg utkantane trer fram med sjølvstendig agenda.

Det postsovjetiske imperiet har av Mjør vorte tidfest til å byrje i 1993, då grunnlova til den nye russiske føderasjonen vart vedteken. I motsetnad til dei føregåande kapitla er her vigd enno meir plass til ulike einskildpersonar (som leiar for kommunistpartiet Gennadij Ziuganov og ideologen Aleksandr Dugin) og deira idear om kva Russland er og bør vera, og ikkje minst korleis tankegods som kan koplast til ulike sider ved imperietenking gjeng att hjå desse. Jamvel Aleksej Navalnyj, som i heimlege media stort sett får positiv omtale som ein liberal opposisjon til Putin, vert presentert ut ifrå sitt sjølverklærte standpunkt som nasjonalist. I tillegg vert artiklar og manifest frå president Vladimir Putin grundig drøfta ut ifrå korleis Putin tilsynelatande freistar å balansere mellom ulike former for nasjonalisme utan å gå direkte mot grunnlovsformuleringa om Russland som «mulitnasjonalt og multietnisk». Mjør syner at det har skjedd ei utvikling i løpet av dei 18 åra Putin i praksis har sete ved makta, særleg etter 2012 ei utvikling enno tydelegare vekk frå Vesten (EU, NATO og USA), med klår ekspansjonistisk agenda i nærområda. Ukraina, Tsjetsjenia og Georgia vert mykje bruka som grunnlag for drøftinga i dette kapittelet, men jamt over får både det som på papiret skal vera dei meir sjølvstendige føderasjonssubjekta internt i Russland og dei tidlegare Sovjetrepublikkane mindre merksemd i dette kapittelet. Forfattaren konkluderer med at dei sentrale styresmaktene i Moskva i liten grad ser på dei tidlegare Sovjetrepublikkane og føderasjonssubjekta som uavhengige og med ein sjølvstendig agenda. Dessverre får ein som lesar heller ikkje klårt føre seg korleis dette fortonar seg i desse periferiane, slik ein har kunne lese om i tidlegare kapittel. I det heile blir det postsovjetiske imperiet framstilt som ein kulminasjon av imperietradisjonen i russisk historie, ved at trådane frå dei ulike periodane vert teke opp att og drøfta i ljos av dagens politiske straumar i Russland.

I epilogen er det annekteringa av Krim i 2014 og den idéhistorisk ladde talen Putin heldt i samband med dette, som utgjer grunnlaget for ein diskusjon om status i det postsovjetiske imperiet, og tradisjonen og historia dette har vakse ut ifrå og stend i forhold til. Mjør lukkast godt i å drøfte russisk historie som ei historie om imperium og på den måten få fram det komplekse, mangfaldige, pragmatiske og ofte motstridande tilhøvet sentrale styresmakter har hatt til periferien – og omvendt, korleis periferien har forhandla med sentrum; her er døme både på kontinuitet og brot. Der andre bøker om russisk historie har teke utgangspunkt i statsdanning og statens utvikling (som til dømes Russisk historie: Fra Rjurik til Gorbatsjov av Gunnar Opeide (2009) og Russland: Folket, historien, politikken, kulturen av Pål Kolstø (2008)), tek Mjør utgangspunkt i den mest aktuelle forskinga på feltet knytt til idear om imperium og Russlands forhold til eige og andre folk og nasjonar. Resultatet er ei grundig, tankevekkande og høgst leseverdig bok.