Dei fyrste artiklane i årets siste nummer tek opp sider ved dei to store hendingane som har hatt jubileum i 2017: reformasjonen og den russiske revolusjonen. Olof Holm gjev eit bidrag til å forstå korleis reformasjonen reint praktisk kunne ytre seg i Noreg ved å studere kva som skjedde med helgenbilete i kyrkjene i Jämtland etter at Jämtland i 1571 gjekk over frå å vere ein del av den svenske kyrkja til å bli ein del av Nidaros bispedøme. På slutten av 1500-talet blei helgenbilete her i stor utstrekning erstatta av såkalla «katekismealter», som berre hadde sitat frå katekismen eller andre heilage tekstar. Tilsvarande skjedde ikkje på svensk side, der toleransen for helgenbilete synest å ha vore større. Endringane blei ikkje påskunda nedanfrå, men tyder på, meiner Holm, kyrkjepolitisk styring frå Trondheim.

I høve jubileet for den russiske revolusjonen går Jens Petter Nielsen gjennom tendensar i revolusjonsforskinga etter oppløysinga av Sovjetunionen. Dei siste tiåra er revolusjonen blitt stadig meir samansett og mangfaldig – sosialt, etnisk, geografisk og kulturelt. På same tid er han blitt utvida både i rom og tid. For Putins Russland er revolusjonen ei minnepolitisk utfordring der stormaktstradisjonen etter kvart er blitt den sentrale målestokken å vurdere han etter.

Kjetil Simonsen analyserer Quislings antisemittisme, som han meiner bør få større merksemd og gjevast større vekt som radikaliseringsfaktor enn det som har vore vanleg. Han ser antisemittismen som ein type altomfattande konspirasjonsteori som ytra seg i det som er kalla «den paranoide stilen» i politikken. Antisemittismen til NS-regimet i Noreg hadde same innhald og blei bruka på same måten som i Tyskland.

Utgangspunktet til André Horgen er dei mange dødsulukkene i påska 1967. Han viser at etter dette greidde ei lita aktørgruppe å forme tenkinga om tryggleik i fjellet. I motsetning til ein politikk for å sikre fjellet med omfattande merking, varsling og redningstiltak, var det den verdiorienterte «fjellvettlinja» som vann fram. Her var prinsippet «tur etter evne», og Horgen framhevar mellom anna arbeidet som blei gjort for å etablere denne linja som «norsk tradisjon» med forankring hjå krigs- og polarheltar.

Tor Egil Førland meiner den «akademiske venstresida» med sin poststrukturalisme har delvis seg sjølv å takke for ein amerikansk president som ikkje respekterer fakta. I denne samanhengen blir verdien av den historiske kjeldekritikken aktualisert og tydeleg, men historikarar må, argumenterer han, oppgradere referansepraksisen sin i tråd med digitaliseringa av litteratur og kjelder.