Tollprotokollane frå 1700-talet har blitt meir tilgjengelege dei siste åra, og dei har vore brukte til å kaste nytt lys over norsk handel i perioden. I sin artikkel om skipsfart frå Nedenes i åra 1782–86, underbyggjer Nora Rodin oppfatninga om at det var ei klar arbeidsdeling. I den lovlege handelen, som er det tollrekneskapa kan dokumentere, gjekk skipa anten i kystfart, danmarksfart eller utanriksfart. I tillegg viser ho at dette også leidde til ei tilsvarande spesialisering mellom skipperane, som dermed fekk ulike og distinkte roller i økonomi og næringsliv.

Espen Hårseth tek i sin artikkel om Folk og Land opp vedvarande spenningar som prega avisarbeidet frå starten i 1952 til nedlegginga i 1975. Utgjevaren, Forbundet for sosial oppreisning, hadde revisjon av det dei oppfatta som eit urettferdig rettsoppgjer etter krigen som hovudsak. Dette kravde ei upolitisk linje, utan at dei nådde fram med revisjonskravet. Frå slutten av 1950-åra skjedde det ei politisering under redaktør Odd Melsom, som ønskte å gjere avisa til rekrutteringsorgan for nye generasjonar nasjonalistar. Då Institutt for norsk okkupasjonshistorie blei oppretta i 1974, var det eit nytt forsøk på avpolitisering og konsentrasjon om revisjonssaka, medan avisa på same tid ope støtta nyfascismen. Desse interessemotsetningane leidde til at avisa blei nedlagt i 1975.

Temabolken om Noregs Bank har utgangspunkt i bankjubileet i 2016 og utgjevinga av bankhistoria til Einar Lie, Jan Thomas Kobberrød, Eivind Thomassen og Gjermund Rongved (jf. også bokmeldinga til Ketil Zachariassen i dette nummeret). Ola Mestad ser bankhistoria i eit langt juridisk perspektiv. Eit gjennomgåande tema heilt sidan 1814 har vore spørsmålet om kor uavhengig banken skulle vere i høve til sentrale styresmakter. Etter som dette er blitt løyst på ulike måtar opp gjennom historia, har også grunnlovsspørsmåla kring sentralbanken endra seg. No står vi igjen framfor ei ny lovregulering. Tore Grønlie tek også opp spørsmålet om uavhengigheit. Han ser dette som noko som gjeld eit heilt knippe av institusjonar som eksisterer under den doble føresetnaden om å både vere politisk styrde og institusjonelt autonome. I dette perspektivet, hevdar Grønlie, følgjer utviklinga av Noregs Bank langt på veg hovudlinjene i den allmenne styrings- og forvaltingspolitikken.