Politisk makt er basert på eit omfattande apparat av skriftleg, munnleg og rituell mediering. Når oppstod dette? Når fekk det faste institusjonelle former? Kor nær knytt er det til oppkomsten av staten? Ian Grohse drøftar denne problematikken for norsk mellomalder sin del. Han er særleg oppteken av korleis formyndarar prøvde å representere kongelege maktattributt hjå umyndige småbarn. Ved å undersøkje lendmennenes bruk av ulike kommunikasjonsmiddel under barnekongane Inge og Sigurd i 1130-åra, utfordrar han oppfatninga om at propaganda fyrst blei viktig og fast institusjonalisert med den konsoliderte staten frå slutten av 1100-talet.

Ein stilkonkurranse i 1946 produserte dei kjeldene Ellen Schrumpf byggjer sin artikkel om barns opplevingar av andre verdskrigen på. Stil-materialet er spinkelt, og sjangeren inviterte til fiksjonalisering, men Schrumpf meiner likevel stilane er eit verdifullt inntak til barns krigserfaringar. Hennar konklusjon er at barn opplevde krigen annleis, delvis som spennande og spektakulær, men at krigen var like nærverande for dei som for dei vaksne, og at dei også gjerne ville bli inkluderte.

I 1974 signerte Noreg ei hemmeleg avtale med USA knytt til det nye amerikanske Collocated Operating Base-konseptet (COB). Avtala gav USA løyve til å førebu bruk av flyplassar i ein mobiliseringssituasjon i eit land der dei ikkje kunne ha permanente styrkar i fredstid. Då avtala blei kjent i 1980, møtte ho sterk kritikk frå fredsrørsla og NATO-motstandarar, og det var også andre som meinte at i ein situasjon med veksande aust–vest-spenning ville dette arrangementet med «framskotne krigsbasar» vere med å heve spenningsnivået og jamvel gjere Noreg til eit meir sannsynleg mål for sovjetiske åtak. Med utgangspunkt i dei amerikanske operasjonane på Sola i perioden, drøftar Sondre Hvam om avtala innebar eit brot med norsk basepolitikk eller om ho berre stadfesta og førte vidare tidlegare praksis.