Carl Emil Vogt Herman Wedel Jarlsberg. Den aristokratiske opprøreren Oslo: Cappelen Damm 2014, 407 s.

Dei siste åra har vore ei gyllen mulegheit for alle dei som er interesserte i norsk historie i åra rundt 1814 til å fylle opp bokhyllene, ikkje berre med vitskaplege antologiar og monografiar om denne skjelsetjande perioden i norsk historie, men også med fagleg solide verk om dei sentrale aktørane skrive for eit breiare publikum. Både Peder Anker, Wilhelm Friman Koren Christie, Kristian Magnus Falsen og Jacob Aall har fått sine biografiar. Og altså Herman Wedel Jarlsberg, den historiske aktøren frå perioden som bortsett frå Kristian Frederik skapte mest mediedebatt i jubileumsåret.1

Opningsscena i boka, der to unge anonyme menn flyktar frå London ein midtsommarkveld i 1799, set stemninga i denne historia om det dramatiske og ekstraordinære livet til denne ekstraordinære figuren i norsk historie. Ein person som nærast er ein manifestasjon av den tidsalderen han levde i, ein epoke (1779–1840) som fell saman med overgangen frå det gamle regimet til det moderne samfunnet, med revolusjonar, romantikk og nasjonalisme som dei store drivkreftene, og ein person som også kom til å spele ei sentral rolle i denne overgangen i Norge. Herman Wedel Jarlsberg representerer personleg denne overgangen: «Han stod dypt plantet med ett ben i hver leir – ett i den gamle tids aristokratiske standssamfunn og ett i det moderne fremskrittets verden. Ett i demokratiets – ett i ekspertstyrets. Ett i Sverige og ett i Norge. Ett i den kosmopolitiske europeiske adelskulturen – ett i den borgerlige forretningsmannens» (s. 9).

Måten Vogt brukar dette som utgangspunkt når han byggjer opp forteljinga om Wedel og den verda han levde i, og i høgste grad var med på å påverke, er elegant utført. Vogt oppsummerer det kort på denne måten: «Boken forteller historien om greven som gikk fra revolusjonær opprører til en slags elderly statesman» (s. 10). Boka er såleis delt inn i to hovuddelar, Opprøreren og Statsmannen, der skiljet er det store vasskiljet i nyare norsk historie, året 1814.

Og dette er også i stor grad ein politisk biografi. Sjølv om vi får innblikk i familieliv og til ein viss grad forretningsverksemda, og ikkje minst i den triste barndomen, er det det politiske livet til Wedel som er i fokus, frå han som ein ung, ivrig og handlekraftig embetsmann bestemte seg for å arbeide mot det regimet han var ein del av, og fram til han enda si karriere 30 år seinare som den mest sentrale politikaren på 1800-talet.

Det er likevel først tretti sider inn i teksten at vi blir kjende med hovudpersonen. Vogt brukar god plass på å skildre barndomen, der Herman sjølv er lite synleg, og forholdet mellom foreldra er eit slags hovudtema. Foreldra blir framstilte som to motpolar. Faren, grev Wedel, er nesten ein karikatur på ein autoritær, valdeleg, tyrannisk, despotisk, gjerrig og reaksjonær adelsmann, som mishandlar både kone, tenarar og sønene, og attpåtil er ein udugeleg diplomat som i sitt virke som ambassadør i London var ansvarleg for det forverra forholdet mellom Danmark-Norge og Storbritannia rundt 1800 (s. 59). Mor til Herman, Cathrine, er derimot den milde, kjærlege og danna kvinna med sympati for den franske revolusjonen, som til slutt må flykte frå London og den valdelege ektemannen. Kjeldene til denne perioden er ein fyldig privatkorrespondanse beståande av 200 brev frå Cathrine til ei nær venninne som Vogt har funne. Desse breva, og Vogt sin bruk av dei, gir eit interessant tidsbilete av det private og offentlege livet til ei norsk adelskvinne i siste del av 1700-talet.

Sommaren 1799 klarer endeleg også tjue år gamle Herman og broren Ferdinand å flykte frå faren – dei to yngste brødrene blir att hos faren i London – og Herman slår seg ned i København, studerer jus og blir privatsekretæren til finansministeren og forretningsmannen Ernst Schimmelmann, ein av dei mektigaste i riket, og får attpåtil ei sekretærstilling i sentraladministrasjonen.

Våren 1806 blir så Herman sendt opp til Norge, landet han knapt har vore i, for å utarbeide ein plan for fattigvesenet på Kongsberg, der sølvverket nyleg hadde blitt lagt ned og fattigdommen var stor. Eit halvt år seinare blir han så utnemnt til amtmann i Buskerud. 27 år gamal hadde Herman fått eit av dei høgste sivile embeta i landet. Vogt framhevar at det var den privilegerte bakgrunnen til Wedel som sikra han slike posisjonar i ein så ung alder. Som ein aristokrat med innflytelsesrike menn som kunne tale hans sak, i første rekkje finansministeren, men også Peder Anker, den rike og mektige godseigaren og jernverkseigaren på Bogstad – som våren 1807 vart svigerfar hans – var fleire dører opne for han. Men Vogt viser også at Herman var ein dyktig embetsmann som arbeidde for radikale reformer, først på Kongsberg og deretter for heile Buskerud som amtmann, og endeleg for heile Norge, som ein kraftig motstandar av kronprins Frederik sin politikk.

Herman blir skildra som «en urolig og utålmodig sjel» i denne perioden, som ivra etter å gjere noko meiningsfylt. Då krigen mellom Danmark-Norge og Storbritannia braut ut i august 1807, greip Herman høvet til å ta den rolla han meinte var naturleg for den unge greven øvst på den sosiale stigen i landet.

Vogt skildrar Wedel som ein svært handlekraftig mann heilt frå byrjinga av krigen, som med stor iver, pågangsmot og intensitet arbeidde hardt som den ansvarlege for å sikre kornforsyninga i Norge frå november 1807. I tillegg etablerte han eit militært frikorps våren 1808, Bærum frivillige jegerkorps, der han sjølv hadde kommandoen. I denne perioden er det også opprøraren Wedel trer fram.

Det er noko befriande ved at Vogt ikkje sparer på karakteristikkane av enkelte av aktørane, der særleg Frederik, kronprins og frå mars 1808 konge av Danmark-Norge, som Wedel var djupt mistruisk til, kjem dårleg ut. Vogt skildrar Frederik sitt styre i byrjinga av krigen som irrasjonelt, inhumant og inkompetent (s. 94), og ein konge som vinteren 1809 «fraskrev seg ethvert ansvar og overlot enkeltmenneskene til sine skjebner» (s. 107). Når Wedel våren 1809 bestemmer seg for å «gjøre opprør mot kongen (s. 112), argumenterer dermed Vogt for at han hadde gode grunnar til å gjere dette, og han kjem då heller ikkje med tilsvarande sterke karakteristikkar av dei tette forbindelsane Wedel hadde med leiande svenske politikarar etter det svenske statskuppet i mars 1809. Våren 1809 var det nemleg Sverige Wedel såg til, og tok til orde for at Norge burde bryte banda med Frederik sitt eineveldige styre.

Det er nemleg her at Wedel handlar på ein måte som har fått andre historikarar til å anklage Wedel for å ha samarbeidd med svenskane om ei innstramming av blokaden av Norge, med mål om å gjere nordmennene så desperate at dei ville gjere opprør.2 Vogt meiner at dette er ei urimeleg tolking, og påpeikar at Wedel «arbeidet konsekvent mot det ’utsultningssystemet’ kong Frederiks krigspolitikk med uhyggelige konsekvenser hadde brakt over Norge og som ikke ville ta slutt før det ble fred med Danmark» (s. 121). Her kunne nok likevel ei tydelegare og meir kritisk vurdering av Wedel si rolle vore interessant, som når Wedel våren 1813 gav ei svensk utsending «informasjon om den norske armeens styrke og troppenes kvalitet» (s. 152).

Vogt går grundig gjennom dette politiske spelet til Wedel gjennom heile perioden fram til krigen er over og Frederik 6. taper Norge. Det som kjem godt fram i denne gjennomgangen er kor eigenrådig Wedel handla – han hadde sagt frå seg amtmannsembetet – eit farleg spel som kunne ende med høgforræderi. Allereie vinteren 1811 destruerte Wedel all korrespondanse med svenskane (s. 137). Eit anna poeng som er tydeleg her, er kor få støttespelarar Wedel hadde i sine revolusjonsplanar og samarbeid med Sverige. Dette vart heller ikkje enklare då kongen sende Christian Frederik til Norge våren 1813 for å prøve å redde landet for riket.

Forteljinga om opprøraren Wedel held fram i året 1814 og det for alle kjende norske opprøret, leia av Christian Frederik, mot Kieltraktaten. Wedel er kanskje best kjend som leiaren for «opposisjonen», «unionspartiet» eller «svenskepartiet» i Riksforsamlinga. Christian Frederik tok tidleg initiativet, og Wedel hadde fullstendig feilvurdert då han oppheldt seg i Danmark vinteren 1814. Først i byrjinga av mars var Wedel tilbake i Norge, og då hadde prinsen lagt løpet for den vidare prosessen fram mot Riksforsamlinga. På Eidsvoll fekk Wedel naturleg nok ei leiande rolle, både som medlem av konstitusjonskomiteen og som leiarfiguren for unionspartiet. Det har blitt skrive mykje om debattane om grunnlovsparagrafane i Riksforsamlinga, og Vogt gjer godt greie for dette på ein ryddig og medrivande måte, der kampen mellom Falsen og Wedel blir løfta fram. Spørsmålet om sjølvstende eller union var naturlegvis eit viktig tema, men Vogt framhevar også kva makt kongen skulle ha, der Wedel var tilhengar av eit meir avgrensa monarki enn Falsen.

Vogt får fram eit godt poeng i drøftinga av kva som låg bak den anspente stemninga i Riksforsamlinga, der mellom anna Wedel opplevde å bli truga på livet, både på Eidsvoll og i aviser i tida som følgde: «Norge, og helstaten Danmark-Norge, var et fullstendig ensrettet samfunn som ikke på noen måte kunne tåle uenighet. Det var dette som ledet til de voldsomme utskjellingene på Eidsvoll. Målet var enighet – enighet under en sterk leder» (s. 198). Det er mulig å sjå spor av kontinuitet frå eineveldet, slik dette har blitt gjort greie for av Øystein Rian,3 på Eidsvoll. I tida som følgde vart Wedel sett på som ein trussel, og overvaka, men ikkje straffa på nokon måte. Han vart også valt til det ekstraordinære stortinget som hausten 1814 skulle vedta unionen.

Dei siste hundre sidene i biografien tar for seg statsmannen Wedel. Sjølv om Wedel vart karakterisert som nærast ein «folkefiende» etter Riksforsamlinga (s. 201), framstod han etter det ekstraordinære stortinget som den mest sentrale politikaren i Norge. Han vart utnemnd til finansminister, som var den viktigaste ministerposten i den norske regjeringa, ettersom statsministerembetet vart lagt til Stockholm, eit embete som svigerfar Anker var den første til å inneha. Wedel som finansminister var ifølgje Vogt «den viktigste bidragsyteren til en moderne statsadministrasjon for Norge» (s. 259). Vogt går grundig gjennom hans åtte år lange periode og løftar fram dei store utfordringane han hadde med å få landet økonomisk på fote igjen, samt korleis han handterte fleire storting som hadde mistillit til hans eigenrådige verksemd – i 1821 vart han stilt for riksrett, men vart frifunnen – og Carl Johan, som også var skeptisk til Wedel sin finanspolitikk. Sjølv om den politiske hovudkonflikten i denne perioden stod mellom Stortinget og kongen, framhevar Vogt Wedel som «grunnlovens fremste forsvarer i regjeringen» (s. 250).

Wedel var langt frå ferdig i rikspolitikken då han gjekk av i 1822. Året etter vart han valt inn på Stortinget, og gjenvalt fleire gongar, fram til stortingsvalet i 1832 som resulterte i det såkalla «bondestortinget». Det vart knytt store forventningar til kva rolle Wedel kom til å ta på Stortinget.

Ei av dei viktigaste sakene for Carl Johan på 1820-talet var å få slutt på 17. mai-feiringa som i andre halvdel av 1820-talet hadde etablert seg som ein tradisjon i ei rekkje byar. Dette var noko som kongen såg på som ein demonstrasjon mot han sjølv som person. I 1828 la han ned forbod mot ei markering, mobiliserte tusenvis av soldatar utanfor hovudstaden og sette enda fleire styrker i Sverige i beredskap. Dette var nok til å skremme Stortinget dette året (s. 282). Carl Johan klarte likevel ikkje å fjerne 17. mai som ei nasjonal markering i Norge. Vogt framhevar korleis Wedel si haldning til denne dagen var med på å diskreditere han politisk. På Stortinget i 1830 gjekk han hardt ut mot feiringa, og tok kongen si side. Dette fekk han gjennomgå for på Stortinget, og han vart stempla som ein unasjonal artistokrat og talsmann for kongen (s. 286).

Wedel vart ikkje gjenvalt til Stortinget etter dette, og dei siste ti åra framstod han, slik Vogt framstiller det, som den erketypiske elderly statesman som det ikkje er mange av i norsk historie. Han vart utnemnd til prokanslar for Universitetet, var ein viktig mesén overfor fleire unge kunstnarar, som støttespelar for Welhaven og intelligensen mot Wergeland og patriotane, og som «gudfar» for den nye generasjonen politikarar som skulle dominere i tiåra som følgde. Samtidig var han framleis kongens mann, og i 1836 vart han utnemnd til den første norskfødte statthaldaren i Norge, ein posisjon som markerte eit slags punktum for han som «nasjonal leder» (s. 316). Plaga av dårleg helse døydde han i Wiesbaden i hertugdømet Nassau i 1840.

Biografien om grev Herman Wedel Jarlsberg er ei svært leseverdig og velskriven bok om ein fascinerande, handlekraftig og kompleks person. Ein høgadelsmann fødd i Montpellier, oppvaksen i London, som starta si politiske karriere med å gå inn for union med Sverige, og som etter kvart vart den fremste norske politikaren på 1800-talet. Samtidig er biografien ei bok om framveksten av det moderne Norge, sett frå perspektivet til den mest unorske nordmannen gjennom heile perioden. Boka er attpåtil eit fagleg solid verk, med eit strålande noteapparat på nærare femti sider. Dette må forfattar, og også forlag, berømmast for. Herman Wedel Jarlsberg har fått den biografien han fortener.